Essay om søk. Anders Nedland Røneid, 040467 (ca 4100 ord utan referanseliste) Anders Nedland Røneid



Like dokumenter
Brukarrettleiing E-post lesar

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Brukarrettleiing. epolitiker

Vegvisar til vilbli.no

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Lotteri- og stiftingstilsynet

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Brukarmanual.

Nytt HFK Intranett

Til deg som bur i fosterheim år


Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

KONTINUASJONSEKSAMEN I EMNE. TDT4136 Logikk og resonnerande system. Laurdag 8. august 2009, kl

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

osbergetcms Brukarmanual

Å løyse kvadratiske likningar

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Bruk av reiserekning i Agresso

ehandel og lokalt næringsliv

Rådgjevarkonferanse 2009

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kopier heile katalogen Metxxxxx inn i Weatherlink-katalogen (eller i ein underkatalog).

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Informasjon og brukarrettleiing

Lønnsundersøkinga for 2014

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Lingspeak Lingit AS

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Rådgjevarkonferanse 2010

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon

Store dokument i Word

Los - vegvisar til offentlege tenester

Samansette tekster og Sjanger og stil

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Fakultet for samfunnsfag Bibliotek- og informasjonsvitenskap BIB1300 og BIB6300 Kunnskapsorganisasjon og gjenfinning 2

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.


FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER. FRITZ Box 7360/7390

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Strategiplan for Apoteka Vest HF

GeoGebra. brukt på eksamensoppgåver i 10. kl. Sigbjørn Hals

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jon Fosse. For seint. Libretto

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Informasjonssbrev Arkivplan.no

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

mmm...med SMAK på timeplanen

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

HiST i Sosiale Medier

Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Frå novelle til teikneserie

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Transkript:

Essay om søk, 040467 (ca 4100 ord utan referanseliste) 1

Innføring i, og utviklinga av søk som hjelpefunksjon Søkjefunksjon har nærast vorte allstadnærverande på nettstader og i operativsystem på ulike einingar, og avhengigheita har vorte stor. Sidan den første søkjemotoren vart lansert i 1993 (Wikipedia, 2012a) har utviklinga innan dette området vore enorm. Betre tekniske løysingar og moglegheiter for å optimalisere innhald for søking gjer at dette har vorte svært nyttig og tidsparande for å finne innhald, og dermed har også populariteten auka. I juli 2009 vart det i følgje comscore utført 114 milliardar søk på nett uavhengig av type søkjemotor, ei auke på heile 41% (comscore, 2009) samanlikna med same månad året før. Google, markedsleiar innan søk på nett med ein andel på rundt 63%, over 50% føre neste på lista (comscore, 2010), kan også vise til same positive utvikling. I år 2000 hadde Google gjennomsnittleg 60 millionar søk per dag. I 2011 har dette talet auka til 4,7 milliardar (comscore, 2012). I snitt har altså Google åleine fleire søk per månad (4,7 x 30dg =141mrd) enn det vart utført på ein månad i 2009 (114mrd). Dette viser utviklinga som har skjedd på dette området berre dei siste åra. Vi kan seie at søk i mange tilfelle har erstatta den manuelle navigasjonen, noko som understrekar intensjonen med han det å vere ein alternativ informasjonsinngang. Brukarar har ulike preferansar, og då er det viktig å tilby ulike måtar å gjennomføre oppgåver eller finne informasjon på (W3C, 2012). Brukaren er interessert i å finne det han er på jakt etter raskast mogleg og med minst mogleg problem, og med søk kan ein i mange tilfelle hoppe direkte frå start til mål dette er både tidsparande og nyttig. Når brukaren veit kva ein leitar etter, eller har ein viss formeining om kva retning han skal i, vil søk vere eit svært effektivt verkemiddel for å få tak i informasjonen rundt det. 2

