Reglement for godtgjering til folkevalde Vedtatt i Telemark fylkesting, sist endra i sak 42/15 Godtgjeringssatsane er sist regulerte pr. 01.03.2019 1 Omfang Dette reglementet omfattar: - alle representantar i fylkesting og fylkesutval og politisk valde medlemmer i alle organ som er oppnemnde av fylkesting/fylkesutval/hovudutval eller som er oppretta med heimel i lov og avtaleverk - politisk valde medlemmer av styre eller andre organ ved private institusjonar der fylkeskommunen dekker driftsutgiftene og som elles oppfyller føresetnadene - medlemmer av ad hoc-utval som er oppnemnde av fylkesting/fylkesutval eller av hovudutval 2 Møtegodtgjering Møtegodtgjering omfattar alle verv under 1 med dei unntak som er nemnde i 5. Tilsettes representantar mottar same møtegodtgjering som dei politisk valde representantane. Dette gjeld ikkje dei frikjøpe fylkeshovudstillitsvalde, desse blir likestilte med folkevalde nemnde i 5. Møtegodtgjeringa er kr 958,- pr. møtedag. Det blir utbetalt møtegodtgjering for ordinære møte i organet, for felles synfaringar og for gruppemøte på annan dag enn møtedagen. Det kan ikkje påreknast møtegodtgjering for å delta på kurs og konferansar. Gruppemøte bør som hovudregel haldast same dagen som hovudutvals- eller underutvalsmøte. Representantar som møter i fleire organ same dagen, får bare møtegodtgjering som for eitt møte. Fylkestingsmedlemmer som ikkje har fast årleg godtgjering, får godtgjering for førebuing til fylkestingsmøte med kr 958,- pr. møte.
3 Erstatning for tapt arbeidsforteneste, for utgiftar til avløysar, for barnepass m.m Maksimumssatsen er kr 4.004,- pr. dag. Kravet skal legitimerast slik: - lønnsmottakarar legg fram stadfesting frå arbeidsgivar - sjølvstendig næringsdrivande legg fram eigenerklæring Ved krav om endring må ny legitimasjon leggast fram. Sats for ulegitimert tap er kr 1.517,-. Denne satsen kan krevast av alle som ikkje krevar etter legitimert sats. Legitimerte utgifter til leie av tilsyn med barn under 12 år tilknytt ordinære møte i folkevalde organ og anna arbeid direkte knytta til rolla som folkevalt vert dekka med inntil kr 876,- pr. dag. Faste, private tilsynsutgifter vert ikkje dekka. I samband med reiser i fylkeskommunale ærend kan legitimerte utgifter til skyss og kost for barnepassar til diande barn dekkast. 4 Skyss- og kostgodtgjering Skyss- og kostgodtgjering blir utbetalt for alle verv som er nemnde i 1 i reglementet. Skyss- og kostgodtgjering blir utbetalt etter satsane i fylkeskommunens reiseregulativ. Når møte er lagde til hotell med felles bestilling, blir opphaldsutgiftene dekte over felles rekning. I slike høve blir det ikkje utbetalt kostgodtgjering. Administrativt tillegg blir utbetalt i samsvar med statens reiseregulativ. Retningslinjene som er utarbeidde for tilsette og politikarar i Telemark fylkeskommune skal følgjast. 5 Faste årlege godtgjeringar Fylkesordførar Fylkesordføraren får utbetalt ei fast godtgjering som svarar til fylkesrådmannens lønn. Godtgjeringa dekker alle oppdrag knytte til verv i fylkeskommunen og til verv der han/ho er vald av fylkeskommunen. Særskild godtgjering for styreverv i aksjeselskap, foretak o.l. som foretaka sjølve gir, tilfell likevel fylkesordførar utan avkorting i den faste årlege godtgjeringa.
Fylkesvaraordførar Fylkesvaraordføraren får utbetalt ei fast godtgjering som svarar til 85% av fylkesordførarens godtgjering. Godtgjeringa dekker alle oppdrag knytte til verv i fylkeskommunen og til verv der han/ho er vald av fylkeskommunen. Særskild godtgjering for styreverv i aksjeselskap, foretak o.l. som foretaka sjølve gir, tilfell likevel fylkesvaraordførar utan avkorting i den faste årlege godtgjeringa. Dersom fylkesvaraordføraren fungerer som fylkesordførar i meir enn ein månad samanhengande, får han/ho utbetalt godtgjering som fylkesordførar for den perioden han/ho fungerer. Tilsvarande gjeld for nestleiar i hovudutval som må fungere som hovudutvalsleiar i meir enn 1 månad samanhengande. Vedkommande får då godtgjering som hovudutvalsleiar i den perioden han/ho fungerer. Øvrige sentrale verv Desse folkevalde får årleg godtgjering i prosent av fylkesordførarens godtgjering: - medlemmer i fylkesutvalet - leiarar i hovudutvala - leiaren i kontrollutvalet etter følgjande satsar: - medlem i fylkesutvalet 20 % - medlem i både fylkesutvalet og i eitt hovudutval 30 % - medlem i fylkesutvalet som er leiar i hovudutval 60 % - leiar i hovudutval som ikkje er medlem i fylkesutvalet 45 % - leiar i kontrollutvalet 20 % Den faste årlege godtgjeringa gir erstatning for tapt arbeidsforteneste og møtegodtgjering for politisk møteverksemd/arbeid i fylkeskommunal teneste der eit samla fylkesting/fylkesutval/hovudutval møter. Følgjande unntak gjeld: - Fylkeskommunen yter erstatning for tapt arbeidsforteneste og gir møtegodtgjering for oppdrag eller verv som er gitt av fylkesting/fylkesutval/hovudutval og der det ikkje blir gitt anna økonomisk vederlag. (Dette gjeld likevel ikkje leiar av hovudutval.) - Fylkesordføraren kan også godkjenne at leiarar i hovudutval får dekka tapt arbeidsforteneste i særskilte høve. Godkjenninga skal leggast fram for fylkesutvalet/hovudutvalet og førast inn i møteprotokollen. Folkevalde med godtgjering rekna ut frå minst 1/3 del av fylkesordføraren si godtgjering skal meldast inn med den prosentvise delen av godtgjeringa.
