MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram 2015-2019



Like dokumenter
Meland Senterparti. - eit klokt val. senterpartiet.no/meland. Arbeidsprogram

Arbeidsprogram

Politisk program for Jølster KrF

Program OSTERØY HØGRE

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

«Nordhordland kommune»

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Utkast til program Meland Høgre 2015

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Ei god framtid for alle!

Hemsedal KRF Program

Program for Bømlo Venstre

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Program for. Sykkylven Venstre

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Program for

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Barnehageplan for Vinje kommune

Til veljarane i Tysnes

Sandeid skule SFO Årsplan

LINDÅS. Framtida i fokus

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Ål Venstre. Ål Venstre

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Skule og oppvekst. Venstre: 1. Vil ha ein god offentleg skule for alle, men også vera open for ein alternativ skulemodell

Miljø, Mangfold, Menneskeleg medverknad. - eit friskt pust. mdg.no/meland

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Kommunedelplan for oppvekst

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Program for Masfjorden Venstre

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

SOGN driftig raus ekte

Kommunedelplan for oppvekst

1. Mål med samhandlingsreforma

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Adresseføresegner, Sund kommune

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Frivilligpolitisk plattform

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Bustadområde i sentrum. Vurdering

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003

Plan for overgangar. for barn og unge

KrF vil legge til rette for ei positiv utvikling der vi kombinerer det særeigne med framtidsretta satsing.

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Transkript:

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram 2015-2019

GRUNNSYNET Meland Senterparti vil byggja framtida på dei kristne grunnverdiane og etter humanistiske levereglar. Målet for Senterpartiet sin politikk, er å skapa eit solidarisk fellesskap av frie, sjølvstendige menneske, der rettferd, tryggleik og likeverd er berande prinsipp. MELAND SENTERPARTI SIN LOKALE VISJON BYGGJER PÅ Ein politikk for lokalt mangfald Meland Senterparti vil byggja samfunnet nedanfrå og med prinsippet om velferdsstaten som ein berande grunntanke. Avgjerder blir best når dei blir tekne nære den det gjeld. Lokalt forankra avgjerder fører til at den einskilde innbyggjar kjenner eigarskap til samfunnsutviklinga. Ein politikk for å engasjera innbyggjarane Å styra er noko positivt! Styring er å ta ansvar for felleskapen, og bør skje på ein måte som set innsikt, nærleik og den einskilde sitt engasjement i høgsete. Vi er imot kommunesamanslåing men vil slutta oss til ei folkeavrøysting før endeleg avgjerd. For Senterpartiet i Meland er det viktig å auka innbyggjarane si deltaking i utvikling av kommunen. Ein politikk også for framtidige generasjonar Våre prioriteringar kan ikkje berre gjelda oss som lever i dag. Vi som lever på og brukar jorda i dag, forvaltar ho på vegner av dei som kjem etter oss. Å forvalta er å ta vare på og ha omsorg for ressursar og omgjevnader.

Heilskapleg tenking og planlegging er viktig for at vi skal ha: Meland eit samfunn for alle Våre sju øvste listekandidatar er klare for å gjere ein jobb for deg. 1. 2. 3. 4. Per Kristian Holmetun Sølvi Knudsen Lillian Torvund Leif Jan Fosse 5. Bente Oliversen Sagstad 6. Rune Skår 7. Astrid-Anne Fjeldstad

Barnehage og skule Vi vil at skulane og barnehagane våre skal vera eit samlingspunkt i krinsane og verta brukt i fritida, i tett samarbeid mellom skule og heim. Kultur og idrett Meland Senterparti vil føra ein kultur- og idrettsspolitikk som vidarefører visjonen om eit samfunn for alle, ved at alle får tilgang til kunst- og kulturopplevingar, uavhengig av geografiske, økonomiske og sosiale skiljeliner. Miljø Meland Senterparti meiner at ei særs viktig politiske oppgåve i dag, er å medverka til ein livskraftig natur med stort biologisk mangfald. For å få til dette, må miljøpolitikken ha eit folkeleg grunnlag, vera forståeleg og skapa engasjement i folket. Næring Meland Senterparti vil føra ein næringspolitikk som legg til rette for eit livskraftig næringsliv og verdiskaping i kommunen. Meland Senterparti vil leggja til rette for meir produksjon av kortreist mat.

Helse, velferd og omsorg Meland Senterparti vil at Meland kommune skal fortsetja med å vera ein uredd kommune med tru på utradisjonelle løysingar innan ulike område av helse, velferd og sosiale tenester. Meland Senterparti vil motsetja seg privatisering og konkurranseutsetjing av offentlige tenester, og støtta arbeidet med å redusere ufrivillig deltidsarbeid Samferdsel og kommunikasjon Meland Senterparti ynskjer eit godt vegnett, noko som er avgjerande for busetnad og næringsliv i kommunen. Vi vil arbeida for å byggja ut fullverdig mobil -og nettdekning i heile kommunen.