Søking gir moglegheit til å finne informasjon i enorme mengder data, for eksempel på internett eller datamaskiner, utan å måtte leite manuelt via menyar eller strukturar. Søk er både tidsparande og peikar deg direkte dit du skal, utan omvegar. I dagens tekniske verden er søk implementert i nesten alle dingsar. I operativsystemet, i filbehandlaren og ikkje minst i kvar einaste programvare. Fleire og fleire produsentar framhevar søkjefunksjonen meir enn før. I tidlege versjonar av Windows frå Microsoft var «Søk» eit menyval på Startmenyen. I dag er søkjefeltet integrert som ein del av sjølve Startmenyen, og tekstfeltet blir automatisk aktivert og klargjort for skriving når ein klikkar på Start. På nye HTC- telefonar finst det eigen fysisk søkjeknapp, sjølv om det berre finst fire knappar totalt. Dette illustrer utviklinga som har skjedd på området og kor viktig det har blitt. Den viktigaste grunnen til at søk har blitt ein så viktig inngang til å finne informasjon, er den enorme utviklinga innan mengde av informasjon vi i dag finn i datatekniske system, som vi altså skal finne fram i for å lokalisere akkurat det vi er på jakt etter. Den fyrste harddisken kom i 1956, hadde 4,4 megabyte lagringsplass og vog 1,2 tonn (Wikipedia, 2012b). I dag er det ikkje uvanleg at vi har harddiskar på fire terabyte, altså fire millionar megabyte, heime i stova. I serversamlingar snakkar vi om mangedobla dette igjen. Med denne auka i moglegheiter for lagre informasjon, aukar også mengda informasjon. Wikipedia vart etablert i 2001 og hadde i løpet av fyrste år om lag 20.000 artiklar (Wikipedia, 2012c). Over ti år seinare har dei over 22 millionar artiklar (Wikipedia, 2012c). For å greie å finne fram i slike mengder data er ein altså avhengig av ein søkjefunksjon, det vil ikkje vere mogleg å leite i 22 millionar artiklar manuelt. Det er også difor søk er einaste inngangsmåte hjå Wikipedia. Figur 1 Plassering av søk, Windows 7 mot Windows ME. 3

Kva er ein søkjefunksjon? For brukaren består ein søkjefunksjon i utgangspunktet av to element, sjølve søkjefeltet og søkjeresultata. Søkjefeltet er som regel det første dei møter, mens søkjeresultata kjem som nivå to. For at søkjefunksjonen skal fungere optimalt, må desse to elementa tilpassast slik at brukaren kan ta det i bruk og finn det han er på jakt etter. Korleis dette kan gjerast vil variere avhengig av kva medium ein opererer på. Sett frå den tekniske sida, er søkjefunksjonen meir komplekst samansett. I tillegg til søkjefelt og søkjeresultat, ligg det to element mellom desse, som gjer sjølve søkjejobben. Etter at brukaren har trykt søk, bli sjølve søkjemotoren aktivert. Dette er i praksis ein robot som ved hjelp av algoritmar går gjennom innhaldet på nettstaden og vel ut det som er relevant basert på søkjeord(a). Resultatet blir deretter presentert for brukaren (Morville & Rosenfeld, 2006a). Søkjefelt Søkjemotor Innhald Resultat Figur 2 Grunnleggjande element i ein søkjefunksjon (Morville/Rosenfeld, 2006a). Søkjefelt utforming og funksjonalitet Søkjefeltet er inngangen til informasjon. Her blir premissane for kva søkjeresultatet bringar lagt og det er viktig at han er lagt til rette for bruk. For at folk skal ta i bruk funksjonen, er det viktig at han er synleg. Han må også vere konsistent plassert gjennom heile systemet, slik at det er enkelt for brukaren å finne attende til han seinare. For eksempel er som tidlegare nemnt søkjefeltet no ein del av Startmenyen i Windows, mens han på nettstader som regel er plassert i fyrste/øvste viewport på alle sider (med unntak av forsida i enkelte tilfelle), gjerne oppe til høgre slik vi ser på både Økokrim og VG sin nettstad. Dette gjer det 4

