Saman for eit varmare samfunn VALPROGRAM FOR AUKRA KrF 2019-2023 INFORMASJON
Helge Kjøll jr. Ordførarkandidat Født 1961 Aukrasanden Kjære veljar! Aukra kommune er ein god kommune å leve og bu i. Eg er glad for å vere ein del av ein slik flott kommune. Som ordførarkandidat for Aukra KrF er eg veldig motivert for å bidra til ei fortsatt god og framtidsretta utvikling av Eg vil arbeide for eit varmare samfunn med tydeleg prioritering av barn, ungdom og eldre. Eit samfunn som er godt for barna, er godt for alle. Gode og framtidsretta tilbod i barnehage og skole legg grunnlaget for barns læring, utvikling og dermed ein trygg oppvekst. Det skal og vere godt å bli gamal i Aukra kommune. Eg ønskjer å arbeide for ein god balanse mellom heimebaserte tjenester, omsorgsbustadar og sjukeheimsplassar. Eg ønskjer fokus på livsinnhald og kvalitet i tenestetilbodet for dei eldre. Å få på plass fastlandssamband vil ha stor positiv betydning og vere viktig for utviklinga av Aukrasamfunnet. Dette både for den enkelte innbyggjar og ikkje minst for næringslivet i Vi ønskjer å vere ein attraktiv kommune, da må vi ha sterkare fokus på rekruttering, ny kompetanse og omdømmebygging. 2.Kandidat Marie Hoksnes Født 1981 Hoksneset 3.Kandidat Jan-Magne Breivik Født 1969 Aukrasanden 4.Kandidat Sissel Kvist Født 1967 Julsundet Eg har klare tankar for utviklinga av Aukrasamfunnet. Vi har eit klart mål om å skape eit godt samfunn for det enkelte menneske. Basisen for politikken vår er nestekjærleiken, forvaltaransvaret og at alle menneske har like stor verdi. Som ordførarkandidat har eg tru på og vil arbeide for gode politiske prosessar i kommunen, god dialog og godt samarbeid. Med alle gode ønske for Aukrasamfunnet og med ønske om eit riktig godt val! Helge Kjøll jr. ordførarkandidat 6. Arnar Ingi Julnes f.1992 Falkhytten 7. Oddvar Hoksnes f.1953 Hoksneset 8. Bendik Julnes Kjøll f.1997 Aukrasanden 9. Knut Oterhals f.1953 Oterhalsen 10. Nils Lykkeslett Sæter f.1966 Aukrasanden 11. Berit Marie Sporsheim f.1954 Sætervika 12. Ann Ingeborg Julnes f.1943 Aukrasanden 13. Hans Kristian Maridal f.1979 Julsundet 14. Aud Mork f.1945 Sporsem 5.Kandidat Ingunn Hjelmås Født 1972 Småge
Gode oppvekstvilkår for barn og unge er ei hjertesak for Aukra KrF. Kunnskap og mestring gjer det mogeleg for oss å ta ansvar for liva våre og realisere potensialet vårt. For å greie dette må vi sikre godt kvalifisert personale og god ressurstilgang. Aukra KrF vil leggje vekt på å skape mangfald, fleksibilitet og kvalitet i barnehage og skole i Aukra. Ein god og framtidsretta barnehage og skole med godt kvalifisert personale. Tydeleg fokus på inkludering for å arbeide for ein mobbefri barnehage og skole. Arbeide for gratis leksehjelp. Gratis skolefrukt. Å stimulere til etter- og vidarutdanningstilbod for å møte nye behov. Psykologitilbud til barn og unge. At barn og unge med funksjonshemmingar blir sikra eit godt og fullverdig undervisnings- og fritidstilbod. Å utvikle samarbeidet mellom skole og næringsliv. Å styrke det interkommunale barnevernssamarbeidet slik at dei betre kan innfri lovpålagte krav. Tilbud om foreldrekurs til alle som blir foreldre for første gang. Å innføre fritidskort, for alle barn og unge frå 6-18 år, som kan brukast til å dekke deltakaravgift på fritidsaktivitetar. Trygg oppvekst Verdig alderdom Det skal vere godt å bli gamal i Aukra kommune. Ein god og trygg alderdom handlar om å kunne ta ansvar for seg sjølv og eiga helse så lenge som mogeleg. Når behova for hjelp melder seg, skal dei eldre kjenne seg trygge på at dei får gode helse- og omsorgstenester. Aukra KrF vil leggje vekt på kvalifisert og nok personale i eldreomsorga. At kommunen må leggje til rette for at innbyggjarane i Aukra skal kunne bu i eigen bustad så lenge som mogeleg. At eldre har ein trygg heim anten dei bur på sjukeheim, omsorgsbustad eller i eigen bustad. God balanse mellom heimebaserte tenester, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Gode dagaktivitetstilbud og styrke støttekontaktordninga for dei eldre. Å etablere ei ordning med spiseven for heimebuande eldre. Å ha fokus på hovudpunkta i kvalitetsreforma Leve hele livet ; mat, aktivitet, fellesskap, helsehjelp og samanheng i tenesta. Å styrke samarbeidet med frivillige organisasjonar som kan gje eldre meiningsfull aktivitet i kvardagen, menneskeleg fellesskap og kontakt med ulike generasjonar.
