HAGEBLÅBÆR Haugaland landbruksrådgjeving
Kva er hageblåbær Ulike kryssingar av artane Vaccinium corymbosum og Vaccinium angsutifolium. Viltveksane på austkysten av USA. Buskform om lag som solbær (1-2 m høge). Bær i klase, der eit og eit bær modnar for seg. Som solbær og blokkebær er bæra kvite inni, fargen set i bærskalet. Store bær, middelvekt på Bluecrop i 2010 var 3,0 g/bær. Haugaland landbruksrådgjeving
Krav til veksplass Krev sur, lett jord med høgt innhald av organisk materiale. ph under 5,5. Har grunt og lite utvikla rotnett, og konkurrerer difor dårleg mot ugras. Krev lun veksplass, men ikkje i kuldegroper. I Noreg er nok områda i midtre og indre fjordbygder frå Sogn til Oslofjorden der vi normalt vil få stabile avlingar av hageblåbær. Haugaland landbruksrådgjeving
Haugaland landbruksrådgjeving
Blåbær er sunt Bæra har rykte på seg å væra særleg sunne. Det dyrka bærslaget som har mest antioksydantar, - men ville blåbær har dobbelt så høgt innhald. Har vist særleg god effekt ved å utsetje aldringssymptom. Godt for minnet! Barne-vennlege bær utan avfall. Haugaland landbruksrådgjeving
Auka interesse for hageblåbær i Noreg Auka sal, men på langt nær den mengda som i Amerika. Liten produksjon innanlands. BAMA(Cathrine Skogland): 2005: 4330 kg 2006: 10 811 kg 2007: 4323 kg 2008: 2800 kg Norske hageblåbær pakkes i Bendit extreme 170 g, og vi ønsker oss mer norske bær. Nedgangen 07-08 skyldes en del vanskelige sesonger de siste årene, hvor vi har slitt med værforhold og frost. Haugaland landbruksrådgjeving
Etablering Jord Plantesystem Sortar Oppbinding, Fuglevern, Vatning Haugaland landbruksrådgjeving
Jord Dei felta vi har sett som har vore misslukka, har oftast vore misslukka av: Ugras For høg ph. Felt som skal tilplantast med hageblåbær skal året i forveien brakkast. ph i jorda MÅ justerast ned under ph 5,5, eventuelt med tilførsel av svovel. Innblanding av sagflis/bark for å auka det organiske innhaldet i jorda, og for å få lausare jord er absolutt å tilrå Haugaland landbruksrådgjeving
Plantesystem Plant på drill, ca 30 cm høge og 1 m breie. Mypeksdekke vil redusera arbeidet med ugras, heva jordtemperaturen, men vanskeleggjer gjødsling og vatning. Sagflis vil auka det organiske innhaldet i jorda, men buskane kjem seinare i vekst om våren (kaldare jord). Radavstand: 3 m Planteavstand: 1,5-2,0 m Hugs at feltet kan bli over 20 år gamalt. Ikkje plant slik at du seinare ikkje kan innstallera dekkesystem eller oppbinding. Haugaland landbruksrådgjeving
Haugaland landbruksrådgjeving
Haugaland landbruksrådgjeving
Sortar Det er maaange sortar av hageblåbær. Desse varierer i vinterherdighet, bærstørrelse og smak. I privathagen, vil vakre haustfargar og væra viktig. Med rett utval av sortar kan ein plukke blåbær frå juli til oktober. Haugaland landbruksrådgjeving
Bluecrop Haugaland landbruksrådgjeving
Hageblåbæer er ei surjordsplante. Surjordsplanter er planter som veks og trivst best ved ph < 5,5. Kvifor? Løseligheten av uorganisk jern (Fe) er sterkt phavhengig(lett tilgjengeleg ved låg ph) Ved låg ph er nitrogen i større grad i ammoniumform (NH4+), som kan byggast direkte inn i organiske forbindelsar danna i fotosyntesen. Surjordsplanter har lite av eit enzym som trengst ved opptak av nitrat (NO3-)
Gjødsling Hageblåbær krev klorfattig gjødsel (Hagegjødsel, Rhododendrongjødsel) Tilfør gjødsel i 2-3 omgangar frå blomstring til Jonsok. Sprei gjødsla jamt rundt busken i ein sirkel(så stor som skuggen busken lagar). Store buskar kan få 1-2nevar, nyplanta buskar berre 1-2 ts. Gjødsling etter ca 15. juli kan føra til dårlegare avmodning av buskane og meir vinterskader.
Gjødselvatning? Korleis blande ut gjødsel til gjødselvatning? 1 kg gjødsel i 10 liter vatn = 10 % 1 liter 10% i 10 liter vatn = 1% - denne styrken kan passa til gjødselvatning. 1-2 liter 1% i 10 liter vatn = 0,1-0,2% - denne stryrken kan passa til bladgjødsling. For sterk gjødselkonsentrasjon kan føra til sviskadar!
Plantevern Hageblåbær har svært få problem med skadedyr og sjukdomar. Normalt treng vi difor ikkje tenkje på sprøyting mot sopp og skadedyr. Hageblåbær konkurrerer derimot svakt mot ugras, og her må vi ha eit opplegg. Planting på areal utan fleirårige ugras. Jorddekke under buskane som hindrar ugraset i å vekse opp (sagflis, bork, plastduk).
Vatning Hageblåbær har eit svakt rotnett, og vert difor lett utsett for vassmangel, - sjølv her på Vestlandet. Det er særleg frå kartdanning til modne bær at vassbehovet er stort. Men for mykje vatn på ein gang kan føra til utvasking av gjødsla, - i ekstreme tilfelle til drukning av røtene.
Klipping og forming Skal vi få store bær og vitale buskar, må vi klippe buskane.
Haugaland landbruksrådgjeving