enkelt å finne søkjefunksjonen på alle undersider dersom ein har behov for dette. Figur 3: Eksempel på plassering av søkjefelt på nettstader. Skjermbilete av Økokrim teke 14.november 2012. http://okokrim.no Figur 4: Eksempel på plassering av søkjefelt på nettstader. Skjermbilete av VG Nett teke 14.november 2012. http://vg.no Størrelse på søkjefeltet Søkjefeltet si størrelse må også vere tilpassa bruken. Dersom det hovudsakleg blir utført enkle søk beståande av eitt ord, kan størrelsen kortast ned. Dersom folk søkjer etter omgrep eller setningar, vil det auke brukskvaliteten dersom størrelsen er tilpassa dette. Det å kunne lese kva som står i søkjefeltet utan å måtte navigere fram og tilbake gjer det enklare for brukaren å ha kontroll på kva han søkjer etter, og minkar mellom anna risikoen for skrivefeil då ein alltid har kontroll på innhaldet som står der. For offentlege nettstader anbefaler Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) at minst 20 teikn skal vere synleg til ei kvar tid (Difi, 2012b). Dette kan vere ein grei gylden regel, men som nemnt kan dette tilpassast kvar nettstad basert på kva folk søkjer etter. Auto- fullføring av søkjeord Ein anna tilleggsfunksjon som har byrja å bli populært er auto- fullføring av ord ved utfylling av søkjefeltet. Det betyr at når ein byrjar å skrive eit ord, gir søkjefunksjonen deg forslag til 5

kva ord du kan fullføre med. Dette er forslag som er basert på kva innhald som finst på nettstaden, og gjer det lettare å peile seg i rett retning, så ein skjønar kva informasjonseigar har kalla innhaldet du er på jakt etter. Ein får også ei forvissing om at dette er ord som vil gje treff, og minimerer sannsynet for skrivefeil i søkjeordet. I figuren under ser vi at søk etter «barne» på Leikanger kommune sin nettstad gir forslag om mellom anna «barnetrygd», «barnebidrag» og «barnepark». Figur 5 Eksempel på auto- fullføring av søkjeord, Leikanger kommune. Skjermbilete teke 2.november 2012. http://www.leikanger.kommune.no/ Slik funksjonalitet kan derimot også føre til problem for brukaren. Det kan vere lett å tru at dersom ordet du leitar etter ikkje kjem opp i forslagslista, finst det heller ikkje innhald som passar til søkjeordet du prøver deg på. Dette er ikkje alltid tilfelle, men kan føre til at brukaren endrar søkjeordet sitt til noko anna eller eit meir generelt omgrep, og dermed får ei dårlegare treffliste enn han ville fått med det opphavlege ordet. Google er blant dei som tilbyr slik funksjonalitet. Dei tek det i tillegg til neste nivå, der dei automatisk presenterer søkjeresultata for kvart forslag etter kvart som du går gjennom forslagslista. Om du skriv «hest» i søkjefeltet og brukar nedoverpila på tastaturet for å velje forslaget du ynskjer, vil resultatlista automatisk oppdatere seg etter kvart som du trykkjer deg nedover. Dette gjer det enklare å velje rett søkjeord, då ein får sett resultatlista med ein gang og dermed kan avgjere om det er treff der som er relevante. Dette vil vere spesielt nyttig dersom forslaga søket kjem med har små forskjellar i ordlyden, mens resultata er markant forskjellige. 6

