Trafikksikringsplan for Våge skule Bømlo kommune
Innhaldsliste 1. Innhald Kort om skulen 2. Målsetting 3. Tiltak 4. Kompetansemål frå læreplanen Kunnskapsløftet 4.1 Kompetansemål etter 4. trinn 4.2 Trygg Trafikk anbefaler følgjande progresjon i trafikkopplæringa på trinn 1-4 4.3 Kompetansemål etter 7. trinn 4.4 Trygg Trafikk anbefaler følgjande progresjon i trafikkopplæringa på trinn 5-7 5. Opplegg for kvart trinn 6. Sjekklister 5.1 1. trinn 5.2 2. trinn 5.3 3. trinn 5.4 4. trinn 5.5 5. trinn 5.6 6. trinn 5.7 7. trinn 6.1 Skule 6.2 FAU 6.3 Foreldre/føresette 7. Rutinar for transport og turar i regi av skulen 7.1 Buss 7.2 Bil 7.3 På sykkeltur eller fottur
1. Kort om skulen: Våge skule er per 24.10.16 ein 6-delt skule med totalt 87 elevar. Det er 17 tilsette på skulen i heil- og del stillingar. Våge skule består av tre frittståande bygningar plassert slik i terrenget at skuleplassen vert som eit kvadrat midt i. I tillegg kan skulen nytta sports klubben sin fotballbane som ligg bak bygningane. Skulen ligg ved fylkesvegen. I innkøyringa til skulen finn me også innkøyring til parkeringsplassen, barnehagen og motorkrossbanen. Parkeringsplassen tek imot bilar frå dei tilsette på skulen og barnehagen. På eine sida av parkeringsplassen er det eit busstopp for av- og påstiging av skulebussen. Det kan vera stor trafikk i området, særleg ved skulestart når foreldre skal levera barn i barnehagen, i same tid som elevane kjem til skulen. Etter skuleslutt har foreldre som kjem for å henta, blitt oppfordra til å parkera og venta på ungane sine på tilviste plassar. Dette for å unngå uønskte hendingar ved foreldrekøyring. Ca 90% av elevmassen er brukarar av skulebussen eller taxi. 2. Målsetting: Kva er vår målsetting? Vårt mål er at ingen elevar eller vaksne som høyrer til skulen skal bli skada eller drepen i trafikken. For å nå dette målet må: - Elevane ha kunnskap, dugleik og positive haldningar til ei ansvarleg åtferd i trafikken. - Tilsette arbeide etter trafikksikrings planen og bidra til gode trafikksikre haldningar. - Foreldra støtte skulen sitt arbeid med gode haldningar og trafikksikker utrusting av elevane. Støtte elevane si opplæring, vere aktsame i trafikken og hindre at trafikkfarlege situasjonar oppstår i hente og bringesituasjonar ved skulen. \ 3. Tiltak: Kva vert gjort på systemnivå? - Våge skule har trafikkopplæring som del av trinna sine årsplanar. - Skulen og FAU samarbeider om haldningsskapande tiltak og førebyggande trafikkopplæring. - Skulen og FAU har i SU-møte utarbeida anbefalte retningslinjer for sykling til skulen. Tilrådinga er i samsvar med Trygg Trafikk si tilråding, og skal gå ut til føresette kvar vår.
Elevrådet har følgjande ønskjer for en trygg skuleveg: Synleg fotgjengarovergang, markert med både skilt og lys, ved innkøyringa til skulen. Skilt som fortel at barn leiker / går i området Gang -og sykkelsti Trygge buss stopp: Trygg tilførselsveg og buss stoppet må vera ein trygg plass å stå på når ein ventar på bussen. Å stå på kanten av ei vegskulder kjennest ikkje trygt. Foreldra bidreg ved å vise aktsemd i hente- og bringesituasjonar og ved å sjå til at eige barn brukar refleks, hjelm og godkjent sykkel. Foreldra vert oppmoda om å følgje Trygg Trafikk og skulen sine tilrådingar om bruk av sykkel. Skulen markerar nasjonal refleksdag kvar haust. Trafikkopplæringa vert styrka ved at det vert oppretta ein funksjon for ein trafikkansvarleg på skulen. For skuleåret 2016/2017 har leiarteamet v/rektor og teamleiarane den funksjonen. Skulen har retningslinjer for turar til fots, på sykkel, med bil og buss og desse retningslinjene er med i skolen sin internkontroll. Sjå punkt 7.
