V e l k o m e n s o m. konfirm ant. Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende VOSS EVANGER RAUNDALEN KYRKJELYDAR



Like dokumenter
k o n f i r mant 2013

V e l k o m e n s o m. konfirm ant. Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende. VOSS, EVANGER og RAUNDALEN KYRKJELYDAR

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Velkomen til konfirmanttida

Velkomen som konfirmant!

Velkomen til konfirmanttida

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Velkomen som konfirmant

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

Velkomen som konfirmant

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Konfirmanthefte. Bugården menighet

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

Foto: Knut Inge Johnsen. Os kyrkjelyd inviterer til

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon: E-post: kyrkjekontoret@sula.kommune.

Til deg som bur i fosterheim år

Brødsbrytelsen - Nattverden

Plan for undervisning

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

Vi kan tilby et spennende opplegg som vi tror vil falle i smak hos de fleste. Ta en kikk og se om dette er noe for deg.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Informasjon fra Olsvik menighet

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Valdres vidaregåande skule

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Strategidokument Varhaug Misjonshus

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Sandeid skule SFO Årsplan

KONFIRMERES, JEG? INFORMASJON FRA MENIGHETEN DIN. Info fra lokalmenigheten til deg som går i 8. Klasse!

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsplan for Hare November

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Informasjon om konfirmasjonstida i Fjell sokn 2008 VEDLEGG 1 AVTALE OM DELTAKING I KONFIRMASJONSTIDA...11, 12 VEDLEGG 2 INNSKRIVINGSSKJEMA...

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Konfirmant eit år du seint vil gløyma Informasjonshefte Velkommen til konfirmasjonstida i Fjell

Lærarrettleiing 1. Kornartane

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2016

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Konfirmant Informasjonshefte om konfirmasjon i Fjell, Foldnes og Landro kyrkje. Tema for året: "Loved"

5. Soknerådsmøte mai Referat

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Velkomen til Mork barnehage

Informasjon fra Olsvik menighet

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Vår grøne. kyrkjelyd

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Konfirmant 2011? Informasjonsbrosjyre for deg som tilhører Bakkehaugen Kirke.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 4. Matte Tall og forhold mellom tall. Samf Mat frå jorda Eng Relative pronomen og Lesing

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

2014 / / 20 5

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkommen! Nå er det din tur til å bli konfirmant i Førresfjorden menighet

Transkript:

V e l k o m e n s o m konfirm ant Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende 2015 VOSS EVANGER RAUNDALEN KYRKJELYDAR

- 2 - Innhald Kontaktinformasjon... s. 2 Inntroduksjon... s. 3 Konfirmantlærarane... s. 3 Påmelding/ informasjonsmøte... s. 4 Innhald i konfimanttida... s. 5 Presentasjon av undervisingsopplegga... s. 7 Konfirmantar med særskilde behov... s. 10 Økonomi... s. 10 Foreldrekontakt... s. 12 Kalendar... s. 14 Avtale... s. 15 Kontaktinformasjon Kyrkjekontoret på Voss Magasinvegen 35 Postboks 562 5700 Voss Telefon: 56 52 38 80 www.voss.kyrkja.no Kateket Rønnaug Skjeldal 95 26 20 25 kateket@voss.kyrkja.no Prest Kjersti Brakestad Boge 95 26 20 22 kapellan@voss.kyrkja.no Ungdomsdiakon Sigrid D. Mala 47 84 91 34 diakon@voss.kyrkja.no

