Fiskevegar kølbruk namn

Like dokumenter
Da dalsbygdinger og osinger drog på sikfiske i Tufsinga

Kvernåe naturområde i tekst og bilete

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

M/S NYBAKK SI HISTORIE

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Turmål. Kvithøvd. Vil du legg inn koordinatane på GPS er dei: Nord: Aust: kartformat EUREF89 (WGS84)

Vi har valt vassveiter som tema

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Dyregravregistreringer på Tolgas østside

Til deg som bur i fosterheim år

Brukarrettleiing E-post lesar

Ei sann (Sand) historie

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Kulturhistoriske registreringar

* * * F O T O K O R T * * *

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

SANDVIKEN Av Knut Raastad, skrivi i 2004

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Ircere alle saman! Tusen takk for invitasjonen til å halde stemnetalen. Eg er både stolt og glad for at eg fekk. dette høve å kome hit.

Tynningsfiske i Skrevatn Rapport 2010

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Notat om historie og kulturlandskap

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Stadnamn i Innerdalen og langs fjellvegane

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

GJEMNES KOMMUNE KULTURAVDELINGA

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2017/2018

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Juvet Landskapshotell

Elevundersøkinga 2016

6/2012 Formannskap Klage på delegert vedtak: Løyve til transport med snøskuter til Sterringen og Vesl-Lusa - Arild Fallingen/ Mona Bøhle

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Bibeltimar over Nehemja 1-4

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Månadsbrev for Blå, april 2016

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Gammalt frå Alvestad basert på samtalar med Jostein Kvithaug, Ernst Flatset, Otto Alvestad, kart frå 1901 Sætring i Sætremarka

NY/UTSATT NASJONAL DELEKSAMEN I MATEMATIKK FOR GRUNNSKULELÆRAR - UTDANNINGANE GLU 1 7 OG GLU 5 10

Tolgasprint. Offisiell resultatliste

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Eksamen 2P MAT1015 Hausten 2012

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Vintervèr i Eksingedalen

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

5 stk flotte bustadtomter til sals

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Å løyse kvadratiske likningar

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2015

Transkript:

Trygve Nesset Fiskevegar kølbruk namn Bygdefolk fèr vidt og legg etter seg namn Øst over var det mange og fiskerike sjøer, som her fra Hodalen. Foto: Fjellanger Widerøe a/s. Alle stader der folk har ferdast, har det vorte namn. I våre dagar blir vi ofte forundra over å finne namn etter bygdefolk og bygder langt utafor det som no er den vanlege utmarka til bygda. Eitt av dei viktigaste endemåla for mange av dei gamle ferdselsleiene i Nord-Østerdalen er det rike sesongsikfisket i elva Tufsinga eller Kora som ho også vart kalla. No for tida er det tuf76 singdøler og unsetingar som har retten til dette verdifulle notfisket, men i gamle dagar var det brukt av folk frå mange av nordøsterdalsbygdene. Dei drog av stad midt i september med hestar og kløvdoner med utstyr og niste. I kløva var det to fiskekasser av tunne bord. Kvar kasse tok vanlegvis 30 kg. Etter det sagnet om Hauk frå Tylldalen fortel, fekk han i eit notdrag 4 fiskekasårbok for Nord-Østerdalen 2004