Til dømes vil medlem i fylkesutvalet som er leiar i hovudutval ha godtgjering på 60% av fylkesordførar, bli innmeldt med 60% stilling i KLP. Dei som har 45% godtgjering, vert innmeldt i 45% stilling. Dei verv som har 20% godtgjering vil ikkje bli innmeldt i KLP. Dersom folkevalde omhandla i denne paragrafen får permisjon frå vervet for å utføre anna arbeid med lønn i meir enn 1 månad, har vedkommande ikkje rett til godtgjering frå fylkeskommunen i permisjonstida. Dersom nokon har forfall til meir enn 1/3 av møta i løpet av eit år, kan dette føre til avkorting i den årlege godtgjeringa. Ved sjukdom må sjukemelding leverast til fylkestingssekretæren. Folkevalde med godtgjering rekna ut frå minst 45% av fylkesordføraren si godtgjering er forventa å fungere som folkevalde på heil tid. 6 Partipott og fylkeskommunal støtte til fylketingsgruppene Partipotten utgjer kr 3.031.096,- pr. år (i hht vedtatt budsjett) 75% av partipotten skal fordelast på dei partia som ikkje har ordførar, varaordførar eller hovudutvalsleiar med unntak av leiar i kontrollutvalet. Dei øvrige partia mottar dei resterande 25% av partipotten. Fordeling mellom partia innanfor hovudrammene skjer forholdsmessig etter stemmetal. Partipotten skal dekke frikjøp av gruppeleiar. Fylkestingsgruppa kan eventuelt avgjere annan prioritering. Minste tilskott frå partipotten til partia som ikkje har leiarverv blir sett til kr 150 000,- sjølv om dette går ut over rammene. Når partipotten blir nytta til faste godtgjeringar er sosiale kostnader inkluderte i beløpet. Den fylkeskommunale støtta til fylkestingsgruppene skal følgje dei statlege satsane. Representantar som går ut av partigruppa får bare ein sum tilsvarande representanttilskottet frå den fylkeskommunale støtta til fylkestingsgruppene.
7 Årleg godtgjeringar for andre utvalsleiarar Leiar for - Yrkesopplæringsnemnda kr 18.237,- - Telemark fylkeskommunale eldreråd kr 18.237,- - Fylkeskommunalt råd for personer med nedsett funksjonsevne kr 18.237,- 8 Godtgjering for telefon og avishald Representantar som har verv som er nemnde under 5 i reglementet får dekt utgifter til telefonog avishald med kr 8.011,- pr. år. Breiband vert dekka med kr. 424,- per månad per fast fylkestingsmedlem dersom annan arbeidsgjevar ikkje dekker dette. Representantar som har verv som er nemnde under 7 i reglementet får kr 2.636- pr. år som fast telefongodtgjering. Innehavarar av fleire verv får maksimalt utbetalt kr 8.011,- pr. år i godtgjering for telefon- og avishald. Vararepresentantar til fylkesutvalet som i løpet av året har møtt på meir enn halvparten av møta, har krav på godtgjering til telefon på line med faste representantar. Fylkesordførar og fylkesvaraordførar skal ha ei ordning for godtgjering for telefon- og avishald som er lik ordninga for fylkesrådmannen. Leiarar i hovudutvala inkludert kontrollutvalet disponerer mobiltelefon. Fylkeskommunen dekker årleg abonnementsavgift i tillegg til kr 4.805,- pr. år til bruk for hovudutvalsleiarar. Fylkeskommunens ordinære avtalar skal brukast. Fylkesordføraren godkjenner abonnementstypen det skal gjevast refusjon for. Fylkesordføraren kan godkjenne godtgjering ved særskilde høve. Godtgjering for telefon- og avishald er trekk- og oppgåvepliktig. Dei reelle utgiftene må derfor legitimerast til likningsstyremaktene.
9 Dekking av faktiske utgiftar for ektefelle/sambuar ved ulike arrangement Når folkevalde får invitasjon til ulike arrangement saman med ektefelle/sambuar, dekker fylkeskommunen faktiske reiseutgifter og kost- og nattillegg på fram- og tilbakereisa etter vanlege reglar i reiseregulativet. I tillegg kan det utbetalast 50% av satsen for kostgodtgjering i vedkommande land. 10 Dispensasjon Fylkesutvalet har fullmakt til å dispensere frå desse reglane i særlege høve. 11 Etterlønn I valåret får dei som er nemnde under 5 i dette reglementet følgjande etterlønn: - 1. månad (november): full godtgjering - 2. og 3. månad (desember/januar): eventuelt mellomlegg mellom full godtgjering og sivil lønn, evt. full godtgjering dersom vedkommande ikkje har kome i arbeid 12 Regulering Dei faste godtgjeringssummane i dette reglementet blir regulerte ved årsskiftet i samsvar med den lønns- og prisstigninga som blir lagt inn i fylkeskommunens årsbudsjett med første regulering 01.01.05.