Ordensreglement for Bø skule

Like dokumenter
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

ORDENS- REGLEMENT BØ SKULE

Handlingsplan mot mobbing

Ordensreglement for Høyland skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Ordensreglement for Nærbø ungdomsskule. Hå kommune

Ordensreglement for. Nærbø ungdomsskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Hefte for foreldrekontaktar

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULANE I FØRDE OG SFO I FØRDE

Forskrift om ordensreglar for skulane i Voss herad. Vedteken

Forskrift om reglement for orden og åtferd ved skulane i Herøy kommune

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

FELLES ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I NORDDAL

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT. Forskrift om ordensreglement

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

ORDENSREGLEMENT FOR OGNA SKULE

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Forskrift om ordensreglar for skulane i. Voss kommune

ORDENSREGLEMENT FOR OGNA SKULE

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune

Forskrift om reglement for orden og åtferd (ordensreglement) ved skulane i Time Kommune

1. AVDEKKING AV MOBBING

FORSKRIFT OM REGLEMENT FOR ORDEN OG ÅTFERD VED HARØY SKULE

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune (Revidert etter høyring i brukargruppene)

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

ORDENSREGLEMENT FOR ORRE SKULE

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

FORSKRIFT OM ORDEN OG ÅTFERD I GRUNNSKOLEN. Aukra kommune

Plan mot mobbing og mistrivsel

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

LÆRING FOR LIVET Ordensreglane i Bergen kommune, Salhus skule:

1-1 Hjemmel Gjerdrum kommunes forskrift til ordensreglement er gitt med hjemmel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen (opplæringslova).

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune. Innhald

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

NOTAT. Forslag til felles forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam. Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam herad

Innhald. Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune.

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKOLEN I ASKER KOMMUNE

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

LOKAL FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I SEL OG SEL VAKSENOPPLÆRING. VEDTEKE..

ORDENSREGLEMENT. Ordensreglement for Tryggheim Strand

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Forord

Ordensreglement for skulane i Klepp kommune

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Øystre Slidre kommune

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Reglar for orden og oppførsel. Gol skule

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

Forskrift om ordensreglement for skulane i Austevoll

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

TOKKE SKULE - Orden - og samspelsreglar på Tokke skule

Forskrift om reglement for orden og åtferd (ordensreglement) kommunale grunnskulane i Vestnes

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR VED FYLKESKOMMUNALE VIDAREGÅANDE SKOLAR I MØRE OG ROMSDAL

Forskrift om ordensreglement for elever i grunnskolen i Åmot kommune

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Ordensreglement for Torvastad skole og kultursenter

Forskrift om reglement for orden og åtferd

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Transkript:

Ordensreglement for Bø skule Hå kommune

Innhald 1.0 Innleiing og føremål... 2 1.1 Heimel... 2 1.2 Virkeområde... 2 2.0 Reglar og sanksjonar... 3 2.1 Reglar om orden og åtferd... 3 2.2 Tiltak ved brot på ordensreglementet... 4 2.2.1 Moglege sanksjonar... 4 2.2.2 Konkretisering av orden- og åtferdsreglane og moglege sanksjonar... 4 2.3 Internett og bruk av datamaskinar... 5 2.3.1 Nettvettreglar (henta frå nettvett.no)... 5 2.4 Hærverk og erstatning... 5 2.5 Lovbrot og saker som vert melde til politiet, undersøkingar... 6 2.6 Nødverje... 6 3.0 Sakshandsaming ved sanksjonar... 6 4.0 Iverksetjing... 6 5.0 Handlingsplan mot mobbing for skulane på Nærbø... 7 1