ser og ein bever. På to hestar skulle han frakte heimatt 120 kg sik og ein bever. Det var bra fangst, det. Tylldalshølen i Kora, Bjørkhølen, Haukvarpet. Fra Tylldalen-Brydalen Bygdebok, 1957. I 1626 hadde allmuen på Unset og Tylldalen fått løyve av futen i Østerdalen til å fiske i Kola-elva. (Kora). I 1694 er det krangel mellom unsetingane og tylldølane på den eine sida og dalsbygdingane og vingelsmennene på den andre. Det vart forlik slik at Tynset prestegjelds allmue skulle fiske ovafor Storbjørhølen og unsetingar og tylldølar nedafor. I 1704 var det atter krangel. Som vitne møtte Ola Østensson Åsen fra Vingelsåsen, 77 år gammal. Han forklarte at han og forfedrane hans hadde fiska i Tufsinga heilt ut til Femunden, til Allmennings-hølen, der alle av prestegjeldet møtte og fekk sin lott. Der lå dei ein månads tid eller mindre frå Mattismessedagen, som kan vera Larsmesse om hausten. Rendølane hadde ikkje noko fiske i Allmenningshølen, men i Femunden. Ola Østensson fortalde også at Paul Hokstad frå Tylldalen ikkje måtte fiske i hølen, men ei halv mil utafor. Det hadde han hørt både av far og farfar. Om lag same vitnemål vart lagt fram av Jon Østensson Hodalen og Østen Øvensson Erlien. Det endte med forlik om fordeling av fiskeplassane. No vart det slik at folk i Tylldalen, Tynset, Vingelen og Dalsbygda kunne fiske ovafor Korstrømmen og dele not med (fiske saman med) rendølane nedafor. Etter dette forliket vart det alt for mange til å fiske samtidig ovafor Korstrømmen, slik at dei laga ei fordeling på 5 år. Vingelen skulle fiske hausten 1704 ovafor Korstrømmen og saman med unsetingane utafor, same reglar for Tynset hausten 1705 og 1706, Dalsbygda 1707 og Tylldalen 1708. Vingelen skulle fiske hausten 1709 og deretter same rekkefølgje i fleire omgangar utover. Bygselsavgifta på 1 daler skulle betalast av den allmuen som fiska det året. Fisket skulle starte 12. september. I 1723 vart fisket i Tufsinga skyldsett til 1 hud (12 skinn). Samtidig vart fisket i Kora skyldsett til 2 skinn. Nøster ved Kora i Tufsinga, foto Trygve Nesset. Årbok for Nord-Østerdalen 2004 77

Våren 1713 vart det gruvedrift i Tufsingdalen, og i åra 1714-16 vart alle dei 12 eldste bruka i Tufsingdalen grunnlagt. Det er vel rimeleg å tru at når dei enkelte bygdelaga hadde retten til notfiske, så var det folk frå visse gardar som var i veg på fiske. Desse gardane oppfatta seg vel etter kvart som lotteigarar i fisket og slike rettar kunne seljast og kjøpast. I tidsrommet 1820-30 var alle lottene, 12 i alt, samla i Tufsingdalen der kvar av dei 12 eldste gardane hadde kvar sin. Mot slutten av 1700-talet og utover 1800-talet var det mest unsetingar og tufsingdøler som dreiv dette fisket. Det vart sagt at det var for lange vegar og kostbar utrustning til at det lønte seg for dei langveges frå. Når berre nokre få frå bygda drog på fiske, var det færre å dele arbeidet med å halde ved like båtar og buer, og den eine etter den andre slutta. Dei som budde nærast, hadde lettaste tilgangen til fisket, og andre slutta å fiske. I 1808 overdro Hågen Storeggen, Tynset, 1 fiskelott til Lars Mikkelsen Tufsingdalen for 4 riksdaler. I 1817 selde Engebret Karlsen Lonåsen 1 lott til Semund Larsen Bakken, Tufsingdalen. I 1818 opplyste matrikuleringskommisjonen at ingen fra Dalsbygda og Tylldalen var interessert i fisket i Tufsinga, slik at kommisjonen ikkje ville setja opp forholdstall for bygselavgift. Og 12. februar 1842: Jordbruksrettigheter i Tynset der blev tinglyst samme sted og samme dag, er det oppført at det fremdeles blev betalt og skulle betales 9 skilling i leding af gammelt matrikulnummer 26, statens fiskeri i Tufsingelv, der ved distriktsmatrikuleringen var anset af ingen verdi og således udeladt af den nye matrikul. 78 Det er sluttstreken for ein lang tradisjon. (For dei som er interessert i meir opplysningar om dette fisket, viser eg til boka Tufsingdalen av John Midtdal). Vingelens fiskeveg til Naren, Sik-sjøen og Tufsinga Den tida vinnilskarane dreiv næringsfiske i Naren, Siksjøen og Tufsinga like til Femunden, hadde dei fiskevegen om Erlia. Dei fór om Østvangen, brukte Gammelalmannvegen forbi Tallsjøen og over Åsan og Klettan. Setergrenda Klettan er den gamle Storerlivollen. Erlimennene var også med. (Vi skal sjølsagt vera varsame med å prøve å påvise kløvvegen nøyaktig i lendet, men vi kan prøve eit resonnement. Erlia er busett frå Vangen i Vingelen (Østvangen eller Nordvangen). Erlia hadde seterveg til Klettan. Østvangen hadde seterveg til Skardet. Midt mellom Skardet og Klettan er Gammelvollåsen ved Nessvollen. Her hadde Hesjestøet og Slåbakken setrer som no er ødevoller. Både Hesjestøet og Slåbakken er bygd av menn frå Østvangen. Her er det seterveg heile turen. Vi kan òg snu resonnementet og tenkje oss at setrane kan vera lagt ved fiskevegen. Dei brukte vadet over Glåma i Erliøyom, fór oppover Bjørdalen og forbi dei eldste Knappåsvollane og om Vinnilskåsa. (Hesjestøenget på kartet). Det er rimeleg at dei brukte setervegen. Eller kanskje setra var lagt ved fiskevegen? Vidare fôr dei over Galådalen, øvst oppe, og så forbi Narskaftet og ned til Naren der dei hadde buvoll. Årbok for Nord-Østerdalen 2004

