Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018

Like dokumenter
Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Innbyggarhøyring i Bryggja. Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

Innbyggarundersøking om kommunereform i Lindås, Radøy og Fedje

Innbyggarundersøking om kommunereform i Lindås, Radøy og Fedje

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

Spørjeundersøking om sentrumsområde

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Analyse av kvantitativ undersøking Kinn kommune

Å bli gamal i eigen heim

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015

Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar. Bustadseminar Sogn Regionråd

Finnøy og Rennesøy kommunar

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Har jobbar, manglar folk og hus


Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Handlingsplan Bustadsosialt velferdsprogram

Flytting til og frå Bykle

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Elevundersøkinga 2016

Bustadstrategiske tiltak i distrikta. Trude Risnes Kompetansesenter for distriktsutvikling - Distriktssenteret

Mind the gap. Sluttrapport. Undersøking om bustadmarknaden for unge med nedsett funksjonsevne. (Dykkar referanse 2012/BQ2H34)

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

Til deg som bur i fosterheim år

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Bustadnettverket i Sogn. Orientering til regionrådet 15. juni 2018, Vik. Arne Kringlen, Norconsult AS

Kartlegging av rammevilkår

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

Innbyggerundersøkelse Kommunereformen

Bustadbehov i Bergensregionen

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Bustadattraktivitet i Vest-Telemark. -BliBu med deleku?

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

VOSS HERAD Kommuneplan SENTERSTRUKTUR

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Bustadstrategi Sogn. Regionrådet 17. juni 2016

Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta. Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

Intranett Spørjeundersøking i DOT Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

Dørbankaksjonen Vekst i Stordal

ÅRDAL BOLIGBYGGELAG HEISPROSJEKT -

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Statusrapport. Kommunestyret Monica Sølyst

Startlån. ei gunstig låneordning frå kommunen

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.


Samtalestatistikk 1. halvår Hjelpelinja for speleavhengige

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Rapport resultat spørjeundersøking

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Lønnsundersøkinga for 2014

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »

BARNEVERNET. Til beste for barnet

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Sykkylven kommune Innbyggarundersøking Det er no ikkje så verst her, likevel då! Kommentar frå ein innbyggar.

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Kompensasjonsgradar for par i modernisert folketrygd

Oversikt Selde tomter i Skielva pr Målestokk 1:1000 Teknisk Drift

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Faktaopplysningar Helse og omsorg per

Brukarundersøking for byggesakshandsaminga. Vaksdal kommune 2016

BUSTADPOLITISK PLAN FOR MIDSUND

Transkript:

Aurland kommune Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018 Kor ønskjer innbyggjarane i Aurland kommune å bu, korleis vil dei bu og kva utfordringar har dei på bustadmarknaden Anja Marken 15.07.2019

Innhold Rapport frå innbyggjarundersøkinga 2018... 0 Introduksjon... 2 Resultat... 2 Bakgrunnsdata... 2 Kor ønskjer innbyggjarane helst å bu... 3 Korleis vil innbyggjarane bu... 4 Kva utfordringar har innbyggjarane på bustadmarknaden... 5 Konklusjon... 7 Vedlegg... 8 Liste over tabellar Tabell 1: Kor mange som reknar med å bu i kommunen om fem år. Tabell 2: Bakgrunnsinformasjon om innbyggjarane som svara på undersøkinga. Tabell 3: Kva bygd innbyggjarane i Aurland kommune ønskjer å bu i, samanlikna med dagens innbyggjartal. Tabell 4: Kva bustadtype innbyggjarane i Aurland kommune ønskjer å bu i. Tabell 5: Kva eigarforhold innbyggjarane i Aurland ønskjer. Tabell 6: Kor lenge innbyggjarane har vore på jakt etter ny bustad. Tabell 7: Innbyggjarane sine utfordringar på bustadmarknaden. 1

