Årsmøte Aurland Jakt og Fiskelag 2017 Sakliste: 1.Konstituering av møtet. - Godkjenning av innkalling - Godkjenning av sakliste. - Val av ordstyrar. - Val av skrivar. - Val av 2 medlemer til å skrive under protokollen. 2. Årsmeldingar. - Hovedlag - Båtutval - Elveutval - Jaktutval 3. Revidert reknskap for 2017. 4. Innkomne saker. 5. Styrets forslag til budsjett for 2018. 6. Foreningens kontigentandel. 7. Val av styre. 8. Val av medlemmer til utval. 9. Val av valkomite.
ÅRSMELDINGAR 2017 Frå styret og utval
Årsmelding 2017, Aurland Jakt og Fiskelag. Aurland Jakt og Fiskelag har som mål å lette tilgangen til jakt, fangst og fiske lokalt. Me er og ein naturlig høyringsinnstans i kommunale og fylkeskommunale planar ol. Som vedkjem jakt og friluftsinteresser. Det er Aurland Jakt og Fiskelag som står for utdanning av nye jegerar i Aurland. AJF har som mål og motivera unge og eldre lokalt til jakt, fiske og fangst gjennom dei aktivitetane som AJF driver. Gjennom NJFF sentralt : Vere med å påvirka vilkåra for jakt, fangst og fiske i Norge.
Styret. Desse har sete i styret i 2017: Martin Nesbø Leiar Rune Aasen Kasserar/Nestleiar (På val) Kai Andre Ohnstad Skrivar Jan Inge Magnussen Leiar i Småbåtutvalet (PÅ val) Arne Veum Leiar i Elveutvalet Kjell Hov Leiar i Jakt og Fiskeutvalet Christian Kjærvik Ungdomsansvarlig
Møter. Det har vore avholdt 5 styremøter i 2017. Tal medlemar. 140 har betalt 01.10.2017. Ein oppgang på 41 frå 2016. Dugnad. Det har også i år vore gjort dugnad, då hovedsaklig i Aurlandselva, jegerskytingar, og rundt prossesen med vedlikehald og oppgraderinga av båthamna. Tilstellingar, kurs og tilbod : - Jaktskyting - Utleige av hjortejakt - Utleige av elv - Drift av småbåthavn - Fiske sommar
Saker og oppgradering som er i gang. Det vert ikkje arrangert jegerkurs i 2018, dette har styret bestemt. Det skal fokuserast på å rekrutere minst 2 stk jegerinstruktørar. Oppgradering av båthavna, budsjett: Leige inn firma til å sjå over heile hamna for å prissette dette prosjektet. - Forankring av brygger. - Nye landgangar på alle tre brygger. - Oppgradere og komplettere ferdig det eletriske anlegget. Lage til ein avtale om regelmessig vask av lagshus. Kjøpe inn ny bord og stolar til lagshus. Gjennomføre ein dugnad med rydding av lagshus og skøyting av kabel før årsmøtet.
Samarbeidspartnerar / sponsorar. Me har i 2016 fornya avtalen med Aurland Energiverk for tre nye år, og dette er me veldig glad for, og denne er fortsatt gjeldande til 2019! Denne avtalen gir oss kr. 10 000,- i årlig støtte. Årlig støtte etter søknad. Aurland Sparebank Aurland Kommune AJF har eiga nettside, www.njff.no/aurland AJF er på Facebook, 183 følgere, 16.01.18 AJF har epost adr. : aurlandjaktogfiskelag@gmail.com Aurland 16.01.17 For styret i AJF: Martin Nesbø, leiar
Årsmelding for elveutvalet 2017 Førehandssalet av fiskedøgn var også bra i 2017. Om lag halvparten av fiskedøgna vart selde på denne måten, og som vanleg vart ledige døgn selde frå turistinformasjonen i Aurland. Første del av sesongen, 1. 10 juli, er ut til å vere mindre populær. Få kort selde i dette tidsrommet. I hovudsesongen, 10. juli til 20. august, er det jamt stor pågang for å få fiske. Unnataket er sone 7, som spesielt i juli er mindre attraktiv. Elles var kortsalet i september dårleg, men noko vart selt frå turistinformasjonen. Uansett så er nok inntekta frå det samla kortsalet i 2017 temmeleg bra. Fisket varer i utgangspunktet til 15. september, men me har valt å runde av den 10, mellom anna pågrunn av låg vassføring. Det syner seg at det ikkje er allverda interesse for å fiske i starten og i slutten (september) så spørsmålet er om dette er vits i å halde fram med
Sjølve fisket i elva gjekk ikkje så bra. I følgje innrapporteringa vart det teke knapt 100 kilo sjøaure. Om lag 15 kilo av dette er rapportert gjenutsett. Det er i hovudsak bleikjer som inngår i dette talet. Mest fangst, om lag ½ parten er rapportert i sone 3. Rapporteringa er brukbar, men det må kvart år purrast ein del for å få inn fangstmeldingar. Det er mest ikkje rapportert om fanga laks, kunn ein på tre kilo som vart sett ut att. Diverre var fisket i elva dårleg også i 2017. Dei aller fleste rapportane fortel om ingen fangst. Snittvekta på fanga fisk ligg rundt 2-2,5 kg. Elveutvalet har bestått av Arne Veum, Harald Skjerdal og Terje Forberg.
