Årsmelding Førde skulemusikkorps 1/8 2008 31/7 2009
Stad: Førde Barneskule - musikkrom Tid: Onsdag 23. september 2009 kl. 19.00 Sakliste: 1 MØTESKIPNAD - Godkjenning av innkalling og sakliste - Val av møteleiar - Val av sekretær - Val av 2 personar til å skrive under årsmøteprotokollen 2 ÅRSMELDING 3 REKNESKAP 4 BUDSJETT 2009 2010 5 INNKOMNE SAKER 6 VAL
Organisasjon Leiar: Nestleiar Korpsleiar Sekretær Drillansvarlig Kasserer Materialforvalter Dirigent: Per Arne Hjelmeland Susanne Geithus Eva Apalseth Bjørg Nygård Anne Sunde Ramberg Albert Skildheim Rune Nøtseth Helga Lied Wyrtz 1. vara for styre Trond Naustdal 2. vara for styret Rune Kvammen 3. vara for styret Marit Andersen Revisor: Helene Hundvebakke Magnus Vie Valnemnd: Svanhild Friborg Dag Johnsen Eivind Husabø
MUSIKKTROPPEN Korpssesongen starta med 25 medlemmer. Desse er fordelt slik: Hovedkorps - 22 stk Korpsskule/ juniorkorps 3 stk Liten nedgang i talet på medlemmer frå i fjor. Stort sett dei same instrumenta som er representert, så lyden hørtes bra ut. Kanskje ikkje den heilt store responsen fra korpsinstrument i 4. klasse enda. Dirigent for sesongen har vore Helga Lid Wyrtz. Vi hadde oppstart i slutten av august som vanlig. Nytt i år var øvingsdagen, som hadde flytta til mandag. Ellers hadde vi ein tradisjonell haust, med øvingar, speleoppdrag, styremøter, årsmøte og julemessa. I tillegg, med tanke på medlemmer frå Holsen, hadde vi også ein kafékonsert på skulen der oppe. Med drill, musikk, kaker og kaffi. Vi prøvde også på ei seminarhelg på Sandane, med div aktiviteter, men dette måtte vi legge på is. På nyåret var det vår vanlige dugnad på Europris, som gjekk heilt fint. Nesten alle som skulle møtte opp, og det er ikkje verst. Gallafesten vart så vellykka året før, så den har vi gjort til tradisjon. Vi stiller i finstasen, et og koser oss, flirer og har det flott. Sidan Steinar og Asmund ikkje hadde fått tid til å øve inn nytt drillnummer til i år, måtte vi i styret til pers. Med mange eks-musikanter vart det eit lite orkester med lyd og ulyd, og vakker sang (Det var om en korpstur til Danmark, for dei som har glømt det). I slutten av mars hadde vi semininar på Sandane i lag med Sandane Skulekorps, og Skei Skulekorps. Dette vart avslutta med konsert og basar på søndag. Etter dette starta øvinga til Norvestmestersakpet på Sjøholt, dit reiste vi i slutten av april. Her stilte vi i vurderingsklassen. Vi hadde også i år med Espen Hjelmeland i solistkonkurransen, og han var heilt sikker den av solistane som fekk mest applaus!!! Ei lang reise for å vere med på mesterskap, men det er alltid kjekt å vere med på tur. Og ein kjempeflott gjeng å reise i lag med. Vi har også i år hatt konsert med 4.klassingane som har hatt korps- instument i musikktimane. Undervisninga av desse er det lærarane på kulturskulen som står for, og instrumenta er det Førde Skulemusikkorps som låner ut. Her får elevane vise fram kva dei har lært, og vi i styret kan informere foreldra litt om skulekorpset - vi ønsker alle samen velkommen til juniorkorpset til hausten. Det vert avslutta med kaffi, saft og boller, og litt speling frå hovedkorpset. Då var det siste innspurt : Øve på marsjering, og kjente marsjer til 17.mai. Vi hadde eit lite mannefall før denne store dagen. Men med eit styre som bokstavelig talt tek saka i egne hender, går det meste (unskyld Helga!!!) Det vart 17.mai i år også! Vi hadde også en rekke forsøk på å få til en korpstur, men pga manglande påmelding vart det heile omgjort til ein grillfest i Movika. Fin avslutning! Eva og Susanne
