Dette er Austevoll Kraftlag Austevoll Kraftlag er eit samvirkelag som bygger og drifter infrastruktur i Austevoll kommune. Austevoll Kraftlag leverer tenester innanfor straum, tele- og datakommunikasjon, vassforsyning, avlaup, kart og oppmåling samt eigedomsutvikling og utleie. I tillegg er verksemda medeigar i selskapa EBRU Technologies, UNIPLUSS, SIGNERE.NO og BOFIBER. Austevoll Kraftlag vart stifta 25 mars 1946 som eit kundeeigd partlag. Pr 31.12.2014 hadde laget 3537 partar ei nedgang på 47 partar. Gjennom eit breitt tilbod av framtidsretta produkt og tenester med høg kvalitet, er vi med og legg grunnlaget for ei moderne utvikling i Austevoll. På denne måten medverkar vi til at Austevoll vert ein attraktiv kommune å etablera seg i både for private og næringsliv. Kraftomsetning Det er mange faktorar som påverkar kraftmarknaden i Noreg. Marknaden kan svinge svært mykje, avhengig av faktorar som nedbør, olje- og gassprisar, Co2 marknaden, kullprisar for å nemne nokre. Austevoll Kraftlag tilbyr tre ulike straumprodukt der kundane sjølv kan avgjere korleis ein vil sikre seg mot svingingar i marknaden: Kraft til innkjøpspris (spotpris) Garantikraft (spotpris med sikring mot store svingingar) Fastpris Årleg kraftomsetning var i 2014 60 GWh, og vi leverer straum til 86,3 % av kundane i Austevoll. 1
Nettverksemda Nettverksemda er kjernen i Austevoll Kraftlag. Laget har Austevoll kommune som sitt konsesjonsområde. 4030 kundar er tilknytt Austevoll kraftlag sitt nett som består av 89 km høgspentlinjer, 314 km lågspentlinjer, 42 km høgspentkablar og 58 km lågspentkablar. Totalt vart det i 2014 transportert rundt 92,4 GWh i dette nettet. Drift, vedlikehald og utbygging av linjenett er det vi omtalar som nettverksemd. Tilsette er på vakt 24 timar kvar dag heile året for å sikre rask feilretting og stabil straumleveranse i øyriket. Lysglimt LYSGLIMT er breibandsavdelinga til Austevoll Kraftlag. Austevoll kommune har eit av landets mest moderne fiberbaserte breibandsnett som dekker heile kommunen. Via dette nettet får husstandar, private og offentlege verksemder levert tenester som internett, IP-telefoni og digital TV. Finansforvaltning Austevoll Kraftlag selde i 1996 sin aksjepost i Sunnhordland Kraftlag. Inntektene frå salet, er forvalta etter ein konservativ strategi. Salssummen og avkastning frå forvaltinga meir enn 250 millionar - har gjennom dei siste åra vert med å finansiere store prosjekt i kommunen som Austevollsbrua, Austevollhallen, fibernett samt tele- og kommunikasjonsutstyr. I tillegg er det løyvd pengar til kunstgrasbanar, idrettslag musikklag m.fl. I 2014 er det løyvd pengar til: - Austevoll sykkelklubb - Austevoll kommune/ «MOT» - prosjektet - Skiltreklame Austevollshallen - Selbjørn idrettslag - Skøytegruppa AIK - Havstril padleklubb - Ungdomsskolen til VilVite - B fergja - Fleirbrukshall Bekkjarvik - Hundvåkøy Idrettslag AUSTEVOLL VATN OG AVLØP SA Austevoll Vatn og Avløp er på linje med Austevoll Kraftlag eit kundeeigd samvirkelag. Laget har ingen tilsette, men har inngått ei driftsavtale med Austevoll Kraftlag som omfattar drift, vedlikehald og utbygging av vatn- og avløpsanlegga i kommunen. Austevoll Vatn og Avløp har 2 separate vassverk, eit på Store Kalsøy og eit på Huftarøy. Vassverket på Huftarøy leverer vatn til kundar på Selbjørn, Stolmen, Hundvåkøy og Huftarøy. 2
AUSTEVOLL UTBYGGINGSSELSKAP AS Austevoll kommune og Austevoll Kraftlag eig Austevoll Utbyggingsselskap AS med 50% kvar. Austevoll Utbyggingsselskap har som mål å utvikle eigedomar som kan bidra til bedriftsetableringar i Austevoll kommune gjennom utleige eller tilrettelegging for utbygging og sal. EBRU TECHNOLOGIES Ebru Technologies AS er ein tenesteintegrator og totalleverandør av IT-drift. Med datasenter i Austevoll og avdelingskontor i Bergen leverer verksemda komplette IT-tenester til verksemder r i Hordaland og nettsky-tenester til verksemder over heile landet. Ebru har sidan 2002 levert tenester innanfor outsourcing og hosting av forretningskritiske system. I 2008 ble Ebru skilt ut som