Me har gjennomført utlysing, behandling av søknader og tideling av fiskekort på vanleg måte, og har ikkje fått kjeft i ettertid. Framfor fiskesesongen 2017 var det utført litt mindre dugnad, i hovudsak i form av generell rydding skjering av noko skog, både vindfelt og anna. Det gjekk med nokre timar til dette. No verande leigeavtale for elva strekk seg ut dette året, og det må startast eit arbeid for å fornye denne. Aurland 21.01.16 Arne Veum Leiar i elveutvalet.
Årsmelding frå jakt og fiskeutvalet 2017. Jakt og fiskeutvalet i Aurland arrangerte også denne våren karusellskyting for jegrar saman med Stålring skyttarlag og Aurland skyttarlag. Det var godt frammøte desse kveldane. Det vart arrangert åtte kveldar med skyting - fire samlingar i Vassbygdi og fire på Loven. Deltakarane må fullføra minst fire skytingar for å vere med i trekninga av det frie reinsløyve. Dette vart tildelt av Aurland fjellstyre. Stein Engen vart den heldige vinnar av reinsløyve dette året. Samarbeidsavtalen som Aurland skyttarlag, Stålring og Aurland jakt og fiskelag utarbeidde i 2015 fungerar godt. Gjennomføring og fordeling av mannskapet ved avvikling av jaktkarusellen i vår gjekk etter opsett plan.
Det vart ikkje arrangert natursti i 2017. Det vart heller ikkje arrangert treningskveldar for damer på elgbana i Vassbygdi. Hjort og elgjakta i Nordheimsdalen vart som tidlegare år annonsert i Aurlendingen. Dette året var kvoten på hjort 9 dyr. Hjortestamma i Nordheimsdalen er nokolunde stabil. Jaktlaget observerte 2 elgar, men dei skaut ingen. Det vart overført 3 dyr frå jaktlaget nede ved sjøen. Totalt skaut jaktlaget oppe 6 dyr. Jaktlaget tok CWD prøve av alle hjortane som vart felte. Alle prøvane var negative også i år.
Jaktlaget i Nordheimsdalen bestod av 6 mann. Det er eit klart ynskje at ein bør få med fleire og gjerne yngre jegerar. Jakt og fiskelaget bør drøfte om det er noko ein kan gjere for å legge til rette for dette. Aurland jakt og fiskelag har leigeavtale om elg- og hjortejakt i Nordheimsdalen gjeldande perioden 2016 2019. Flåm 14/1-2018 Leiar i Jakt og fiskeutvalet, Kjell Hov
Årsmelding for småbåthavna 2017. -Det har ikkje vore halde noko styremøte i småbåtutvalet 2017 -Leier og dei som sit i utvale har fått info om det som har blitt utført -Dukker/froskemann har vert nede og sett på fortøyninger/må fornye det meste av dei. -Innkjøp av el strømsøyler er ok/er på lager i varmestove montering gjenstår. -Varmekabel +div arbeid er det leigd mannskap til utførelse -Ned steging av hav for vinter er ok. -Venteliste for båtplasser er opphengt på tavle/ny liste vert hengt opp snart 2018. -2018 er det 7 stk for liten, 8 stk for mellomstor, 7 stk for stor -Det har vert ca 16 slippinger.
Andre saker eller spørsmål?