Introduksjon Aurland kommune gjennomførte ei innbyggjarundersøking i november 2018 for å kartleggja bustadbehovet for dei unge i etableringsfasen mellom 18 og 39 år og godt vaksne i aldersgruppa 60 til 75 år. Kartlegginga skjedde i samband med arbeidet med den bustadpolitiske handlingsplanen. Den bustadpolitiske handlingsplanen skal vere eit verktøy for administrasjonen og politikarane for å jobbe meir målretta, strategisk og effektivt med bustadutviklinga i kommunen. Det vart sendt ut brev til alle dei folkeregistrerte innbyggjarane i dei to aktuelle målgruppene, 500 brev til dei mellom 18 og 39 år og 324 brev til dei mellom 60 og 75 år. I tillegg vart det informert om undersøkinga via heimesida og Facebook sida til kommunen. 139 personar svara i den yngste målgruppa og 129 svara i den eldste målgruppa. Dei i den yngste aldersgruppa svara på undersøkinga digitalt via Google Forms, mens dei eldre kunne svare både digitalt og via svarskjema som dei fekk tilsendt i posten. Etter at svarfristen gjekk ut vart data frå dei to forskjellige målgruppene analysert. Ulike variablar vart analysert opp mot kvarandre, til dømes alder og kvar innbyggjarane ønskja å bu, men i dei fleste tilfella var det for lite data til at resultatet var statistisk signifikant. Avgrensinga av aldersgruppa vart gjort med tanke på kva informasjon kommunen manglar i utarbeidinga av den bustadpolitiske handlingsplanen. I Aurland kommune er det spesielt vanskeleg for unge i etableringsfasen å kome seg inn på bustadmarknaden. Tanken bak spørjeundersøkinga var derfor å kartleggje kva type bustadar denne gruppa ønskjer seg, kor i kommunen dei ønskjer å bu og kva som er dei største utfordingane deira relatert til bustadmarknaden. I Aurland kommune er det også lite sirkulasjon på bustadmarknaden og einebustadar dominerer blant bustadtypane. Forsking viser at når ungane byrjar å bli etablert ønskjer vaksne ofte å flytte til ein mindre bustad. Ved å sende ut spørjeundersøking til vaksne mellom 60 og 75 år ville me finne ut om dette er aktuelt i Aurland, i tillegg til å kartlegge kva type bustadar denne aldersgruppa er på jakt etter og kor dei helst vil bu. Under føl ein gjennomgang av resultata, først bakgrunnsinformasjon om dei som svara på undersøkinga, deretter ei oppsummering av kor innbyggjarane helst ønskjer å bu, korleis dei vil bu og kva utfordringar dei har på bustadmarknaden. Resultat Bakgrunnsdata 90% 80% 70% 60% 50% 40% 30% 20% 10% 0% Kor mange som reknar med å bu i kommunen om fem år 53% 85% 13% 1% 32% 13% Ja Nei Veit ikkje NA 2% 2% 18-39 år 60-75 år Figur 1: Kor mange av innbyggjarane som reknar med å bu i kommunen om fem år. NA = not available (ingen svar). 2

Ein tredjedel av innbyggjarane svara på undersøkinga (28 % av den yngre målgruppa og 40 % av den eldre målgruppa, 33 % til saman). Det var ei jamn fordeling mellom kvinner og menn i begge aldersgruppene. Tabell 2 i vedleggslista viser bakgrunnsinformasjon om respondentane, som yrkesstatus, kva bustad dei bur i og kor mange som bur der. Dei fleste i den eldre målgruppa bur i einebustad saman med ein annan person. Blant den yngre gruppa bur over halvparten i einebustad, mens nesten ein fjerdedel bur i leilegheit. 23 % av desse bur heime hjå foreldre/føresette, der 20 % er mellom 18 og 25 år, og 3 % er mellom 26 og 30 år. Rundt halvparten av dei som svara på undersøkinga (52 % av dei yngre og 45 % av dei eldre) er født og oppvaksen i kommunen, 38 % av dei yngre og 45 % av dei eldre er innflyttarar, mens høvesvis 10 og 8 % er tilbakeflyttarar. Det lave prosenttalet samanlikna med andelen innflyttarar og dei som er født og oppvaksen her, tyder på at det er få som kjem tilbake etter at dei har flytta ut. 53 % av dei mellom 18 og 39 år reknar med å bu i kommunen om fem år, mens 13 % svara nei på dette spørsmålet og 32 % er usikker. Blant dei mellom 60 og 75 år reknar 85 % med å bu i kommunen om fem år. Kor ønskjer innbyggjarane helst å bu Kor i kommunen innbyggjarane ønskjer å bu 70% 60% 50% 40% 30% 20% 10% 0% 5% 7% 2% 60% 63% 55% 21% 14% 16% 10% 2% 4% 0 2% 4% 14% 5% 5% 7% 1% 0 18-39 år 60-75 år Innbyggjartal Figur 2: Kva bygd innbyggjarane i Aurland kommune ønskjer å bu i, samanlikna med dagens innbyggjartal. Fleirtalet av innbyggjarane som svara på spørjeundersøkinga ønskjer å bu i området rundt Aurlandsvangen (60 % av dei yngre og 63 % av dei eldre), mens høvesvis 14 og 16 % av den yngre og eldre gruppa ønskjer å bu i Flåm. Desse tala er like for både lokale og innflyttarar, for barnefamiliar og dei utan born. Sett i samanheng med innbyggjartalet på desse stadane bur 55 % av innbyggjarane i kommunen i området rundt Aurlandsvangen, dvs frå Bøen til Skjerdal og Aurlandsvangen til Låvi, mens 21 % bur i Flåm. Fleirtalet av innbyggjarane ønskjer med andre ord at det skal verte lagt til rette for at fleire kan bu i området rundt Aurlandsvangen. Men det er ikkje berre på Aurlandsvangen fleire ønskjer å busette seg. 4 % av dagens innbyggjarar bur i Undredal, tala frå undersøkinga viser derimot at 10 % av dei i den yngre gruppa ønskjer å bu i Undredal. Det kan likevel vere feilmargin blant desse tala då det ikkje vart spurt om kvar dei som svara på undersøkinga bur i dag. Det finst dermed ikkje ein oversikt over om det var fleire innbyggjarar som til dømes bur i Undredal som svara på undersøkinga enn til dømes i Vassbygdi. Etter personleg meddeling frå dei næringsdrivande i Undredal er det potensiale for vekst i 3

