Midsund kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Kantina, Kommunehuset Dato: 04.02.2013 Tid: 12:00 Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Odd Helge Gangstad Medlem SP Bjørn Wang Medlem V Einar Øien Leiar FRP Oddny Lisbeth Midtbø Rød Medlem FRP Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Parti Robin Mikal Sørlie Nestleiar H Varamedlemmar som møtte: Namn Vara for: Parti Inger Kristin Løken Robin Mikal Sørlie H Ivar Blø ei sak Per Håvard Klauset ei sak Frå administrasjonen møtte: Namn Ketil Ugelvik Inge Rakvåg Anne Oterhals Ann Torill Vaksvik Stilling rådmann teknisk sjef økonomisjef sekretær Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Einar Øien Oddny Lisbeth Midtbø Rød Bjørn Wang Odd Helge Gangstad Inger Kristin Løken
SAKSLISTE Saksnr Innhald Arkivsaknr PS 13/1 Referatsaker PS 13/2 Tiltakstrategier for SMIL-midler 2013-2016 2012/557 PS 13/3 Vegnamn i Midsund sentrum 2012/250 PS 13/4 Felles politiråd for Aukra, Midsund og Sandøy kommune 2012/568 PS 13/5 Reglement for årsavslutning 2013/44 PS 13/6 Reglement for budsjettoppfølging og rapportering 2013/45 PS 13/7 Reglement for tap på fordringar 2013/46 PS 13/8 Endring av lånegaranti for stiftelsen Midsund Boligselskap 2010/354 Den 4. februar 2013 vart det halde møte i Midsund formannskap på kantina på Midsund kommunehus. Møtet vart leia av ordførar Einar Øien. Robin Sørlie (H) hadde meldt forfall, Inger Kristin Løken (H) møtte som varamedlem. 5 voterande. Utdelt i møtet: - Norsk Vann Vannforskriften - Liste over høyringer frå diverse departement og direktorat - Brev datert 25.01.2013 frå tillitsvalte og verneombud ved Mork Rehabiliteringssenter bekymringsmelding for den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Møre og Romsdal. - Brev datert 31.01.2013 frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap Høring og varsel om vedtak vedrørende omorganisering av 110-sentralene i politidistriktene Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, samt kommunene Os i Hedmark, Vanylven og Bindal. Det var ingen merknad til innkallinga. Saklista vart samrøystes godkjent. Sak 13/2 blir behandla først i møtet og sak 13/8 blir behandla som andre sak. Varaordførar Robin Sørlie (H) hadde meldt forfall til møtet, Odd Helge Gangstad (SP) vart samrøystes valt som settevaraordførar. Det var presentasjon av Linda Heimen som hadde sin første arbeidsdag som samfunnsplanleggjar i Midsund kommune 04.02.2013.
Orientering: Vågsmyran Eiendom AS Overtakelse av justeringsrett Adv. Runar Wiik frå Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz. Vågsmyran Eiendom AS Roe Reiten Rådmannen orienterte: - Tilsetjing i utlyste ledige stillinger - Søknad om støtte til prosjekt Polen/Norge - Budsjettprosessen evaluering av budsjettprosessen i kommunestyremøte 14.02.2013. - Arkitektkonkurransen Midsund sentrum Teknisk sjef orienterte: - Reguleringsplan tomtefelt og kapellområde i Nord-Heggdal - Senteret - Hofseth Biocare - Søknad om dispensasjon Tangen - Møreaksen - Regulering - Magerøya Ordføraren drøfting/orientering: - Gjennomføring av vedtekne investeringer for 2013 Rådmannen og teknisk sjef gjev tilbakemelding til formannskapet - Planstrategi - Pleie- og omsorgsplan - Sal av Lønn - Eventuelt sal av kommunale leiligheiter - Reinhald kommunale bygg - Antonbua - Forprosjektplan/oppstart Marine Innotech Centre AS PS 13/2 Tiltakstrategier for SMIL-midler 2013-2016 Formannskapet vedtek Strategiplanen 2013-2016, for Spesielle miljøtiltak i landbruket, SMIL, som framlagt. Dette i samsvar med; Forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket, FOR 2004-02-04, nr 448, samt; Forvaltning av forskrift om spesielle miljøtiltak i landbruket; Rundskriv 7/2005. Behandling i Formannskapet - 04.02.2013 Odd Helge Gangstad (SP) stilte spørsmål om sin habilitet då han er leiar i Midsund Bondelag. 4 voterande. Odd Helge Gangstad (SP) vart samrøystes kjent inhabil etter Fvl. 6 2. ledd. Per Håvard Klauset (SP) tok sete. 5 voterande.