Alternative søkjefelt Det er derimot ikkje alltid at presentasjonen mot brukaren blir gjort på denne måten. Søkjefeltet ser ikkje nødvendigvis ut som eit søkjefelt lenger. I nye nettlesarar er adressefeltet også blitt eit søkjefelt, der ein i tillegg til å skrive inn adresser no kan skrive inn søkjeord og bli sendt rett til søkjeresultata i for eksempel Google. Ein sparar eit ledd og integrerer søk der det er mogleg. Med dagens teknologiutvikling er det viktig å tilpasse funksjonalitet mot det medium og den situasjonen brukaren er seg i. I nokre tilfelle vil ikkje eit tekstbasert søkjefelt vere det mest egna, men kanskje vil heller knappbasert vere nyttig dersom ein har god nok innsikt i kva brukaren er på jakt etter. Under ser ein skjermbilete frå Garmin Nuvi 255WT GPS. Ved å klikke på «Where am I?» kan brukaren søkje etter spesifikke stader i nærleiken, for eksempel sjukehus eller bensinstasjon. Her har Garmin teke omsyn til at brukaren mest truleg køyrer bil samtidig og difor ikkje har moglegheit til å skrive, og gjort søket enkelt å handtere med store ikon og ikkje minst mykje meir effektivt i slike situasjonar. Prinsippet i bakgrunnen er derimot likt eit vanleg søk, der kvar knapp køyrer eit søk gjennom innhaldet på GPSen på jakt etter spesifikke stader i nærleiken av brukaren si plassering og presenterer relevante treff basert på dette. Figur 6 Skjermdump frå Garmin Nuvi 255WT. Den same tankegangen ser ein også innan applikasjonar for smarttelefonar. Grensesnitta er på lik linje med GPSar basert på klikking, og jo fleire snarvegar ein kan tilby brukaren i staden for at han manuelt må taste inn dette, jo betre. Klikkflata er begrensa og knappane er små, samtidig som ein kanskje går eller køyrer buss samtidig. Kioskkjeda Narvesen er ein av dei som har utvikla ein applikasjon på denne måten. Med deira app installert får ein 7

enkelt oversikt over kvar nærmaste kiosk ligg basert på eigen posisjon, akkurat som GPS- eksempelet over, og i tillegg også kva tilbod den aktuelle kiosken måtte ha, sidan ein på smarttelefonar kan integrere livedata via mobilnettet. Her kan ein altså enkelt søkje etter næraste kiosk, og i tillegg blir søket spesialtilpassa med å informere om aktuelle tilbod for å gjere besøket med attraktivt. Figur 7: Bilete av Narvesen sin app for iphone. Søkjeresultat korleis presentere treffa? Den viktigaste delen av ein søkjefunksjon er søkjeresultata. Det er her brukaren skal finne det han er på jakt etter. Treffa må vere relevante og beskrivande slik at brukaren skjønar kva dei ulike treffa er. Dessverre er det ikkje alltid like lett å gi brukaren akkurat det han er på jakt etter. Det kan vere at brukaren brukar feil søkjeord, søkjer etter for generelle omgrep eller at søkjefunksjonen rett og slett ikkje er godt nok innstilt. I slike tilfelle er det viktig å leggje til rette for at brukaren greier å nå målet sitt likevel, ved hjelp av ulike hjelpemiddel på vegen, som blir presentert under. Grunnlaget for eit godt søk ligg i innhaldet. Dette gjeld uansett kor ein søkjer, om det på nett eller for å finne eit dokument i mappestrukturen på PCen. Det er innhaldet som skal 8

søkjast i og presenterast som treff, og dersom innhaldet er dårleg og lite strukturert, vil dette medføre at også søkjefunksjonen blir dårleg. Det er altså ikkje nok å berre ha ein teknisk god søkjemotor, ein må tilpasse innhaldet også, som eg kjem inn på under. Som informasjonseigar er det fleire grep ein kan ta for å betre søkjefunksjonen. Først og fremst må ein sørgje for at søkjemotoren leitar i gjennom det innhaldet du vil den skal leite i (indeksering av innhald), og utelate det du ikkje vil han skal inkludere (Morville & Rosenfeld, 2006b). Det kan vere at det finst duplisert innhald eller at ein har dokument til nedlasting som ikkje treng å gje treff i søkjemotoren. Klassifisering av innhald I tillegg til at innhaldet må vere indeksert for i det heile tatt å bli inkludert i søket, må innhaldet merkast med metadata som beskriv kva innhald det er snakk om. Dette kan vere plassering i struktur eller reine forfattardefinerte stikkord (keywords) om kva innhaldet handlar om. På mellom anna nett og bibliotek er det vanleg å klassifisere innhald i ulike fasettar eller kategoriar, for eksempel basert på eigenskapar. Klassifisering handlar om å gruppere og sortere innhald basert på kva eigenskapar innhaldselementa har. Dette gjer det enklare finne att innhald i eit system, sidan ein ved å beskrive eigenskapane ein er på jakt etter endar opp med eit knippe resultat i staden for heile innhaldet. Ved å bruke klassifisering i søk sparar ein tid sidan ein får betre presisjon på søket, og det gjer det enklare å vite kva kategoriar ein skal inkludere eller ikkje inkludere i resultatlista. Enkelte klassifiseringssystem er gjensidig utelukkande, mens andre er ikkje. Dette går på om innhald kan plasserast i ein eller fleire kategoriar samtidig, og må tilpassast frå situasjon til situasjon. Mens nokre fasettar beskriv innhaldet, kan andre vere meir tekniske som kva filtype det er snakk om. Framkomstmiddel Genser Bil Båt Fly Størrelse Farge Stoff 9