BARNEHAGE OG SKULE Ei heilskapleg tilpassa opplæring til den einskilde frå sandkassa og ut skuledøra. Meland Senterparti vil at barnehagane og skulane våre skal vera eit samlingspunkt i krinsane og verta brukt i fritida, i tett samarbeid mellom skule og heim. Barnehagane våre skal vera ein viktig arena for sosialisering og læring. Vi vil Sjå positivt på nyetablering av kommunale barnehagar for å få meir jamnvekt mellom offentleg og private barnehager. Leggja til rette for eit stimulerande og kreativt miljø i barnehagen og for meir fysisk aktivitet inne og ute. Løfta fram barnehagen som verdi og kulturformidlar i samfunnet. Sjå positivt på etablering av friluftsbarnehage. Sjå positivt på fleksible barnehageopptak. Arbeida for auka tilskot til barnehagane. Skulane skal vera ein god stad å vera og læra. Vi vil Oppretthalda skule i alle skulekrinsar og byggja ut der det vert nødvendig. Leggja til rette for eit stimulerande og kreativt læringsmiljø i skulen, og for meir fysisk aktivitet i skulekvardagen. Sikre eit godt og innhaldsrikt tilbod i SFO i alle barneskulane. Styrkja rådgjeving, skulehelsetenesta og PPT som eit ledd for å forhindra fråfall og setja fokus på psykisk helse hos born og - ungdom i skulen. Auka talet på lærlingeplassar i kommunen.

KULTUR OG IDRETT Med breidde, heilskapstenking og forankring i nærmiljø. Meland Senterparti vil føra ein kultur- og idrettspolitikk som viderefører visjonen om eit samfunn for alle, ved at alle får tilgang til kunst- og kulturopplevingar, uavhengig av geografiske, økonomiske og sosiale skiljeliner. Vi vil: Sørgja for kulturtiltak som skaper arenaer for heilskap og ei fleirkulturell samfunnsforståing. Styrkja tilbodet som biblioteket har som integreringsarena og etterspurt lågterskeltilbod. Støtta planarbeidet med arbeidskyrkje/kulturhus. Auka støtta til lag og organisasjonar. Styrka idretten sin funksjon som arena for lågterskeltilbod og tilretteleggja for allsidig inkluderande idrett. Oppretthalda arbeidet med lokalhistorie og museumsverksemd, og styr kja samarbeidet mellom skule og kultur. At det vert lagt til rette for eit fortsatt samarbeid med Bergen- og Omland Friluftsråd, slik at alle skal få høve til friluftsliv og rekreasjon både ved sjø, vatn og på land gjennom gode tilrettelagde naturstiar for alle. Arbeida aktivt for å ta vare på dialektane og det nynorske språket. At kulturskulen for born skal vera ein grunnleggjande del av kulturtilbodet, der alle som ynskjer det, skal få plass. At skulane skal kunne være ressursbygg for kultur -og trussamfunn i lokalsamfunnet.

MILJØ Styrking av det bærekraftige samfunnet. Meland Senterparti meiner at ei særs viktig politisk oppgåve i dag, er å medverka til livskraftig natur med stort biologisk mangfald. For å få til dette, må miljøpolitikken ha eit folkeleg grunnlag, vera forståeleg og skapa engasjement i folket. Vi vil: At klimapolitikken i Meland kommune skal synleggjera ein tanke om samfunnsomsyn og miljøvenleg matproduksjon og spreidd busetnad i heile kommunen. Gjennom bruk ta vare på kulturlandskapet. Ha ei planlagt langsiktig utbygging i kommunen som tek omsyn til dei neste generasjonar og til det beste for fellesskapet. At kommunen skal vera ei drivkraft til å få private til å bruka alternative og fornybare energikjelder. Ha full vassverkutbygging. Byggja fleire ladepunkt for el-bilar i ulike delar av kommunen. At kommunale tenestebilar vert erstatta med nullutsleppsbilar. Få realisert eit ferjesamband med Askøy med el- ferje snarast som mellombels løysning til bru vert realisert. Væra positiv til at det vert etablert hageparsellar for private i kommunen.

NÆRING Ta vare på og leggja til rette for nye etableringar. Meland Senterparti vil føra ein næringspolitikk som legg til rette for eit livskraftig næringsliv og verdiskaping i heile kommunen. Vi vil: Vidareutvikla og leggja til rette for næringsområde i alle delar av kommunen. At Meland kommune skal leggja til rette for bedrifter og einskildpersonar som ynskjer å etablera seg i kommunen. Vera positive til, samt å leggja til rette for å samlokalisere mindre nærings verksemder i kommunen. At Meland Arbeids -og kompetansesenter skal vidareutviklast og styrkast som ein viktig arbeidsarena for dei med behov for ein tilpassa arbeidskvardag over lang tid. Støtta opp om senterfunksjonane på Frekhaug og Rossland. Sjå positivt på nyetablering og bygging av utleigehytter og serviceanlegg for reisande. At Melandsbonden må stimulerast til å halda fram med drifta, og vera ein viktig bidragsytar for å halda kulturlandskapet i hevd. Stimulera til tiltak som kan føra til breiare næringsgrunnlag for bøndene, samt oppfordra til mer kortreist matproduksjon. Verna om dyrka jord.

