Tema: Eg var framand



Like dokumenter
ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Brødsbrytelsen - Nattverden

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Til deg som bur i fosterheim år

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Tema: Jeg var fremmed

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Velkomen til soknerådskurs

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Vår grøne. kyrkjelyd

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

I SAMLING 5 SYNDSBEKJENNELSE 1 FORBEREDELSE

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min


Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

G2 Høsten Preludium Det synges lovsanger fra kl Liturg tar plass bak alteret mot slutten av preludiet. 2.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Gudsteneste. Redigert av Kjetil Kringlebotten

Ledersamling Betania Av Olav Vestbøstad

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Kva er økologisk matproduksjon?

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ORDNING FOR KONFIRMASJON

«Ny Giv» med gjetarhund

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Forbønn for borgarleg inngått ekteskap

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Jon Fosse. For seint. Libretto

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Ordning for hovedgudstjeneste Modum menighet

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Valdres vidaregåande skule

Gravferd. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Transkript:

Nynorsk Tema: Eg var framand Freds- og menneskerettssøndagen 2005 2. søndag i advent Innhald: I Innleiing s. 2 II Forteljingar s. 4 III Fakta s. 6 IV Liturgiske byggjeklossar s. 13 V Annan informasjon s. 19 Den norske kyrkjas nord-sør-informasjon (KUI) Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja 1

I. Innleiing På freds- og menneskerettssøndagen i år (2. søndag i advent) ønskjer vi å setje søkjelys på asylsøkjarar, flyktningar og taterar, deira menneskeverd og krenkinga av det. Dette oppdraget har vi fått frå Gud fordi vi er menneske skapte i Guds bilete. Han har gitt oss menneskeverd, og vi pliktar å kjempe for alle menneske og deira uendelege verdi. Vi er Guds hender på jorda, og i samhandling med Gud kviler det eit ansvar på oss for å forvalte rett og å vere med og skape rettferd og fred. Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør. (Menneskerettsfråsegna, artikkel 1) I år har vi trekt fram grupper som treng å kome i søkjelyset og få støtte og mot til å styrkje menneskeverdet sitt: a. asylsøkjarar og flyktningar i Noreg (med søkjelys på Burma) b. internt fordrivne og forfølgde i andre land (med søkjelys på Burma) c. utsette grupper i Noreg (med søkjelys på taterane) Det er fleire organisasjonar og institusjonar som arbeider mot desse gruppene i Noreg og i andre land, men kyrkja er ein viktig medspelar og kyrkja kan vise veg, lokalt og globalt. Bruk av materialet Vi oppmodar norske kyrkjelydar til å markere 2. søndag i advent (4. desember 2005) som freds- og menneskerettssøndag. Adventstida handlar om lys som blir tende, og tekstane i år er henta frå Lukas 12,35 40 (preiketekst); Joel 3,3 5; Hebr 10,35 39. Det berande elementet er håpet om Herrens kome. I opplegget presenterer vi nokre forteljingar og faktaark i tillegg til enkle liturgiske byggjeklossar. Det kan inspirere til å lyfte fram menneskeverdet, krenking av menneskeverdet og fredsskaping/forsoning i lys av det kristne håpet både i ei vanleg høgmesse og i ei temagudsteneste. Bruk det som er relevant for dykk gjerne i samarbeid med asylsøkjarar/innvandrarar/taterar i nærmiljøet. Materiellet er utarbeidt og redigert av Camilla Buzzi, Kyrkjas naudhjelp, og Estrid Hessellund, Den norske kyrkjas nord-sørinformasjon (KUI), og omsett til nynorsk av Norunn Stendal Aksnes. Faktainformasjonen er henta frå Flyktninghjelpa, Menneskerettsfondet, Kyrkjas naudhjelp og flyktningkontoret i Froland kommune. I tillegg har vi brukt innspel frå samarbeidet mellom Den norske kyrkja og Taternes landsforening. Har du kommentarar eller ønskjer meir informasjon, kan du kontakte Den norske kyrkjas nord-sør-informasjon (KUI) på www.kui.no eller på telefon: 23 08 12 00/23 08 12 76. Vi ønskjer Guds velsigning over det lokale arbeidet med freds- og menneskerettssøndagen i år! 2

Olav Fykse Tveit Estrid Hessellund generalsekretær dagleg leiar Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja Den norske kyrkjas nord-sør-informasjon (KUI) Adressa til Kyrkjas hus: Postadresse: Postboks 799 Sentrum, 0106 Oslo Besøksadresse: Rådhusgata 1 3, 0106 Oslo Sentralbordnummer: 23 08 12 00 Faksnummer: 23 08 12 01 E-post: estrid.hessellund@kirken.no 3

