Emneregistrering i Studentweb, Historiestudiet ved Høgskulen i Volda Av Arnfinn Kjelland Versjon 17.1.2003 Innhald Innhald...1 Pålogging...1 Framsida på Studentweb...2 Semesterregistrering epostadresse...3 Eksamensmelding (tilsv. emnepåmelding)...3 «I følgje databasen har du ikkje studierett til emnet xxx»...5 Tilkopling til Classfronter...5 For å få tilgang til historie-romma i Classfronter, må du logge deg inn på det nye (frå 1.1.2003) webbaserte studieadministrative systemet til Høgskulen i Volda, Studentweb. Dette dokumentet gjer greie for prosedyrane som du skal følgje for å gjere denne påmeldinga korrekt for vårsemesteret 2003. Pålogging Du går inn via punktet: For studentar - CLASSFRONTER under http://www.hivolda.no/ (merka 1): 1
Under dette valet finn du pålogginga til Studentweb (merka 1): Når du kjem inn her finn du dette skjermbildet: Her skal du legge inn fødselsnummeret ditt, og deretter på neste skjermbilde den pin-koden som du fekk oppgitt på innbetalingsblanketten for semesteravgifta, og dermed er du inne på ditt eige område der berre du har tilgang. Framsida på Studentweb Når du er pålogga, får du fram dette skjermbildet: Her finn du namnet ditt oppe over teksten «Studentweb». Rett under teksten står det: «Din tilhørighet er» og så ein studieprogramkode (merka 1). Er du allereie registrert som historiestudent ved Høgskulen i Volda, har du ein av desse kodane: HISGV - historie grunnfag i Volda HISDV - historie enkeltemne (delfag) i Volda HISMV - historie mellomfag i Volda HISSV - historie storfag i Volda Står ein av desse kodane der, kan du berre gå vidare for å registrere deg på emne. Er du registrert på tilsvarande kodar som student ved allmennlærar-, journalist- eller visse mastergradsutdanningar kan du òg gå vidare. Viss du ikkje har ein av desse kodane, sjå nedafor s. 5. 2
Oppe til venstre (merka 2) finn du så det området du skal gå vidare frå: «Semesterregistrering». På dei to andre vala kan du sjekke og evt. endre den adressa du er oppført med og den pinkoden du nyttar for å logge deg på. Under val 3 kan du lese eksamensreultat og status for betaling av semesteravgift. Semesterregistrering epostadresse Velg semesterregistrering. Det første skjermbildet du kjem til er den adressa du er registrert med, og felt for E-post. Her må du sjølv legge inn rette brev- og e-postadresser. Skulen vil sende informasjon til begge desse postadressene som er lagt inn på denne sida, og du er sjølv ansvarleg for at dei er rette. I historiestudiet nyttar vi oftast epostadressa, dermed er det særleg viktig at den er rett og at du kontrollerer eposten din til denne adressa jamnleg. Klikk OK/Gå vidare når du har kontrollert at adressene dine er rette. Neste skjermbilde du kjem til er «Innmelding i HVOs personsøkjeteneste». Den bør du studere første gong du er inne, og så klikk på OK/Gå vidare. Dermed kjem du til skjema for Eksamensmelding: Eksamensmelding (tilsv. emnepåmelding) Skjermbildet ser slik ut: Her kan du enten skrive inn emnenummeret i boksen til venstre (merka 1, merk at du da må skrive HI101, HI102 osv. med to store bokstavar først), eller du kan klikke på «Finn emne». I siste fall får du opp dette skjermbildet: Her kan du søke etter emnekode (merka 1, skriv HI med store bokstavar) eller del av emnenamnet (merka 2, t.d. «historie»), eller du kan velje Avdeling for humanistiske fag (merka 3). Trykk deretter på Finn-knappen (merka 4). Ved å søkje etter emnekode HI får du opp dette skjermbildet: 3
Her veljer du så kva for emne du vil fullføre dette semesteret (våren 2003), ved å klikke på knappen til venstre for emnenamnet (nedafor 1-talet). Du får opp dette skjermbildet: Her må du velje målform (merka 1), og viktigast: du må velje om du vil følgje undervisninga eller nytte Classfronter dette semesteret (merka 2). Dette valet må settast til Ja. No kan du så melde deg til eit nytt emne ved å klikke på Finn emne att, og gjennomføre same prosedyre. Viss du t.d. vil ta Hi104, vil du få opp dette bildet: Merk at linja Hi103 står på no er kvit, medan Hi104 er gul. Årsaken er at du ikkje har vald om du følgjer undervisninga dette semesteret enno. Når det er vald, klikkar du på OK/Gå vidare (merka 2) og du får opp dette skjermbildet: 4
Dermed er det heile gjort, og viss opplysningane no er rette, klikkar du på Ok Oppdater. Du får eit bilde til med dine opplysningar, der du evt. kan skrive desse ut, og logge deg heilt ut. «I følgje databasen har du ikkje studierett til emnet HIxxx» Viss du får denne meldinga når du forsøker å gjere eit emneval slik det er gjort greie for øvst på s. 4, tyder det at du ikkje er påmeldt rett studieprogram, jfr. s. 2 framafor (framsida på Studentweb). Da må du ta kontakt med Studentkontoret@hivolda.no, tlf 70 07 50 18. Det er i prinsippet krav til fullført grunnfag (Hi101 103 samt eitt av emna Hi104 106) for å få studierett på mellomfag, og tilsvarande fullført mellomfag for å få studierett på storfag (300-emna). Tilkopling til Classfronter skjer på grunnlag av dei registreringane du gjer i Studentweb. Er du ikkje eksamenspåmeldt eit emne i samsvar med denne gjennomgangen, får du ikkje tilgang til undervisningsplan og -stoff, framdriftsplanar, evalueringsoppgåver etc. 5