Introduksjon - 3 - Me som er ansvarlege for konfirmasjonstida i Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar vil gjerne gje deg som ynskjer å vera konfirmant, og dykk som konfirmantforeldre/-føresette informasjon om konfirmantopplegget vårt. Konfirmasjon heng saman med dåpen. Då lova foreldre og fadrar at borna skulle få opplæring i den kristne trua. På trusopplæringsdagane me lagar til i kyrkjene våre, vert det lagt opp til undervising og opplevingar som kan styrka trua. I konfirmasjonstida er me innom ulike tema, henta både frå Bibelen og frå livet vårt. Til dømes: menneske skapt av Gud, korleis leva i lag, å høyra til ein stad, identitet... Konfirmasjonstida er for alle som ynskjer å vera med. Dei aller fleste konfirmantar vart døypte som born. Men nesten kvart år har vi nokre konfirmantar som ikkje er døypt. Dei fleste av dei vel å la seg døype før konfirmasjonen. Det einaste kriteriet for å verte konfirmert er at ein er døypt. Nokre ungdomar vel å vera med i konfirmanttida, men står over sjølve konfirmasjonsdagen. Etter at de har lest gjennom dette heftet veit de litt meir om kva konfirmantopplegget vårt går ut på. Skulle noko vere uklart eller det er noko du ynskjer å snakka med oss om, er du velkomen til å ta kontakt. Konfirmantlærarane Vi er tre konfirmantlærarar som ser fram til å verte kjend med dykk. Kjersti Brakestad Boge er Rønnaug Eng Skjeldal ungdomsprest på Voss og er kateket på Voss har ansvar for og har ansvar for administrasjon konfirmantundervisinga og undervising i og ungdomsgudstenestene konfirmantarbeidet. I tillegg vil ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala vera med på nokre av samlingane våre. T a kontakt med oss om det er noko de vil spørja om, eller om de har forslag til ting me kan gjera betre. Spesielt viktig er det at de tek kontakt om konfirmanten treng tilrettelegging av noko slag.

- 4 - Påmelding Påmelding til konfirmantopplegget vårt skjer via nettsida vår www.voss.kyrkja.no. Under konfirmasjon i toppmenyen finn de link til innmeldingskjema. Der skriv de dei opplysningane me treng. Konfirmanten treng fødselsnummeret sitt til registreringa. Påmeldingspriode: 4. til ca 30. juni. For at de skal få veta litt meir om konfirmanttida og dei ulike opplegga me har, inviterer vi til ein T-dag i Vangskyrkja onsdag 4. juni. Ein T-dag er ein trusopplæringsdag. Denne dagen kan du koma i Vangskyrkja sjølv om du ikkje er heilt sikker på om du vil vera konfirmant i kyrkja. ser slik ut: Kl. 15:00-16:00: Kl. 16:00-17:00: Kl. 17:00-18:00: A, B og C klassen D, E og F klassen Alle konfirmantar og foreldre/føresette Onsdag 04. juni Vangskyrkja Kl.15-18 Felles informasjon for alle konfirmantar og foreldre/føresette den siste timen. Her kan de få svar på alt de lurar på. Til T14-samlinga tek du med: Avtalen du finn bak i dette heftet (den skal vere underskriven av både konfirmant og foreldre). Om du veit at du vil vera med i konfirmantundervsing er det flott om me får den no. Det hjelper oss til å få ei oversikt over kven som kanskje ikkje har hugsa å melda seg på via nettsida vår. Dette er altså ikkje sjølve påmeldinga. Dåpsattest om du ikkje er døypt i ei av kyrkjene på Voss.