II. Forteljingar a) Asylsøkjarar og flyktningar i Noreg Alt må vi kjøpe for pengar. Ein mannleg burmesisk flyktning i Froland fortel. I Burma er pengeverdien særs låg. Likevel må vi kjøpe alt for pengar. Døme på det kan vere førarkort, utdanning, jobb, venner og til og med koner. Sidan pengeverdien er så låg, må du ha ei stor lommebok, for du treng ein god bunke setlar berre for å kjøpe kaffi. Derfor er det status å ha stor lommebok. Stor lommebok tilseier mange setlar. Når du besøkjer ein butikk, ser dei tilsette på lommeboka og behandlar deg deretter. Derfor er det ikkje uvanleg å fylle lommeboka med lommetørkle og liknande for å få ei verdig behandling på ein handletur. Går du og handlar, er det ingen varer som har fast pris. Med stor lommebok får du tilgang på ei rekkje varer til ein pris du kan prute på. Elles kan det vere at ekspeditøren berre seier at vara er for dyr eller ikkje til sals. Eg liker å handle i Noreg. Eg treng ikkje å bruke så mykje tid i butikken. Alle varer har ein pris. Av og til er eg heldig og finn noko på tilbod. Eg synest det er morosamt å kjøpe sommarklede på tilbod om vinteren og vinterklede på tilbod om sommaren. I Burma må dei kjøpe seg gjennom livet frå dei blir fødde til dei døyr. Når ei kvinne skal føde, set ho seg høggravid på utsida av sjukehusdøra. Ho må først betale ein bunke pengar for å kome inn, deretter for å få eit rom og så for å få ein sjukepleiar til å hjelpe med sjølve fødselen. Vaksiner og det ho treng undervegs, kostar sjølvsagt òg. Eg har to barn. Dotter mi vart fødd i Malaysia. Då fekk eg ikkje vere med på sjukehuset og måtte sitje utanfor heile natta og leike med myggen. Son min vart fødd i Noreg. Her fekk eg vere med og trong ikkje å betale. Alt var i orden, og etter fødselen fekk eg til og med mat og kaffi. Dei kom med eit norsk flagg og blomstrar. Kona mi var på sjukehuset i fem dagar og fekk all maten gratis. Ho synest òg at maten på sjukehuset smakte godt. Dersom det var mogeleg, ville ho gjerne ha vore lenger på sjukehuset. Vi vart veldig glade i sjukehuset fordi vi fekk mykje hjelp. Når ein blir gammal, sparer ein pengar til å få ei verdig gravferd. Møter du til dømes ein mann som er 75 år (20 år eldre enn gjennomsnittalderen i Burma), vil han seie at han ikkje har pengar til å døy. Slike gamleheimar som de har i Noreg, har dei i Burma òg, men dei er reserverte for rike menneske med rike familiar, gjerne dei som høyrer til det militære. Dei gamle i Burma bur saman med familien og hjelper med å passe barna. Når dei ikkje klarer seg sjølv, må familien passe dei. Når dei døyr, er ein glad, for då kan ein arve ting som ein kan selje, og få pengar. Livet i Burma er heile tida ein kamp om pengar for å unngå fattigdom. b) Internt fordrivne og forfølgde i andre land (Burma) Episoden nedanfor fann stad i ein landsby i Tamu kommune i delstaten Sagaing i juli 2000. Den nasjonale ligaen for demokrati (NLD, politisk parti med nobelprisvinnaren Aung San Suu Kyi som leiar) rapporterte episoden i august same året: 4

Den 7. juli 2000 drog formannen for dei lokale styresmaktene i Tamu kommune, kaptein Khin Maung Myint, og følgjet hans til sjuandedagsadventistkyrkja i landsbyen Tin-ka-ya, om lag 1 mil frå Tamu. Då han kom fram, gav kapteinen ordre om at overhovudet for landsbyen, U Htaung Kho Yan, og andre lokale leiarar, mellom andre U Htan Lein, som er lærar ved misjonsskulen i landsbyen, skulle møte han i kyrkja. Då dei kom til kyrkja, planta kaptein Khin Maung Myint militærstøvlane sine tungt på preikestolen og braut ut: Kven har gitt løyve til å opne skulen? Kvar er løyvet? Denne handlinga viser eit tydeleg overgrep, og dessutan mangel på respekt for kulturen, i og med at kristne normalt tek av seg på beina for å vise respekt på denne staden. Dei eldste for kyrkja forklarte høfleg at både misjonsskulen og skulen for religiøs opplæring vart opna i 1976 for å sikre undervisning i grunnleggjande leseog skrivedugleik. Men kaptein Khin Maung Myint nekta å godta forklaringa deira. I staden gav han ordre om at U Htaung Kho Yan og U Htan Lein skulle stille seg opp framfor han. Begge vart slått i ansiktet og på ryggen med offerposane i kyrkja. Men kapteinen var framleis ikkje fornøgd. Han tok ut revolveren sin og retta han mot hovudet først til den eine, så til den andre. Deretter tok han ut to kuler og skrytte: Desse kulene er til dykk chinar 1, medan han heldt fram med å slå dei. Kapteinen øydela fleire stolar, biblar og lydanlegget oppe ved preikestolen. Han skjelte ut både chin-folk og kristne, og nokre av uttrykka hans var så grove at dei ikkje eignar seg å ta opp att. Deretter vart U Htaung Kho Yan og U Htan Lein arresterte og førte til politistasjonen i Tamu. 10. juli 2000 gav kaptein Khin Mung Myint ordre om å stengje alle dei kristne skulane i kommunane. Nyheita vart kringkasta i utanlandske medium i midten av juli. Det gjorde kaptein Khin Mung Myint rasande. U Pa Jya Kan, presten i kyrkja, vart arrestert og send til politiarresten, der det er vanleg med tortur og forfølging. I tillegg vart alle i landsbyen i Tin-ka-ya tvinga til å pløye ein del av den private jorda til kapteinen som straff. Kjelde: Fråsegn frå leiinga i Den nasjonale ligaen for demokrati (NLD nr. 126 [8/00] i omsetjing datert 7. august 2000 [tilgjengeleg på www.ncgub.net, under NLD statements ]). c) Taterane i Noreg Diskriminering Eg fekk min første jobb som ekspeditrise i ein daglegvarehandel. Sjølv om eg helst ville halde fram på skulen eg hadde gjort det godt og syntest det var moro måtte eg arbeide, og eg var fornøgd med stillinga eg hadde fått. Det varte likevel ikkje lenge. Kvar gong noko mangla i butikken eller det var manko i kassa, fekk eg skulda. Det var ikkje mogeleg å overbevise nokon om at taterjenta var uskuldig. Så det tok ikkje lang tid før eg måtte slutte. Fortalt av ei kvinne i 40-åra. Ho arbeider no som sjølvstendig næringsdrivande. Framtidshåp Son min er berre halvt tater. Eg har ikkje reist med han, ville han skulle få med seg all skulegangen. Men då dei fekk særoppgåve om taterane, vart han heilt tend og veldig interessert i å vite om livet på landevegen. Det var rart å sjå at han var stolt av å vere tater og fritt fortalde det til skulekameratane. Fortalt av ein far som håpar på ei framtid for sonen der det ikkje er noka bør å vere tater. 1 Chinar er ein av fleire etniske minoritetar i Burma. 5

