Møteprotokoll Utvalg: Nasjonalparkstyret for Reinheimen Møtested: Skjåk Almenning, Bismo i Skjåk Dato: 12.09.2014 Tidspunkt: 11:00 15:00 Følgende faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Per Magnus Berdal LEDER Rolv Kristen Øygard NESTL Iselin Jonassen MEDL Steinar Tronhus MEDL Bjarne Eiolf Holø MEDL Frøydis Austigard MEDL Følgende medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Rannveig Brennhaug MEDL Mariann Isumhaugen MEDL Tove Merete Røvik Istad MEDL Følgende varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Torbjørn Rødstøl Tove Merete Røvik Istad Merknader Vara for Rannveig Brennhaug, Stig Aaboen, møtte ikkje. Vara for Mariann Isumhaugen, Lars Elsrud, meldte forfall. Presentasjon/diskusjon av prosjektet CultEs under leiing av Universitetet i Tromsø, om besøksforvaltning og balansegangen mellom bruk og vern i praksis, v/ phd-stud. Sigrid Engen, vart avlyst stutt tid før møtet. Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Kristine Sørlie Nasjonalparkforvaltar Per Olav Haugen SNO Underskrift: Vi bekrefter med underskriftene våre at det som er ført på de sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som ble vedtatt på møtet. Per Magnus Berdal Bjarne E. Holø Torbjørn Rødstøl Sign. Sign. Sign.
Saksliste Utvalgssaksnr ST 25/14 Innhold Lukket Arkivsaksnr Godkjenning av innkalling - Val av to representantar til å skrive under protokoll saman med styreleiar Referatsak Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel 2014 - Lågtflyging og landing for å frakte ei seng til Stabbeskardet, Trolltindene - Wonderland AS v/tom Erik Heimen Nasjonalparkstyret for Reinheimen - Retningslinjer ved behandling av søknader om lavtflyving i verneområder i forbindelse med geofysisk kartlegging i regi av Norges geologiske undersøkelse Møteprotokoll AU-møte nr.17, 27.08.14, sak 50/14 Møteprotokoll møte 16, AU-Reinheimen, sak 49/14 Møteprotokoll møte 15, AU-Reinheimen, sak 47/14 og 48/14 Finndalen LVO - Strakstiltak på seterfjos på Breidstulen, i samband med ombygging og restaurering - Odd Joar og Gudrund Ramstad Søknad - Romsdalen landskapsvernområde - Tilskudd - Finansiering av minnesmerke på Kabben Søknad - Romsdalen landskapsvernområde - Oppføring av gapahuk og utedo ved minnesmerket på Kabben 2003/4333 2014/5680 2014/5227 2014/220 2014/220 2014/220 2014/5300 2014/5350 2014/5351 Villreinen sin bruk av området 2014/5128 VS: Angående byggesak ved Skarfjellenden - gnr 202 bnr 3 Tilsyn med bygninger og anlegg - Reinheimen nasjonalpark - Påbegynt bygg ved hytta Reinsminne DS 1/14 Ottadalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Motorferdsel - 2014 - Kjøring med traktor fra Liasetra til Rundhaugan - Reparering Vikateppingi - Steinar Garmo DS 2/14 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2014 - Bruk av båt med motor på Torsvatnet - Ola Løkken 2013/5870 2014/4644 2014/4776 2014/4771
