Vestnes kommune Fråsegn til søknad om å regulere Instebotnvatnet - Sesskraft AS

Like dokumenter
Ørsta kommune. Søknad om løyve til å byggje Nøvedalselva kraftverk. Fråsegn til søknad om konsesjon.

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Vestnes kommune - Fråsegn til søknad om å bygge Urdelva kraftverk

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Fråsegn til høyring av søknad om konsesjon til bygging av Øvre og Nedre Lanes kraftverk, Bjerkreim kommune

Fråsegn knytt til søknad om regulering av Instebotnvatnet, Sesselva kraftverk i Vestnes kommune, Møre og Romsdal fylke

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO. Vedr. Saknr Dokumentnr

Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf / /608 Alexander Connor

Uttalelse til søknad fra Småkraft A/S innsigelse til 5 prosjekt i Valldalen, Odda kommune.

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

Svar på høring - Søknad om løyve til å byggje 4 småkraftverk, og opprusting og utviding av eit kraftverk - Fyresdal kommune

BREMANGER KOMMUNE Sakspapir

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Bordalselva kraftverk i Molde kommune i Møre og Romsdal - klagesak

Tilleggsoverføring til Evanger kraftverk og utbygging av Tverrelva og Muggåselva

FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Jarle Lunde K2 - S11, K3 - &13 19/254

Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo. Bergen,

NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO

NVE Konsesjonsavdelingen Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo Rosendal/Notodden den Deres ref

Rauma Energi AS søknad om løyve til bygging av Kavlifoss minikraftverk i Rauma kommune, Møre og Romsdal høyring

Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden

é_)or.{ J05: O4 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref.

Sandvik Kraft SUS - Søknad om løyve til å byggje Sandvik kraftverk 1 Vindafjord kommune, Rogaland - høyring

Tussa Energi sine kommentarar til høyringsinnspela for opprusting og utviding av Vartdal kraftverk

Fleire søkjarar - Søknader om løyve til å byggje fire småkraftverk i Rissa, Åfjord og Verran - høyring

Søknad om planendring for eksisterande reguleringsanlegg i Lærdalsvassdraget.

Høyringsuttale Matlandselva kraftverk, Fusa kommune, Hordaland

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Søknad frå Dåfjorden Klekkeri AS om løyve til regulering og uttak av vatn frå Øvre og Nedre Petarteigsvatna i Stord kommune. Administrativ fråsegn.

Hauge kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal - klagesak

SAMNANGER KOMMUNE Teknisk eining

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Tilleggsuttale til 4 søknadar om småkraftutbygging i Fjaler, Sogn og Fjordane.

SØKNAD OM BYGGJING AV TESGJOLO SMÅKRAFTVERK, VOSS - SUPPLERANDE BIOLOGISK UTGREIING. FRÅSEGN

Uttalelse til søknad fra Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk AS om bygging av Terråk kraftverk i Terråkvassdraget, Bindal i Nordland

Røyrvik Kraftverk AS søknad om løyve til bygging av Røyrvik kraftverk i Kvam kommune, Hordaland høyring

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 007/16 Areal- og forvaltningsutvalet PS

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

Har du ikke åpnet dokumentet i Altinn innen to døgn, blir det skrevet ut og sendt via Posten.

Endring av omsøkte planar i samband med søknad om konsesjon etter vassressurslova. 1. Justert hovudalternativ, inntak i Hoemselva på kote 325.

Vik kommune Plan/forvaltning

Blåfall AS Søknad om planendring for bygging av småkraftverk i Bergselvi i Luster kommune, Sogn og Fjordane - NVEs vedtak

Horpedal Kraft AS Søknad om tillatelse til økt slukeevne i Horpedal kraftverk i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane oversendelse av NVEs vedtak

Kraftverk i Valldalen

Det vises til tilleggsuttalelser fra Bergen og Hordaland Turlag (BT) datert

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Aurland kommune Teknisk

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komité for kultur, miljø og /15

For å redusere den totale miljøbelastninga har vi trekt søknaden om Myrbærdalen kraftverk. Sogn og Fjordane Energi AS...

