FOTO: PAAL AUDESTAD. Frode Grytten NORSK FORFATTERSENTRUM VESTLANDET PRESENTERER. Dei Litterære Festspela Bergen 22. 29. mai 2014.



Like dokumenter
Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Vi jubilerer med Kristofer Uppdal: «NARREN SYNG» Med John Pål Inderberg og Ragnhild Vannebo, musikk og dikt Ellrun Ystad med tonesette dikt

august 2013 NESETDAGANE.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur

Kulturminnedagen på BERGSLAGEN. Søndag 15. september kl 15:00-18:00 Sunde Kyst- og Litteratursenter

Månadsplan for Hare November

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

PÅSKEKVISS frå Allkunne!

PROGRAMHEFTE KREATIV ARENA VIDEREGÅENDE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Teknikk og konsentrasjon viktigast

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Til deg som bur i fosterheim år

Litteraturseminar og opplesingskveld på Sunde Kyst- og litteratursenter. Laurdag EIT SENTER FOR SUNNHORDALANDS- LITTERATUREN

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T

Ny, norsk nynorsklitteratur (og gjendikting)

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

FORFATTERSLEPPET BERGEN 29. SEPTEMBER 4. OKTOBER 2014

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Litteraturen vil oppdage verden på nytt, og under Forfattersleppet oppdages verden fra scenen; forfatterne kommer! De gamle, de nye, med romaner

Litteraturen vil oppdage verda på nytt. Under Forfattersleppet blir verda oppdaga frå scena: Forfattarane kjem! Dei gamle, dei nye, med romanar

SONGBIRD. En tribute til Eva Cassidy. Med Ingrid Kjosavik, Knut Aabø og Svein Olav Hyttebakk. Målgruppe: Ungdomstrinnet og den videregående skolen.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Last ned Kraftsentrum. Nr. 1. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Kraftsentrum. Nr. 1 Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

I N N H O L D. Forord

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

DEI LITTERÆRE FESTSPELA festspeldiktar inger elisabeth hansen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

nye bøker i 2004

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

6. trinn. Veke 24 Navn:

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

11. Bøker og bokomsetning

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Brukarrettleiing. epolitiker

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

«Ny Giv» med gjetarhund

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kultur og dens betydning for psykisk helse. Rapport frå den planlagte kulturveka i 2014 Bjørgvin DPS

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Brukarrettleiing E-post lesar

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

HardingBaroque KONSERTINFORMASJON. RIKSTaMMVANE. Skulekonsertordninga til Rikskonsertane

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Psykologisk førstehjelp i skulen

Velkommen til Nansenskolens bokdager 2016

Invitasjon til temadag 20. november Næringslivet og Skatteetaten. Utland Skatteadferd Personvern. Radisson Blu Royal Hotell, Bryggen, Bergen

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Tyra Tronstad. 100 leser for Mari Moen Holsve. Sigri Sandberg. Andre Ulveseter. Mørket kommer innenfra Moelv Tirsdag 21.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Bøker frå Surnadal Heimbygdlag

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Kva er økologisk matproduksjon?

Oversikt over aktuelle produksjonar 2014/våren 2015

MINE EGNE CD ER : 1. Minner (2012) BARNESANGER (2010) 3. Vera i lag (2009)

MEDLEMSINFO. august 2009

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

12. november BARNELITTERÆR FORMIDLINGSFEST Rica Sunnfjord Hotel

Gyldendal Norsk Forlag AS 1957 Elektronisk utgave Gyldendal Norsk Forlag AS 2011 Bibliotekutgave kun for distribusjon gjennom bibliotekene

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

beste helsing Jon Tvilde // USF Verftet kulturhussjef /

Transkript:

FOTO: PAAL AUDESTAD NORSK FORFATTERSENTRUM VESTLANDET PRESENTERER Dei Litterære Festspela Bergen 22. 29. mai 2014 Frode Grytten festspeldiktar