4. Kompetansemål frå læreplanen Kunnskapsløftet: 4.1 Kompetansemål etter 4. trinn: Frå læreplan i kroppsøving: o Elevane skal kunne følgje trafikkreglane for fotgjengarar og syklistar. Frå Læreplan i samfunnsfag: o Elevane skal kunne gjere samfunnsfaglege undersøkingar som krev teljing og rekning, og presentere desse undersøkingane. o Elevane skal kunne lage ei oversikt over reglar som regulerer forholdet mellom menneske, og konsekvensar ved å bryte normene. 4.2 Trygg Trafikk anbefaler denne progresjonen i trafikkopplæringa på trinn 1-4: 1. trinn: 2. trinn: 3. trinn: Trafikktrening i skulen sitt nærområde. Enkle trafikkreglar på skulevegen. Undersøkingar av eigen skuleveg, teljingar og registreringar. 4. trinn: Trafikkreglar, førebuande sykkelopplæring, enkel teori og trening i trygge omgjevnader og trening på sykkel i enkel trafikk saman med vaksne. 4.3 Kompetansemål etter 7. trinn: Frå læreplan i kroppsøving: o Elevane skal kunne praktisere trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel. Frå læreplan i matematikk: o Elevane skal kunne planleggje og samle inn data i samband med observasjonar, spørjeundersøkingar og eksperiment og representere data i tabellar og diagram som er framstilte digitalt og manuelt, lese og tolke og vurdere kor nyttige dei er. Frå læreplan i norsk: o Elevane skal kunne presentere fagstoff munnleg, medviten om kven mottakar er, med eller utan hjelpemidlar.
4.4 Trygg Trafikk anbefaler denne progresjonen i trafikkopplæringa på trinn 5-7: 5. trinn: Trening på sykkel i enkel trafikk, saman med dei vaksne. 6. trinn: Teori og trening på sykkel i krevjande trafikk. 7. trinn: Sjølvstendig sykling i trafikken.
5. Opplegg for kvart trinn 5.1 1. trinn: På foreldremøtet for nye førsteklassingar om våren bli foreldra informert om farane som oppstår når elevane blir køyrd til og frå skulen. Skulen sine rutinar for trygge hente og bringesituasjonar vert gått igjennom. foreldremøte om hausten. Førsteklassingane får utdelt refleksvestar om hausten. Desse skal brukast frå skulestart på skulevegen og på turar i skuletida. På turar får elevane gå-trening i skulen sine nærområde. Når fadrane er med, er dei gode rollemodellar. 5.2 2. trinn: På utedagar får elevane gå-trening i skulen sine nærområde. 5.3 3. trinn: På turar får elevane gå-trening i skulen sine nærområde. 5.4 4. trinn: På utedagar får elevane gå-trening i skulen sine nærområde. Dekke kompetansemåla som er nemnt under kompetansemåla etter 4. trinn. Gjennomføre sykkeldagen om våren og elevane tek sykkelsertifikat og det blir sjekka at alle har hjelm og sykkel i stand etter forskriftene. 5.5 5. trinn: På utedagar får elevane gå- og sykkeltrening i skulen sine nærområde. Elevane skal kunne praktisere trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel, med hjelm og sykkel i stand etter forskriftene. 5.6 6. trinn: På utedagar får elevene gå- og sykkeltrening i skulen sine nærområde. Elevane skal kunne praktisere trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel, med hjelm og sykkel i stand etter forskriftene.
5.7 7. trinn: På utedagar får elevene gå- og sykkeltrening i skulen sine nærområde. Elevane skal kunne praktisere trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel, med hjelm og sykkel i forskrifts messig stand. Dekke kompetansemåla som er nemnt under kompetansemåla etter 7. trinn.