Fiskeveger østover. Dei to første som vart fastbuande på fiskevollen ved Naren, var frå dei to eldste grendene i Vingelen: Rasmus Mattissen Persvingelen og Anders Embretsen Nystu Røe. Der det heiter Vinnilskåsa, hadde garden Hesjestøet på Tolga slåtteng i nyare tid. Namnet Vinnilskåsa kjem vel av at vinnilskarane kvilde på denne fine plassen der det var godt hestbeite. Esten Trøen som skreiv boka Vindgelen Sogn i 1897, nemner at sist på 1700-talet var siste gongen vinnilskarane var på fiske aust på dalom. Dei frakta fisken i trekasser av tunne bord. Esten Trøen skriv: av disse fiskekasser her finnes endnu noget eksemplar. I Jacob Breda Bulls Rendalsbok er det bilete av ei kløvkiste frå Romenstad. Heime i Vingelen er det eit interessant namnespørsmål mellom dei to Årbok for Nord-Østerdalen 2004 eldste grendene, namnet på setergrenda Vinnilssetra. Grenda Vinnilsgarden (sjubøndersgarden som har gjeve namnet til bygda Vingelen) er truleg nyrydda etter Svartedauden av folk frå garden Singsås på 1400-talet. Eit par generasjonar etterpå vart det rydda ny gard i lia austafor av folk frå Morset, det er no grenda Røe, i bestemt form Røen. Grensa mellom dei to grendene er frå gammalt over høgste Kletten og rett på Svartåsrabben. Midt inne i seterområdet til grenda Røen ligg Vinnilssetra. Setrane her har så langt tilbake ein veit, hørt til gardar på Røen. Er forklaringa på namnet Vinnilssetra at den eldste garden Vinnillen hadde seter her før den eldste garden Rud (Rød, Røe) vart bygd. Setra er da seinare tatt over av gardar i grenda Røen. 79

I nærområda er prinsippet for vegnamn greitt nok. På Tolga der setervegen tek opp frå Eggom, er det Setergjellen, men bakken der heiter Rørosbakken, for der gjekk den gamle sommarvegen til Røros. Sør i bygda, i Røsebygda, er det no skilt for Tynset-vegen som går gjennom Tynsetdalen og kjem ut på riksvegen. Som kjent passerer den nye vegen til Tynset Ursetbakken. Frå vegen frå Hodalen og til setrane i Lettingslia, går ein veg eller sti oppover lia til fjellet. Vegen blir kalla Tynsetvegen. Det er vel fordi han ender på Tynset. Der vegen kjem ned til Drengen i Hodalen er det mogleg der er spor etter fiskebuer som tynsetingane måtte fråvike samtidig med at dei måtte gje opp forsøket på fiske i Storsjøen. På Tynset er det like eins. Der er det Brydalsvegen og Tylldalsvegen. Prinsippet er greitt nok. Vegen får namn etter dit han går. Det er verre å finne grunnen til namnelaginga når ein kjem langt unna. Eit par kilometer etter at Glåma har runne ut frå Aursunden, kjem det ein bekk frå søraust og rinn ut i Glåma. Det er tre bekker som rinn saman, og den nørdste rinn gjennom Tynsetdalen. Eg manglar vidare opplysningar og er interessert om nokon kan gje forklaring. Kan det vera personnamn innblanda? Tynset fiskeveg Namn med Tynset i, finn vi mange stader. Fjellet nord for Sålåkinna heiter Tynsethøgda. Frå kvolvet mellom Sålåkinna og Tynsethøgda rinn Tynsetbekken som rinn ut i Halleråa som rinn ut 80 Tylldals gamle fiskevei til Langsjøen og Kora. Elpiggen i bakgrunnen. Fra Tylldalen-Brydalen Bygdebok, 1957. i Øversjøen. På andre sida av kvolvet rinn den andre Tynsetbekken mot vest og ut i Vesle-Nøra. Herifrå er det ei drøy halvmil til Tufsingdalen der ei trø ved Midtdalen heiter Tynsettrøa. Etter opplysningar frå Harald Sundberg, Øversjødalen, gjekk Tynset fiskeveg frå Gammeldalen og opp mellom Storkletten og Blåkletten. Herifrå er det sti som går over Klettdalen, om setra i øvre Rausjødalen og strake vegen til grenda Kåsa. (Her kan ein òg prøve ei tankerekkje om seterveg. Dei første som hadde bygsel på slåttar på Bjørkkjølen var Østi-haugen i Østbygrenda på Tynset, seinare også Storeng. Storeng har seter på Måna, hadde tidlegare seter i Gammeldalen (Toljerøstvangen) med veg imellom og slåttar på Bjørkkjølen. Frå Bjørkkjølen har dei seinare eigarane på Eid fiskeveg til Stortjønna. Kåsingar har bu på andre sida av Stortjønna og veg til Kåsa). Frå fjellet før ein kom til Kåsa, gjekk det ein avstikkar til Holøyan. Der var det ein fin fiskeplass. Her møtte ein Tyll- Årbok for Nord-Østerdalen 2004