Ka e det med Frode Grytten? «Hva er det med Odda, dette nitriste stedet innerst i Sørfjorden, knuget av høye fjell, som er i stand til å få frem slike dyktige forfattere?» Med dette sitatet frå Arvid Bryne i Dagbladet, presenterer Litteratursymposiet i Odda seg sjølv. Litteraturfestivalen spring ut frå Frode Gryttens forfattarskap. Han dikta Odda inn i litteraturhistoria med romanen Bikubesong. Alle historiene i boka har rot i den karakteristiske Murboligen, som ligg midt i Odda sentrum. Romanen plasserte Odda på kartet med eit kraftig raudt merke rundt, og tematiserte samstundes Noreg som eit falmande industrisamfunn. Karakterane og relasjonane i boka engasjerte eit stort publikum, og boka blei omsett til ei rekke språk og omforma til ei storslått teaterframsyning som blei vist og bejubla og vist igjen på Det Norske Teatret i Oslo og i Lindehuset i Odda. Ka e det med Bikubesong? Då boka kom ut i 1999, var smelteverket framleis i drift. No har det vore nedlagt i over ti år, og lokalsamfunnet diskuterer så busta fyk kva dei skal gjere med ruinane av den store fabrikken. Under Litteratursymposiet kan Frode Grytten likevel framleis vise publikum rundt på alle stadene romanen omtaler. Det Norske Teatret kunne sette opp ønskereprise av teaterversjonen så seint som i 2013, med ny kritikerjubel og med så stor tilstrøyming av publikum at det blei ekstraframsyningar. Bikubesong har blitt ein moderne klassikar, eit verk for litteraturhistoria og eit viktig referanse-punkt for historiebøker om Noreg. Så lenge etter er det pussig å tenke på kor lite kjend Frode Grytten var då han tok imot Brageprisen og blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Bikubesong i 1999. Han debuterte alt i 1983 med diktsamlinga Start, og gav ut fleire novellesamlingar på 80- og 90-talet, samstundes som han jobba som journalist i Bergens Tidende. Kva som kom etter Bikubesong, veit dei fleste meir om. Dei siste åra har Frode Grytten markert seg på ei rekke ulike område først og fremst som forfattar med novellesamlingar som Popsongar og Rom i byen og romanane Flytande bjørn, Saganatt og Brenn huset ned, men også som humorist, som kunstkjennar og som musikkentusiast. Han formidlar sine interesser og kunnskapar gjennom både skjønnlitteratur og essays, og ikkje minst på scena med parodiar, sjølvutvikla humoristiske karakterar og litterærmusikalske prosjekt. Det er stor formidlingsglede og høg kvalitet i desse sideprosjekta. Barnebøkene til Grytten lever også i beste velgåande, skapt i samarbeid med biletkunstnarar og formidla i samarbeid med musikarar når dei også ut til eit stort publikum av både barn og vaksne. Frode Grytten er raus og inkluderande, men kan også seie tydeleg ifrå, om det

no er late journalistar eller uvitande politikarar som har blamert seg. Han har ein skarp penn og det svir når han rammar. «Eg er mot biografiar, det er Se og Hør for intellektuelle» sa han i ei forfattarforelesing i 2008, og gav med dette sitt spissformulerte bidrag til ein debatt som framleis er aktuell. Frode Gryttens stil er umiskjenneleg. Skjønnlitteraturen hans er inderleg og manande, men har også humor, skarpe karakteristikkar og kraftig klo. Han kjem stadig tilbake til industristaden Odda, men tekstane hans er først og fremst portrett av menneske og relasjonar. Frode Grytten skriv om den vanskelege kjærleiken, anten det gjeld ein kjærast, omsorgsperson, ein plass eller eit band. Han sluttar heller aldri å utfordre seg sjølv. 14. desember 2011 skreiv han sin første tweet. «Grunna for mykje underkjølt regn over ein lengre periode har mann (57) valt å avslutte sitt engasjement på denne kloden». Då Frode Grytten avslutta sitt engasjement på Twitter 4. juni 2013, hadde han skrive 568 liknande mininoveller til 29 536 følgjarar. Ka e det med Frode Grytten? Frode Grytten er ein forfattar som bidrar. Han er ein forfattar som blir lest. Han er ein forfattar som blir kritikerrost. Han er ein forfattar som det blir skrive særemne om. Han er ein forfattar som vil bli hugsa. Velkomen til Dei Litterære Festspela! Program TORSDAG 22. MAI Kl. 19.00 - Olav H. Hauge, Litteraturhuset i Bergen EIT BUR SOM JAKTAR EIN FUGL. NOVELLEKVELD Frode Grytten presenterer Laila Stien, Gunnhild Øyehaug, Line Berg, Rønnaug Kleiva, Annette Mattsson og Maria Børja. Bill: kr. 100/80 Norli Galleriet eller v/inngang FREDAG 23. MAI Kl. 18.00 Lille Ole Bull Scene 6 TIMAR TIL MIDNATT Frode Grytten i eit maratonintervju med kollega, ven og journalist Finn Tokvam. Vi oppmodar publikum om å kome med spørsmål. Festspeldiktaren får også sjanse til å stille seg sjølv dei spørsmåla han i alle år har drøymt om å få. Opplesing ved Tomas Espedal, Henning H. Bergsvåg og Erlend O. Nødtvedt. Bill: kr. 100/80 Norli Galleriet eller v/inngang LØRDAG 24. MAI Kl. 13.00 - Alver, Litteraturhuset i Bergen GABBA GABBA HEY! TEKST OG MUSIKK FOR DEI MINSTE. Frode Grytten, Mads Berven, Marvin Halleraker og Christine Sandtorv. Bill: kr. 30 Norli Galleriet eller v/inngang