Sommarliv Kvar vår legg eg av garde. Eg har ei gammal stasjonsvogn som eg pakkar varene i. Eg reiser åleine frå tidleg om våren til seint på hausten. Det er ikkje råd å vere i ro då. Sjølv om eg reiser åleine, har eg familien i nærleiken og besøkjer dei. Eg har reist heile livet og kunne ikkje tenkje meg å vere bufast i sommarhalvåret. Fortalt av ei kvinne i 50-åra, busett i Kongsvinger-området. III. Fakta a) Asylsøkjarar og flyktningar i Noreg FNs høgkommissær for flyktningar opplyser at det var 9,2 millionar flyktningar i verda i 2004. Av desse held 2,1 millionar til i Europa. Flyktningar som bur i Noreg, er anten komne hit på individuelt grunnlag eller via FNs høgkommissær for flyktningar. Etter UDI er det samla talet på personar som søkjer asyl i Noreg, gått ned dei seinare åra, men ein større del av dei som søkjer asyl, får opphald fordi dei har behov for vern. 4200 flyktningar fekk asyl, vern eller opphald av humanitære årsaker i Noreg i 2004 2. Av dei var rundt 800 overføringsflyktningar frå FN. Innan utgangen av 2005 skal Noreg ha teke imot rundt 1000 overføringsflyktningar. Dei seinare åra har dei fleste overføringsflyktningane kome frå Burma (Myanmar) og Aceh i Indonesia, Den demokratiske republikken Kongo, Liberia, Burundi og Iran (kurdarar). Flyktningane frå Burma er ei av dei aller største gruppene med overføringsflyktningar, og òg ei ny flyktninggruppe i Noreg. Noreg har teke imot overføringsflyktningar frå Burma sidan 2001. Før dei kom til Noreg, budde dei fleste anten i Malaysia eller i Thailand. I dag bur det mellom 650 og 700 burmesiske flyktningar i Noreg. Burma er eit land med eit mangfald av ulike etniske og religiøse grupper. Det kjem òg tydeleg fram hos dei flyktningane som er komne til Noreg. Fleirtalet av flyktningane som er komne til Noreg via Malaysia, høyrer til chin-folket og er kristne. I tillegg har Noreg teke imot muslimske rohingya-flyktningar og kristne karen-folk, dessutan fleire andre folkegrupper frå Burma. Det er fleire årsaker til at folk må flykte frå Burma. Det store fleirtalet av dei som flyktar, høyrer til ulike etniske minoritetar som bur i burmesiske grenseområde, som chin-, rohingyaog karen-folket. Etniske og religiøse minoritetar i Burma opplever diskriminering på mange frontar. Språket og kulturen til det burmanske fleirtalet blir fremja slik at det går sterkt ut over kulturen til dei mange minoritetane, medan buddhismen blir fremja slik at dei som taper, er kristendommen, islam og tradisjonelle former for åndetru som primært er viktige hos mange etniske grupper 3. 2 Sjå UDIs årsrapport for 2004, s. 4, tilgjengeleg på http://www.udi.no/upload/publikasjoner/årsrapporter/årsrapp.pdf 3 Ordet burmesar blir brukt om ein person frå Burma, medan ein burman er ein person frå den største etniske gruppa i landet. 6

Burma er òg eit land i krig. Krigen har vart sidan Burma vart sjølvstendig i 1948, og krigføringa har først og fremst vore retta mot dei etniske minoritetane. Mange flyktar hals over hovud på grunn av kamphandlingar og overgrep frå soldatane. Blant anna tvingar hæren sivile til å gå framfor soldatane som levande minesveiparar mot landminer, og til å bere utstyr når soldatane er ute i felten. Det har vore tvangsflytting av heile landsbyar og hundretusenar av menneske, omfattande bruk av ulike former for tvangsarbeid, tvangsrekruttering av barn til soldatar, valdtekt og andre seksuelle overgrep mot kvinner og jenter og tortur og utanomrettslege avrettingar. Fleirtalet av folket i Burma er bønder og overlever på det dei sjølv kan dyrke. Når landsbyar blir tvinga til å flytte og folk mister retten til å dyrke markene sine utan at dei får tilbod om noko alternativ, blir det umogeleg for mange å overleve. I tillegg konfiskerer hæren ofte mat og det som elles trengst til livsopphald, fordi soldatane treng provianten sjølv. Nauda som krigen skaper, og den hardhendte måten hæren behandlar sivilbefolkninga på, er viktige årsaker til at folk blir tvinga på flukt 4. Andre blir tvinga på flukt fordi dei set seg opp mot militærdiktaturet og protesterer mot mangelen på fridom og grunnleggjande menneskerettar. Politiske aktivistar blir pressa til å forlate landet for å unngå å måtte sone mange år under uverdige tilhøve i burmesiske fengsel. b) Internt fordrivne og forfølgde i andre land Den globale flyktningsituasjonen har endra karakter dramatisk sidan den kalde krigen. Den typiske flyktningen i byrjinga av det nye tusenåret er ikkje eit enkeltindivid som rømer frå autoritære regime. Dagens flyktningbilete er masseflukta frå krig og vald, noko som skaper store utfordringar for heile det internasjonale samfunnet. Internt fordrivne (IDP Internally Displaced People) Kvinner og barn utgjer mellom 70 og 80 % av dei internt fordrivne. Av dei millionane sivile som i ulike land har måtta forlate heimane sine for å leite etter ein trygg plass, har mange vorte skilde frå den nærmaste familien på reisa. Tallause fordrivne kvinner har fått ansvar for ve og vel i familien fordi mennene deira flykta til andre område, vart tvinga inn i hæren, arresterte eller drepne. Når mennene er borte, må kvinnene ta seg av både barn og eldre familiemedlemmer. Land der svært mange IDP-kvinner er familieansvarlege: Angola, Aserbajdsjan, Bosnia/Herzegovina, Burundi, Colombia, Kongo, Etiopia, Georgia, Guinea, Kenya, Indonesia, Liberia, Rwanda, Den russiske føderasjonen, Somalia, Sudan, Uganda. I ein situasjon prega av krig, er seksuell vald mot dei internt fordrivne kvinnene eit stort problem. Det store fleirtalet av desse kvinnene får ikkje tilbod om helse- og psykologhjelp, og mange er i tillegg redde for å rapportere misbruka. Lokale og internasjonale aktørar har sett i gang kampanjar mot seksuelt misbruk og vald, noko som har hjelpt til å få problemet fram i lyset i fleire land med mange internt fordrivne, til dømes Kongo og Burundi. Det er vanskeleg å seie om det så langt har ført til reell nedgang i talet på valdstilfelle. 4 Sjå til dømes Amnesty International: Myanmar: Tens of thousands facing forced labour, beatings and theft. AI Index: ASA 16/024/2005, 7. september 2005. 7