denne delen av bygda. Kvart år kjem det sesongarbeidarar som ønskjer å busette seg i Undredal, men sidan dei ikkje finn ein plass å bu er ikkje dette mogleg. Det same gjeld for Flåm, det kjem fleire hundre sesongarbeidarar dit kvar sesong. Dei næringsdrivande ønskjer å utvide sesongen slik at dei får fleire heilårstilsette, men mangel på bustadar til dei er ein flaskehals for dette. Korleis vil innbyggjarane bu Kva bustadtype innbyggjarane ønskjer å bu i Trygdebustad/omsorgsbustad 0 3% NA 5% 14% Veit ikkje 1% 14% Leilegheit 17% 31% Hybel/hybelleilegheit 0 1% Fleire av kategoriane over aktuelle 14% 15% Einebustad 17% 58% Anna 0 4% 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 60-75 år 18-39 år Figur 3: Kva bustadtype innbyggjarane i Aurland kommune ønskjer å bu i. Over halvparten (58 %) av dei mellom 18 og 39 år ønskjer å bu i einebustad, 14 % er opne for ulike bustadtypar, mens 17 % ønskjer å bu i leilegheit. Innanfor den yngste aldersgruppa er det dei mellom 18 og 25 år som er mest opne for å bu i leilegheit, men halvparten av denne aldersgruppa ønskjer likevel å bu i einebustad. For dei mellom 26 og 39 år er det einebustad som er mest aktuelt, der over 60 % av dei ønskjer dette. Dette stemmer godt overeins med forsking som seier at unge i distriktet ønskjer å bu i einebustad med hage, mens dei som bur urbant ønskjer å bu i leilegheit 1. Svara frå den eldre gruppa var meir tvitydig enn dei i den yngre gruppa. Ein tredjedel av innbyggjarane mellom 60 og 75 år ønskjer å bu i leilegheit, mens 17 % ønskjer å bu i einebustad og for 15 % er fleire bustadtypar aktuelle. 28 % visste derimot ikkje eller let ver å svare på dette spørsmål. Det at nesten halvparten (46 %, 57 personar) er opne for å bu i andre bustadtypar enn einebustad, viser at deler av den eksisterande bustadmassen kan verte tilgjengeleg på bustadmarknaden dersom det vert bygd mindre bueiningar. Spesielt sidan 84 % av denne gruppa bur i einebustad, og det finst 849 einebustadar og 24 leilegheiter i kommunen 2. Dette er noko innbyggjarane sjølv kommenterte i undersøkinga, fleire ønskjer seg lettstelte leilegheiter på eitt plan med fellesareal for sosialt samvære eller som ein kan leige til overnattingsgjester. I tillegg svara 64 % av dei mellom 60 og 75 år at ei praktisk leilegheit, dvs. alt på eitt plan, heis, vedlikehaldsfritt, var svært viktig ved kjøp av ny bustad. For 45 % var nærleiken til 1 Rambøll. 2014. Gode eksempler boligstrategiske tiltak i distriktet. Kompetansesenter for distriktsutvikling. Rapport. Oslo. 2 www.ssb.no/kommunefakta/aurland 4

