#Norge 2030 Eit annleis OL

Like dokumenter
Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Rekrutteringsplan FBK Voss

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Ungdata-undersøkinga i Seljord FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: klasse Antall: 89

Visjon og verdiar KLAR for Stranda

Hardanger UngdomsTING i Granvin

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

REGIONALE IDRETTSANLEGG

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Handlingsplan Vik IL

Dialogbasert arealutvikling og deltakande demokrati på Jæren. Byregionprogrammet fase 2

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Kvalitet er målet med alt

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

ARBEIDPLAN 2013 VALLDAL IDRETTSLAG

framtida. På lag med Tysvær Venstre

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Grunnlovsforslag ( )

Søknadsinfo:

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Prosjektnamn: Fonnesvågen trivsel, identitet og aktivitet

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Styret i NTF fikk på Tennistinget høsten 2015 i oppdrag å utarbeide konkrete målsettinger basert på den eksisterende Handlingsplanen for perioden.

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Vintervèr i Eksingedalen

Biletbruk på nettet 1 2

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Stortinget.no Regjeringa.no Ulike massemedia. Stortings- og sametingsvalet Historie: Kap 1. Kald krig ei todelt verd

Barnerettane i SKULEN

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Årsplan for

Sluttrapport. VossaAktiv! Prosjektnummer: Prosjektleiar: Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors. Søkjarorganisasjon: Norges Røde Kors

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

HELSE - TRIVSEL - IDRETT

Barn og unge sin medverknad i barnevernet.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

TILLEGGSINNKALLING. Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.16:00. Utval:

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda. BrosjyreA5_husetibygda.indd

IL Valder Ein liten introduksjon for deg som er ny i klubben eller vil melde deg inn IL VALDER SKAL GJERE VALDERØYA TIL EIN BETRE PLASS Å BU

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Strategidokument

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Presentasjonstittel settes her. (Arial Bold: Samme punktstørrelse og leading)

Å fremje felles interesser til beste for barnet

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Program OSTERØY HØGRE

Søknadsprosess for OL/PL 2022

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

STRATEGISKE MÅL FOR OSTERØY IDROTTSLAG

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Medverknad og samskaping i lys av universell utforming. Leve hele livet

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

6-åringar på skuleveg

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Fylkestinget. Møteinnkalling. Sted: Fylkestingsalen Dato: kl

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Strategi Forord

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

INTERNASJONAL STRATEGI

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

ORGANISERING AV NORSK PETROLEUMSVERKSEMD

Kunstforeiningane har samla ein del av kulturarven vår

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Konklusjon for 4 grupper

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Transkript:

#Norge 2030 Eit annleis OL

Vår historie

Dei olympiske leikane var opphavleg tenkt som ein konkurranse for amatørutøvarar. Venskapleg strid og idrettsglede skulle stå i fokus, og viktigast av alt det skulle skje under rettferdige omstende. OL skulle vere eit samlande arrangement for både deltakarar og tilskodarar. Uansett kven du var og kor du kom frå i OL skulle alle delta og konkurrere med dei same føresetnadene.

I dag står tanken og ideen om at idretten er for alle i fare. No er det pengane som styrer, den olympiske sjela er forringa og vinter-ol er under press.

Tilliten som folk hadde til leikane er svekka, mykje grunna overdådig bruk av pengar. Kva hjelper det å investere i flotte idrettsanlegg- og arenaer, når tribunane står tomme og ingenting av det blir brukt i ettertid? Kva hjelper det å snakka om likeverd, rettar og samhald, når dei olympiske vinterleikane stadig blir lagt til land som er meir opptekne av å vise musklar enn å fremje venskapleg idrettsglede?

Er det ikkje nettopp denne idrettsgleda som har samla heile det norske folk år etter år, heilt sidan Thorleif Haug tok medaljar for Noreg i det aller fyrste vinter-ol i 1924? Og som ei av verdas fremste vintersportnasjonar, skuldar ikkje vi dei olympiske leikar mykje av vårt norske fellesskap?

For OL og PL tilhøyrer ikkje dei få og rike.

Det tilhøyrer ho som står opp klokka 05 for å trene, og han som står opp endå tidlegare for å vekke ho. Det tilhøyrer dei som står i sofaen når vi vinn, og dei som græt når vi taper. Det tilhøyrar dei som spelar ishockey i rullestol, og dei som gjer dét mogleg.

Det tilhøyrer oss, folket.

#NORGE2030 Folket sin Olympiade

5 pilarar

Nøktern I staden for å byggje nytt skal vi i størst mogleg grad oppgradere anlegg som allereie eksisterer i heile landet. Er vi derimot nøydd til å byggje nytt, skal alle anlegg og arenaer kome lokalbefolkninga og breiddeidretten til gode. Vi skal lage heilårsanlegg som kan brukast til idrett og kultur. Eit OL vil akselerere investeringar som Noreg likevel treng. Døme: Eit eventuelt OL kan vere med på å framskunde ei oppgradering av kollektivnettet i dei ulike vertskapsbyane.

