Politisk program for Jølster KrF 2015-2019 Jølster har vakker og særmerkt natur; vatn og elv, daler og lier, fjell og bre. Jølster er strategisk plassert i fylket der Skei er eit naturleg knutepunkt for Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Det er viktig at Jølster har eit godt omdøme overfor innbyggarane, dei som vurderer å flytte inn, turistar og andre. Jølster KrF byggjer politikken sin på dei grunnleggande verdiane menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar. KrF vil ha eit samfunn som er trygt forankra i dei kristne verdiane. KrF sine hovudsaker i valåret er oppvekst og eldre Noko av det aller viktigaste vi som samfunn kan gjere, er å legge til rette for at barna våre får ein trygg og god oppvekst. Ein god barndom varer heile livet. Alle menneske fortener ein verdig alderdom. Ingen skal uroe seg for å bli gamal i Norge! Difor treng vi ein god og tilpassa eldreomsorg, og vi må ta i bruk den ressursen eldre menneske utgjer i samfunnet. 1
Jølster KrF vil arbeide for desse sakene i valperioden: Kommunestyret sitt arbeid I lag med dei andre partia vil vi skape eit samfunn bygd på rettferd, ærlegdom og vilje til samarbeid, ansvar og toleranse. Nær kontakt med innbyggarane er viktig for at folket skal kjenne at dei høyrer til og vil ta medansvar i lokalsamfunnet. Arbeide for eit samfunn som prioriterer livskvalitet Effektiv sakshandsaming God informasjon til innbyggarane Arbeide for gode løysingar i høve kommunereforma Heim, familie og oppvekst Familien er den grunnleggande eininga for fellesskap og samfunnsbygging. Kommunen må legge eit grunnlag for god oppvekst. Det som er godt for borna er godt for alle. Vere vakne for familiar som treng støtte og avlastning Legge til rette for at ulike instansar samarbeider for å fange opp dei som treng hjelp Minske sosial ulikskap Barnehagar og skule Barnehage og skule skal, saman med heimane, gje borna kunnskap og gode haldningar for å greie seg i eit stadig tøffare samfunn. Det er viktig at dei kristne verdiane får sin plass i barnehage og skule. Trygge skulevegen Støtte til haldningsskapande prosjekt Legge til rette for tenleg bruk av alle 3 skuleanlegga 2
Innvandring - asylsøkjarar Jølster har ei stor oppgåve i å legge til rette for dei som bur på mottaka på Skei og Vassenden, og dei som er busette i kommunen. Skulane må settast i stand til å gje asylantane eit godt tilbod Asylantane må få eit tilfredstillande helsetilbod Kommunen må syte for høvelege bustader Helse, omsorg og tryggleik Mange oppgåver innan helse vert løyst internt i kommunen, men store oppgåver i høve samhandlingsreforma er det tenleg å løyse i fellesskap med andre kommunar. Det førebyggande arbeidet må prioriterast Rehabiliteringsplassar for utskrivingsklare pasientar God kvalitet og pasienttryggleik Få fagfolk i alle stillingane og fokusere på tiltak for kompetanseheving Avlastingsplassar Gje menneske med psykisk og fysisk handikap eit verdig og sjølvstendig liv Heildøgnteneste i heimesjukepleien Aktivitet for demente både heime og på institusjon Det er av stor verdi å stimulere frivillig arbeid. Mange treng nokon å snakke med. Misbruk av rusmidlar er eit stort helseproblem i samfunnet. Alkohol er det rusmiddelet som fører til mest skade. Lett tilgjenge av alkohol gir auka forbruk og misbruk. Haldningsskapande arbeid mot rusmiddel og støtte til rusfrie arrangement Arbeide for å redusere opningstid for sal av alkohol. Følgje opp og gjere vedtak ut frå alkoholpolitisk handlingsplan Kyrkje og kristenliv Kristendomen har vore grunnlaget for utviklinga av samfunnet vårt, og er også fundament for framtida. Difor er det viktig å gje kyrkja gode arbeidsvilkår og fridom til å arbeide ut frå sin ståstad. Føre vidare det positive samarbeidet mellom barnehage, skule og kyrkja. 3
Gje økonomisk støtte og legge forholda til rette for kyrkja og andre sitt arbeid for barn og ungdom Kyrkja må få midlar som står i høve til arbeidsoppgåvene Kommunen må vere i forkant med planar for utviding av gravplassane Kulturlivet Grunnleggande for kulturlivet er respekt for vår felles kristne kulturarv. Kulturaktivitetane skal bygge og styrke fellesskapet. Legge til rette for vidare drift av kulturskulen Gje støtte til kulturarbeid som blir drivne av frivillige organisasjonar, prioritere barn og unge Vere kreative i bruken av Astruptunet og Eikaasgalleriet Samferdsel og busetnad Vi trur at godt planlagde bustadområde med gode og trygge vegar er viktige for lokalsamfunnet. Kommunen må medverke til gode løysingar for mjuke trafikantar i høve utbetring av E39 Ruste opp kommunale vegar Legge til rette for bustadbygging Arbeid og næringsliv Eit aktivt landbruk er viktig for matproduksjon, busetnad og turisme, og er den beste måten å bevare kulturlandskapet på. Jølster treng arbeidsplassar, og vi vil støtte eit mangfaldig næringsliv. Legge til rette for vidare utvikling i landbruket Legge til rette for ny næring, og ta vare på eksisterande verksemder Legge til rette for turisme ved å støtte dei som har idèane og planane Oppmode næringslivet om å legge til rette for lærlingeplassar og sommararbeid for skuleungdom Legge til rette for arbeidsplassar for funksjonshemma personar 4
Miljø og naturvern Jølster har ein flott natur og den skal takast vare på. Vi har område som ligg til rette for eit aktivt friluftsliv. Høveleg areal må ein likevel sette av til næring og ulik verksemd. Rydding av skog langs vegar og vassdrag Rydding og merking av turløyper Vern av produktiv og dyrka mark Legge til rette for betre kjeldesortering og gjenvinning Tenke energisparing og miljøvern i planlegging av nye bustadfelt og kommunale bygg Vi ønskjer kvarandre eit godt val 5