eige selskap frå Austevoll Kraftlag BA som framleis er største eigar (59,7%). AUKAS Austevoll kommune og Austevoll Kraftlag eig Austevoll kart AS (AUKAS) med 50% kvar. Verksemda er ansvarleg for kart- og delingsforretningar, vedlikehald av digitalt nettverk, drift av kommunal GAB base, leidningskartverk for straumnett, vatn og avløpsnett og drift av kartprogram i kommunen. UNIPLUSS Unipluss er ei verksemd som leverer IT tenester til verksemder som driv med bustad og næringsutleige. Programvara forenklar forvaltning av eigedom, og gir all nødvendig funksjonalitet for å administrere leigeforholdet. Austevoll Kraftlag eig 31,7% av UNIPLUSS. SIGNERE.NO Signere.no er ei verksemd som er 92,8% eigd av UNIPLUSS. Verksemda har programvare som tilrettelegg for elektronisk signering av dokument med bruk av bank ID. BOFIBER Bofiber bygger og driver fiberbasert breibandsnett i Bergen. Via dette nettet får husstandar, private og offentlege verksemder levert tenester som internett, IP-telefoni og digital TV. All kundebetjening av Bofiber sine kundar er lagt til kundesenteret i Austevoll Kraftlag. 3
Styret si melding for Austevoll Kraftlag SA Styret Styret for Austevoll Kraftlag SA består av 5 medlemmer som alle er valt av årsmøtet. Årsmøte vart halde 23. mai 2013. Styret har i 2014 hatt 4 møter og handsama 40 saker. Styresamansetning Styreleiar: Reidar Vik Nestleiar: Arve Jostein Bruntveit Styremedlem: Grethe Drønen Ringdal Styremedlem: Elisabeth Østervoll Hufthammer Styremedlem: Solbjørg Sørvik Blix 1. varamedlem: Jostein Blænes 2. varamedlem: Anne Kristine Bakke Organisasjon Fokus på resultat, inntening og tverrfagleg samarbeid har vore sentrale føringar i 2014. 31.12. 2014 var det 31 fast tilsette i Austevoll Kraftlag i tillegg til 6 vikarar og 2 lærlingar. Samla antal tilsette i alle verksemder i kraftlagsbygget var oppunder 50. Styret vil takka alle tilsette for innsats og samarbeid gjennom året. Likestilling 10 av dei tilsette (30%) og 3 i styret (60%) er kvinner. Austevoll Kraftlag praktiserer likestilling mellom kjønna, og styret ser det ikkje som naudsynt å gjennomføre spesielle tiltak for å fremma likestilling i verksemda. Pensjonsordning Austevoll Kraftlag har innskotspensjonsordning for sine tilsette i Nordea. Miljø Austevoll Kraftlag er medlem av bedriftshelsetenesta. Vi arbeidar for å styrkja helse, miljø og tryggleiksarbeidet. Dei tilsette bidrar til at vi har eit godt arbeidsmiljø. Ein har ikkje hatt alvorlege arbeidsskadar i 2014. Kortidssjukefråværet 1-16 dagar var i 2014 1,2% mot 1,7% i 2013. Langtidssjukefråværet var 3,0% mot 5,25 året før. Austevoll Kraftlag legg stor vekt på å ikkje ureina det ytre miljøet og har ikkje miljømessige pålegg som ikkje er utført. Bedrifta har i 2014 ikkje hatt utslepp som forureinar det ytre miljø. 4
Om drifta Nettdrifta har i 2014 tross stormar og mykje nedbør - gått som planlagt utan store driftsstansar.. Det er fortsett stor aktivitet på nybygg. Til einkvar tid er det aktivitet i 4-5 nye utbyggingsområde samstundes som like mange felt er under utvikling. For kraftomsetning har ikkje 2014 vore prega av store variasjonar som tidligare år. Spotpris på kraftbørsen på Nord Pool har for vårt område svinga mellom 25 og 35 øre pr. kwh Overføringskapasiteten mellom Noreg og resten av Europa er god. Dette fører til transparente priser i Europa og at kraftprisen i Noreg fylgjer kull-, olje-, og gasspris. Sol- og vindenergi bidreg også sterkt i forhold til å halde energiprisane låge. Stort tilsig i magasina gav ein meir normal straumpris i 2013. Prisane har vore og det ser ut som at det skal holde langt inn i 2015. Også i 2014 har Austevoll Kraftlag valt å tilby kundane montering av varmepumpe som betalast tilbake til kraftlaget ettersom det sparast energi ( Pay as you save ). Nettverksemda i Austevoll Kraftlag SA har heile Austevoll kommune som sitt konsesjonsområde, og hadde ved årsskifte 4030 nettkundar ei auke på 109 nye nettkundar. Totalt vart det transportert 92,4 GWh over distribusjonsnettet vårt i 2014, samanlikna med 96,8 GWh i 