sentrum svært viktig, mens berre 22 % i den eldre aldersgruppa svara at nærleiken til helsetenester var svært viktig. Eigarforhold ved nytt bustadkjøp Veit ikkje NA Leiga Ikkje aktuelt Eiga Både å leige og eiga er like aktuelt 0 0 16% 16% 4% 6% 7% 6% 16% 10% 50% 71% 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 60-75 år 18-39 år Figur 4: Kva eigarforhold innbyggjarane i Aurland ønskjer. Det som derimot er tydeleg for begge aldersgruppene er at dei ønskjer å eige bustaden dei bur i. 70 % av dei i den yngre gruppa ønskjer å eige dersom dei flytter til ein ny bustad, mens 50 % av dei eldre svara det same. 16 % av dei eldre svara at både å leige og eige er like aktuelt, mens 10 % av dei yngre svara dette. 40 % av dei mellom 60 og 75 år oppgjev at dei kjem til å selje den noverande bustaden sin dersom dei kjøper ny bustad. 15 % vil selje bustaden til nær familie, mens 15 % vil selje bustaden og 2 % vil behalde den for å leige den ut. Kva utfordringar har innbyggjarane på bustadmarknaden Kor lenge innbyggjarane har vore på bustadjakt NA 4% 10% Veit ikkje 1% 4% Er ikkje på jakt etter ny bustad 47% 81% På jakt etter ny bustad (totalt) 10% 44% 2 år eller meir 6% 14% 1,5-2 år 1% 18% 1-1,5 år 0 2% 6-12 månadar 0 6% 0-6 månadar 1% 6% 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 60-75 år 18-39 år Figur 5: Kor lenge innbyggjarane i Aurland kommune har vore på jakt etter ny bustad. 5

44 % av dei mellom 18 og 39 år er på jakt etter ny bustad og 32 % av desse har vore på bustadjakt over 1,5 år. Hovudutfordringa til innbyggjarane i denne aldersgruppa er høge bustadprisar (29 %), få bustadar til leige/sals der dei ønskjer å bu (24 %) eller ingen ledige tomter for husbygging (21 %). Fleire i undersøkinga skriv at folk flyttar vekk for å kjøpe bustad andre plasser. «Behovet for byggjeklare tomter i Aurland er enormt. Må vurdere muligheitane for å bu i kommunen i framtida dersom dette ikkje kjem på plass snarast» - Mann, 26-30 år. Mens ei kvinne mellom 31-39 år fortel at ho slit med å finne ein plass å bu til lav nok pris. Ho bruker 50 % av lønna si på husleige og har flytta seks gongar på ti månadar mellom overprisa stadar, lånte stadar og internat. «Det er uinteressant for meg å bli i Aurland under disse omstendighetene». Fleire peikar òg på at buplikt er eit alternativ kommunen burde vurdere. «Det burde være boplikt her når så få bosteder er tilgjengelig. Vi må konkurrere ikke bare med andre som ønsker fast bosted, men også folk som vil leie ut til turister/airnbnb og de som vil ha hytter her» - Kvinne, 31-39 år. Av dei som ikkje ønskjer å bli buande i kommunen, oppgjev 30 % at mangel på bustad er hovudgrunnen til dette. 10 % av dei mellom 60 og 75 år er på jakt etter ny bustad, mens 35 % kan tenke seg ein meir «lettvint» plass å bu i framtida. Fleirtalet av dei (53 %) ser ingen eller veit ikkje om nokon utfordringar for sitt eige framtidige bustadbehov, men fleire peikar på at det største problemet for dei som vil inn på bustadmarknaden er mangel på byggeklare tomter. Ein innbyggjar seier det slik: «Det er viktig at det er ledige tomter for dei som ønsker det og at det er mogleg å kjøpe seg leilegheiter for dei som ønsker det. Dette er i dag det største problemet i Aurland for dei som vil bu i kommunen.» Største utfordring ved framtidig bustadbehov NA Veit ikkje Lite tilrettelegging av kommunale Ingen utfordringar Ingen ledige tomter for husbygging Høge bustadprisar Få bustadar til leige/sals der eg ønskjer å bu Den type bustad eg ønskjer er ikkje Anna 0 0 3% 6% 1% 2% 5% 6% 8% 9% 11% 13% 14% 16% 21% 24% 29% 31% 0% 5% 10% 15% 20% 25% 30% 35% 60-75 år 18-39 år Figur 6: Innbyggjarane sine utfordringar på bustadmarknaden. Innbyggjarane mellom 18 og 39 år vart beden om å rangere på ein skala frå 1 til 5, der 1 var særs misnøgd og 5 var særs nøgd, kor nøgd dei var med høvet til å skaffe seg leilegheit, einebustad/rekkjehus eller tomt. Den yngre målgruppa var misnøgd med høvet til å skaffe seg både bustad og tomt. Mellom 85 til 90 % svara 3 eller mindre på dei tre spørsmåla. Desse tala var ganske klare mellom alle grupper, både innflyttarar, lokale og uavhengig av kor lenge dei har vore på jakt etter bustad. 75 % var derimot nøgd og særs nøgd med området der dei bur, og 53 % var nøgd eller særs nøgd med sin noverande bustadsituasjon. Med tanke på kor mange som er misnøgd med høvet 6