Samrøystes vedtak i Formannskapet - 04.02.2013 Formannskapet vedtek Strategiplanen 2013-2016, for Spesielle miljøtiltak i landbruket, SMIL, som framlagt. Dette i samsvar med; Forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket, FOR 2004-02-04, nr 448, samt; Forvaltning av forskrift om spesielle miljøtiltak i landbruket; Rundskriv 7/2005. PS 13/8 Endring av lånegaranti for stiftelsen Midsund Boligselskap 1. Midsund kommunestyre gir ny selvskyldnergaranti for lån på kr 925 000,- som Stiftelsen Midsund Boligselskap tar opp til refinansiering av lånet i Midsund kommune. Garantien gjeld for lånet sin hovedstol maks kr 925 000,- med tillegg av eventuelle påløpte renter og omkostninger Garantiansvaret reduseres i takt med nedbetaling på lånet og opphører etter 20 år med tillegg av inntil 2 år, jf. garantiforskriften 3. 2. Midsund kommunestyret endrer sine garantier på lån nummer 20040651 og 20040652 med samla saldo per 31.12.2012 på kr 7 581 050,- til Stiftelsen Midsund Boligselskap frå simpel garanti til selvskyldnergaranti. Garantien gjeld for lånet sin hovedstol maks kr 7 581 050,- med tillegg av eventuelle påløpte renter og omkostninger Garantiansvaret reduserast i takt med nedbetalinga på lånet og opphører etter 20 år med tillegg av inntil 2 år, jf. garantiforskriften 3. 3. Fylkesmannen må godkjenne ny garanti og endring av garanti for at vedtaket skal vere gyldig. Behandling i Formannskapet - 04.02.2013 Einar Øien (FRP) stilte spørsmål ved sin habilitet då han er styreleiar i stiftelsen Midsund Boligselskap. Settevaraordførar Odd Helge Gangstad (SP) leiar møtet. 4 voterande. Einar Øien (FRP) vart samrøystes kjent inhabil etter Fvl. 6 1. ledd bokstav e). Ivar Blø (FRP) tok sete. 5 voterande. 1. Midsund kommunestyre gir ny selvskyldnergaranti for lån på kr 925 000,- som Stiftelsen Midsund Boligselskap tar opp til refinansiering av lånet i Midsund kommune. Garantien gjeld for lånet sin hovedstol maks kr 925 000,- med tillegg av eventuelle påløpte renter og omkostninger Garantiansvaret reduseres i takt med nedbetaling på lånet og opphører etter 20 år med tillegg av inntil 2 år, jf. garantiforskriften 3.
2. Midsund kommunestyret endrer sine garantier på lån nummer 20040651 og 20040652 med samla saldo per 31.12.2012 på kr 7 581 050,- til Stiftelsen Midsund Boligselskap frå simpel garanti til selvskyldnergaranti. Garantien gjeld for lånet sin hovedstol maks kr 7 581 050,- med tillegg av eventuelle påløpte renter og omkostninger Garantiansvaret reduserast i takt med nedbetalinga på lånet og opphører etter 20 år med tillegg av inntil 2 år, jf. garantiforskriften 3. 3. Fylkesmannen må godkjenne ny garanti og endring av garanti for at vedtaket skal vere gyldig. PS 13/1 Referatsaker Samrøystes vedtak i Formannskapet - 04.02.2013 Referatsakene blir tatt til vitande. Protokoll frå møte i formannskapet 26.11.2012 vart godkjent. PS 13/3 Vegnamn i Midsund sentrum Vegnamn for Midsund sentrum vert vedteken slik dei ligg føre, jf. vedlagt liste datert 14.1.2013 samt kart med vegparsellar datert 16.10.2012 Behandling i Formannskapet - 04.02.2013 Formannskapet behandla rådmannen sitt forslag til vedtak punktvis: 1. Bjørn Wang (V) fremma følgjande forslag til endring: Indre Otrøyvegen endrast til Innsidevegen Det vart votert alternativt mellom rådmannen si tilråding og forslag fremma av Bjørn Wang (V). Rådmannen si tilråding vart vedteke med 3 mot 2 røyster. 2. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 3. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 4. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 5. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 6. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 7. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 8. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 9. 10. Odd Helge Gangstad (SP) fremma følgjande forslag til endring:
Ytre Otrøyvegen endrast til Utsidevegen Det vart votert alternativt mellom rådmannen si tilråding og forslag fremma av Odd Helge Gangstad (SP). Rådmannen si tilråding vart vedteke med 3 mot 2 røyster. 11. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 12. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 13. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 14. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 15. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 16. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 17. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 18. Einar Øien (FRP) fremma følgjande forslag til endring: Torvenesvegen endrast til Industrivegen Det vart votert alternativt mellom rådmannen si tilråding og forslag fremma av Einar Øien (FRP). Forslag fremma av Einar Øien vart vedteke med 4 mot 1 røyst. 19. 20. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 21. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke 22. 23. Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke Vegnamn for Midsund sentrum vert vedteken slik dei ligg føre, jf. vedlagt liste datert 14.1.2013 samt kart med vegparsellar datert 16.10.2012, med endringar gjort i møtet: 18. Idrettshallen Aker Midsund Industrivegen PS 13/4 Felles politiråd for Aukra, Midsund og Sandøy kommune Det vert etablert eit Politiråd, eit formalisert samarbeid mellom kommunane Aukra, Midsund og Sandøy og Sund lensmannskontor/driftseining Romsdal. Politirådets formål er å skape tryggleik og sikkerheit for alle innbyggjarane i kommunane. Behandling i Formannskapet - 04.02.2013 Bjørn Wang (V) fremma følgjande forslag til tillegg: vidare auke politiet sitt nærvær i lokalsamfunnet.
Votering: Rådmannen si tilråding med tillegg fremma i møtet, samrøystes vedteke. Det vert etablert eit Politiråd, eit formalisert samarbeid mellom kommunane Aukra, Midsund og Sandøy og Sund lensmannskontor/driftseining Romsdal. Politirådets formål er å skape tryggleik og sikkerheit for alle innbyggjarane i kommunane, vidare auke politiet sitt nærvær i lokalsamfunnet. PS 13/5 Reglement for årsavslutning 1. Midsund kommunestyre godkjenner framlegg til reglement for årsavslutning 2. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre strykningar dersom driftsrekneskapen blir gjort opp med underskot 3. Rådmannen får fullmakt til å redusere budsjettert overføring til investeringsrekneskapen dersom investeringsrekneskapen ikkje treng det 4. Rådmannen får fullmakt til å redusere netto meirutgift i investering med å gjennomføre strykningar 5. Reglementet erstattar tidlegare reglar om årsavslutning 1. Midsund kommunestyre godkjenner framlegg til reglement for årsavslutning 2. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre strykningar dersom driftsrekneskapen blir gjort opp med underskot 3. Rådmannen får fullmakt til å redusere budsjettert overføring til investeringsrekneskapen dersom investeringsrekneskapen ikkje treng det 4. Rådmannen får fullmakt til å redusere netto meirutgift i investering med å gjennomføre strykningar 5. Reglementet erstattar tidlegare reglar om årsavslutning PS 13/6 Reglement for budsjettoppfølging og rapportering 1. Midsund kommunestyre godkjenner framlegg til reglement for budsjettoppfølging og rapportering 2. Reglementet erstattar tidlegare reglar om budsjettoppfølging og rapportering 1. Midsund kommunestyre godkjenner framlegg til reglement for budsjettoppfølging og rapportering 2. Reglementet erstattar tidlegare reglar om budsjettoppfølging og rapportering
PS 13/7 Reglement for tap på fordringar 1. Midsund kommunestyre godkjenner framlegg til reglement for tap på fordringar. 2. Reglementet erstattar tidlegare reglar for tap på fordring 3. Rådmannen får fullmakt til å ettergje krav som blir sett på som uerholdelig 1. Midsund kommunestyre godkjenner framlegg til reglement for tap på fordringar. 2. Reglementet erstattar tidlegare reglar for tap på fordring 3. Rådmannen får fullmakt til å ettergje krav som blir sett på som uerholdelig Møtet heva kl. 17.50.