2013. Nettapet er den delen av krafta som går tapt under transporten fram til sluttbrukar. I 2014 utgjorde dette 7,1 GWh, tilsvarande 7,7% av krafta som kjem inn på nettet i Austevoll. Toveiskommunikasjon - Avanserte Måle og Styresystemer (AMS) Det føreligg krav frå NVE om at alle kraftlag må skifte ut gamle straummålarar til nye fjernavleste målarar AMS (avanserte måle- og styringssystem) innan 1.januar 2019. Austevoll Kraftlag samarbeider om AMS med Vestlandsalliansen (leia av BKK) og dei andre kraftlaga i IFER. Arbeidsoppdrag av ein viss storleik i 2014 I 2014 har vi bygd ned 1 maste-transformator og i staden montert transformatoren i kiosk på bakken. Dette gjeld nettstasjon på Vinnes. I Russemyr er mastetrafoen bygd om til bakkebetjening. I Steinevik er det bygd ny koplingsstasjon En del nettstasjonar har blitt gradert opp i løpet av året med større transformatorar fordi effektbehovet har auka. På grunn av aukande effektbehov er det montert ny koplingsstasjon i Bjånestangen som erstatning for tidligare HS-skap. I 3 nettstasjonar i nettet er det skiftet ut gamle luftisolerte brytarar med nye gass-isolerte brytarar. Framføring av strøm til hyttefelt i Gauksheim 5
Høgspent mellom Stangeland og Paradis er skiftet ut i løpet av året. Det er montert 1 ny linje-bryter i HS-nettet på Stolmen og 1 i Haukanesmarkjo. Ellers har mye av 2014 gått med til å rette opp avvik i nettet som følgje av linjebefaring. Dette gjeld også mykje tid til å rydde skog. Det lokale eltilsyn (DLE) har som oppgåve å redusera talet på skadar, ulykker og brannar som skuldast feil ved elektriske anlegg i vårt forsyningsområde. Denne oppgåva er pålagt oss frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), som gjennom årlege rammebrev gjev oss retningslinjer for korleis arbeidet skal utførast. Hovudarbeidet ligg her i kontrollar hos kvar kunde. Det vert også ført tilsyn med internkontrollsystemet hos elektroinstalla-tørane i kommunen. Til saman vart det i 2014 kontrollert 198 installasjonar fordelt på bustadar, industri og offentlege bygg. Breiband (Fiber og Lysglimt) Lysglimt har i 2014 hatt ein jamn auke i antal kundar og hadde ved utgangen av 2014 1487 aktive privatkundar, ei auke på nesten 100 nye kundar. Bedriftsmarknaden er stabil med rundt 100 sambandsleveransar. Den tekniske plattforma Lysglimt har etablert dei siste åra er særs stabil, og i 2014 var det berre mindre driftsavbrot. I 2014 vart det installert trådlaust nett i heile Austevoll. Austevoll kommune er einaste kommunen i Norge med eit så godt utbygd trådlaust nett. Bygging av dette nettet bidreg sterk til den gode veksten i antal kundar. Finansporteføljen til Austevoll Kraftlag enda positivt for 2014 med ein auke på 5,2 mill. Porteføljen var ved utgangen til året på 64,4 mill (der 8,9 mill er i ikkje noterte verksemder). 6
Om årsrekneskapen Årsrekneskapen er utarbeidd i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og god rekneskapsskikk. Rekneskapen er satt opp under føresetnad av fortsett drift. Styret meinar at årsrekneskapen gjer eit rettvis bilete av selskapet sitt eigedelar og gjeld og av selskapets finansielle stilling og resultat. Etter det styret kjenner til har det heller ikkje inntreffe forhold etter regnskapsårets utgang som har betyding for selskapets stilling og resultat. Rekneskapen viser at selskapet hadde ei omsetning på 75,8 mnok i 2014 mot 79,1 i 2013. Driftsresultat før finans, ekstraordinære postar og skatt viser eit overskot på 2,8 mnok mot 3,9 mnok i 2013. Kraftomsetning viser eit driftsresultat på 2 mnok mot 1,4 mnok i 2013. Nettdrift viser eit driftsresultat på -1,9 mnok mot 1,3 mnok i 2013. Akkumulerte mindreinntekter i nettet er 3,438 mnok per 31.12.2014 inklusive renter. Verksemda Vatn og Avløp viser eit driftsresultat på 0,0 mnok i samsvar med driftsavtala med Austevoll Vatn og Avløp SA. Årets ordinære resultat før ekstraordinære postar og skatt er 5,5 mnok mot 6,6 mnok i 2013. Årets resultat etter skatt var 5,2 mnok mot 6,4 mnok i 2013. Styret foreslår at årets overskot føres mot annen eigenkapital. 7