1.0 Innleiing og føremål Ordensreglementet skal leggje grunnlag for mest mogleg lik behandling av alle elevane på området som er viktige for dei og for skulesamfunnet sett under eitt. Reglementet skal hjelpe til å gjere det klart kva for plikter og rettar elevane har, og skal gjere det lettare for elevane å ta ansvar for seg sjølve. Elevane skal også kunne kjenne seg trygge på at det ikkje vert gjort negative vedtak mot dei på anna grunnlag enn det som ordensreglane heimlar. Ordensreglane skal fremme samarbeid, tryggleik, trivsel, respekt og medansvar for alle på skulen. 1.1 Heimel Hovudutval for undervisning har gitt følgjande forskrift om ordensreglement for skulane i Hå kommune: 1. Skulane i Hå skal ha ordensreglement som ivaretek hensynet til rettar og plikter for elevane i skulen (Opplæringslova 2-9) 2. Alle rådsorgana på skulen skal delta i utforminga av ordensreglane. Særleg viktig er det at elevane og føresette opplever at dei vert tekne med i arbeidet. 3. I ordensreglementet skal skulane ha med avsnitt om: Tryggleik for elevane (Opplæringslova 9-3, forskrift kap. 12) Rett til vurdering (Opplæringslova 2-3, forskrift kap. 3) Utstyr og arbeidstilhøve for elevane (Opplæringslova 2-9, 2-10, 15-2) 4. Ordensreglane skal skrivast i eit språk som er lett å forstå for elevane. 5. Framlegg til ordensreglement skal godkjennast av hovudutval for undervisning. 1.2 Virkeområde Skulen har ansvar for elevane i undervisning, under arrangement, på ekskursjonar og liknande der elevane er under skulen si leiing. Dette inneber at ordensreglementet gjeld i alle typar undervisningslokale, fellesrom og uteområde, på skulevegen og når elevane har undervisning andre stader enn på skulen sitt område. 2

2.0 Reglar og sanksjonar Skulen er ein læringsarena og arbeidsplass for ungar og vaksne. Alle har eit ansvar for korleis skulemiljøet er, og korleis det vert utvikla. Elevane skal kunne forvente at skulen gjev hjelp, støtte og rettleiing. Alle skal møtast med tilltig og respekt. Elevane skal ha jamleg tilbakemelding på eiga læring og utvikling, vurdering utan karakter. Dei skal vere aktivt med i opplæringa. Elevane skal følgje vanlege reglar i samfunnet og vise god folkeskikk. Som elev har ein derfor både rettar og plikter ein skal følgje. 2.1 Reglar om orden og åtferd Eg er gild med alle, viser omsorg og respekt. Eg arbeider godt i timane. Eg held arbeidsro. Eg møter presis. Eg ryddar etter meg. Eg let andre elevar sine eigedelar vere i fred. Eg tek vare på det som høyrer skulen til, både ute og inne. Banning, slossing og mobbing held eg meg borte frå. Eg har ikkje med ting på skulen som kan vere til skade for meg sjølv eller andre. Røyk og rusmiddel er forbode. Snop ligg att heime. Eg respekterer reglane skulen har for bruk av data/internett. Mobilen ligg att heime. Eg rettar meg etter trafikkreglane. 3