Organisasjonar som Flyktninghjelpa og Kyrkjas naudhjelp med støtte frå norske styresmakter og det norske folk vil møte desse utfordringane ved å arbeide vidare for flyktningar og internt fordrivne både praktisk og politisk. Ei ung kvinne sel mat i ein leir for internt fordrivne i Somalia. Foto: GIDPP / J.H. Eschenbächer Chin-folket i Burma Chin-folket er ein av mange etniske minoritetar i Burma. Landet er eit av dei etnisk mest mangfaldige landa i Søraust-Asia. Styresmaktene meiner det finst 135 ulike folkegrupper i landet, basert på språk og dialektforskjellar. Men det er vanlegare å snakke om åtte ni hovudgrupper i tillegg til folk med indisk og kinesisk opphav. Den største gruppa er burmanane, som har gitt namn til landet. Bustad er eit viktig skilje mellom gruppene. Burmanar flest bur i det sentrale slettelandet langs Irrawaddy-elva, som renn gjennom Burma frå nord til sør. Mange av minoritetsfolka bur i grenseområda mot dei burmesiske nabolanda, som ofte er fjellområde. Her har dei utvikla eit tradisjonelt levesett som er annleis enn det burmanske. Også kultur og religion er viktige skilje. Medan burmanar flest er buddhistar, snakkar burmansk språk og følgjer burmansk kultur, har minoritetane sine eigne språk og kulturar. Folkegrupper som chinar, kachinar og karenniar er hovudsakleg kristne. Også mange av karen-folket er kristne, og stort sett alle karen-flyktningar som er komne til Noreg, er kristne. Chin-folket er den minste av dei fremste etniske minoritetsgruppene i Burma 5. Ein reknar med at det bur ½ 1 mill. chinar i Burma. Namnet chin er eit burmesisk ord. Sjølv har chinfolket ulike namn på seg sjølv, men alle sluttar med stavinga -zo. Namnet chin femner dermed eit femtital mindre folkegrupper som har ulike dialektar. Det finst 44 dialektar blant chin- 5 Dei fremste etniske minoritetsgruppene i landet er burmanar, shanar, karenar, arakanesarar, monar, kachinar, karenniar, chinar og rohingyaer. 8

folket i Burma, og alle kan ikkje forstå kvarandre. Men alle deler kjensla av å høyre til same folket. Og det finst mange mytar i chin-kulturen som handlar om felles slektskap og opphav. Chin-folket bur i det nordvestlege Burma, hovudsakleg i delstaten Chin, mot grensa til India. Det bur òg mange chinar på andre sida av grensa, i India. I India blir chin-folket kalla mizoar. Det bur chin-folk i Bangladesh òg. Ein av dei viktigaste forskjellane mellom chin-folk og burmanar er at chin-samfunnet er bygt opp rundt stammer av ulike klanar, slekter og familiar. Dei ulike klanane brukte å ha hovudbase i ein landsby, og så spreidde dei seg rundt denne landsbyen. Før i tida hadde dette landsbysystemet stor politisk vekt i og med at stamme- og klanleiarane òg hadde mykje makt. Slik er det ikkje nødvendigvis i dag. Men det har framleis stor sosial verdi. Når chin-folk treffest, kan det å prate om familie og slekt og på den måten prøve å finne klan- og slektskapsband seg imellom ofte vere ein viktig måte å bli kjend på. Tradisjonelt har chinfolket heller ikkje brukt etternamn, men når dei flyttar til vestlege land som Noreg, tek somme klannamnet som etternamn. Dei burmanske områda av Burma og områda til dei etniske minoritetsgruppene vart samla i eitt land først då britane den tidlegare kolonimakta i Burma trekte seg ut og Burma vart sjølvstendig i 1948. Eit av dei mange problema for Burma er derfor at mange ikkje kjenner seg som ein del av same landet landet manglar ein felles nasjonal identitet. Burmanane og kulturen deira dominerer på mange område. Chinar og andre minoritetsgrupper blir diskriminerte. Mange kjenner seg underlegne fordi dei ikkje blir behandla likt med burmanane, og mange synest det er vanskeleg å stole fullt ut på burmanane, som er vande til å få det som dei vil. Chin-staten er ein av dei fattigaste og mest isolerte delstatane i Burma. Fleirtalet av dei som bur her, er bønder og lever av det dei sjølv kan dyrke. Dei kan blant anna dyrke eple og appelsinar og drive silkeormoppdrett. Haka er delstatshovudstaden, men elles finst det svært få byar i Chin-staten. Delstaten har få ressursar og lite å by på som kan setje fart i utviklinga. Kommunikasjonen er dårleg utbygd. Det finst ingen jernbanelinjer, men det er bygt ein veg til Rangoon, hovudstaden i Burma. Mange har svært dårleg tilgang til helse- og skuletilbod. Det braut ut væpna opprør i Chin-staten i 1988, same året som militærjuntaen som styrer Burma i dag, kom til makta i eit blodig kupp. Då vart Chin National Front (CNF) oppretta. Burma er eit land i borgarkrig. Dei fleste etniske gruppene i landet har på ulike tidspunkt teke til våpen mot sentralregjeringa for å protestere mot det dei oppfattar som undertrykking og forsøk på å utslette dei som folkegrupper, og deira kultur. Dei eldste etniske væpna gruppene finst i Aust-Burma, som t.d. karengeriljaen, Karen National Union (KNU). CNF er ei av dei yngste av desse væpna opprørsgruppene. Men det finst òg ei ikkje-valdeleg motstandsrørsle i Chin-staten. Dei fleste chin-flyktningane som bur i Noreg, har halde til i Malaysia før dei kom hit. Nokre kan ha budd i Malaysia i mange år, medan andre har vore der berre ein kort periode før dei har reist vidare til Noreg. Tidlegare flykta mange chinar heller til India enn austover mot Thailand og Malaysia. Dei busette seg i dei indiske delstatane som grensar mot Burma, slike som Mizoram, Manipur og Nagaland. Her kom ofte lokalbefolkninga òg frå ulike chin-grupper. Men dei seinare åra har dette vorte vanskelegare, og fleire finn derfor andre utvegar. 9