-5- Innhaldet i konfirmanttida For å bli konfirmert i Den norske kyrkja skal ein vera med på 60 timar undervising i løpet av ca. 8 månader. Konfirmantane vel eit opplegg dei følgjer dette året. Undervisinga skjer i tilknyting til det opplegget konfirmanten vel. Noko er likevel felles for alle: - Gudstenster: presentasjon, LysMesse, Ung messe m.fl. - Temasamlingar og Fasteaksjon - Konfirmantleir på Helgatun I kalendaren på side 14 finn de alle fellesarrangement så langt me har dei på plass. Gudstenester Alle konfirmantane skal vera med på åtte gudstenester, medrekna presentasjon og konfirmasjon. Nokre av desse er obligatoriske, medan andre vel de sjølve. Dei obligatoriske er: 1. Gudsteneste der konfirmantane vert presenterte. Sundag 7. september kl. 11:00 i Vangskyrkja. Sundag 21. september kl. 11:00 i Evanger kyrkje. Raundalen: Etter avtale med dei det gjeld. 2. Ei gudsteneste i løpet av året der kvar konfirmant har ei oppgåve i lag med kyrkjetenar, prest eller klokkar. 3. Ung Messe haust eller vår og Lysmesse i desember 4. Konfirmasjonsgudsteneste Vangskyrkja Laurdag 2. mai kl. 10:00 B-klassen kl. 12:00 A-klassen Sundag 3. mai kl. 10:00 C-klassen kl. 12:00 D-klassen Sundag 10. mai kl. 10:00 F-klassen kl. 12:00 E-klassen Evanger: Kristi Himmelfartsdag, torsdag 14. mai evt. sundag 31. mai. Raundalen: Konfirmasjon vert det etter avtale med dei familiane det gjeld.

- 6 - Arrangement i løpet av året Noko av undervisinga er lagt til temadagar for anten heile eller halve kullet. Temadagar der alle konfirmantane skal vera med: Bibelen Sundag 7. september kl. 13-15 (etter presentsjonsgudsteneste på Voss. Gudsteneste Identiet. Onsdag 24. september for A, B, C. (Rett etter skulen) Torsdag 25. september for D, E, F. (Rett etter skulen) 16. eller 17. september med besøk frå Ungdom og Medier. (Kveld) Å fixe livet. Onsdag 22. april, (Ettermiddag). Om livsmeistring, sex, samliv og rus. Fasteaksjonen: Alle konfirmantane tek del i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Den heiter Fasteaksjonen fordi den alltid er i fastetida før påske. Konfirmantane går frå dør til dør med innsamlingsbøssene ettermiddagen måndag 23. mars (Evanger) og tysdag 24. mars (Voss). De får veta meir om dette onsdag 18. mars. Då skal me ha ei inspirasjonssamling om Kirkens Nødhjelp for konfirmantar og foreldre. Konfirmantleir på helgatun I januar, 3 og 4, reiser me til Helgatun i Myrkdalen, på leir. Her kan me gå på ski, ake og bruke skianlegget. Me skal ha mykje moro og heile tida set vi fokus på å læra meir om kven Gud er og kva han vil med oss. Konfirmantleiren er ein av dei viktigaste samlingane me har i løpet av året. A, B og C klassen reiser 15.-17. januar og D, E og F klassen 22.-24. januar. Sidan leiren er frå torsdag ettermiddag til laurdag føremiddag må konfirmantane søkjast fri frå skulen fredagen.

- 7 - Presentasjon av dei ulike gruppene Me har fleire undervisingsopplegg konfirmantene kan velgje mellom. Hugs å sjekke at dag og tid passar for deg! Det er ikkje lurt å velgje konfirmantopplegg som går samstundes med f. eks. trening du òg skal vera med på. Prisen på dei ulike opplegga er heller ikkje lik. Nokre ting er gratis og nokre ting kostar litt å vera med på. R e f l e k s k o n f i r m a n t Ten Sing-gruppa vår er plassen for deg om du likar song, musikk, dans, drama, sosiale treff og utfordringar for kropp og sjel. Ten Sing-gruppa vår er meir enn korsong, men vi ventar at alle konfirmantane syng i koret mykje av tida. Refleks samlast i Vonheim kvar torsdag frå ca. 18.00 21.00. Nokre gonger reiser dei på tur, innimellom er koret med på gudstenester og så lagar dei til ei førestilling eller konsert kvar vår. Turane koret reiser på er ikkje ein obligatorisk del av konfirmantopplegget. Men gudstenester og konsert høyrer med. Det er mykje folk samla i Vonheim torsdagane; nokon gjer lekser, andre pratar eller øver på noko. Det er alltid vaksne folk på huset. Reflekskonfirmantane får undervising torsdagane. Ein viktig del av dette er andakten me har på kvar øving. Nokre gonger kjem me til å ha eigne undervisingstimar rett etter skulen for konfirmantane. Leiarar er mellom andre Ingrid Tønnesen (hovudleiar), Rønnaug kateket, Kjersti prest, Sigrid diakon og fleire andre. Tal konfirmantar: Om lag 25. Dei som er med frå før får plass først. Pris: Kr. 350,-. Dette er spesialpris for konfirmantar.