2.2 Tiltak ved brot på ordensreglementet Alle sanksjonar ska lvere slik at elevane skal forstå kva reglar som er brotne og kvifor skulen må reagere på dette. Sanksjonane skal stå i rimeleg forhold til kva brot som er gjort på ordensreglane. Tiltak bør kome så nært regelbrot i tid som mogleg. Brot på reglar som følgjer av lov eller reglement kan sanksjonerast etter reglane i dette kapittelet, dersom ikkje anna er særskilt nemnt. Fysisk refsing og anna krenkande handling skal ikkje nyttast. Med fysisk refsing meiner ein ikkje arbeid i samband med rydding, vask, reperasjonar og liknande etter seg sjølv eller andre. Eleven/elevane som har brote reglane skal få uttale seg i saka. Ein skal ikkje straffe kollektiv, men la sanksjonen vere ein naturleg konsekvens i høve til kva som er gjort. 2.2.1 Moglege sanksjonar Munnleg/skriftleg åtvaring frå personalet. Munnleg/skriftleg åtvaring frå rektor. Kontakt med heimen og involvering av føresette. Attsitjing (ta att tid) eller innesitjing i friminutt/midt-time Beslag av ulovlege gjenstandar. Føresette må hente dei. Pålegg om oppgåver for å rette opp skade elevane har gjort, t.d. plukke søppel, vaske gulv, fjerne tagging og liknande. Erstatningsansvar inntil kr. 5000,- Bortvisning frå gruppa for resten av timen eller dagen. Rektor avgjer. Midlertidig byte av gruppe/trinn. Utestenging for bruk av data/internett. Straffbare høve vert meldt til politiet. 2.2.2 Konkretisering av orden- og åtferdsreglane og moglege sanksjonar 1. Alle snakkar fint og høfleg til og om kvarandre tiltale, beskjed heim 2. Alle har ytterklede av i klasserommet, og heng dei på gangen 3. Alle held orden på skulen må bruke av eiga tid til å rydde, evt erstatte øydelagde saker. 4. Alle har respekt for tida dersom ein kjem for seint, vasar vekk tid, tek ein dette att i eit friminutt eller etter skuletid. 5. Alle får arbeidsro dersom ein uroar i timar, må ein bytte arbeidsplass. 4

2.3 Internett og bruk av datamaskinar IKT i opplæringa er vektlagt som ein grunnleggjande ferdigheit gjennom bruk av digitale verktøy. I læreplanen er det kunnskapsmål for bruk av digitale verktøy i alle fag. Så og seie alle datamaskinane på skulen er knyta til internett. Det er derfor viktig at lærarar, elevar og føresette har tilstrekkelege kunnskapar om korleis ein kan beskytte seg mot ulike truslar og farer ved bruk av internett. Bruk av internett i opplæringa er utbredt, ikkje bare som eit verktøy for å innhente informasjon, men også direkte i undervisningssituasjonar gjennom utstrakt bruk av it s:learning og andre pedagogiske program. Skulen har nettvettreglar og reglar for bruk av skulen sitt datautstyr. Elevar som bryt nettvettreglane og / eller reglane for bruk av datautstyr, kan utestengast for bruk av skulen sitt datautstyr for ein periode. Bruk av datamaskin er bare tillate etter avtale og i nærvær av lærar. Elevane skal ikkje kople frå kvarandre tastatur, mus eller andre delar. Heller ikkje endre på ulike oppsett på datamaskinen. Mat og drikke skal ikkje vere ved datamaskinen. Elevane skal kjenne til nettvettreglane 2.3.1 Nettvettreglar (henta frå nettvett.no) 1. Ver mot andre på nettet som du vil at andre skal vere mot deg. 2. Ver forsiktig med å gje ut opplysningar om deg sjølv. 3. Skal du møte nokon du har chatta med på nett? Ta med deg ein vaksen eller ein ven. 4. Tenk deg om før du lastar ned gratis filer og innhald. Det kan liggje virus og spionprogram saman med filene du lastar ned. 5. Snakk med ein vaksen viss du opplever noko ubehageleg på nett. 6. Gje ALDRI ut passorda dine til nokon. 7. Spør om lov før du skriv om nokon eller legg ut bilete av andre. 8. Sjekk alltid kven som har laga informasjonen du finner - hugs at alle kan legge ut noko på nett. 9. Ver smart og trygg på nett! 2.4 Hærverk og erstatning Elevar som gjer hærverk kan påleggast å rydde opp etter seg / utbetre skadar når det er arbeid eleven har føresetnad for å klare. Ved hærverk vil eleven og / eller føresette kunne verte gjort erstatningsansvarlege. Det same gjeld ved tap eller øydelegging av skulebøker og utstyr. Eleven kan verte erstatningsansvarleg etter erstatningsrettslege reglar. Føresette kan verte erstatningsansvarlege for skade som er påført forsetteleg eller uaktsamt av deira barn med inntil kr 5 000,- for kvar enkelt skade, jf. skadeerstatningslova 1-2. 5