Billettsal hos Norli Galleriet, fram til ein time før arrangementet. Tlf: 974 79 136, e-post: galleriet@norli.no Kl. 15.00 - Norli Galleriet FRODE PREIKAR OM SEG SJØLV IGJEN Festspeldiktaren snakkar om biografisjangeren og romanen Brenn huset ned. Gratis inngang Kl. 19.00 Chagall, Vaskerelven OK, NOK PREIK! FEST! MUSIKK! FRODE GRYTTEN BEATBAND MED GJESTER Frode Grytten har valt gjester frå øvste hylle når poesi blir blanda med musikk. På scena står Stein Torleif Bjella, Thea Hjelmeland, John Olav Nilsen og Nils- Øivind Haagensen. I ryggen har dei festspeldiktarens eige band: Pedro Carmona-Alvarez, Annlaug Børsheim, Michael Barnes, Tor Bjarne Bjelland, Ole Amund Gjersvik, Einar Sogstad. Bill: 250/200 Arrangementet er eit samarbeid med Festspillene i Bergen. NB! Til dette arrangementet MÅ du kjøpe billettar hos www.billettservice.no, telefon 815 33 133 eller på Narvesen, 7-Eleven og andre utsalsstader for Billettservice. Møteplassen Møteplassen er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Festspillene i Bergen. Gratis inngang på alle arrangement. SØNDAG 25. MAI Kl. 14.00 - Chagall Lars Amund Vaage og Leif Ove Andsnes snakkar om Beethoven, basert på Andsnes innspelingar. Lengde: ca. 45 min ONSDAG 28. MAI Kl. 17.00 - Chagall Hanne Elisabeth Bramness og Solveig Kringlebotn snakkar om vår oppfatting av Edvard Grieg. Lengde: ca. 45 min TORSDAG 29. MAI Kl.14.00 - Chagall Paal-Helge Haugen snakkar med Steve Reich (Stephen Michael Reich) om komposisjon og mottaking av Reich sine verk. Lengde: ca. 45 min Med atterhald om endringar i programmet. PRAKTISK INFORMASJON Billetter kjøpes på forhånd hos Norli Galleriet, tlf: 974 79 136 inntil 1 time før arrangementet. Uavhentete billetter selges 30 min før arrangement. Billetter kan også kjøpes i døren. Norli selger forfatternes bøker under arrangementene.

Line Berg er ein novelleforfattar som det er all grunn til å nytte høvet til å bli betre kjend med under Dei Litterære Festspela. Line Berg skriv om menneske i livets randsoner, og har fått fleire bokmeldarar til å kjenne i kroppen kva slags liv karakterane i novellene hennar lever, anten det er tvillingar i rullestolar med flagrande vimplar eller det er ein student med sosial angst. Ho debuterte i 2010 med novellesamlinga Slik skjer det ikkje. Den andre samlinga heiter Skrottene og kom i 2012. FOTO: ROLF M. AAGAARD