- 8 - - k o n f i r m a n t Loved-konfirmantane har undervisingsamlingar i Vonheim eller Vangskyrkja. Samlingane vert rett etter skuletid, kl. 14:30-15:45. Det vert 10 samlingar i kvar gruppe, ei på tysdagar og ei på onsdagar. Vel den dagen som passar deg best. Me tek opp tema frå livet vårt og frå konfirmantbibelen. Me kjem til å ha ulike aktivitetar, snakke saman og av og til lesa noko i lag. Saman skal me utforska både Bibelen og livet me lever. Tal konfirmantar: Ca. 20 konfirmantar i kvar gruppe. Vert det for mange til to grupper kan me laga ei gruppe til på mandagar. Leiar: Rønnaug Skjeldal Pris: Dette tilbodet er gratis. K R I K - k o n f i r m a n t Denne gruppa har tre lengre samlingar i løpet av konfirmantåret. Det er viktig at du veit at du kan vera med på desse samlingane når du melder deg på. Sundag 14. september. Me startar med gudsteneste i Mjølfjell kapell og syklar ned Raundalen etterpå. Her vert det diverse stopp og aktivitetar undervegs. Turen er kalla kultursykling. 15.-16. november vert det overnattingstur til Vonhaug på Mjølfjell. I februar (antakeleg første helg i vinterferien) vert alle med på weekend som KRIK Hordaland arrangerar på Voss. KRIK står for KRisten IdrettsKontakt og er ein tverrkyrkjeleg organisasjon som arbeidar for å bevare, inspirere og vinne idrettsfolk til kristent liv både i idrettslag og menighet. KRIK definerar seg som ein mellomstasjon mellom idrettslag og kyrkjelyd. I konfirmantgruppa vår treng du ikkje vera spesielt sporty for å vera med. Tal konfirmantar: 20. Leiarar vert Kjersti Boge og nokre til. Pris: ca kr. 1600,- til saman

- 9 - F I L M - O G B I B E L - k o n f i r m a n t Det vert to FIlm- og Bibel-grupper, ei på tysdag og ei på onsdag, kl. 19:00-22:00. Me samlast ca. ein gong i månaden. Ulike filmar vil vera innfallsvinkelen til undervisinga som elles tek utgangspunkt i konfirmantbibelen. Korleis kan me møta Gud i filmane og i Bibelen? Konfirmantane vil laga film på ei av samlingane. Tal konfirmantar: 20 i kvar av gruppene. Leiar: Kjersti Boge Pris: Dette tilbodet er gratis. G O L F - k o n f i r m a n t Målet med Golf-konfirmantopplegget er å freiste få fleire ungdomar ut i naturen og å læra noko om korleis me kan ta vare på skaparverket. Oppstart med intensiv undervising både i golf og i Bibelen helga 15.-17. august, kl. 15:00-20:00 alle dagane. Seinare vert det samlingar rett etter skuletid på tysdagane i september. Stad: Golfbanen på Nedkvitne kl. 15:00-17:00. Konfirmantane må koma seg til golfbanen på eiga hand. Det går buss frå Vangen om Kyte til Nedkvitne. Gruppa får undervising til Golfkortet. Tal konfirmantar: 12 konfirmantar. Leiar er Kjersti B. Boge saman med Voss Golfklubb. Pris: 500,- M I S J O N o g h o b b y - k o n f i r m a n t a r Denne gruppa er heilt ny. Her skal me verta betre kjende med misjonsprosjektet i Voss sokn er med på vis Norsk Misjonsselskap (NMS). Dette prosejktet handlar om landsbyutvikling i Etiopia. Me skal laga ulike ting og endar opp med ein basar til inntekt for prosjektet. Møtedag er tysdagar kl. 14:30-17:00. Det vert om lag seks samlingar. Dette er gruppa for deg som likar å vera kreativ og som kan tenka deg å verta meir kjend med litt av Afrika og NMS. Tal konfirmantar: 15. Leiar: Kjersti Boge m.fl. Pris: Dette tilbodet er gratis