2.5 Lovbrot og saker som vert melde til politiet, undersøkingar Dersom det føreligg mistanke om straffbare forhold, kan rektor be politiet om hjelp. Føresette til elevane skal, dersom det er mogleg, varslast munnleg samstundes med at det vert teke kontakt med politiet. Føresette skal varslast skriftleg om at det er teke kontakt med politiet. Skade på skulen sin eigedom vil kunne verte meldt til politiet. Straffbare forhold mot person vert som hovudregel meldt av den som er utsett for forholdet, den som er fornærma. Ved grunn til mistanke om brot av reglar knyta til ulovlege / farlege gjenstandar, eller rusmidlar og tobakk, kan skulen si leiing gjennomføre undersøkingar i skuffer / skap som elevane disponerer. Skulen kan også be føresette om løyve til å gjennomføre kontroll av lommer i klede og ranslar. Om mogleg skal føresette kunne vere til stades ved eventuell kontroll. 2.6 Nødverje Skulen sitt personale har ei særleg plikt for omsorg for elevane på skulen. Personalet vil derfor ikkje bare ha rett, men også plikt til å gripe inn for å hindre at elevar skadar eller plagar andre elevar eller skadar seg sjølv eller skulen sin eigedom. Straffeloven 47 og 48 om naudrett og naudverje gjev ei opning for at skulen sitt personale kan nytte fysisk makt til å stoppe elevar som sloss, hindre at eleven skadar seg sjølv eller andre, eller skulen sin eigedom, og til å verje seg mot elevar som opptrer truande eller valdeleg. Når eit slikt tiltak vert sett i verk, skal ein straks melde frå til rektor og til føresette. 3.0 Sakshandsaming ved sanksjonar Avgjerder om følgjande sanksjonar skal alltid nedfellast i for av enkeltvedtak: Bortvisning frå gruppa for resten av timen eller dagen, midlertidig byte av gruppe/trinn, og tiltak som omhandlar det psykososiale miljøet (saker som kjem inn under mobbeplanen). 4.0 Iverksetjing Dette ordensreglementet trer i kraft etter vedtak i FAU, 08.11.2011. 6

5.0 Handlingsplan mot mobbing for skulane på Nærbø Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø fritt for mobbing på skulen. Kva er mobbing? I elevundersøkinga er mobbing definert som følgjande: «Negativ eller «vondsinna» åtferd gong på gong frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskeleg for å forsvare seg. Erting gong på gong på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing.» Ordet mobbing har gjennom media og bruk i kvardagen ofte vorte eit samleord på saker som er ugreie mellom barn eller vaksne. For oss er vondsinna og ulikt styrkeforhold to viktige stikkord når vi arbeider i forhold til mobbing. Aktiv mobbing: fysiske angrep, spark, slag, kast, øydelegging av klede m.m. Verbale og ikkje verbale angrep, truslar, hån, kalling, hånlått m.m. Passiv mobbing: å oversjå nokon eller stengje ute nokon frå kamerat/veninneflokken. Ved å bruke mobil og internett. Ansvar for å førebyggje og stoppe mobbing I arbeidet mot mobbing vert følgjande punkter vektlagt: Å byggje opp eit godt læringsmiljø på heile skulen Å følgje nøye med på det som skjer på skulen for å avdekke mobbing Å løyse mobbesaker raskt Å ha kontinuitet i arbeidet mot mobbing og prioritere det høgt Det er viktig at heile skulemiljøet er involvert, og at tilsette, elevar og føresette er engasjert. Alle skal møtast med respekt, ein skal vise omsorg for elevane og stille krav ut frå normer for åtferd på skulen. 7