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Småkraft AS - Vedtak i forbindelse med klage på løyve til bygging av Øvre Alsåker kraftverk i Ullensvang herad i Hordaland

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksnr. Utval Møtedato 020/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Kvinesdal kommune Rådmannen

Utgreiing av inntak i Tennevatnet for Tenneelva Kraftverk.

Tilleggsutgreiing. for. Geitåni kraftverk. Voss kommune. Hordaland fylke

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 155/1 - deling av eigedom - Ølve - Vidar Rune Synnevåg

Rabbelva, Morgådalselva og Loftdalselva kraftverk i Rauma kommune i Møre og Romsdal - klager på vedtak

/1461/GUAU/471 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Senioringeniør Gunnhild Liva Austvoll,

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Vassforskrifta flaum og overvatn. Kjersti Finholt Prosjektleiar Søre og Nordre Sunnmøre vassområde

Vår ref. 2012/ Særutskrift - 210/3 - rehabilitering/tilbygg naust - Fjelberg - Atle Reidar Aasbø

Vår ref. Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2012/143/13/ Laila Nersveen

Vassdragsreguleringer i Nordfjella og vilkårsrevisjoner

Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO. Vedr. Saknr Dokumentnr

Kvinesdal kommune Rådmannen

Høyringsfråsegn fem av sju søknader i Sognefjordpakken

3)Q. Ti1N V E Pb.5091 Maj Oslo. Dyk. ref. Inger Staubo

Daleelva kraftverk i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane fylke - søknad om løyve til utbygging - offentleg høyring

Regional plan for vassregion Hordaland utsending på 2. gongs avgrensa høyring

Møteinnkalling. Utval : Stølsheimen verneområdesty re Møtesta d: Kulturhuset, Voss Dato: Tidspunkt : 11:00

Reipkrokelva kraftverk i Tromsø kommune i Troms - klage- og innsigelsessak

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN DISPENSASJON - UTLADALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - ETABLERING AV NYTT VANNINNTAK OG HELIKOTERTRANSPORT

Innspel frå Hemsedal kommune til forslag om Nasjonal ramme for vindkraft

Særutskrift - 196/49 - deling av eigedom - Sæbøvik - Egil Steinar Tofte

Kvinnherad kommune Fellestenester Politisk sekretariat

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2011/815 Løpenr.: 2844/2017

Kvinesdal kommune Rådmannen

KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG

Ullensvang herad Sakspapir

Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»

Melding om vedtak - Høyring av revisjonsdokument for Seljord og Sundsbarmreguleringane i Telemark

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Vurderingar i høve til naturmangfaldlova 8-12

Breheimen nasjonalparkstyre hadde møte I møte vart søknaden handsama.

Bømlo kommune har i vedtak 30. mars 2015 gjeve løyve til arbeidet etter plan- og bygningslova.

Uttale til planendringssøknad for bygging av Askjelldalen pumpekraftverk i Vaksdal kommune, Hordaland fylke

Fleire søkjarar Søknad om løyve til å byggje fleire småkraftverk i Ørskog og Sykkylven kommunar i Møre og Romsdal høyring

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Fylkesmannen i Møre og Romsdal f k I,, /D G

Transkript:

Vår dato 20.07.2018 2018/2551/LESA/431 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. seniorrådgivar Leif Magnus Sættem, 71 25 84 32 30.04.2018 Vår ref. NORGES VASSDRAGS- OG ENERGIDIREKTORAT (NVE) Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Vestnes kommune Fråsegn til søknad om å regulere Instebotnvatnet - Sesskraft AS Vi viser til brev 30.04.2018. Brevet gjeld høyring på Sesskraft AS sin søknad om å regulere Instebotnvatnet i Vestnes Kommune. Omsøkte regulering ligg i eit område/region med fleire tidlegare utbyggingar. Innanfor få år er Øvstedalen kraftverk, Misfjord kraftverk og Sesselva kraftverk realisert. Fylkesmannen vil sterk rå i frå i tillegg å regulere Instebotnvatn med bortføring av vatn frå elvedraga nedstraums. Med helsing Ulf Lucasen (e.f.) Ass. miljøverndirektør Leif Magnus Sættem Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kopi: VESTNES KOMMUNE Rådhuset 6390 VESTNES MILJØDIREKTORATET Postboks 5672 Torgarden 7485 TRONDHEIM Fylkesmannen i Møre og Romsdal Postboks 2520, 6404 MOLDE - 71 25 84 00 - fmmrpostmottak@fylkesmannen.no Organisasjonsnr: 974 764 067