dals fiskeveg som gjekk om Øversjøen og til fiskeplassane ved Langsjøen. Vegen til Kåsa gjekk da over Hola og vidare over fjellet til Tynsetbekken. Det ser ein tydeleg om ein kjører bilvegen frå Øversjødalen til Narbuvoll og kjem eit stykke forbi Svarthaugen. Der er det ei klopp, og der går stien innover fjellet. Det høver godt med den gamle ferdselsleia. Går ein vegen langs Tynsetbekken, har ein Tynsethøgda i nord og kjem snart til den andre Tynsetbekken som renn mot Tufsingdalen. Ved Midtdalen i Tufsingdalen er det eit jordstykke som blir kalla Tynsettrøa. John Midtdal skriv i Tufsingdalsboka at fiskarane frå Tynset hadde inngjerda trø for å hindre at hestane rømde heimatt. Tylldals fiskeveg Tylldølane hadde fiske i elva Tufsinga. På dei gamle rektangelkarta er avmerka Tylldals Fiskevei. Dette tråkket gjekk frå Tylldalen, over Brydalen, oppom dei gamle tylldalsetrane på Betet, over Spekedalen, på sørsida av Brurhøgda, nord for Gråhøgda og vidare ned til Holøyan, om Øversjøen og ned til Langsjøen der det var fiskeplassar. Vidare utover bar det like til Tufsinga og Femunden. Dei brukte ein dag fram, men to dagar på heimturen. I bygdeboka Tylldalen Brydalen er nemd at tylldølane fôr opp Spekedalen og Rausjødalen og strake vegen til Svartdalen og Holøyan. Utanom denne leia, ved ein sti frå Johnsgård camping oppover mot Gloføkkampen ligg Tylldalslokan. Tylldølan kan vel ha fare over her også. Synst i Kvennvika i Femunden er det ei lita vik som heiter Tylldalsvika. Men om dette namnet har tilkytning til det gamle næringsfisket, veit eg ikkje. I Tufsingdalsboka nemner John Midtdal nokre namn frå den gamle fisketida. Tynsettrøa er namnet på eit jordstykke som ligg ved vegen til Midtdal nordre. Det er nemnt ovanfor. Tyllerøya eller Tylldalsøya er eit sandeng som hører til garden nordre Moen og ligg på austsida av Tufsinga ved Sætersgardane. Haukvarpet skal vera ved Sætersgardane. Tyllerrabben ligg opp mot fjellet vest for Liset. John Midtdal skriv at da fiskarar frå Tylldalen, Tynset, Vingelen og Dalsbygda kom om hausten, brukte dei kløvhestar for å få med seg fiskenot og mat og det dei elles trong. For å få hestane til å halde seg der og ikkje rømme heimatt, laga dei trøer med hafeller av busker og mindre tre. Køltrafikk og namn På austsida av Femunden, ei halvmil nord eller nordaust for Sorken, ligg Toljesjøen (Tolgesjøen). Toljesbekken (Tolgesbekken) rinn sørover og ut i Sorksjøen. Nord for Toljesjøen (Tolgesjøen) ligg Toljevollen (Tolgevollen). Ottar Andersen i Engerdalsboka skriv: Nordøst for Sorka hadde Tolgengarder setrer på Tolgenvollen eller Esnesetra som siden ble overtatt av to av Sorkengardene. (Bygdebok for Engerdal bind 3, utgitt år 1969, side 324.) Eg kjenner ingen tradisjon frå Tolga om seterdrift her. Det einaste eg har hørt, er at namna kan ha samanheng med ein mann frå Ryttergarden på Tolga. Den tida Røros verk dreiv hyttedrift ved Femunden, var det mykje kølbrenning og hogst av Årbok for Nord-Østerdalen 2004 81