Folkeleg Vi skal ha ei samhaldskjensle, på tvers av etnisitet og landegrenser. Alle skal føle seg velkomne og ingen skal utelatast. Vi skal ha ein folkefest der alle er med, enten du sit i rullestol eller har andre utfordringar. Fulle tribuner og heiagjeng i skogen. Vi skal få fram nasjonalkjensla, utan å vere ekskluderande. Vi skal fremje likeverd, respekt og glede.

Heile landet For å få til dette er vi heilt avhengig av å få med oss heile Noregs befolkning. Difor skal vi tilby eit OL på folket sine premissar. Uansett om du bur i Hammerfest eller Lindesnes, skal du kjenne at dette er eit OL du er med på. Det er ditt. Dette skal forankrast i heile idretts-noreg: Vi vil ha alle sine innspel. Korleis lagar vi eit OL for utøvarar og publikum, ikkje for pampar og pengemenn? Vi vil høyre frå fotballspelarar og friidrettsutøvarar, så vel som skiløparar og hockeyspelarar. Vi vil høyre frå deg som spelar basket i rullestol og deg som er langrennsutøvar på kjelke.

Idretten Eit OL i 2030 skal kome heile Idretts-Noreg til gode, og i åra etter OL er over. Vi ønskjer at alle nye bygg skal vere multiarenaer som fleire idrettar kan bruke både sommar og vinter. Dette er langtidsinvesteringar som idrettskrinsane i Noreg skal nyte godt av. Eit OL i 2030 vil skape nye førebilete for unge utøvarar rundt om i heile landet. Som Lillehammer gjorde i 94.

Nytenking Heile landet Endre vinter-ol Nye generasjonar Digitalisering Nye kanalar

#Norge2030 - Øvingar over heile landet Vi skal ta heile landet i bruk! OL-øvingane skal arrangerast over heile landet. Difor inviterer me fleire kretsar og særforbund med i prosessen. Øvingar i ulike deler av landet bygger fellesskap og gjev tilbake til idretten. No ynskjer vi å kartlegge kor vi kan arrangere dei ulike øvingane, gjennom samtalar med dei aktuelle idrettskretsane og særforbunda. Vi vil invitere alle med i ein open prosess.

Vi skal bruke eksisterande anlegg og lage kombinasjonsanlegg Vi skal bruke eksisterande anlegg for å legge til rette for gjenbruk. Dagens anlegg vil verte oppgradert, og det vil vere behov for nybygg og infrastruktur rundt dagens anlegg. Anlegga som skal byggast skal vere fleirbruksanlegg til det beste for heile idretten. Anlegga skal brukast vinter og sommar. Det kan skape idrettsglede for alle idrettar, og anlegg som kan brukast av både eliten og breidda. PL og OL på Voss og i Bergen i 2030

PL og OL på Voss og i Bergen i 2030 Eit integrert Paralympics og OL Paralympics OL - Paralympics skal starte før OL og vere ein sentral del av heile arrangementet - Betre utnytting av anlegg og organisasjon - I samband med PL og OL skal idretten ha fokus på folkehelseperspektivet «Heile Norge på snø og is»

Vårt mål på Idrettstinget i 2019: Etablere ei arbeidsgruppe som skal utreie moglegheita for eit OL/PL i Norge i 2030 etter desse kriteria: Nøkternt Folkeleg Heile landet i bruk Heile Idretts-Norge til gode Nytenking

Eit vedtak om å utreie OL i Norge 2030 Vi må få med oss Idrettstinget på å vedta at Norge opnar for å utreie moglegheitene for eit Vinter-OL i Norge 2030; Ikkje vedta at Norge skal søke, men utreie moglegheitene for dette Styrt av idretten på idretten sine premissar Ein open og inkluderande prosess med sentrale aktørar Ein diskusjon og anbefaling på kva premiss ein søknad til eit mogleg OL skal byggast på. Basert på verdiane openheit, likeverd og fair play. Vi ønsker ikkje eit gigant-ol. Vi ønsker eit vinter-ol tilbake til dei verdiane som bygde idretten Vi ønsker å løfte Paralympics og arrangere det før OL Dette meiner vi det er mogeleg å få med seg norsk idrett på Dette trur vi nordmenn ønsker Dette trur vi eit fleirtal på Stortinget vil støtte

Vi er verdas beste vinteridrettsnasjon. Den beste vinterolympiaren gjennom alle tider er norsk. Vinter-OL er ein vesentleg del av norsk kulturarv. Difor har vi eit ansvar for å endre kulturen i internasjonal idrett. Idretten begeistrar og samlar oss. No vil vi tilby eit OL og Paralympics som er annleis og på idretten sine premissar. Vi vil ha deg med på laget for å tilby eit annleis OL.

#Norge2030 Eit annleis OL