NORM FOR VASSMÅLARINSTALLASJONAR Vedteken i Bystyret den 06.10.2009 i sak 093/09. Norma gjeld frå 01.11.2009 FLORA KOMMUNE
1. BRUK AV VASSMÅLAR 1.1 Anskaffing og installasjon Hushaldningsabonnentar/abonnentar med bueiningar kan velge om dei vil betale forbruksgebyr for vatn og avløp på bakgrunn av bruksareal eller målt forbruk. Næringsabonnentar og andre abonnentar: Her kan kommunen kreve at vassmålar vert installert. Flora kommune kan bestemme type, plassering og storleiken på vassmålaren. Abonnenten må bære kostnaden med målar og montasje. Målaren vert såleis ein del av det private anlegget både med omsyn på montering og vedlikehald. Vassmålarinstallasjonar skal utførast av eit godkjent føretak, og vassmålaren(ane) skal installerast etter bestemmingar gjeve i denne norma. Når sluttdokumentasjon er mottatt frå utførande føretak, vil vassmålaren bli kontrollert av Flora kommune. Avlesing Vassmålarabonnentar betalar forbruksgebyr etter ei a-konto ordning, med avlesing ved nyttår. Abonnenten er ansvarlig for at målaren blir avlest og at avlest målarstand blir sendt til Flora kommune innan fastsett tid. Ved feil avlesing eller manglande innsending av målarstand, vil vassforbruket bli stipulert av Flora kommune. Kontroll Flora kommune skal ha adgang til vassmålaren for inspeksjon og kontroll. Dersom målaren er ute av drift eller viser feil resultat, vert vass- og/eller avløpsgebyret utrekna etter den næraste målte periode som kan samanliknast. Manglar eit slikt samanlikningsgrunnlag, kan Flora kommune fastsetje gebyret etter skjøn. I slike høve skal målaren reparerast eller skiftast ut snarast råd er. Fleire tilknytingar Kvar eigedom skal normalt berre ha ei tilknyting. I dei tilfelle der ein eigedom har fleire tilknytingar, skal det installerast ein målar for kvar tilknyting. Dersom inntaksleidning er felles for fleire eigedomar, må vassmålarmelding vere godkjent og underteikna av alle heimelsinnehavarar. Heimelsinnehavarane er felles ansvarleg for vedlikehald av vassmålar.
1.2 Reglar vedrørande installasjon i ulike typar bygg Seksjonerte bygg Vass- og/eller avløpsgebyra skal reknast ut for kvar eigedom. Bygningar som vert benytta til både næring og bustad For denne type bygg vil Flora kommune: forholde seg til ein vassmålar montert ved hovudinntaket som måler både nærings- og bustaddelen, eller forholde seg til ein vassmålar montert ved hovudinntaket til næringsdelen og ein vassmålar montert ved hovudinntaket til bustaddelen. I dei tilfella der delar av bygget er skild ut som eigne sjølveigande seksjonar, enten dette gjeld næringsdel eller bustadeigedommar, kan desse likevel krevje å få betale etter vassmålar for kvar einskild eigedom. Dette kan t.d. gjelde seksjonerte leiligheitar i eit kombinasjonsbygg. Tekniske spesifikasjonar Vassmålarar som vert godkjent for installering, skal tilfredsstille dei krav som er sett til vassmålarar i ISO 4064 og DIN 19648. Anna Dersom ein vassmålar som er i bruk blir borte eller skada, skal dette straks meldast til Flora kommune. 2. VASSMÅLARINSTALLASJON 2.1 Generelt Vassmålaren skal plasserast inne i bygningen så nær innføringa som mogleg, og før første avstikk. Det bør være sluk i rom med vassmålarar frå og med innlegg > 50 mm. Ved innlegg < 50 mm må veggar og golv være av en slik kvalitet at dei tåler vass-søl. Ved ringleidning er montering av tilbakeslagsventil påkravd. Eventuelle reduksjonsventilar skal være montert før vassmålarinstallasjonen. Vassmålarkonsollen skal festast til vegg, eller anna eigna bygningskonstruksjon. Målaren må ikkje utsettast for frost eller anna ytre påvirkning som kan skade målaren. Det skal monterast stengeventil før og etter målaren. Vassmålaren skal plomberast etter installasjon.
2.2 Vassleidning med gjennomløp < 40 mm Ved gjennomløp < 40 mm kan det monterast ein enkel vassmålarkonsoll. På plassar kor det er vanskelig å stenge av vatnet anbefalast parallellkopling av to målarar. 2.3 Vassleidning med gjennomløp > 40 mm Ved gjennomløp > 40 mm skal det monterast to eller fleire vassmålarar som parallellkoplast. Avstanden mellom dei parallellkopla vassmålarane skal være minimum 30 cm.
2.4 Montering av vassmålarar ved sprinkelanlegg Ved montering av vassmålarar ved sprinkelanlegg vert det kravd tilbakeslagsventil eller røyravbrytar for å hindre tilbakeslag i vassleidningen. Det er ikkje tillatt å legge jernrøyr eller galvaniserte røyr fram til vassmålaren. 2.5 Flensemålarar Flensemålarar skal kun benyttast etter avtale med Flora kommune. Vassmålaren må festast på justerbar støtte eller på anna godkjent måte som gjer tilfredsstillande stabilitet. 2.6 Krav til rett røyrstrekk Minimum rett røyrstrekk framfor målar, etter ventilar, filter, overgangsflenser, T-stykker, kryss eller andre turbulensskapande røyrdelar, skal være 3 x røyrdiameteren. Det skal alltid benyttast innbygningstykke (glidemuffe) framfor vassmålaren.
2.7 Vassmålar plassert i kum Vassmålarar skal normalt vere plassert inne i bygningen. Dersom det er naudsynt å plassere målaren i kum utanfor bygningen, skal dette avtalast og godkjennast av Flora kommune. Dersom vassmålaren plasserast i kum, skal kummen være lett tilgjengelig slik at ein kan føreta inspeksjon og vedlikehald av vassmålaren. Det vert derfor ikkje tillate andre installasjonar i kummen. Vassmålarkummen må ikkje overdekkast. Utvendig vassmålarkum skal være minst 1000 mm i diameter. Det skal alltid være støypt botn og sluk i kummen. Botnen skal støypast med fall mot sluk med sjølvvirkande tilbakeslagsordning. I kummen skal det være kunstige eller støypte kumtrinn. Stige/trinn skal føre heilt ned til kumbunn. Det vert ikkje gjeve løyve til montering av vassmålar i stakekum. Ved vassmålarkummar djupare enn 3,8 meter skal det byggast inn mellomdekke. 1 Konsoll av rustsikkert materiale 2 Festejern av rustsikkert materiale