... og legg etter seg namn. setteved i desse traktene. Vi veit at fiskebuer og området rundt buene vart kalla buvoller. Både på fiskebuvollen og der dei dreiv sommarhogst på kølved og setteved trong dei gras og fôr til hestane. Kanskje Toljevollen er minne om ein slik buvoll? Ein kilometer sør for Femundshytta ligg Toljebotnet (Tolgebotnet). Det kan vel ha samanheng med toljingar som hadde kjøring etter Femunden. Gammeldalen i Tynset kommune er ein stor og produktiv seterdal. Setra Toljerøstvangen er i bruk som mjølkeseter av Rolf Bredesen i Teldalen. På kartet står Toljerøstvangen, men i gamle dokument er det stava Tolgerøstvangen. Setra ligg på vestsida av dalen i eit svært produktivt område. Det tyder på at setra er gammal. Setra hørte først til garden Storeng som har seter i setergrenda Måna. Stien frå Måna og til Toljerøstvangen blir kalla Toljerøstvegen. Ein bekk like ved er kalla Toljerøstbekken. Nedafor setra er det avdekka tre slagghaugar etter gammal jernvinne. Dersom namnet har tilknytning til folk frå Tolga, må det vel helst koma frå kølbrenning og kølkjøring og har ikkje tilknyning til seterbruk. På andre sida av Tela tvers over for Toljerøstvangen ligg Hyttskrivargrubba. Dette namnet har vel også tilknytning til Tolga. Kølkjørarvegen frå Brydalen og Værådalen, der toljingar hadde kjøpt skog til kølbruk, gjekk gjennom Stor-Teldalen, Vesl-Teldalen og ut på Glåma nordafor Eidsfossen. Kølkjørarvegen var merkt opp med halvmilsmerke. Ved vatninga ved Or-dertrøvangen i Gammeldalen har det stått ei furu med eit slikt merke. Ved Skrømtbakken ei halvmil lenger sør var det og eit halvmilsmerke. I 1798 vart vegen målt oppatt. Dei brukte snormål. Det namnet som har geografisk tilknytning lengst vekk, er Nordfjord-bekken. Denne bekken rinn forbi garden 82 Årbok for Nord-Østerdalen 2004

Kleva og ut i Glåma og er soknegrense mellom Vingelen og Tolga. I gruvetida var det stor etterspørsel etter hestar og kjørkryttyr. Det var hestehandlarar frå Nordfjord som selde hestar i gruvedistriktet. Det finst att lånepapir etter slik hestehandel. I den tida var etternamnet brukt som ei slags adresse, og i den første busettingstida på Tolga finn vi namnet Nordfjord. På Kvikne var også namnet brukt. Kanskje det er nokon av desse innflyttarane som har gjeve namnet. Det finst sikkert fleire namn etter bygdefolk utafor sitt eige distrikt. Det kunne vore fint om fleire kunne samle slike opplysningar! Kjelder Ottar Andersen: Bygdebok for Engerdal Bjarne Grandum: Bygdebok for Tynset Kirsti Jordet: Særtekk ved kobberverksdrifta ca 1630-1890 John Midtdal: Tufsingdalen. Gårder og slekter. Ivar Sæter: Tolgen. Eystein Eggen: Tylldalen Brydalen Bygdebok. Harald Sundberg: Notat oppbevart på Tolga kulturkontor. Munnlege kjelder: Ola Grønn-Hagen, Erik Olsberg og Nils Bakken. Trygve Nesset 2500 Tynset Årbok for Nord-Østerdalen 2004 83