6. Sjekklister 6.1 Skule Informere elevene om trygge vegval på skolens første storsamling. Informere om skulen sin lokale plan for Trafikkopplæring i klasseforeldremøte om hausten. Trafikkopplæring er en del av årsplanane på alle trinn. Leiarteamet har funksjonen «trafikkansvarleg» på skulen året 2016-2017 Retningslinjer for turar til fots, på sykkel, med bil og buss er nedfelt i skolens internkontrollforskrift. Jamfør eige punkt i planen, punkt 7. 6.2 FAU Samarbeide med skolen om trafikkaksjoner. Refleksdagen. Samarbeide med skolens tilsette om haldningsskapande tiltak. Til dømes: Bruk av refleks, gå, sykla på rett side av vegen, mm 6.3 Foreldre/føresette Minne barna på å bruke refleks og hjelm. Vise aktsemd i hente- og bringesituasjonar.
7. Rutinar for transport og turar i regi av skulen 7.1 Buss Som lærar skal du ha fokus på følgjande punkt: Informer elevane om korleis dei skal oppføre seg på stoppestaden og i bussen. Ha full oversikt over avreisetidspunkt, reisemål og tidspunkt for retur. Hald tidene, og syt for at elevane er samla. Pass på at elevane sit roleg, og har sikkerheitsbeltet på. Plasser deg i bussen slik at du kan følgje med elevane, og gripe inn viss dei er urolege. Ta ein runde i bussen etter at elevane har gått av, og ta med attgløymde gjenstandar, søppel mm.. Viss naudsynt; hjelp elevane/sjåføren med lasting/lossing av bagasje. Ditt ansvar som elev: Vær presis, både ved avreise og retur. Stå i ro på stoppestaden når bussen kjem. Gå roleg inn i bussen, set deg i setet, og ta på sikkerhets beltet. Sitt i ro under hele turen. Bruk «innestemme» når du skal kommunisere med andre i bussen. Ikkje et eller drikk i bussen. Sjekk at du får med deg alle tinga dine (inkludert søppel) når du går av bussen. Sjå deg godt for om du skal krysse vegen etter at du har gått av bussen. 7.2 Bil Foreldre: Foreldra parkerer på merkja plassar. Foreldra stopper for å setja av eller ta opp barn på faste merkja plassar! Unngå rygging! Vareleveranse: Ikkje køyra inn på skuleplassen i skuletid, når elevane er ute. om nødvendig, køyr under tilsyn. Byggje- og/eller anleggsverksemd: Dersom det er byggje- og/eller anleggsverksemd i nærleiken av skulen sitt område må skulen i samarbeid med kommunenivå gjera ei risikovurdering. Informasjon til alle tilsette, elevar og foreldre. Rutinane må gjerast kjende for dei tilsette, foreldre og elevane i starten av kvart skuleår. NB! Nye medarbeidarar!
7.3 På sykkeltur eller fottur: Når me går på tur skal det alltid vera ein vaksen som går først og ein vaksen som går sist. Viss ein tur går langs trafikkert veg, skal me alltid vurdera om me skal repetera reglane for god ferdsel i trafikken som fotgjengar, og korleis me kryssar ein veg. Repetisjon i personalet ved starten av kvart skuleår. 1. og 2.trinn skal bruka refleksvestar. Akebakken ved Våge skule munnar ut i vegen/parkeringsplassen mot barnehagen. Ingen elevar har lov til å leika i akebakken i tida før skulestart, grunna stor trafikk til barnehagen og fare for ei uønskt hending. Ved snøfall og muligheiter for aking skal det alltid vera ei vakt i botn på bakken og ei vakt som held oppsyn på toppen i friminutta. Ingen elevar kan gå i akebakken før vakta er på plass. Ved sykkelturar skal elevane bruka sykkelhjelm og ha ein sykkel som er i stand etter forskriftene. Forarbeid: Ta med elevliste med telefonnummer til føresette. Informasjon til heimen på førehand. Ein vaksen må ha med førstehjelpsutstyr og mobiltelefon. Skuleleiinga må informerast.