Henning H. Bergsvåg er ein kjend figur på Bergens litterære scene. Han har gitt ut fleire diktsamlingar sidan debuten i 2000, den siste er Den engelske hagen frå 2013. Han orienterer seg mot samtidige svenske og franske stemmer, og har vore gjendikta til svensk i tidsskrift som Oei og Horisont. Han er også ein viktig litteraturformidlar gjennom arbeid med tidsskrift og litteraturarrangement, først med den internasjonale Bergen Poesifest tidleg på 2000-talet, sist med den populære serien Poesidigg på Café Opera i Bergen. FOTO: HELGE SKODVIN

Mads Berven er ein norsk jazzgitarist og jurist. Han har fireårig utdanning frå Jazzlinja på NTNU, der han blei uteksaminert i 2007. Han har spelt saman med ei lang rekke artistar, og har fleire eigne bandprosjekt. Mellom anna var han i fleire år fast gitarist for Ralph Myerz and the Jack Herren Band. Debutalbumet Mountains & the Sea blei gitt ut våren 2011. Albumet er ei gitartrioinnspeling med Kåre Opheim på trommer og Anders Bitustøyl på bass. FOTO: SOUNDPROMOTION

Stein Torleif Bjella er mannen bak «Psykisk kan du vera sjølv». Han er ein norsk låtskrivar og musiker frå Ål. Han debuterte som soloartist i 2009 med vise- og countryalbumet Heidersmenn på Oh Yeah!. For albumet blei han nominert til Spellemannsprisen 2009 i klassane Viser og Tekstforfattar. I 2011 følgde Bjella opp med albumet Vonde visu (Oh Yeah!) og fekk Spellelmannsprisen 2011 i klassen Viser. Han fekk også Prøysenprisen og Bendiksenprisen i 2012. Bjella er vokalist, gitarist og låtskrivar i poprockbandet Tolv Volt (1996 - ), som har gitt ut albuma Auraspray og Kalas. FOTO: KNUT BRY

Maria Børja er forfattar og journalist med bakgrunn frå mellom anna Dagbladet, der ho i ti år jobba med litteratur og med Diktkammeret. Ho debuterte som forfattar med den kritikerroste novellesamlinga Voksenting. Den andre boka hennar er romanen NY BY frå 2013, som føregår i The Big Apple, New York. Børja har også vore med i og vore redaktør for ei rekke antologiar. FOTO: CARSTEN ANIKSDAL

Annlaug Børsheim kjem frå Ulvik i Hardanger, og er utdanna folkemusikar frå Høgskulen i Telemark og ved Ole Bull Akademiet på Voss. Ho syng og spelar fele, hardingfele og gitar. Ho skriv tekstar på norsk og komponerer eigen musikk. Som frilansmusikar er ho aktiv i mange samanhengar, og har jobba med Frode Grytten på fleire av hans prosjekt. Ho debuterte som soloartist i 2010 med CD-en November. FOTO: JARLE H. MOE

Tomas Espedal debuterte som forfattar i 1988 med romanen En vill flukt av parfymer. Han er kjend for sine genrediffuse, sjølvbiografiske og sjølvutleverande romanar. I sine seinare utgjevingar, utforskar han forholdet mellom romanen og sjangrar som essay, brev, dagbok sjølvbiografi og reiseskildring. Han har mellom anna mottatt Kritikerprisen, Brageprisen og Gyldendalprisen. Dei to bøkene Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv (2006) og Imot kunsten (2009) var begge nominerte til Nordisk Råds Litteraturpris. I 2011 var Espedal Festspeldiktar. FOTO: HELGE SKODVIN

Nils-Øivind Haagensen er forfattar, journalist og forleggar på Flamme Forlag. Han debuterte som forfattar i 1998 med diktsamlinga Hender og hukommelse. Sidan har han skrive seks diktsamlingar, ein roman og ei reisebok. I 2004 fekk han Sult-prisen for sitt forfattarskap. Diktsamlinga God morgen og god natt blei gitt ut i 2012 og blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris. I 2013 gav han ut romanen Liten. FOTO: HEIDI FURRE