til å skaffe seg bustad og tomt var det overraskande høg skår på kor nøgd dei var med sin noverande bustadsituasjon. Dette kan tyde på at sjølv om kommunen har høg bustadattraktivitet, har dei langvarige utfordringane på bustadmarknaden gjort at innbyggjarane har liten tillit til kommunen si evne til å møte bustadbehovet. Den eldre aldersgruppa var òg misnøgd med høvet til å skaffe seg leilegheit, einebustad/rekkjehus eller tomt. Mellom 46 % og 39 % svara 3 eller mindre på dei tre spørsmåla. Akkurat som dei yngre, var òg dei nøgd med området der dei bur og sin noverande bustadsituasjon, høvesvis 70 % og 84 % svara at dei var nøgd eller svært nøgd på desse spørsmåla. Konklusjon Aurland kommune gjennomførte ei innbyggjarundersøking i samband med utarbeidinga av den bustadpolitiske handlingsplanen i november 2018. Svarprosenten var på 33 %. Fleirtalet av innbyggjarane som svara på undersøkinga ønskjer å bu i området rundt Aurlandsvangen. Det er her det bur flest innbyggjarar i kommunen, men prosentvis var det fleire som svara at dei vil bu der enn innbyggjarar som bur der i dag. Over halvparten av dei i den yngste målgruppa ønskjer å bu i einebustad, mens nesten halvparten av dei i den eldste målgruppa er open for å bu i andre bustadtypar enn einebustad. Fleirtalet av denne gruppa svara òg at det var svært viktig å få ei praktisk leilegheit ved kjøp av ny bustad. 44 % av dei i den yngre målgruppa er på jakt etter ny bustad, mens berre 10 % av dei i den eldre aldersgruppa svara det same. Hovudutfordringane til dei unge i etableringsfasen er høge bustadprisar, få bustadar til leige/sals der dei ønskjer å bu og at det er ingen ledige tomter for husbygging. Innbyggjarane i begge aldersgruppene var misnøgd med høvet til å skaffe seg bustad og tomt, mens begge gruppene var nøgd med området der dei bur no og sin noverande bustadsituasjon. 7

Vedlegg Tabell 1: Kor mange som reknar med å bu i kommunen om fem år. Reknar du 60-75 år med å bu i kommunen om fem år? 18-39 år Ja 53 % 85 % Nei 13 % 1 % Veit ikkje 32 % 13 % NA 2 % 2 % Tabell 2: Bakgrunnsinformasjon om innbyggjarane som svara på undersøkinga. Variabel 18-39 år 60-75 år Kjønn Mann 46 % 46 % Kvinne 54 % 48 % Alder 18-25 år 29 % NA 26-30 år 35 % NA 31-39 år 37 % NA 60-65 år NA 32 % 66-70 år NA 36 % 71-75 år NA 25 % Fødestad Norge 86 % 94 % Norden 4 % 2 % Europa 6 % 2 % Utanfor Europa 4 % 1 % Folkeregistrert i kommunen 88 % NA Folkeregistrert utanfor 12 % NA kommunen Født og oppvokst i kommunen 52 % 45 % Tilbakeflyttar 10 % 8 % Innflyttar 38 % 45 % Yrkesstatus Yrkesaktiv 81 % 25 % Student 14 % NA Pensjonist NA 64 % Arbeidssøkande 1 % NA Uføre 3 % 5 % Anna 1 % 1 % Arbeidar i kommunen 63 % 32 % Pendlar 16 % 5 % Husstanden Har born 37 % NA Har ikkje born 63 % NA 8