Mobbing som går føre seg i og ved skulen vert avdekka Avdekking av mobbing Mesteparten av mobbinga går føre seg utan at vaksne er til stades. Det kan vere vanskeleg å oppdage, og svært mange av elevane som vert mobba, seier ikkje ifrå om det som skjer. Derfor er det viktig at alle er aktive på mange måtar for å avdekke mobbing. To spørjeundersøking kvart skuleår i forhold til mobbing. Om våren vert data frå Elevundersøkinga nytta. Tilsyn i friminutt der vaktene bærer vest som gjer dei synlege på uteområdet. Tydelege og klare forventningar i forhold til åtferd slik at elevane veit korleis ein reagerer på problemåtferd. Mobbing er tema på utviklingssamtalar med elevar og føresette Mobbing er tema på faste elevsamtalar Mobbing er tema på foreldremøte Melding frå elevar og føresette vert alltid teke på alvor. Ved mistanke om mobbing vert observasjon intensivert. Undersøking og innhenting av informasjon. Digital mobbing Mobbing på internett og mobiltelefon er annleis enn ansikt til ansikt. Mobbinga kan skje til alle døgnets tider, og den er vankeleg å verne seg mot. Mobbinga kan få større omfang ved at den kan verte spreidd overalt i den digitale verda. Mange elevar som er utsette for tradisjonell mobbing på skulen er også utsette for digital mobbing. Skulen har reglar for bruk av mobiltelefon og internett Målbevisst arbeid for å lære elevane god nettbruk. Elevane vert følgt med i bruken av digitale medium. Samarbeid med føresette, politi og andre for å avdekke og løyse digitale mobbesaker. 8

Skulen tek ansvar og initiativ for å stoppe mobbing. Dette vert gjort på måtar som i neste omgang førebyggjer mobbing ved skulen. Korleis løyser me mobbesaker? Det er viktig at både rektor og tilsette møter alle involverte med respekt. Dei som vert mobba, skal oppleve tilsette som tek vare på dei. Den som mobbar, skal møte tilsette som klart tek avstand frå det som er gjort, men som viser eleven respekt og har forventningar om endra åtferd. Tiltak: 1. Undersøkingar og observasjon for å skaffe informasjon 2. Samtalar med den som er mobba, for å skaffe informasjon og gje støtte. Viktig å hugse at den som er mobba, ofte underdriv. 3. Samtale med føresette til den som er mobba. 4. Samtale med den som mobbar. Dersom det er fleire som mobbar, skal ein snakke med ein og ein om gongen. Føremålet er å gje beskjed om at mobbinga er uakseptabel og må stoppast straks. Gjere avtalar om kva som skal skje for å få slutt på mobbinga, og setje opp ein ny samtale. 5. Samtale med føresette til den/dei som mobbar. 6. Enkeltvedtak, jf. Opplæringslova 9a-3. Rektor avgjer om det skal gjerast enkeltvedtak når mobbing er oppdaga. Føresette kan også be om at skulen gjer noko, då må rektor gjere eit enkeltvedtak. 7. Sanksjonar og dokumentasjon. Følg opp den som er mobba og mobbaren kvar dag i ein gitt periode. 8. Oppfølging. Mobbestiuasjonen skal følgjast til det er heilt slutt. Etter ei tid skal det vere samtale mellom den som vart mobba og mobbaren. Det skal også vurderast om ein skal arbeide strategisk i forhold til klasse/gruppe/trinn. Arbeid i etterkant: Problemløysing på individnivå og etterarbeid etter ei mobbesak kan avdekke svake punkt i systemet som bør verte endra for å verke førebyggjande. Det er derfor viktig at kvar mobbesak vert avslutta med ei evaluering der leiinga saman med aktuelle partar drøftar kva ein på skulen kan lære av denne saka med tanke på å førebyggje mobbing. 9