Drilltroppen Høsten 2008 starta vi opp med totalt 14 aktive drilljenter fordelt på 2 tropper og 1 aspirant, 5 drilljenter slutta til sommaren 08. Tropp 1: 5 stk Tropp 2: 8 stk. Aspirant: 1 stk. Høst 08: Vår 09: Aspirant: 1 t. trening pr.veke Tropp 1: 1,5 t trening pr.veke (tor) Tropp 1: 1,5 t. trening pr.veke Tropp 2: 1,5 t trening pr.veke (tir) overlapp. Tropp 2: 1,5 t. trening pr.veke Tropp 3: 1,5 t trening pr.veke (tir) overlapp. Solo/duett/pom pons: 1 t. trening pr.veke Pom pons: 1 t trening pr.veke (tir) Vi brukte høsten til å trene fram mot konkurransen på Askøy i november, vi laga nytt program sjølv til tropp 2, det vart ein del ekstra treningar og vi deltok med 2 troppar, 3 solo og ein duett i konkurransen. Vi oppnådde ingen premiar eller finaleplass denne gongen. På julemessa viste vi 2 tropp-program, 2 duettar og 3 soloar. Tropp 1 tok utfordringa og laga til eit vimpel-program som dei viste fram for korps og foreldre på årsfesten på Flatene skule. Etter nyttår delte vi opp tropp 2 slik at vi hadde 3 troppar å jobbe vidare med. Og vi begynte å trene inn pom pons program som vi deltok med på konkurransen i Sjøholt. I løpet av vinteren hadde vi 2 trenings-helger + ekstrtreningar for å bli ferdige til konkurransen. På Sjøholdt deltok vi med 2 troppar i 3. div. Der fekk vi 1. og 7. plass. To duett junior som fekk 3. og 5. plass. Tropp 3 stilte i vurderingsklassen. Pom pons troppen fekk 1 plass i åpen klasse. 21 mars stilte drill-jentene opp og drilla før kinoen Orps. Vi tenkte det kunne vere ein god rekrutteingsjobb, men det var lite publikum. Vi fekk gratis kinobillettar. På våren vart det trening på marsjering og 17.mai program. 17 mai deltok vi i toget i Førde og på Flatene skule. Ei drilljente deltok i toget og feiringa på Holsen. Denne sesongen slutta vi av etter 17 mai sidan det ikkje vart noko korpstur. Drilljentene var med på felles avsluttning med korpset i Movika. Instruktørar 08/09 har vore: Hovudtrenar Anette Mulen (tropp 1) Marianne Solhaug (Pom pons) Kristin H.Johme (tropp 2) Ingrid Nygård (tropp 3) (Marie Berge (aspirant)) Anette Mulen og jentene i tropp 1 har laga alle sjølvlaga programma. Etter 17 mai starta vi opp med 8 nye aspirantar med trening på ungdomskulen. Det gjenstår å sjå kor mange som fortsetter til høsten. Drillansvarlig Anne Ramberg
INSTRUMENT / MATERIALSTODA HAUSTEN 2009 Etter at notearkivet til korpset vart registrert digitalt har vidare arbeid stoppa noko opp. Det gjenstår å kontrollere at ein har alle stemmene. Dette er eit omfattande arbeid som bør gjerast over tid. Ein bør og ta stilling til om sjølve notesetta skal digitaliserast. Korpset har i 2008-09 kjøpt inn 8 klarinettar og 4 kornettar med tanke på fleire grupper i 4. klassetrinnet. Frå i haust av er gruppesamansetninga på 4-klassetrinnet endra til å omhandle fløyte, kornett og klarinett der fleire elevar deler på instrument. Nokre av instrumenta har etter kvart nådd ein alder som tilseier at ein bør tenkje å bytte dei ut mot nye sjølv om dei kan nyttast til opplæring. Til reparasjon av instrumenta har ein nytta Musikkmiljø i Bergen. Ved utgangen av september har vi fylgjande behaldning av instrument: Piccolo: 3 stk Tverrfløyte: 12 stk Klarinett: 26 stk Bassklarinett: 1 stk Altaksofon: 7 stk Tenorsaxofon 2 stk. Barytonsaksofon 1 stk Kornett: 26 stk Trompet: 3 stk Waldhorn: 4 stk Juniorhorn: 2 stk Baryton / Euphonium 10 stk Trombone: 5 stk Tuba: 4 stk Trommesett: 1 stk Parade / skarptromme 5 stk Stortromme 2 stk. Diverse rytmeinstrument og utstyr. Rune Nøtseth Materialforvaltar
Styret i Førde Skulemusikkorps Per Arne Hjelmeland Susanne Geithus Bjørg Nygård Albert Skildheim Leiar Nestleiar Sekretær Kasserar Anne Sunde Ramberg Rune Nøtseth Eva Apalseth Drillansvarlig Materialforvalter Korpsleiar Førde den 18/9 2009 Heimeside: http://forde.skulemusikkorps.no e-post : forde@skulemusikkorps.no