Malaysia godkjenner ikkje flyktningar. Derfor blir flyktningar som bur i Malaysia, rekna som ulovlege innvandrarar. For å overleve må dei fleste stort sett ta jobbar som ikkje krev særskilt utdanning, og der dei er ei svært billig arbeidskraft (i byggjenæring, fabrikkarbeid, hotell og restaurantar). Fordi dei fleste chinar ikkje har lovleg opphald i Malaysia, er dei eit lett bytte for meir skruppellause arbeidsgivarar som vil utnytte dei. I tillegg lever dei fleste i redsle for å bli arresterte av malaysisk politi. Å bli godkjend som flyktning av FNs høgkommissær for flyktningar hjelp ikkje alltid. Men er ein heldig, kan ein betale seg ut dersom ein blir stansa av politiet. Då blir korrupsjon redninga. For dei som har papir frå Høgkommissæren, kan det bli redninga dersom eit anna land seier seg villig til å ta imot flyktningane. Fleire av flyktningane som er komne til Noreg, har såleis kome hit så å seie rett frå fengselscella. Religiøs forfølging i Burma Flyktningar frå chin-folket har ofte opplevt både politisk, etnisk/kulturell og religiøs forfølging. Derfor må ein sjå desse tilhøva i samanheng for å kjenne bakgrunnen til chinflyktningar i Noreg. Ein del av dei som flyktar frå Chin-staten, sympatiserer med CNF eller andre opposisjonsgrupper, eller dei er skulda for å støtte motstandsrørsla. Ei skulding kan i seg sjølv vere nok til at ein ikkje lenger kan kjenne seg trygg og blir nøydd til å flykte. Andre kan ha opplevt overgrep på grunn av krigføringa i delstaten. Det væpna opprøret i Chin-staten har ført til at regjeringshæren har vakse kraftig etter 1988. Derfor kan ein med rette snakke om ei militarisering av denne delstaten. Éin konsekvens av militariseringa er at talet på overgrep frå soldatar har auka kraftig, til tider som ledd i krigføringa. Både motstandarar mot regimet og uskuldige offer blir ramma. Det kan vere overgrep som arrestasjonar, tortur og avrettingar, men òg at soldatane konfiskerer ris og det som elles trengst til livsopphald, eller at ein blir tvangsrekruttert til å arbeide for hæren. Slike overgrep har òg langsiktige konsekvensar fordi dei riv botnen unna livsgrunnlaget for mange bondefamiliar. Andre har opplevt diskriminering på grunn av etnisk identitet. Til dømes er burmesisk det einaste offisielle språket i Burma. I skulane underviser dei berre på burmesisk. Det same gjeld dersom ein skal kommunisere med offentlege styresmakter. Men mange chinar og andre etniske minoritetar snakkar ikkje flytande burmesisk. For dei er det eit framandspråk som kan vere vanskeleg å bruke. Dermed blir det tyngre å skaffe seg utdanning eller få arbeid. Også for dei som er i utdanning eller jobb, kan det vere vanskeleg. Folk som ikkje er buddhistar eller ikkje snakkar flytande burmesisk, kan oppleve diskriminering til dømes når det gjeld kva stillingar dei kan rekne med å få. Fleire opplever òg diskriminering på grunn av religion. Religion er ein av fleire måtar å skilje mellom ulike folkegrupper i Burma på. For mange er religion derfor svært viktig for identitetskjensla. I Burma til dømes blir det sagt at å vere burman er å vere buddhist. Dei viktigaste minoritetsreligionane i Burma er kristendom, islam og ulike former for tradisjonell åndetru. Desse er dei mest vanlege blant etniske minoritetar. På grunn av motsetningane mellom det burmanske fleirtalet og mange etniske minoritetar har derfor religion fått svært mykje å seie også politisk og er bakgrunnen for dei alvorlegaste konfliktane i Burma. 10

Kristendommen kom til Burma på 1800-talet med vestlege misjonærar, ofte amerikanske baptistar, og spreidde seg primært blant etniske folkegrupper som levde langs grenseområda. Det var om lag på denne tida den britiske koloniseringa av Burma tok til, men misjonærane var ikkje ein direkte del av koloniseringsprosessen. Likevel blir kristendommen assosiert med den gamle kolonimakta. Etter sjølvstendet fekk det mykje å seie at kristendommen primært var utbreidd blant minoritetsgrupper, spesielt etter kvart som det braut ut væpna opprør mellom dei. På den måten vart kristendommen òg knytt til opprør og motstand mot dei sentrale styresmaktene. Islam er spesielt utbreidd blant burmesarar av indisk opphav. Desse slektene kom til Burma i kolonitida anten for å arbeide i den britiske koloniforvaltninga eller som handelsfolk og arbeidarar. Etter sjølvstendet vart mange tvinga til å forlate Burma, men folk av indiske anar blir framleis utsette for rasisme. I tillegg blir Islam knytt til folkegruppa rohingya, som bur i Vest-Burma. Denne folkegruppa er spesielt utsett for diskriminering fordi dei er statslause. Verken Burma eller nabolanda godkjenner dei som statsborgarar. Også mange vanlege burmesarar er negative til rohingyaene; dermed opplever dei å bli sett ned på frå fleire kantar. Både kristne og muslimar blir forfølgde i Burma. Det kjem dels av dei allmenne tilhøva i landet med mangel på ytrings-, møte- og organisasjonsfridom. Alle frivillige organisasjonar i landet må registrere seg sjølv om det i teorien ikkje skal vere nødvendig for religiøse grupper. Men i praksis må òg religiøse organisasjonar gjere det; dermed er det mogeleg for styresmaktene å overvake aktivitetane deira, sensurere materiale osv. Når det gjeld trakassering av muslimar, har det til dømes vore rapportert om øydelegging av moskear, om valdshandlingar retta mot muslimar, og om overvaking av personar. Muslimar blir pålagde ulike restriksjonar både når det gjeld å kunne reise fritt rundt i landet og å utøve religionen sin. Kristne frå ulike etniske grupper har rapportert om liknande tilstandar. Tvangsarbeid er utbreitt over heile Burma, men særleg i minoritetsområde. I Chin-staten lever mange etter ei konservativ form for kristendom og legg stor vekt på å halde kviledagen heilag. Militæret tek likevel ikkje omsyn til slikt og tvingar dei gjerne til å arbeide for seg på søndagar òg. Også andre episodar vitnar om manglande respekt for tilhøve som mange chinar meiner er svært viktige for religionen deira. Det er til dømes rapportert at buddhistmunkar blir sende til Chin og andre minoritetsområde for å drive misjonering og omvende ikkje-buddhistar til buddhismen. I muslimske område har det vore meldt om bygging av buddhistiske pagodar. I andre tilfelle blir religionsfridommen broten ved at hæren konfiskerer og brenner biblar og annan religiøs litteratur, ved at gudstenester og bønemøte blir avbrotne eller forhindra og ved at bygging av kyrkjer og andre religiøse bygningar blir stansa eller forbodne. Det er òg kjent at prestar og andre religiøse leiarar har vorte fengsla og i nokre tilfelle drepne. Slike overgrep får store konsekvensar fordi prestane ofte òg er viktige leiarar i lokalsamfunna. c) Taterane i Noreg Bakgrunnen for at Den norske kyrkja arbeider med tilhøvet til taterane 11

På Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja i 1998 var menneskerettar eit hovudtema, og saka Arbeid med menneskerettar i Den norske kyrkja overgrep mot dei reisande / taterane fekk spesiell merksemd. Det hadde kome i gang ein dialog, og Kyrkjemøtet bad om at dialogen måtte halde fram. No blir dialogen ført vidare gjennom ein samarbeidsavtale med Taternes landsforening ein av organisasjonane for dei reisande / taterane. Avtalen handlar om tiltak for å sikre individuell og kollektiv oppreising og dessutan informasjonsspreiing. Når vi snakkar om arbeid for menneskerettar, handlar det ofte om land og folk langt utanfor Noreg. Men midt iblant oss har vi eit folk, taterane, som har lide ein vond lagnad i det norske samfunnet. Det handlar om forsøk på å endre kulturen og identiteten til eit heilt folk. Intoleranse er ein konstant trussel mot alt menneskeleg fellesskap. I vårt land er taterane ei av dei minoritetsgruppene som mest har fått smake det. Også når storsamfunnet hadde tankar om det gode liv, førte det til konformitetspress og tvang, ja til og med overgrep mot medmenneske. Tiltak som var godt meinte, fekk leie utslag. No er ein i ferd med å rulle opp dette i ei historie som er ukjend for svært mange. På den andre sida finst det òg dei taterar som kan vitne om at tiltaka frå storsamfunnet vart redninga frå eit liv i fattigdom og utan alternativ, i nokre tilfelle frå rusbruk òg. Når vi ser tilbake på det førre hundreåret, må vi erkjenne at kyrkja har hatt ei viktig rolle i denne historia som instrument for tankar og vilje i samfunnet. Det handlar om noko som kyrkja over heile verda strevar med å finne ut av og sortere rett, nemleg tilhøvet mellom evangelium og kultur. For Den norske kyrkja er tilhøvet til taterane ei av dei tunge leksene i denne læringsprosessen. På bakgrunn av ny erkjenning av det tilhøvet fleirtalet har til mindretalskulturar, og ny erkjenning av dei grensene som vernet om den personlege integriteten set for samfunnsstyrte tiltak, er det all grunn til å seie seg lei for den rolla kyrkja har hatt når det gjeld til taterane. Ja, meir enn det: På vegner av kyrkja må vi be taterfolket om tilgiving. Kyrkjemøtet for Den norske kyrkja har alt gjort det. På menneskerettssøndagen 1999 vart alle kyrkjelydane i landet bedne om å ta med informasjon om dialogen med taterane og ei bøn om tilgiving. Likevel som så ofte elles i tilhøvet mellom menneske kan vi aldri gjere oss noko håp om å kome så langt at vi kan seie: No er godt og gale, pluss og minus gjorde om og gjorde opp. No kan vi gå vidare fordi rekneskapen er i balanse. Evangeliet taler til oss alle om forsoning same kven vi er og kva slags samanheng vi står i. Derfor er bøna om tilgiving ei bøn om det forsonande fellesskapet som går ut frå Jesus Kristus, han som kan gjere alle ting nye! Kjelde: Informasjon frå Kyrkjerådet 1999 Sjølv om den tidlegare assimileringspolitikken har skapt varige sår hos mange, er vi i ferd med å definere på nytt kva det kan innebere å vere tater i Noreg i dag. Taterane har fått stort gjennomslag for kravet om oppreising og erstatning for den tidlegare politikken. Det verkar vanskelegare å erkjenne at taterane blir utsette for diskriminering i dag, og at dei er ein levande minoritet i det norske samfunnet. Framleis står det mykje att når det gjeld å byggje opp att taterkulturen. Enno manglar vi svar på kva det vil seie å vere tater i det 21. hundreåret. Det trengst ein iherdig innsats både frå styresmaktene og taterane sjølv for å ta vare på og utvikle taterkulturen vidare som ein del av det fleirkulturelle Noreg i dag. 12