DS 3/14 Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel - 2014 - Bruk av båt med motor på Leirungsvannet - Rune Skjåk DS 4/14 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2014 - Bruk av motorbåt på Leirungsvatnet - Inger Bøye DS 5/14 Reinheimen NP - Finndalen LVO - Dispensasjon - 2014-2018 - Oppsetting av lavvo i forbindelse med reinsjakt - Ola Plassen ST 26/14 Reinheimen nasjonalpark - Brettingsmoen naturreservat - Søknad - Bygging av sperregjerde og sankekveer - Finndalen bruksrettslag ST 27/14 Finndalen landskapsvernområde - Brettingsmoen naturreservat - Søknad - Bygging gangbru over Finna - Kvitgrovmorka - Finndalen bruksrettslag ST 28/14 Finndalen landskapsvernområde - Søknad - Bygging av sankekve - Finndalen bruksrettslag ST 29/14 Nasjonalparkstyre for Reinheimen - sekretariat - spørsmål om auka stillingsressurs for Reinheimen NP 2014/5177 2014/4348 2014/5176 2014/1040 2014/1040 2014/1040 2014/5525 ST 25/14 Godkjenning av innkalling - Val av to representantar til å skrive under protokoll saman med styreleiar 2003/4333 Godkjenning av protokoll / innkalling Ingen merknader til innkalling og dagsorden. Protokoll frå sist møte er godkjent. Varsla styresak 30/14 «tilbygg fritidsbygg (Selbu) i Finndalen lvo», vart utsett på grunn av synfaring og fagleg vurdering av bygget av bygningsrådgjevar, etter uttale frå kulturvernavdelinga i Oppland fylkeskommune. Torbjørn Rødstøl og Bjarne E. Holø vart valde til å skrive under protokollen. Referatsaker og delegerte saker vert teke til etterretning. Eventuelt Iselin Jonassen ytra ønskje om at evt.saker vert varsla i god tid før møte, og med på innkallinga, slik at styremedlemmane har mogelegheit til å førebu seg.
Leirplassar i området ved Råkåvatnet Det er varsla om at det ligg att søppel, mellom anna toalettskål og div rot i samband med reinsjakt og fiske. SNO må ta ein synfaring i området ved Råkåvatnet for å sjå på forholda. Felles synfaringar med fjellstyra Rolv Kristen Øygard gav innspel om at det er ønskjeleg å gjennomføre felles synfaringar med fjellstyra. Det er mange saker som berørar saksfeltet til verneområdestyre og fjellstyra, særleg i Finndalen og Lordalen. Reglar om hyttestorleik jf. forvaltningsplan Det er ei utfordring at det i forvaltningsplan er noko ulik formulering knytt til byggjereglar for fritidsbygg i lvo. Dette gjeld særleg «30% regelen» i Ottadalen lvo, som kan gje uheldige utslag av omsyn til prinsipp om likebehandling. Rolv Kristen og Bjarne H ber om eit møte Olav Nor-Varhaug i Miljødir for å drøfte spørsmålet om bygningsreglane i forvaltningsplan. Rovdyr og beitebruksnæring betyding for delar av verneføremål Spørsmålet om delar av verneføremålet i Reinheimen kan verte forringa dersom beitebruken forsvinn pga av rovdyr, vart teke opp til diskusjon. Rolv Kristen delte ut eit førebels utkast til referat frå diskusjon om same tema i møte 11.sept i Breheimen nasjonalparkstyre. Nasjonalparkstyre ber om at forvaltar i samråd seg med forvaltarane i Breheimen, og styreleiar, formulerar fakta om problematikken, og utfordringar dette har for forvaltning av verneverdiane i området. Notatet skal danne grunnlag for ei sak til neste styremøte, og ei vidare uttale frå Nasjonalparkstyre til KMD. Møter / samlingar Neste møte, Nasjonalparkstyre for Reinheimen Åndalsnes, torsdag 27.november. Nasjonalparksamling med fylkesmannen i Oppland, torsdag 25.sept 2014: Iselin møter. Per Magnus spør om Rannveig også kan møte for Reinheimen sidan det dessverre ikkje passa for andre i styret. Fagrådgjevande utval for Reinheimen 2014: Siste møtet var 4.des. 2013 i Lom. Nasjonalparkstyret bør jf. vedtektene ha minst eitt møte i året med fagrådgjevande utval. Nasjonalparkstyret ber om at neste møte i Fagrådgjevande utval vert gjennomført våren 2015.