side 2 av 5 Fylkesmannen i Møre og Romsdal NOTAT 15.07.2028 Fråsegn til søknad om å regulere Instebotnvatn, Vestnes kommune Generelt Vi viser til brev 30.04.2018 om å kome med fråsegn til søknad om å regulere Instebotnvatnet øvst i vassdraget ned Sessdalen mot Tresfjorden ved Sætre. Vi seier oss leie for at vi av ulike årsaker sendte søknad om utsett frist etter fristens utløp. NVE v/ Rune Moe har gjeve beskjed om at vi av den grunn har mista retten motsegn. I Vestnes kommune er det gjennomført fleire kraftreguleringar dei seinare år. Desse er Misfjordelva med Misfjordfossen, Fosåna i Øvstedal og Sesselva med Liafossen (figur 1). Fylkesmannen gav klart uttrykk for verdfulle landskaps- og naturkvalitetar i alle dei tre områda og fann dei vel verdt å ta vare på utan inngrep. Konsesjon vart gjeve og dei opphaveleg kvalitetane er i dag reduserte. I 2017 kom søknad om å bygge ut Urdelva inst i Tresforden. Planane her vart avslege. Figur 1. Omsøkte regulering (rød farge m/ Instebotnvatn rødt) samanholdt med andre kraftreguleringar i Vestnes kommune. Oversiktskart henta frå NVE si heimeside.

side 3 av 5 Om søknaden Planane Sesselva kraftverk sto ferdig i september 2016 og har sidan vore i drift. Oppstraums inntaket ligg Instebotnvatnet, eit fjellvatn med normalvasstand på kote 727,5. For å auke produksjonen i det nye kraftverket vert det søkt om å regulere Instebotnvatnet mellom kote 726 (LRV) og kote 728 (HRV). Dette vil føre til ca. 1,85 GWh auka årleg produksjon. Auka i produksjon kjem av betre vassutnytting med eksisterande turbin. Største slukeevne er i dag 2,2 m 3 /s og installert effekt er 5,1 MW. Lengden på ny råka elvestrekning er ca. 3,5 km. Dammen ved utlaupet av Instebotnvatnet er tenkt utført som massivdam i betong med ei total lengde på ca. 9 m og største høgde 2,5 m. Dammen skal etter plana byggjast veglaust. Planlagt slipp av minstevassføring frå reguleringsdammen i Instebotnvatnet er 20 l/s om sumaren og 10 l/s om vinteren. Biologisk mangfald, akvatisk og terrestrisk Vi saknar utgreiing av vasslevande virvellause dyr som konkret grunnlag for uttale om denne delen av det biologiske mangfaldet. Dei ferskvassøkologiske konsekvensane av reguleringar er som regel vurdert ut frå tilhøva for fisk. Ferskvassøkologiske granskingar er lett sårbare og mangelfulle knytt til evertebratar. Klassisk og generell økologisk kunnskap tilseier at mangfaldet av liv i den typen ferskvasslokalitetar det her er snakk om, i alt vesentleg er insekt, t.d. artar av stein-, døgn- og vårfluer samt ein rekkje artar av fjørmygg. Å skulle vurdere til fulle biologiske og økologiske effektar av varierande vasstand og vannmengder, let seg ikkje gjere utan kunnskap om desse gruppene. Dokumentasjonen knytt til terrestre kvalitetar er etter vår vurdering stort sett tilfredsstillande sett i lys av krav til kunnskapsgrunnlaget, jf. 8 i naturmangfaldlova. Likevel, det som er dokumentert av mose gjev grunn til å tru at influensområdet kan inneholde større kvalitetar enn dei påviste. Det er registrert ein raudlista art, mosearten snøsotmose i tiltaksområdet. Denne er vurdert å ikkje bli påverka av ei regulering. I tillegg er det funne ein hittil ukjend moseart ca 2m over dagens vassnivå på sør-vestsida av vatnet. Denne vert lite/ikkje påverka av ei regulering. Området rundt vatnet er utan trevegetasjon med unntak av noko bjørke- og vierkratt. Vegetasjonen er prega av lyng, mest blåbær og krekling. I tillegg til lyng finst ein del gras- og sivartar som finnskjegg og bjørneskjegg. Beitetrykket i området er avtakande og landskapet er truleg i sakte gjengroing. Det er ein høg diversitet av mose kring Instebotnvatnet. Dei fleste er relativt vanlege i fjellet eller i sine miljø, sjølv om det er få funn i Møre og Romsdal av fleire av dei. Snøsotmosen og skovlemose er påvist. Lavfloraen i området var fattig. Om soppfauna får vi opplyst om ingen interessante artar. Langs vatnet er det registrert 3 bekkar som er vurdert til at fisk opp for å gyte. Gyting går truleg føre seg der bekken renn inn i vatnet eller første meteren opp i bekken. Alle bekkane som renn inn til vatnet er små og botnsubstratet er stort sett meir eller mindre grov blokk, noko som ikkje gir dei beste gyteplassar. Instebotnvatnet har lokalt ord på seg for å ha god og stor fisk, noko som kan ha samanheng med at det er relativt lite fisk i vatnet. Ei regulering av vatnet vil venteleg påverke gytetilhøva lite.