Marvin Halleraker er musikar, bokillustratør og biletbokforfattar. For debutboka Høyt over husene blei han Brageprisnominert i 2007, og han har fleire gongar mottatt prisar frå Kulturdepartementet for sitt arbeid. Han har samarbeida med Frode Grytten om boka Hull og sønn som kom ut i 2004. Kvar veke kommenterer Halleraker aktuelle saker med avisteikningar til Morgenbladet, Vårt Land og Bergens Tidende. ILL.: MARVIN HALLERAKER

Rønnaug Kleiva er ein allsidig og erfaren forfattar som har gitt ut over tjue bøker i ulike sjangrar for vaksne og barn sidan debuten i 1985. Ho har motteke Noregs Mållags barnebokpris, Kritikerprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris. I 2010 var ho Festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela. Kleiva blir ofte rost for sin stilreine og konsekvente skrivestil, og ho er ikkje redd for å avsløre brutalitet, sjølvbedrag og forbodne kjensler i mellommenneskelege forhold. Rønnaug Kleivas siste bok er reiseskildringa Armenia, Albania, Argentina frå 2012. FOTO: TOVE K. BREISTEIN

Annette Mattsson debuterte med novellesamlinga Fotografiet i 1997, og har seinare gitt ut både romanar, novellesamlingar og ein ungdomsroman. Ho har blitt tildelt både Bjørnsonsstipendet og Tanums kvinnestipend for sin forfattarskap. Den siste utgjevinga er novellesamlinga Å dele en flamme frå 2011, som i Bergens Tidende blei omtalt som «novellekunst på høyt nivå». FOTO: GYLDENDAL NORSK FORLAG

John Olav Nilsen er vokalist, tekstforfattar og låtskrivar. Han er kjend frå bandet John Olav Nilsen & Gjengen, som platedebuterte hausten 2009 med For Sant Til Å Være Godt, og fulgte opp med Det nærmeste du kommer i 2011 og Den eneste veien ut i 2012. Med ein Spellemannspris i den eine baklomma og knyttneven i den andre, er han guten som gjennom sine tekstar har tatt heimstaddikting til ein heilt ny dimensjon. Musikken til John Olav Nilsen & Gjengen vil vere eitt av elementa i Frode Grytten sitt nye teaterstykke Sånne som oss på Den Nationale Scene. FOTO: NTB

FOTO: ASCHEHOUG Erlend O. Nødtvedt kjem frå Fyllingsdalen i Bergen. Han har skrive diktsamlingar om Hordaland (Harudes 2008) og om Bergen (Bergens beskrivelse 2011). Sidan debuten har han markert seg som ein kjent figur på Bergens litterære scene, både som særeigen formidlar av eigen poesi, som medredaktør i tidsskriftet Vagant og som arrangementsansvarleg på Bergen Offentlege Bibliotek. Nødtvedt er karakterisert som ein eksplosiv og valdsam poet, dikta hans er forvandlande, hyllande og høgtstemte, mystiske og urbane, leikne og alvorlege på same tid.

Christine Sandtorv er ein artist, gratisk designar og låtskrivar i Ephemera. Ho har mellom anna skrive hiten «Girls Keep Secrets in the Strangest Ways». Ho solodebuterte i 2006 med albumet First Last Dance. I november 2009 lanserte Sandtorv prosjektet Stjerneteller med albumet Stjerneteller Godnattsanger. Det andre albumet i serien, Stjerneteller Gullamanter blei kåra til beste barneplate under Spellemannsprisen 2012. FOTO: DYVEKE S. NILSSEN

Laila Stien debuterte som novelleforfattar i 1979, og har sidan gitt ut fleire novellesamlingar, romanar og diktsamlingar for vaksne og barn. Mange vil hugse den vesle, poengterte novella Fyr frå norskundervisninga på ungdomsskulen og vidaregåande. Den var med i samlinga Fuglan veit frå 1984, og er eit presist døme på det usentimentale og presise uttrykket kvardagsrealismen blir presentert gjennom. Stien har mottatt ei rekke prisar for sitt forfattarskap, mellom anna fekk ho Aschehougprisen i 2000. Ho har også omsett og gjendikta samisk litteratur, i hovudsak lyrikk, som Nils-Aslak Valkeapääs Vindens veier i 1990. FOTO: TINE POPPE