Har born som bur heime NA 7 % Har ikkje born som bur heime NA 89 % 1 person i husstanden 24 % 26 % 2 personar i husstanden 19 % 65 % 3 personar i husstanden 15 % 6 % 4 personar i husstanden 27 % 1 % 5 personar eller fleire i 14 % 0 % husstanden Bustadtype Einebustad 57 % 84 % Leilegheit 23 % 2 % Hybel 6 % NA Fleirmannsbustad 10 % 10 % Omsorgsbustad 1 % 1 % Anna 3 % NA Eigarforhold Eig sjølv 34 % 88 % Leiger 41 % 9 % Bur heime hjå foreldre/verge 23 % NA Tabell 3: Kva bygd innbyggjarane i Aurland kommune ønskjer å bu i, samanlikna med dagens innbyggjartal. Kor i kommunen ønskjer du helst å bu? 18-39 år 18-39 år 60-75 år 60-75 år Innbyggjartal Innbyggjartal Anna 7 5 % 9 7 % 37 2 % Aurlandsvangen 84 60 % 76 63 % 976 55 % Flåm 20 14 % 18 16 % 366 21 % Gudvangen 3 2 % NA NA 76 4 % Undredal 14 10 % 3 2 % 72 4 % Vassbygdi 7 5 % 6 5 % 247 14 % Veit ikkje 1 1 % 8 7 % NA NA Tabell 4: Kva bustadtype innbyggjarane i Aurland kommune ønskjer å bu i. Kva bustadtype ønskjer du deg? 18-39 år 18-39 år 60-75 år 60-75 år Anna 6 4 % NA NA Einebustad 80 58 % 21 17 % 15 % Fleire av kategoriane over aktuelle 20 14 % 18 Hybel/hybelleilegheit 1 1 % NA NA Leilegheit 23 17 % 39 31 % Veit ikkje 2 1 % 17 14 % NA 7 5 % 17 14 % Trygdebustad/omsorgsbustad NA NA 4 3 % 9

Tabell 5: Kva eigarforhold innbyggjarane i Aurland ønskjer. Dersom du ønskjer å flytte til ny bustad i kommunen, ønskjer du å eiga eller leiga? 18-39 år 18-39 år 60-75 år 60-75 år Både å leige og eiga er like aktuelt 17 10 % 20 16 % Eiga 98 71 % 63 50 % Ikkje aktuelt 9 6 % NA NA Leiga 10 7 % 8 6 % NA 5 4 % 14 16 % Veit ikkje NA NA 20 16 % Tabell 6: Kor lenge innbyggjarane har vore på jakt etter ny bustad. Kor lenge har du vore på jakt etter ny bustad? 18-39 år 18-39 år 60-75 år 60-75 år 0-6 månadar 9 6 % 1 1 % 6-12 månadar 9 6 % NA NA 1-1,5 år NA NA 2 2 % 1,5-2 år 25 18 % 1 1 % 2 år eller meir 20 14 % 7 6 % På jakt etter ny bustad (totalt) 63 44 % 11 10 % Er ikkje på jakt etter ny bustad 65 47 % 101 81 % Veit ikkje 5 4 % 1 1 % NA 6 4 % 12 10 % Tabell 7: Innbyggjarane sine utfordringar på bustadmarknaden. Kva er den største utfordringa for deg når det gjeld framtidig bustadbehov? 18-39 år 18-39 år 60-75 år 60-75 år Anna 2 1 % 2 2 % Den type bustad eg ønskjer er ikkje tilgjengeleg 12 9 % 18 14 % Få bustadar til leige/sals der eg ønskjer å bu 34 24 % 17 13 % Høge bustadprisar 40 29 % 14 11 % Ingen ledige tomter for husbygging 29 21 % NA NA Ingen utfordringar 11 8 % 40 31 % Lite tilrettelegging av kommunale bustadområder NA NA 10

8 6 % Veit ikkje 7 5 % 21 16 % NA 4 3 % 8 6 % 11