Fasettbasert klassifisering og Dewey decimal classification er to eksempel på klassifiseringssystem som ofte blir brukt i dag. Fasettbasert klassifisering handlar om å bryte innhald eller element ned i underkategoriar, og på den måten detaljere og beskrive innhaldet. I staden for at eit dokument må plasserast i berre ein kategori, kan dets eigenskapar beskrivast ved å plassere det i fleire kategoriar samtidig (Morville/Rosenfeld, 2006c). Sjå genser- eksempel i illustrasjonen over. Dewey decimal classification er veras mest brukte klassifiseringssystem (Hunter, 2009), og spesielt mykje brukt innan biblioteksektoren der over 135 land nyttar denne måten å kategorisere bøker på (Morville/Rosenfeld, 2006d). Dewey- systemet har 10 førehandbestemte inngangskategoriar, der eit produkt blir plassert i berre ein av desse kategoriane (gjensidig utelukkande). Kva hovudkategori består deretter av 10 nye kategoriar basert på hovudkategorien, og 10 nye under kvar av desse igjen. På den måten blir innhaldet meir og meir detaljert og bøkene kan plasserast. Kvar kategori og underkategori har også kvar sin talkode, og ei bok si plassering kan dermed skrivast med tal, f.eks 243.71, der talet byrjar med hovudkategori, deretter underkategori og så bortetter. Figur 8: Hovudkategoriane i Dewey decimal classification. Henta frå http://www.emeraldinsight.com/content_images/fig/2630210205002.png 10

Ein av hovudgrunnane til at klassifisering av innhald er relevant når det gjeld søk, er at dette kan lette arbeidet med å lage ei relevant resultatliste. I mange tilfelle vil eit søk på ein normalt stor nettstad gje mange treff. Då kan det vere nyttig for brukaren å få moglegheiter til å avgrense resultatlista retta mot det innhaldet han er på jakt etter. Eit godt eksempel på dette er nettstaden til Regjeringa, som inneheld enorme mengder dokument og informasjon, mykje med same tekstleg innhald. Då vil slike avgrensingsmoglegheiter vere svært nyttige for å finne akkurat det notatet eller den stortingsmeldinga ein er på jakt etter. Figur 9 Eksempel på avgrensingar i regjeringa.no sitt søk. Skjermbilete teke 2.november 2012. http://www.regjeringen.no/nb/sok.html?quicksearch=departement&id=86008 I følgje Kommunikasjonsforeninga (Kommunikasjonsforeningen, 2010) bør ein ikkje ha for mange slike avgrensingsmoglegheiter. For mange kan ha motsett effekt og gjere brukaren usikker. Dette vil derimot vere avhengig av kva slags system det er snakk om. På Finn.no, Noregs største markedsplass for kjøp og sal, vil ein ha heilt andre behov for dette enn på ein kommunal nettstad. På Finn er ein på jakt etter spesifikke produkt med spesielle eigenskapar, og då går det bra for brukaren at det finst 20 ulike måtar å avgrense søket på. Bruk av klassifisering både til innhald og til søk Vinmonopolet er kjend for å gode sider det er enkelt å finne fram til. Med nær 13.000 produkt i vareutvalet har dei lukkast godt med sin fasettbaserte sorteringsmoglegheit som gjer det enkelt å velje ein retning som avgrensar treffa og på den måten finne fram til rett produkt. Det som i tillegg er positivt, er at denne faseteringa også er inkludert i 11