Noko å leve av trygge arbeidsplassar og skapande næringsliv Trygge arbeidsplassar og eit skapande næringsliv er ein føresetnad for livskvalitet og velferd. Aukra KrF ønskjer å støtte opp om dei verksemdene som er i kommunen slik at arbeidsplassane kan tryggjast og nye komme til. Aukra KrF ser det og som svært viktig å arbeide for god rekruttering til kommunale stillingar og bidra til kompetanseheving. Å legge til rette for etablering av nye verksemder og støtte opp om eksisterande arbeidsplassar. Å gje gründere gode vilkår for å starte eiga verksemd i samarbeid med t.d. Aukra næringsforum. Å ta initiativ til vårt eige treff for ungdom med fokus på mulegheiter som finnst i Å leggje til rette for fleire lærlingeplassar. Å vere pådrivar for aktiv rekruttering av kvalifisert personale til barnehage, skole og eldreomsorg. Å sende digitale nyheitsbrev til ungdommar som startar opp på vidaregåenade skole og i høgare utdanning. Å innføre kommuneavisa på nytt ikkje alle kan ta til seg informasjon via digitale media. Å jobbe vidare for heiltidskultur i Aukra kommune. Å utvikle Nerbøvågen til å bli eit meir attraktivt område for nye interessenter og skape nye mulegheiter for allereie etablerte bedrifter. Dette gjeld bl.a. å utbetre innsegling og djupne. Å sikre jordbruksnæringa i Kultur noko å leve for Kultur gjer livet rikare og meir meiningsfylt. Vi treng ikkje berre noko å leve av, men også noko å leve for. Eit godt og variert kulturtilbod er med og bidreg til engasjement og bulyst. Kulturlivet er ein del av eit førebyggjande arbeid for å fremje helse og trivsel. Å sikre god støtte til frivillige lag og organisasjonar. Å leggje til rette for eit variert fritidstilbod til barn og unge. At det framleis blir støtte til bedehus, kyrkja og andre samfunnshus i kommunen Å bidra til god og variert drift ved Aukra kulturhus og Julsundet fleirbrukshus. Å sikre at Aukra kulturskole fortsatt får gode vilkår. Å bevare kulturmiljøet og kulturminna i Å invitere frivillige lag og organisasjonar til å bidra inn i barnehage, skole og sjukeheim. Bygging av kapell i Julsundet. Å støtte opp under og bruke grendalaga som ein viktig ressurs i Klima og miljø Aukra KrF ønskjer ein offensiv miljøpolitikk for å skape økologisk bærekraft, slik at komande generasjonar skal ha like moglegheiter som oss. Miljøperspektivet må integrerast i alle sektorar. Eit godt lokalt miljø gir livskvalitet og helse. Vi må tenke globalt og handle lokalt. At all kommunal og privat verksemd må ha fokus på energisparing. Å forvalte naturområda i kommunen på ein skånsom og god måte. Å gjennomføre faste strandryddedagar. At alle nye bilar som blir innkjøpt til kommunen skal vere nullutsleppsbilar. Å leggje til rette for fleire ladestasjonar for el-bilar. Å få eit betre kollektivtilbod i Auka bruk av sykkel «Aukra Norges beste sykkelkommune!». Folkehelse Helseutfordringane framover vil knytte seg til livsstilssjukdomar og psykisk helse. Dette er helseutfordringar som kan førebyggjast. Vi må derfor leggje til rette for at folk kan ta ansvar for si eiga helse gjennom sunn livsstil, samtidig som vi sikrar nødvendig helsehjelp til alle som treng det. Førebyggjande folkehelsearbeid. Ha eit nært samarbeid mellom den kommunale helsetjenesta og psykiatrien. Å sikre god beredskap i heile kommunen mellom anna ambulansekai på Orten og beredskapsferje. Fokus på ernæring i barnehage, skole og hos eldre. Ein restriktiv og førebyggjande ruspolitikk. Årlege dialogmøter med rus som tema. Eit levande sentrumsområde - ein kjekk plass å møtast. Samferdsel og trygg trafikk God og sikker kommunikasjon er viktig. Å halde stø kurs i arbeidet med fastlandssamband blir ei sentral oppgave for KrF. Betre kommunikasjonar opnar opp for ein større bu- og arbeidsmarknad. Dette vil bety mykje for folket i kommunen, for næringslivet og for ungdom som vurderer å flytte tilbake til Å aktivt støtte planane for realisering av Kjerringsundet. Å aktivt støtte planane for realisering av Møreaksen fjordkrysning av Romsdalsfjorden. For eit betre kollektivtilbod og fleire haldeplassar. For trafikktryggingstiltak både i Julsundet og på Gossen.
Aukra KrF vil jobbe for eit varmt, inkluderande og verdiforankra samfunn der alle har lik verdi, blir behandla rettferdig og opplever at ressursane blir forvalta til beste for dei som bur i kommunen Viktige saker: Sikre ei god og variert eldreomsorg Det skal vere godt å bli gamal i Aukra kommune. Gode oppvekstvilkår for barn og unge fokus på utvikling, godt miljø og kvalitet i barnehage og skole. Sikre god støtte til det frivillege arbeidet i lag og organisasjonar. Halde kontakten med ungdom som flyttar ut via nyhetsbrev. Arbeide for fastlandssamband. Arbeide for auka miljøfokus! Utvikle Nerbøvågen til å bli eit meir attraktivt industriområde. Videreutvikling av Julsundet med m.a. bygging av kapell. God informasjon til innbyggjarane få tilbake kommuneavisa! Satse meir offensivt i rekrutteringsarbeidet. Prioritere førebyggjande helsearbeid. Arrangere årlege dialogmøte med rus som tema. Moglegheit til å bygge bustader der infrastrukturen er på plass. Ja til eit varmare samfunn! Foto: Kjell-Stian Brunes