ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT

Like dokumenter
TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

Delegasjonsreglement for Selje kommune.

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Delegeringsreglement

Lovgrunnlag Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), 26 Fellesnemnd:

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

Reglement for Kvam kontrollutval

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

Fellesnemnd ny kommune i indre Sunnfjord

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Naustdal kommune Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

SAKSF RAM L E G G. Kommunestyret vedtek deleg eringsre glementet, versjon , slik det ligg føre.

5 LOVLEGHEITSKONTROLL Formannskapet skal ikkje handsama saker som er sendt departementet / fylkesmannen etter reglane i Koml. 59.

Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2014/ ADM/RSJ Vedteke i Volda kommunestyre den , sak PS 108/14

Rådmannskontoret N / / Delegeringsreglement for Meland kommune Gjeld delegering frå kommunestyret til rådmannen

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Innleiing. Obligatoriske planar

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

REGLEMENT FOR DELEGERING

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

DELEGERINGSSREGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNE

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

Folkevalde har mange rollar. Du skal målbera veljarane sine ønskje Du skal leia utviklinga av bygda Du skal leia den største verksemda i bygda

ÅRSMELDING 2016 KONTROLLUTVALET I HJELMELAND

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

Reglement for administrasjonsutvalet i Selje kommune

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

Mål for arbeidet denne kvelden

Tiltak på gnr. 113 bnr. 6 - bustadhus m/garasje. Klage på vedtak om garasjeplassering i d-sak 427/24.

Delegasjon frå kommunestyret til rådmannen (K-sak 27/16) 9.1 Føremål Dette reglementet skal bidra til:

INNKALLING. Til orientering: Ungdomsrådet, senior- og funksjonsrådet, hovudverneombodet og dei HTV (hovudtillitsvalde) vert også invitert til å delta:

Luster kommune. Handsama: Rådmannen sitt framlegg

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå

REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET

Samnanger kommune. Prøvetidsreglement. (reglement og rutinar for prøvetid) Vedteke av administrasjonsutvalet

Møteoffentlegheit i kommunalforvaltninga

Notat - revisjon av fullmaktsreglementet - administrative fullmakter

Politisk. delegasjonsreglement. for VALLE KOMMUNE

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

Arbeidsreglement Sund kommune

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINE FOR TENESTETELEFON

Grenseendringar etter inndelingslova. Volda, 25. august 2016

Avslag på søknad om reduksjon av gebyr - gbnr 146/37 Fosse Ytre

Samansetjing av «Fellesnemnd» for overgangsperioden fram mot

Sauherad kommune. Rådmannens delegasjonsreglement

Referat. Styringsgruppa for kommunereform Os og Fusa Dato: fredag 18. august Tid: kl Stad: Fusa kommune - Kommunetunet Til stades:

Fortid & notid for framtid

RETNINGSLINER GRANVIN HERADSSTYRE. Innhold

Høyring overordna administrativ organisering Nye Øygarden kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

Innleiing. Obligatoriske planar

Plan for forvaltningsrevisjon

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune.

36/12 SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK - RAPPORT ETTER SELSKAPSKONTROLL

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 15. og 17. september 2015 tilsyn med Nav Austrheim kommune.

Plan for forvaltningsrevisjon

Reglement for administrasjonsutvalet. Vedteke av kommunestyret , sak K-13/110

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 2/13 12/824 DELEGERINGSREGLEMENT FOR BALESTRAND KOMMUNE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Rapport etter forvaltningsrevisjon av anbodskonkurransen om leige av omsorgsbustader

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Kontrollutvalet i Suldal kommune

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

INTERNT DELEGASJONSREGLEMENT FRÅ MARS 2015

Reglement for godtgjersle til folkevalde. Vedteke i kommunestyre sak 21/16.

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Etisk reglement for tilsette og folkevalde i Radøy kommune

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Martin Hamre for Annlaug Haugse Såkvitne i sak 16/17. Repr. J. Ytrefjord tok sete kl. 10:45 under handsaming av sak 10/17.