-10- Konfirmantar med særskilde behov Me ynskjer at konfirmasjonstida skal vera for alle. Difor treng me veta om nokon av konfirmantane har behov for tilrettelegging på eit aller anna vis. Slik at me me unngå situasjonar som kan øydelggja opplevinga for ungdomane. Me har ikkje tilgang til den informasjonen skulen har. Bruk feltet på innskrivingsskjemaet de finn på www. voss.kyrkja.no til å fortelje oss dette. Eller ta kontakt med kateket Rønnaug Skjeldal (95262025). Sjølvsagt er all slik informasjon omfatta av teieplikta til oss som er tilsett i kyrkja. Økonomi Det er diverre ikkje heilt gratis å vera konfirmant. Til saman kjem det til å kosta: Konfirmantavgift for alle: Kr. 1200,- (dekker reise og opphald på Helgatun i januar og alt anna av materiell.) Refleks: Kr. 350,- + evt. turar. Loved-konfirmantar: Kr. 0,- Film og Bibel: Kr. 0,- KRIK-konfirmantar: Ca. kr. 1600,- Golf-konfirmanter: Kr. 500,- som dekkjer ballar, driving range, kursbok, praksis på banen og instruktørar. Misjon og Hobby: Kr. 0,- Pengar skal IKKJE hindra nokon frå å vera konfirmant. Om økonomi er eit problem må de ta kontakt med kyrkjelydskontoret. Snakk gjerne med Sigrid D. Mala eller Rønnaug Skjeldal. Det vert sendt giro på kr. 1200,- i løpet av konfirmantåret. Dei gruppenen som har ekstra kostnad veil de få giro for når det er aktuelt.

-11- K o n f i r m a n t b i b e l e n I undervisinga nyttar me Konfirmantbibelen. Dette er heile Bibelen i nyaste omsetjing. Konfirmantbibelen er ein bibel med eigne temasider for konfirmasjonstida. Utgåva inneheld òg ein Bibelvegvisar som gjev oversikt over bøkene i Bibelen med nyklar til å oppdage dei bibelske skattane. Konfirmantane får boka på første samling i haust. Om nokon ynskjer Bibelen på bokmål må de gje oss melding snarast om det i kommentarfeltet når de meldar dykk på konfirmantopplegget.

Foreldrekontakt - 12 - Det er kjekt å bli kjend med konfirmantane, men det er òg kjekt å bli kjend med foreldra deira. Dessutan er det alltid nokre beskjedar som foreldra bør få direkte. Difor har me foreldremøte: Det første vert onsdag 27. august kl. 19.30 i Vangskyrkja. Her vil de få ein del praktiske opplysningar om det som skal skje i konfirmanttida. De vil òg få høve til å spørja om alt de vil. Dei to neste møta vert tidleg i januar (før leir på Helgatun) og i mars (før Faste-aksjonen). Alle møta vert i Vangskyrkja. Av og til treng me litt hjelp av foreldre, mellom anna til å laga mat til fellessamlingane. Me treng òg sjåførar på Fasteaksjonen. Dessutan treng me nattevakter på konfirmantleirane til Helgatun. De får høve til å melda dykk til dugnadsoppgåver når konfirmantane melder seg på konfirmantundervisinga. De finn kalendar for konfirmantåret og avtale som må leverast med underskrifter, bak i denne brosjyra. Alt kan òg finnast på www.voss.kyrkja.no. Konfirmanttida er ein bit av trusopplæringa som vert gjennomført i alle kyrkjelydane på Voss. Me arbeidar med å laga til trusopplæring for alle døypte born og unge frå 0-18 år. På Voss vil det seie at borna vert inviterte til ein T-dag i året. Trusopplæring er viktig fordi dåp og opplæring høyrer saman. Det er foreldre og fadrar, saman med kyrkja, som har dette ansvaret. Stortinget har vedteke ei trusopplæringsreform (St.meld. 7, 2002/2003) for alle døypte og tilhøyrande born i Den norske Kyrkja. Konfirmanttida er den delen av trusopplæringa som er mest omfattande. Dette året skal ungdomane få ei grundigare innføring i kva det tyder å vera døypt og å vera medlem i Den norske Kyrkja. Konfirmantane 2014 har ikkje vore med på så mange T-dagar, men mange av dei fekk bok i kyrkja då dei var fire år og om lag halvparten av dette konfirmantkullet var med på LysVaken då dei var 11 år. Dette er nokre døme på T-dagar. = konfirmantåret