Finn Tokvam er journalist, musikar og forfattar. Han er busett i Bergen der han jobbar i NRK, mellom anna i programpostane Radio Røynda og P.I.L.S. (Populærmusikk ispedd litt sladder). Han er også spaltist i Bergens Tidende og vokalist i populærorkesteret Finn- Erix. Tokvam debuterte som forfattar i 2005, saman med kollega Halvor Folgerø, med romanen Tyl. I 2012 kom Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland. Også denne var skriven saman med Halvor Folgerø. FOTO: SAMLAGET

Gunnhild Øyehaug debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret. I 2004 blei novellesamlinga Knutar nominert til Brageprisen og vann Bergensprisen. To år seinare kom Stol og ekstase, med sjangernemninga essay og noveller, og i 2008 gav ho ut suksessromanen Vente, blinke til strålande mottaking. I år har det blitt kjent at denne romanen også blir film. Øyehaug har vore medredaktør i tidsskrifta Vagant og Kraftsentrum. FOTO: ROLF M. AAGAARD

Pedro Carmona-Alvarez debuterte som forfattar i 1997 med diktsamlinga Helter. Seinare har han gitt ut både poesi og romanar, og i 2012 kom Og været skiftet og det ble sommar og så videre, som er første bok i ein varsla trilogi og som blir kalt «en liten roman om de store tingene, om kjærlighet, tap og savn og rotløshet». I 2013 kom diktsamlinga Sanger for kor. I tillegg til forfattarskapen er Carmona-Alvarez også musiker i fleire band, mellom anna Sister Sonny og Moon Pedro & the Sinking Ship, som kom med eit nytt album vinteren 2013, Homegrown. Albumet er skrive og produsert av Carmona- Alvarez. FOTO: EVA LENE GILJE ØSTENSEN

Michael Barnes er komponist og musiker, med komponistfagleg bakgrunn frå Perth, Australia. Han meistrar fleire ulike blåsinstrument, men er først og fremst saksofonist. Han har lenge markert seg som ein ressurs i det bergenske musikk- og musikarmiljøet. Han har vore leiar for korps og band, komponist og arrangør. Han har også vore medverkande på plateinnspelingar på scenen saman med mellom andre Bergen Big Band, Frode Grytten Beat Band og Hans Marius Andersen Quintet. FOTO: PRIVAT

Ole Amund Gjersvik er musiker, komponist og bassist. Han debuterte med si første soloplate A voice from the Past i 1990, og har seinare gitt ut 13 album i sitt eige namn. Han jobbar mest som frilans bassist, og har ved fleire høve samarbeida med Frode Grytten, mellom anna med turné i Den Kulturelle Skulesekken. Gjersvik gav i vinter ut plata All Together now. FOTO: PRIVAT

Tor Bjarne Bjelland er ein trommespelar med utdanning frå jazzlinja ved musikkonservatoriet i Trondheim. Han har vore med på ei rekke ulike teateroppsettingar, så som Jesus Christ Superstar ved Trøndelag Teater og Ulverock ved Den Nationale Scene i Bergen. Bjelland har spelt i fleire tv-produksjonar, så som Larsen Spesial og I kveld med Ylvis. Han har spelt saman med mellom andre Jan Eggum, Kenneth Sivertsen og Alexander Denstad With. FOTO: PRIVAT

Einar Sogstad er ein musikar frå Karmøy, med piano og keyboard som hovudinstrument. Han har gått fire år på rytmisk linje ved musikkonservatoriet i Kristiansand, og har vore med på ei rekke ulike musikalske prosjekt og innspelingar, mellom andre Sissywish, Moon Pedro & the Sinking Ship, Frode Grytten Beat Band og La Cage aux Folles på Den Nationale Scene. FOTO: PRIVAT

Thea Hjelmeland er ein songartist og musikar frå Førde i Sunnfjord. Ho vann i 2005 Eggstockfestivalen i Bergen, og fekk då gje ut ein EP og ein musikkvideo som begge kom i 2007. I 2012 kom debutalbumet Oh, the third som hausta svært gode kritikkar. Hjelmeland blir invitert til å spele musikken sin over heile verda, men i vår skal ho ha fast adresse i Bergen når ho har den musikalske hovudrolla i Frode Gryttens teaterstykke Sånne som oss ved Den Nationale Scene. FOTO: VEGARD FIMLAND

www.forfattersentrum.no