HELSE, VELFERD OG OMSORG Liv til åra, ikkje berre år til livet- Meir tid og betre omsorg til den einskilde! Meland Senterparti vil at Meland kommune skal fortsetja med å vera ein uredd kommune, med tru på utradisjonelle løysingar innan ulike område av helse, velferd og sosial. Vi vil gå imot privatisering og konkurranseutsetjing av offentlege tenester.

Helse og Velferd: Førebyggjande arbeid innan helse må styrkast. Vi vil: Arbeida målretta med folkehelse, kosthald og rehabilitering for den einskilde. Gjennom tverrfagleg samarbeid mellom ulike sektorar, fokusera på å auka kunnskapen om psykisk helse blant born og ungdom. At dei som har behov for hjelp, må få det raskt og på eit tidleg stadium i lidinga. At arbeidet med førebyggjande barnevernteneste vert vidareført. Styrkja tilbodet til helsesøstertenestene og setja fokus på skulehelsetenesta. Støtta utbygging av kommunale omsorgsbustader. Gje dei frivillige organisasjonar støtte til å viderutvikla si teneste. Omsorg: Samhandlingsreforma og aukande tal eldre gjev oss utfordringar som vi må prioritera. Vi vil: Arbeida for at alle romma i Meland sjukeheim vert tatt i bruk til pasientar og sikra ressursar som ein treng for å realisera dette. Støtta opp under og ta i bruk velferdsteknologi og læra av innovasjonsrøynslene til andre. At det vert gjeve nok ressursar til at folk kan få de dekka omsorgsbehovet sitt og at dei får valfridom om dei ynskjer hjelpa i eigen heim. Arbeida for å gje tilbod om ein førebyggjande samtale for å kartleggja behov og ressursar hjå alle over 75 år i kommunen. Motarbeida at kommersielle omsorgskonsern får fotfeste og hentar ut overskotet frå offentlig finansiert eldreomsorg. Sikra ei tilpassa avlastning for alle som treng det, og arbeida for ei betre ordning med omsorgslønn. Omsorg -og avlastningsfamiliar må sikrast føreseielege avtalar og tilbod om lengre avtaleperiodar. Sikra eit dagtilbod for eldre heile året.

SAMFERDSEL OG KOMMUNIKASJON Utvikling og vekst med fokus på trafikktryggleik og verdiar i lokalsamfunnet. Meland Senterparti ynskjer eit godt vegnett, noko som er avgjerande for busetnad og næringsliv i kommunen. Der det vert nødvendig, må vegen oppgraderast og vedlikehaldast. Vi vil arbeida for å byggja ut fullverdig mobil -og nettdekning i heile kommunen.

Vi vil: At Meland kommune skal arbeida for at ein Nyborgstunnel vert bygd så snart som råd er. Arbeida for at kollektivtilbodet vert betra innan kommunen og ut mot nabokommunane. Arbeida for å betra parkerings - og trafikksikringsforholda ved snøggbåt terminalen på Frekhaug Gå inn for auka løyvingar til vedlikehald og utbetring av dårlege vegparti. Følgja trafikksikringsplanen for å få bygd gang- og sykkelstier. Arbeida for at det vert bygd veg og gjort utbetringar med strekninga Rossland Skjellanger og Moldekleiv Ådland Arbeida for å få viderført og realisert vegsambandet Askøy Meland Radøy. Det vil opna for nye område for industri og bustadfelt i nordre del av kommunen, og samstundes verta ein omkøyringsveg dersom Nordhordalandsbrua og tilstøytande veg av ulike årsaker vert stengd. At eit brusamband over Bognestraumen vert realisert,som ein del av vegsambandet. Det vil mogleggjera for utvikling av nordre Holsnøy og verta eit viktig steg i sambandet med Radøy kommune. Mellom anna vert reisetida til Mongstadregionen mykje kortare. Sjå positivt på etablering av rasteplassar langs vegane i kommunen. Arbeida for å sikra innbyggjarane i kommunen ei velfungerande nettog telefoniløysing slik at også folk i distrikta vert sikra tilgang til tenester og tilbod. Arbeida for at det vert etablert ny kollektivterminal på Flatøy med parkeringshus og nytt anløp for hurtigbåt.

Vi treng DEG! Som medlem i Meland Senterparti kan nettopp di stemme vere med å forme framtida for Meland. På medlemsmøta våre vil du få unike høve til å påverke og kome med innspel til representantane våre i utval og kommunestyre. Vi treng DEG for saman å skape Meland - eit samfunn for alle. DESIGN/OPPSETT MOCREATIVE.NO