Fotspora Ei natt hadd ein mann ein draum. Han drøymde at han gjekk langs starnda i lag med Herren. På himmelen fekk han sjå bilete frå livet sitt. For kvart bilete han såg oppdaga han at det var to par fotspor i sanda; det ein var han eige, det andre var Herrens. Då det siste biletet for forbi såg han seg attende på alle spora i sanden. Han la merke til at mange gonger i løpet av åra var det berre eitt par spor. Då oppdaga han òg at det var dei gongene då livet hadde vore som mest vanskeleg og tøft. Dette syntes han det var vanskeleg å forstå, så han spurde Herren: Herre, du sa den gongen eg bestemte meg for å følgja deg,at du alltid ville gå med meg og aldri forlate meg. Men no ser eg at då eg hadde det tøffast å, då livet var vanskeleg å leve, då er det berre eitt fotspor. Kvifor forlot du meg då eg trengde deg mest? Då svara Herren: Mitt kjære barn! Eg elskar deg og vil aldri forlate deg. Dei gongene då livet ditt var vanskeleg og tøft - og du berre kan sjå eitt fotspor i sanda, det var dei gongene eg bar deg i armane mine.

Kalendar konfirmantåret 2014-2015 (oppdatert mai 2014, endringar kan koma) Felles for alle konfirmantar Skulefri Kun Evanger Kun Voss og evt. Raundalen Dette er fellesprogrammet for alle konfirmantane. Kvar gruppe har i tillegg sitt eige program som dei får oversyn over til hausten. August 31 1 2 3 32 4 5 5 7 8 9 10 33 11 12 13 14 15 16 17 34 18 19 20 21 22 23 24 35 25 26 27 28 29 30 31 27. Foreldremøte i Vangskyrkja kl. 19:30 September 36 1 2 3 4 5 6 7 37 8 9 10 11 12 13 14 38 15 16 17 18 19 20 21 39 22 23 24 25 26 27 28 40 29 30 7. Presentasjonsgudsteneste, Voss, i Vangskyrkja kl. 11:00. Tema: Bibel fo ALLE kl. 13-15 16. eller 17. Tema: Gute-/jenteseminar i Vonheim kl. 18-20. 24. Tema Gudsteneste (A; B, C) 25. Tema Gudsteneste (D, E, F) 21. Presentasjon, Evanger kl. 11:00 Oktober 40 1 2 3 4 5 41 6 7 8 9 10 11 12 42 13 14 15 16 17 18 19 43 20 21 22 23 24 25 26 44 27 28 29 30 31 November 44 1 2 45 3 4 5 6 7 8 9 46 10 11 12 13 14 15 16 47 17 18 19 20 21 22 23 48 24 25 26 27 28 29 30 6. Ung Messe i Vangskyrkja kl. 19:30 30. Lysmesse, Evanger, 19:30 Desember 49 1 2 3 4 5 6 7 50 8 9 10 11 12 13 14 51 15 16 17 18 19 20 21 52 22 23 24 25 26 27 28 1 29 30 31 07. Lysmesse, Vangskyrkja,18:00 Januar 1 1 2 3 4 2 5 6 7 8 9 10 11 3 12 13 14 15 16 17 18 4 19 20 21 22 23 24 25 5 26 27 28 29 30 31 07. Foreldremøte i Vangskyrkja kl. 19:30 15.-17.: Helgatun A, B og C 22.