Referatsak Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel 2014 - Lågtflyging og landing for å frakte ei seng til Stabbeskardet, Trolltindene - Wonderland AS v/tom Erik Heimen Nasjonalparkstyret for Reinheimen - Retningslinjer ved behandling av søknader om lavtflyving i verneområder i forbindelse med geofysisk kartlegging i regi av Norges geologiske undersøkelse Møteprotokoll AU-møte nr.17, 27.08.14, sak 50/14 Møteprotokoll møte 16, AU-Reinheimen, sak 49/14 Møteprotokoll møte 15, AU-Reinheimen, sak 47/14 og 48/14 Finndalen LVO - Strakstiltak på seterfjos på Breidstulen, i samband med ombygging og restaurering - Odd Joar og Gudrund Ramstad Søknad - Romsdalen landskapsvernområde - Tilskudd - Finansiering av minnesmerke på Kabben Søknad - Romsdalen landskapsvernområde - Oppføring av gapahuk og utedo ved minnesmerket på Kabben Villreinen sin bruk av området VS: Angående byggesak ved Skarfjellenden - gnr 202 bnr 3 Tilsyn med bygninger og anlegg - Reinheimen nasjonalpark - Påbegynt bygg ved hytta Reinsminne DS 1/14 Ottadalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Motorferdsel - 2014 - Kjøring med traktor fra Liasetra til Rundhaugan - Reparering Vikateppingi - Steinar Garmo 2014/4776 DS 2/14 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2014 - Bruk av båt med motor på Torsvatnet - Ola Løkken 2014/4771 DS 3/14 Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel - 2014 - Bruk av båt med motor på Leirungsvannet - Rune Skjåk 2014/5177 DS 4/14 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2014 - Bruk av motorbåt på Leirungsvatnet - Inger Bøye 2014/4348 DS 5/14 Reinheimen NP - Finndalen LVO - Dispensasjon - 2014-2018 - Oppsetting av lavvo i forbindelse med reinsjakt - Ola Plassen 2014/5176 Referatsakane og delegerte sakar vart teke til etterretning.
ST 26/14 Reinheimen nasjonalpark - Brettingsmoen naturreservat - Søknad - Bygging av sperregjerde og sankekveer - Finndalen bruksrettslag 2014/1040 Rolv Kristen Øygard stilte spørsmål om sin habilitet som setereigar i Finndalen. Nasjonalparkstyret, utan Rolv Kristen, vurderte spørsmålet om habilitet, og konkluderte med at Rolv Kristen Øygard var habil, og kunne vera med å behandle saka. Samrøystes. Med heimel i verneforskrift for Finndalen landskapsvernområde 3, pkt. 1.3 bokstav h) og verneforskrift for Brettingsmoen naturreservat 5, pkt. 1 bokstav d., og forvaltningsplan for Reinheimen, får Finndalen Bruksrettslag løyve til å sette opp sperregjerde over Finndalen, mellom søre og nørdre Brettingsmoen, og ei sankekve innåt sperregjerde på inntil 25 meter x 50 meter. Vilkår 1. Sperregjerde kan totalt ha ei lengde på inntil 2 km. 2. Gjerdemateriale skal i hovudsak vera elektrisk gjerde med to straumtrådar, og ha ei høgde på ca 1 meter slik at hjortevilt kan hoppe over. Frå Finndalsvegen og ned til elva Finna, og frå vegen opp til høgspentlina på sørsida kan det nyttast stakitt som gjerdemateriale. 3. Sankekvea skal byggast inntil sperregjerde på sørsida av Finndalsvegen. 4. Før oppsetting av gjerde og sankekve skal gjerdetraseen stikkast ut i felt i lag med forvaltningsstyresmakt/sno, Finndalen bruksrettslag og Finndalen fjellstyre. 5. Av omsyn til all type ferdsel i området skal det settast opp nødvendige grinder og overgangar. 6. Forvaltningsstyresmakta kan påleggje Finndalen bruksrettslag å fjerne sperregjerde og sankekve på stutt varsel, dersom sperregjerdet fører til stor ulempe for hjorteviltet, og dersom behovet for sperregjerde vert borte. ST 27/14 Finndalen landskapsvernområde - Brettingsmoen naturreservat - Søknad - Bygging gangbru over Finna - Kvitgrovmorka - Finndalen bruksrettslag 2014/1040 Samrøystes. Med heimel i verneforskrift for Finndalen landskapsvernområde 3, pkt. 1.3 bokstav b) og verneforskrift for Brettingsmoen naturreservat 5, pkt. 8, og forvaltningsplan for Reinheimen, får Finndalen Bruksrettslag løyve til å byggje ei gangbru over elva Finna for tilsyn med beitedyr på nordsida av Finna i Kvitgrovmorki u Brettingsmoen naturreservat. Vilkår