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

MØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/

Luster kommune organisering

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Kjøp av sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet

Transkript:

ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT Vedteke av prosjektrådmann 28. MAI 2019 VOSS HERAD

1. BAKGRUNN For å sikra og utvikla eit funksjonsdyktig og levande lokaldemokrati, ei rasjonell og effektiv forvaltning, samt borgarane sine rettar, er det naudsynt å delegera mynde og etablera gode klageordningar. Rådmannen har avgjerdsmynde i alle saker av ikkje-prinsipiell tyding. Kva som er ei ikkjeprinsipiell sak, vert avgjort etter ei konkret vurdering i kvar einskild sak, etter fylgjande framgangsmåte: a) Ei sak er prinsipiell dersom administrasjonen ynskjer eit vedtak som bryt med den praksis (sedvane) som ligg føre (ynskjer ny praksis), eller som går utover dei retningslinene som ligg føre. b) På same måte er saka prinsipiell dersom liknande saker ikkje har vore handsama tidlegare, og vedtaket kan skapa presedens for framtidige saker. c) Enkeltsaker der administrasjonen har ei sakleg grunngjeving for å avvika frå det forvaltningsmessige likskapsprinsippet skal alltid handsamast i eit politisk organ. d) Ei «ikkje-prinsipiell» sak har eit så godt utvikla saksområde, at det ligg føre presedens eller sedvane for kva for vedtak ein skal gjera, opp mot fakta i saka, eller at saksområdet skal handsamast innanfor gitte retningsliner. Omgrepet retningsliner nyttast her om lover, forskrifter eller anna skriftleg rettleiing som er utarbeida av forvaltingsorgan til bruk på saksområdet, eller reglement som er vedteke for å nyttast på saksområdet. Er det tvil om kven som skal gjera vedtak i ei sak, har ordførar og rådmann ansvaret for å kartlegge dette. Dersom det framleis er tvil, går saka til politisk handsaming. e) Ut over desse punkta har administrasjonen ein generell plikt til å vurdera ei sak ut frå sitt konkrete innhald, for på den måten å avklare om det er ei sak som skal avgjerast politisk eller administrativt. Oppstår det tvil om ei sak kan avgjerast av administrasjonen, har rådmannen og ordførar ansvaret for å avklara dette. Er det framleis tvil, skal saka leggjast fram for rette folkevalde organ. Rådmannen er delegert mynde frå heradsstyret gjennom «Voss herad sitt delegasjonsreglement». Føremålet med dette dokumentet er å klargjera delegasjon frå rådmannen og vidare ut i organisasjonen. 2. RÅDMANNEN SITT MYNDE Heradsstyret tilset sjølv ein rådmann som skal vera leiar av kommunen sin administrasjon. Rådmannen har møte- og talerett i alle kommunale eller fylkeskommunale folkevalde organ, med unnatak av kontrollutvalet. Rådmannen kan la ein av sine underordna utøva denne møteog taleretten på sine vegne.

Voss heradsstyre praktiserer prinsippet om maksimal delegering av ansvar og mynde til rådmannen under folkevald styring og kontroll. Politisk nivå skal handsama saker av overordna karakter, prinsipielle einskildsaker og saker som etter lovverket ikkje kan delegerast til administrasjonen. Rådmannen sitt mynde kan vidaredelegerast. Delegeringsreglementet er sett opp etter prinsippet det som ikkje er nemnd, er delegert (omvendt prinsipp), men likevel slik at det innan visse sentrale område/fagfelt er gjeve nærare presiseringar. 3. DELEGASJON TIL KOMMUNALSJEF/STABSSJEF Innan kommunal forvalting er det ei rekkje lover/forskrifter som me som organisasjon, styresmakt og saksbehandlarar må forhalda oss til. I tillegg må den einskilde leiar forhalda seg til gjeldande lovverk som gjeld for tenesteproduksjon i eige verksemd. Det administrative delegeringsreglementet vidarefører prinsippet frå det politiske delegeringsreglementet om at det som ikkje er nemnd er delegert. Innan følgjande område vil rådmannen presisera delegasjon av ansvar og mynde til stabs- /kommunalsjef: 3.1 ØKONOMIANSVAR Stabs-/kommunalsjef er sjølv ansvarleg for at økonomiforvaltinga til avdelinga skjer i tråd med økonomireglementet vedteke av heradsstyret. Stabs-/kommunalsjef er vidare ansvarleg for at økonomiforvaltinga skjer i tråd med budsjett- og rekneskapsforskrifter og rutinar knytt til innkjøp, tilvising og kontroll. Stabs-/kommunalsjef er òg ansvarleg for at avdelinga utarbeider innspel til økonomiplan og budsjett for avdelinga sitt ansvarsområde. Rådmannen delegerer til stabs-/kommunalsjef fullmakt til å inngå avtalar av driftsvis karakter. Når det gjeld rammeavtalar med leverandørar av varer og tenester, føreset rådmannen at stabs-/kommunalsjef berre inngår avtalar etter drøfting med innkjøpsavdeling. Alle innkjøp av programvare skal drøftast med leiar for digitalisering og IT. Stabs-/kommunalsjef kan delegere si tilvisingsmynde eitt ledd. Bestillings- og attesteringsfullmakt kan delegerast i fleire ledd. Det må ikkje gjerast disposisjonar som er ekstraordinære og/eller bindande for komande budsjett eller som kjem i konflikt med premissar i vedteke budsjett og handlingsplan. Stabs-/kommunalsjef utarbeidar ei oversikt over kven som kan bestilla varer og tenester på dei ulike avdelingane. Kopi av alle delegasjonsvedtak skal arkiverast i kommunen sitt arkivsystem. Før lånefinansierte investeringsprosjekt vert sett i gang har stabs-/kommunalsjef ansvar for at fylgjande tilhøve er avklart med stabssjef for strategi og styring: i) Investeringsbudsjettet er formelt godkjent av Fylkesmannen ii) Investeringsmidlane er disponible (t.d. i form av låneopptak) iii) Det er klarlagt kva konto utgiftene skal førast på.