-24.: Helgatun D, E og F April 14 30 31 1 2 3 4 5 15 6 7 8 9 10 11 12 16 13 14 15 16 17 18 19 17 20 21 22 23 24 25 26 18 27 28 29 30 22.: Temasamling: Å fixe livet Vonheim etter skuletid. 29. Øving til konfirmasjon Februar 5 1 6 2 3 4 5 6 7 8 7 9 10 11 12 13 14 15 8 16 17 18 19 20 21 22 9 23 24 25 26 27 28 8. Ung Messe i Idrettshallen kl. 12:00 Mai 18 1 2 3 19 4 5 6 7 8 9 10 20 11 12 13 14 15 16 17 21 18 19 20 21 22 23 24 22 25 26 27 28 29 30 31 2. Konfirmasjon B kl. 10:00, A kl. 12:00 3. Konfirmasjon C kl. 10:00, D kl. 12:00 6. Øving til konfirmasjon 10. Konfirmasjon F kl. 10:00, E kl. 12:00 14. el. 31. Konfirmasjon Evanger Mars 9 1 10 2 3 4 5 6 7 8 11 9 10 11 12 13 14 15 12 16 17 18 19 20 21 22 13 23 24 25 26 27 28 29 18. Temasamling om Kirkens nødhjelp for konfirmantar og foreldre. 23. Evanger. Fasteaksjonen. 24. Voss. Fasteaksjonen. Konfirmansjon

AVTALE OM DELTAKING I KONFIRMASJONSTIDA Det er friviljug å vera konfirmant, men har du meldt deg på, er undervisinga obligatorisk. For at konfirmasjonstida skal verta ei fin tid for alle, er det viktig at alle gjer sitt for at det skal verte slik. Difor skriv me under på ein avtale for å markera at me vil gjera vårt beste. KONFIRMANTLÆRAREN SKAL SYTA FOR - godt førebudde samver/samlingar. - å gje viktig informasjon skriftleg. - at programmet ikkje blir endra utan gode grunnar. KONFIRMANTEN SKAL - møta i tide til alle samvera som høyrer til i konfirmasjons-førebuinga. - ha med seg konfirmantbibelen og anna materiell på alle samlingane. - fylgja dei reglane som gjeld, og gjera sitt for at alle skal trivast i konfirmanttida. - gje melding dersom det er noko ein vil endra på, eller om ein er sjuk og ikkje kan møta. Foreldre/føresette hjelper konfirmanten til å gjennomføra konfirmasjonstida. Me tek kontakt med foreldre/føresette om nokon ikkje greier å fylgja opplegget. Stad og dato: Underskrifta til konfirmant: Klasse: Underskrifta til ein eller begge foreldre/føresette: For Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar: kateket KLYPP UT OG TA MED DENNE AVTALEN PÅ T-14-DAGEN, ONSDAG 4. JUNI I VANGSKYRKJA, ELLER SEND DEN I POSTEN TIL KATEKETEN, KYRKJEKONTORET, POSTBOKS 562, 5703 VOSS

- 12 - Dette er siste sida. Dette arket skal klyppast ut og leverast til konfirmantlærarane. Du kan levera arket onsdag 4. juni i Vangskyrkja eller du kan senda det i posten til Kateketen Kyrkjekontoret Postboks 562 5703 Voss Hvis du er døypt ein annan plass enn Voss, må du òg levera ein kopi av dåpsattesta til oss. Hugs å leggje inn alle opplysningar via lenka på www.voss.kyrkja.no