Alle elevar skal oppleve eit godt arbeidsmiljø Førbyggjande arbeid Gode relasjonar lærar elev, lærar klasse/trinn Lærar er ein tydeleg vaksen som eleven kan ha tillit til. Lærar har tydeleg leiing på ein slik måte at klassen/trinnet vert opplevd som ein trygg stad for alle elevane. Gode relasjonar elev elev Elevane i klassen/trinnet tek vare på kvarandre og er opptekne av at alle har det trygt. Gode relasjonar lærar føresette Relasjonen mellom lærar og den einskilde elev sin føresette er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje. Skulen har eit ope og aktivt samarbeid med dei føresette som gruppe. Mobbing er tema på utviklingssamtalar og foreldremøte. Skulestart Skulestarten skal vere planmessig, trygg og gje alle elevar ei positiv oppleving. Lærar møter klassen/trinnet på ein måte som signaliserer trygg leiing og ivaretaking som basis for gjensidig tillit. Samarbeid mellom barnehagar, barneskular og ungdomsskule for å sikre gode overgangar. Samtale om skulen sine ordensreglar, handlingsplan mot mobbing, og lage eigne klassereglar. Sikring av arenaer som skulegard, toalett, garderobar, SFO og skuleveg. Skulen har prosedyrar og sjekkpunkt som gjer at skulegard, toalett, garderobar, SFO og skuleveg vert opplevd som trygge stader. Samarbeid i og med ulike instansar Elevrådet, samarbeidsutvalet (SU) og skulemiljøutvalet (SMU), foreldrearbeidsutvalet (FAU) og sosialpedagogisk team. Fellesarrangement Gjennomføring av ulike fellesarrangement med fokus på å ha eit godt fellessakap, på trinn/aldersblanda trinn/skulen. ART Hå kommune nyttar ART i arbeidet med å førebyggje mobbing. 10

Skulen sitt arbeid med å førebyggje, avdekke og stoppe mobbing går føre seg kontinuerleg Kontinuitet Arbeidet mot mobbing er viktig og må vere ein sjølvsagt del av det daglege arbeidet. På skulen skal det vere eit systematisk, breitt basert arbeid for eit godt psykososialt miljø. Det er også lovpålagt etter opplæringslova 9a. Ansvarskjede Prinsippet er at problem vert løyst på så lågt nivå som mogleg, men rektor skal alltid informerast ved mistanke om mobbing. 1. Kontaktlærar, 2. Lagleiar, 3. Rektor. Vaksne som mobbar Mobbing skjer overalt i samfunnet, også mellom vaksne og elevar. Dersom ein oppdagar at ein tilsett med ord eller handlingar trakasserer eller mobbar elevar, er dette svært alvorleg. Rektor har personalansvaret for dei tilsette og er ansvarleg for å følgje opp alle klager. Rektor må behandle alle klagesaker om trakassering frå dei vaksne som ei personalsak, og syte for at dette stansar straks. Faste tiltak i årshjul August Sept/okt Oktober November Desember Haust Februar Febr-april April Mai Juni Vår : Gjennomgang av handlingsplan mot mobbing for elevar og tilsette : Foreldremøte på alle trinna, syne til handlingsplanen mot mobbing. Val av representantar i råd og utval. : Varsling om eventuell enkeltvedtak ( 9a) i elevråd, FAU og SU. : Mobbeundersøking med evaluering og oppfølging. : Varsling om eventuell enkeltvedtak ( 9a) i elevråd, FAU og SU. : Jamlege møter i elevråd, FAU, SU og SMU. : Varsling om eventuell enkeltvedtak ( 9a) i elevråd, FAU og SU. : Gjennomføring av elevundersøkinga : Varsling om eventuell enkeltvedtak ( 9a) i elevråd, FAU og SU. : Evaluering av elevundersøkinga i alle råd og utval. Gjennomgang og eventuell revisjon av handlingsplan mot mobbing. : Varsling om eventuell enkeltvedtak ( 9a) i elevråd, FAU og SU. : Jamlege møter i elevråd, FAU, SU og SMU. 11