3.2 PERSONALANSVAR Stabs-/kommunalsjef har fullmakt til å treffa vedtak i personalsaker, medrekna tilsetjingar, permisjonar og lønsplassering i etter gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Delegeringa omfattar ikkje vedtak om oppseiing eller avskil eller forhandlingar/drøftingar etter reglane i lov- og avtaleverk. Rådmannen føreset at stabs-/kommunalsjef drøftar fastsetjing av løn i unormerte stillingar og løn utover garantiløn i normerte stillingar med stabssjef HR og innovasjon. Vedtak om tilsetjing ut over tre månader og lønsplassering kan ikkje delegerast vidare. Nye faste stillingar kan ikkje opprettast utan løyve frå rådmannen. HR har ansvar for ansiennitetsberekningar. Stabs-/kommunalsjef kan godkjenna overføring av ferie innanfor reglane i ferielova, tilståing av tenestetelefon innanfor reglement, og avtala avvikling av fleksitid innanfor reglement for fleksitid i Voss herad. Stabs-/kommunalsjef er delegert fullmakt til å gi permisjonar i tråd med permisjonsreglementet i Voss herad. Stabs-/kommunalsjef er ansvarleg for at andre reglement og retningslinjer som er tekne inn i personalhandboka blir følgt. 3.3 DRIFT OG FORVALTNING Gjeldande lover/forskrifter/avtaleverk og vedtekne budsjett gir rammer for utforming av tenesteproduksjonen og maktutøvinga til kommunen. Kommunalsjefar/stabssjefar skal ta initiativ til å utarbeida saksutgreiingar med vurderingar og forslag til vedtak til politiske utval når dette er nødvendig i tråd med delegasjonsreglementet og gjeldande lover/forskrifter. Alle saker til politiske utval blir skrivne på vegner av rådmannen og skal godkjennast av rådmannen. Saker som kan røra arbeidsområde/ansvarsområde til andre kommunalavdelingar skal drøftast/ klarerast med desse før saka blir lagt fram for politiske utval Ansvar for behandling av personopplysingar blir delegert til kommunalsjef som skal sjå til at lov og forskrift blir følgde innanfor ansvarsområda til avdelinga. Dersom det er uklare ansvarsområde mellom avdelingane skal dette avklarast mellom rådmann og stabs-/kommunalsjefar. Vedtak som kan ha verknad for andre avdelingar, skal avklarast med andre relevante medlemmer i rådmannen si leiargruppe og/ eller rådmannen. Kommunalsjef har fullmakt til å avgjera alle kurante enkeltsaker og saker som elles ikkje er av prinsipiell tyding, innanfor ansvarsområdet sitt, så lenge ikkje anna kjem fram av lov, forskrift, reglar eller reglement vedteke av heradsstyret eller faste utval. Rådmannen delegerer til stabs-/kommunalsjef fullmakt til å melda lovbrot til politiet på vegne av kommunen. Stabssjef for innbyggjarservice har fullmakt til å melda brot på personvern til Datatilsynet. Kommunalsjef for helse og omsorg har fullmakt til å melda om lovbrot til Fylkeslegen. Desse fullmaktene kan ikkje delegerast vidare. Rådmannen skal varslast når eit lovbrot blir meldt.

4. MYNDE SOM IKKJE ER DELEGERT Delegasjon etter dette reglementet gjeld ikkje for: - Avgjerd om tenestereiser til utlandet - Avgjerd om servering av alkohol for kommunen si rekning Slike saker blir lagt fram til rådmannen for avgjerd.