side 4 av 5 I samband med kartlegging av andre brukarinteresser, kulturminne eller landskapsmessige tilhøve i eller i tilknyting til elva, er det registrert små negative konsekvensar ved gjennomføring av tiltaket. Våre vurderingar Synfaring Representantar frå Fylkesmannen var på synfaring 10.07.2018. Tilhøva i vassdraget denne dagen er gjeve i foto 1-7 1 2 3 4 5 6 Foto 1-6. Instebotnvatn frå utløpsområdet mot syd og 2) utløpsområdet sett mot nord. 3) og 4) utløpselva frå Instebotnvatn motstraums og medstraums. 5) innløpselva til Urdavatnet. 6) nedstraums Urdavatnet. Foto Leif Magnus Sættem.

side 5 av 5 Landskap /friluftsliv Landskapet har flotte friluftskvalitetar for vandring, jakt og fiske. Gamalt stinett med stiar som tek av i ulike retningar frå hovedstien til Instebotnvatnert er godt skilta (foto 7).Fleire turgåarar og hyttefolk var å hilse på på synfaringsdagen. Foto 7. Landskapet inn og ikring Sesselva mot Instebotnvatn er veileigna og mykje brukt frilufts- og aktivitetsområde. Foto Leif Magnus Sættem. INON (inngrepsfrie område) Regulering av Instebotnvatn vil påverke INON-situasjonen i regionen ved å redusere sone 1 (1-3 km frå tekniske inngrep/installasjoner) og sone 2 (3-5 km). Forureining Vi kan ikkje sjå at utbygginga vil føre til slik fare for forureining at det er naudsynt med særskilt behandling etter forureiningslova. Vassforskrifta Sesselva er skilt ut som eigen vassforekomst (ID 102-13-R). Opplysningane i databasen fangar ikkje opp at Sesselva i dag er regulert. Omsøkte regulering vil kunne påverke den økologiske tilstanden. I den vidare saksbehandlinga må NVE vurdere dette opp mot 12 i vassforskrifta (ny aktivitet og nye inngrep). Konklusjon Søknaden konkluderar med at konsekvensane ved ei utbygging samla vurdert er lite negativ. I vår vurdering av aktuelle sak vel vi å rette fokus på å ivareta uberørtheit i denne delen av vassdraget. Nedre del er i dag utbygd med m.a. reduksjon av det markerte landskapselementet Liafossen som no ytterlegare vert redusert gjennom planane som ligg føre. Fylkesmannen er kjend med at kommunen går imot søknaden. Vi slutter oss til kommunen si vurdering og konklusjon. Likeeins er vi samd med Naturvernforbundet i Møre og Romsdal sin argumentasjon mot søknaden. På denne bakgrunnen vil Fylkesmannen sterk rå i frå å regulere Instebotnvatn med bortføring av vatn frå elvedraga nedstraums.