Kjelde: Rune Halvorsen: Taternes arbeid for oppreisning og anerkjennelse i Norge. Tapirakademisk forlag 2004. IV. Liturgiske byggjeklossar Dei liturgiske byggjeklossane nedanfor følgjer gangen i gudstenesta, men det er opp til kvar tilretteleggjar å velje ut det som passar i den lokale gudstenesta. Velkomstord Der menneske blir såra, kjem evangeliet med lækjedom. Der menneske blir nedslått, reiser evangeliet oppatt. Der menneske blir nedbrotne, kjem evangeliet med helsebot. Der menneske blir utstøytte, gir evangeliet tilflukt. Kjelde: Tokonboh Adeyemo, Diakoni Council of Churches, Sør-Afrika. Omsett og omarbeidt, Fasteaksjonen, Kyrkjas naudhjelp 2003. Dikt: Dei har ikkje namn Dei har ikkje namn. Vi kallar dei flyktningar. Dei har ikkje yrke. Dei er flyktningar. Dei har ikkje heim. Dei har leirar. Dei saknar alt men ikkje tid. Dei er ikkje uvelkomne og ikkje velkomne, dei er gjester men ikkje ukjende. Dei er flyktningar det heiter deira folk, deira rase, deira språk. Forstod vi deira tungemål, høyrde vi dei seie: Gi oss ein fast stad på jorda og vi skal få han til å blomstre. Elva har sine bredder, reiret har sin skog og mauren sin klednad. Men vårt folk som kallast flyktningar, har ikkje eingong ein neve jord som dei kan seie til: Dette er mitt. Gi oss då ein neve med jord og eit fast haldepunkt. Gi oss eit anna namn 13

namnet Menneske. Stig Dagerman. Omsett til nynorsk av Norunn Stendal Aksnes Syndsvedkjenning Refleksjon med bøn om tilgiving L: Det er ikkje lett å helse alle velkomne! Endå vi ønskjer det, er det ikkje alltid lett å seie velkomen til alle som vil bu blant oss eller ønskjer vår hjelp. Gud, det er mange grunnar til at vi synest det er vanskeleg. 1. stemma: Vi synest ofte folk er så annleis i kultur, utsjånad, oppførsel, politikk og religion. 2. stemma: Eller vi synest ikkje vi har nok å dele med dei heime, på arbeidsplassen, på skulen, i gudstenesta, eller nok pengar 3. stemma: Ofte er vi trøytte og manglar overskot til å gi dei den omsorg eller tid dei håpar på. Stille (der kvar kan reflektere over grunnar til at det er vanskeleg) L: Tilgi oss, Gud, når vi er mindre rause enn vi burde. Takk for den nåden du har synt oss. Vi lengtar etter å vise nåde mot andre. Kjelde: Liturgy for Human Rights Sunday 1996, I want to go home. Christian Council of Asia and Uniting Church in Australia. Forbøn for heile menneskeslekta Kyrie eleison L: Lat din fred lyse blant oss, set oss fri gjennom din kjærleik. Lær oss å kjenne deg att i alle menneske. Det ber vi deg om, Herre. Alle: Kyrie L: Herre, du var svolten, tørst og framand, utan klede, sjuk og i fengsel. Tilgi oss kvar gong vi ikkje såg deg, kvar gong vi ikkje såg at ein av dine minste brør og systrer trong hjelp. Miskunn deg Herre over oss. Alle: Kyrie 14

L: Herre, vi ber for alle framande, alle som er rykte opp med rota og prøver å få feste ein annan stad, i eit anna land, ein annan kultur. Vi ber for alle heimlause, for familiar som leitar etter ein stad å bu, og for flyktningar som er drivne bort frå heimen sin. I dag ber vi særleg for burmesiske flyktningar i Noreg og andre stader i verda. Herre, ver dei nær. Alle: Kyrie L: Herre, vi ber for alle som kjempar for rettferd. Hald dei oppe i håpet. I dag ber vi spesielt for Aung San Suu Kyi og andre som kjempar for fridom og respekt for menneskeverdet i Burma. Vi ber òg for kyrkja i verda og særleg for kyrkjelyden vår. Lat kyrkja alle stader gå alle menneske til møtes og skape opne, tillitsfulle og varme fellesskap. Vi roper til deg, Herre. Høyr vår bøn! Alle: Kyrie Kjelde: Jeg var fremmed Studie- og idéhefte om kyrkja og den framande.kui 1998. Bøn for dei framande Gode Gud, vi veit at Jesus og familien hans drog til Egypt som flyktningar då han var eit lite barn. Vi veit at dei var framande i eit nytt land, skilde frå resten av familien, fellesskapet i landsbyen og alt dei var glade i. Vi veit at Jesus i heile si gjerning heldt lag med framande og med dei utstøytte i samfunnet. No ber vi for dei i samfunnet og nærmiljøet vårt som er skilde frå sine kjære fordi dei vart tvinga til å flykte til eit anna land og få arbeid, mellombels opphald eller asyl. Hjelp oss å ønskje dei framande blant oss velkomne slik Jesus gjorde. Lat dei finne ein heim i våre heimar, husrom og vern i våre kyrkjer, teikn på sitt menneskeverd og det å vere Guds barn og våre systrer og brør. Amen. Kjelde: Church of the Stranger, Christian Conference of Asia, 1997. 15

Utdrag frå gudsteneste i Vinger kyrkje 5. juni 2005 ved prost Ingrid Vad Nilsen i samarbeid med Taternes landsforening ved Leif Bodin Larsen o.a. Tema: Det store gjestebodet (Lukas 14,16 24) Preludium med prosesjon Salme: Store Gud, vi lover deg (NoS 270) Inngangsord (med bl.a. introduksjon om Den norske kyrkja og taterane) Syndsvedkjenning L: Lat oss bøye oss for Gud og sanne syndene våre. A: Gud, du ransakar oss og kjenner oss. Heile livet vårt ligg ope for deg. Vi sannar at vi har synda: Vi har misbrukt vår makt og vår veikskap. Vi har late vere å ta ansvar og ikkje stått imot vondskapen. Vi har krenkt menneskeverdet i oss sjølv og andre. L: I dag nemner vi særleg tilhøvet til taterfolket. Som kyrkje må vi seie: Sjå i nåde til oss. Tilgi oss våre misgjerningar og all uretten vi tillét. A: Gud, vi vender oss til deg. Vi forsakar vondskapen og set vår lit til din kjærleik. Vi ber deg, gjer oss heile igjen. L: Til deg som ber om tilgiving, seier eg etter Jesu Kristi ord og bod: Syndene dine er tilgitt. Reis deg, gå vidare, i namnet til Faderen og Sonen og Den heilage ande. A: Amen. Kyrie Gloria L: Ære vere Gud i det høgste. A: Og fred på jorda blant menneske som har Gud har hugnad i. Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilber deg, vi opphøgjer deg. Salme: Jeg vil prise min gjenløser for hans store kjærlighet! (S 97 nr. 64) Bøn for dagen Innlegg om Taternes landsforening ved Leif Bodin Larsen Solosong Tekstlesing: Jes 25,6 7 Salme: De kommer fra øst og vest, de kommer fra syd og nord (Rop det ut, nr.24) 16