1. Brua skal byggjast i samsvar med «Direktoratet for naturforvaltning si handbok 27, Naturvennlig tilrettelegging for friluftsliv, 2006.», og i tradisjonell byggjeskikk og materialbruk for området. 2. Før oppsetting av bru skal brua stikkast ut i felt i lag med forvaltningsstyresmakt/sno, Finndalen bruksrettslag, Lom kommune og Finndalen fjellstyre. 3. Finndalen Bruksrettslag skal som tiltakshavar hente inn nødvendige løyve frå Lom kommune etter plan- og bygningslov, og frå grunneigar før tiltaket evt kan settast i gang. 4. Forvaltningsstyresmakta kan påleggje Finndalen bruksrettslag å fjerne brua på stutt varsel, dersom brua fører til stor ulempe for verneverdiane i området, og dersom det ikkje lenger er nødvendig med tilsyn av beitedyr i Kvitgrovmorka. ST 28/14 Finndalen landskapsvernområde - Søknad - Bygging av sankekve - Finndalen bruksrettslag 2014/1040 Samrøystes. Med heimel i verneforskrift for Finndalen landskapsvernområde 3, pkt. 1.3 bokstav h) og forvaltningsplan for Reinheimen, får Finndalen Bruksrettslag løyve til å sette opp ei mobil sankekve nedanfor Lauvlie inntil Finndalsvegen på inntil 10 meter x 10 meter. Vilkår 1. Sankekvea skal vera mobil, og det skal nyttast egna materiale med gjerdegrinder som kan settast i saman til ei kve på 10 x 10 meter. 2. Sankekvea kan settast opp på hausten i samband med sanking av dyr, og skal fjernast frå området kvart år etter sanking. Sankekvea kan settast opp nedanfor Lauvlie, på sørsida og inntil Finndalsvegen. 3. Før oppsetting av sankekve skal forvaltningsstyresmakt/sno og Finndalen fjellstyre varslast. 4. Forvaltningsstyresmakta kan nekte Finndalen bruksrettslag å sette opp sankekvea dersom det skulle vise seg at kvea skapar ulempe for verneverdiane i området. ST 29/14 Nasjonalparkstyre for Reinheimen - sekretariat - spørsmål om auka stillingsressurs for Reinheimen NP 2014/5525 Forslag frå styreleiar om endring i fyrste avsnitt til: «Nasjonalparkstyre for Reinheimen skal omgåande, søke Klima- og miljødepartementet om at det vert sett av tilstrekkelege midlar til å styrke den administrative ressursen for Reinheimen nasjonalpark og tilhøyrande verneområde.» Endringsforslag frå styreleiar samrøystes vedteke.
Nasjonalparkstyre for Reinheimen skal omgåande, søke Klima- og miljødepartementet om at det vert sett av tilstrekkelege midlar til å styrke den administrative ressursen for Reinheimen nasjonalpark og tilhøyrande verneområde. Det må vera økonomisk dekning for å tilsette 2 nasjonalparkforvaltarar i sekretariatet til verneområde Reinheimen. Reinheimen er den 3 største nasjonalparken i landet, med sterke lokale brukarinteresser knytt til jakt, fiske og landbruk, kombinert med tradisjonelt friluftsliv. Det er ein stor mengde enkeltsaker og utfordrande utviklingsoppgåver innafor nasjonalparken og i dei 6 tilhøyrande landskapsvernområda. For å ha ei god nok gjennomføringskraft av ny forvaltningsmodell i Reinheimen, må arbeidsressursen vera tilstrekkeleg og harmonere med området sin storleik og omfattande saksmengde.