Tekstlesing: Op 3,19 22 Truvedkjenning Solosong Preike ved Jonny Borge Luk 14,16 24 Salme: Navnet Jesus blekner aldri, tæres ei av tidens tann (NoS 86) Kunngjeringar Forbøn (etter Forbøn IV i Gudstenestebok for Den norske kyrkja.) Siste leddet lydde slik: L: Lat oss be om fred i verda og om rettferd og fridom for alle menneske. Kari N: Vi ber for taterane i Noreg. Skap eit nytt og forsonande fellesskap mellom oss i gjensidig respekt trass i kulturelle forskjellar. Ver nær hos dei som ber på vonde og bitre minne. Kom til dei med din fred, som går over all forstand. Skap ei ny tru på framtid og håp. Før oss saman i den godhug for kvarandre som er miskunnsam og tilgir, slik du har tilgitt oss i Jesus Kristus. Vi ber for alle minoritetar i Noreg som gjennom den politikken landet vårt har ført, har kjent presset mot sin eigen kultur og levemåte. Vi ber for alle nye landsmenn lær oss å leve med ulikskapar og å sjå rikdommen det gir oss. A: Herre, høyr vår bøn. L: Gode Gud, miskunn deg over vår angstfylte verd. Hjelp oss så vi ikkje blir skuld i ufred og strid, men lever saman i fred og etter din vilje, til du gjer alle ting nye, ved Jesus Kristus, vår Herre. A: Herre, høyr vår bøn. Amen. L: Herre! Gjer meg til ein reiskap for din fred. Kvinner (K): Lat meg spreie kjærleik der hatet rår. Menn (M): Lat meg skape tilgiving der det er gjort urett. K: Lat meg skape forsoning der det er strid. M: Lat meg skape tru der tvilen er sterk. K: Lat meg skape sanning der uvissa rår. M: Lat meg skape lys der mørkret har all makt. K: Lat meg skape glede der sorga tyngjer. L: Å Meister! Lat meg ikkje søkje så mykje å bli trøysta som å trøyste, M: ikkje så mykje å bli forstått som å forstå, K: ikkje så mykje å bli elska som å elske. Alle: For det er ved å gi at vi får. Det er ved å gløyme seg sjølv at vi finn oss sjølv. Det er ved å tilgi at vi blir tilgitt. Det er ved å døy at vi står opp til evig liv. Amen. Ofring 17

Salme: Det er makt i de foldede hender (S 97 nr. 47). Nattverd Songar under nattverden Når vi deler det brød som du oss gir (NoS 642) Jeg vil gi deg, o Herre, min lovsang (S 97 nr. 88) Avslutningssalme: Salige visshet: Jesus er min (NoS 492) Velsigninga 3x3 klokkeslag Postludium 18

V. Annan informasjon Organisasjonar som arbeider med menneskerettar, nasjonal og internasjonal diakoni: Amnesty International: Arbeider primært for å påverke styresmaktene til å sikre sivile og politiske rettar som ytringsfridom, rettstryggleik og fridom frå tortur. Sjå www.amnesty.no Kyrkjas naudhjelp: Arbeider for grunnleggjande menneskerettar i land og regionar over heile verda. Sjå www.nca.no Kyrkjas bymisjon: Arbeider i Noreg med prostituerte, rustiltak, psykisk helsevern, tiltak for barn, ungdom, eldre, o.a. Sjå www.skbo.no Kyrkjas ressurssenter mot vald og seksuelle overgrep: Arbeider i Noreg som samtale- og møtestad, og som ein kompetansestad for kyrkja. E-post: post@kirkens-ressurssenter.no Sjå: www.kirkens-ressurssenter.no FIAN (Food First Information Action Network): Arbeider for å sikre sosiale og økonomiske rettar som retten til mat og retten til å dyrke eiga jord. Sjå www.fian.no Norsk misjon i aust: Arbeider spesielt for religionsfridom og for forfølgde kristne. Sjå www.normis.no Oslo-koalisjonen for trus- og livssynsfridom: Arbeider internasjonalt for trusfridom over heile verda. Sjå www.oslocoalition.no PD Burma International Network of Political Leaders Promoting Democracy in Burma: Arbeider for å fremje demokrati og menneskerettar i Burma. E-post: pdburma@worldviewrights.org Den norske burmakomitéen: Arbeider for å støtte og styrkje den burmesiske demokratirørsla i eksil og i Burma. www.burma.no 19

Vil du lese meir? Vi tilrår: Håp for verden. Kirken og menneskerettighetene med bl.a. ein artikkel av biskop Gunnar Stålsett om menneskeverd og menneskerettar: Hva er da et menneske? Menneskerettigheter og kirken, eit konfirmantopplegg for ein dobbeltime. Jeg var fremmed, eit studie- og idéhefte om kyrkja og den framande. KUI 1998 Materiellet kan du bestille frå Den norske kyrkjas nord-sør-informasjon, Postboks 799 Sentrum, 0106 OSLO, tlf.: 23 08 12 00. OFRING VED GUDSTENESTA til eit prosjekt som gir meining i høve temaet. Vi tilrår Menneskerettsfondet, der eigarane er Den norske kyrkja (ved Mellomkyrkjeleg råd), Kyrkjas naudhjelp og andre u-hjelpsorganisasjonar. Fondet støttar små menneskerettsorganisasjonar i desse prioriterte landa: Nigeria, Liberia, Zimbabwe, India, Pakistan, Colombia og Peru. Offer til Menneskerettsfondet kan de betale inn til kontonummer 16075735700. Adr.: Pb. 6890 St. Olavs plass, 0130 OSLO Meir informasjon om fondet: www.nhrf.no 20