søkjefunksjonen deira (Vinmonopolet, 2012), noko som gjer det svært enkelt å finne fram i resultata. Figur 10 Vinmonopolet sine moglegheiter for fasetering i søkjefunksjonen. Skjermbilete teke 2.november 2012. http://www.vinmonopolet.no/vareutvalg/sok?query=vodka&countresult=true Her blir brukaren gitt to moglegheiter for å avgrense (fasettere) resultatlista dersom han ynskjer det. Den første seier noko om korleis han vil handle, altså på nett (lager/bestilling) eller på sitt lokale pol. Resultata vil deretter bli oppdatert etter kva som er på lager. Dette gjer treffa meir relevante for situasjonen brukaren er i og tar vekk resultat han ikkje kan velje. Den andre faseteringsfunksjonen går på å avgrense kva produkt som skal visast, for eksempel alkoholtype, produksjonsland eller pris. Dette vil gjere det enklare å finne fram til akkurat det produktet ein ynskjer. Det er i tillegg også mogleg å sortere endeleg resultatliste ein har kome fram til på ulike måtar, i dette tilfellet alfabetisk eller etter pris. Det mest vanlege i slike søkjeresultatlister er derimot å sortere treffa etter relevans, basert på søkjeorda. Dette er måten vi blant anna ser Google sortere sine treff på. I enkelte tilfelle vil nok dette meir relevant for brukaren å kunne sortere etter pris, som er eit alternativ her. 12

I eksempelet under får brukaren på ein kommunal nettstad fire val for korleis han kan sortere resultatlista. Det førehandbestemte valet er å vise dei treffa som er mest relevant basert på søkjeorda, samt at også dato spelar inn, slik at informasjonen er av nyare dato. Dette vil i dei fleste tilfelle tilfredsstille dei fleste brukarar på ein kommunal nettstad, men han blir gitt alternativ i tilfelle dette ikkje er godt nok. Figur 11: Skjermbilete av sorteringsmoglegheitene til Sogndal kommune sin nettstad. Skjermbilete teke 15.november 2012. http://www.sogndal.kommune.no/index.php?find=barnehageplass Det som i tillegg gjer Vinmonopolet sitt søk bra, er at det er mogleg å kjøpe produkta rett frå søkjeresultatlista. Dette gjer det lettare å handle sidan ein slepp å gå via produktsida, ein fordel både for nettstad og for kunde. Ta omsyn til skrivefeil Ein relevant problemstilling innan søk er at brukaren stavar søkjeordet feil. Det kan vere funksjonsnedsetjingar som dysleksi, lågt kunnskapsnivå grunna alder eller at ordet er vanskeleg å stave som gjer dette. Dette kan det kompenserast for (Kommunikasjonsforeningen, 2010). Dagens teknologi greier i stor grad å oppfatte stavefeil, og dette kan difor implementerast for å redusere problemet. Ei løysing kan då vere å anten automatisk rette ord dersom søkjeordet med skrivefeil ikkje gir treff, eller å lenkje til «Mente du xxx?» i søkjeresultata. Ei liknande problemstilling er det at folk har ulike namn på same ting, som bli omtala seinare under avsnittet «bruk av synonym og hjelpeord». Figur 12 Søk på «loftoen» i Google blir automatisk retta til «lofoten» som gir betre treff. Skjermbilete teke 2.november 2012. http://bit.ly/tivrvf 13

Bruk av synonym og hjelpeord Det som kan eitt problema med søk, er at ein ikkje har kontroll på kva terminologi brukaren nyttar. Når brukaren navigerer i ein navigasjonsstruktur, får han førehandsdefinerte val han kan trykkje på for å kome seg mot innhaldet eller målet. Her er det viktig at den som lagar strukturen veit kva brukaren er på jakt etter, slik at strukturen gir meining for brukaren og ha skjønar kor han skal gå. Dette gjeld også i søkjefunksjonar. Ei av løysingane for å bøte på dette i søk, er å leggje inn synonymord. I praksis betyr dette at systemet koplar at søkjeord X og Y skal koplast mot informasjon Z, sjølv om det korrekte søkjeordet er Z. Det er ikkje alltid det korrekte namnet på produktet eller informasjonen din er det namnet brukarane dine nyttar. Det kan også vere at brukaren har ein anna målform enn det innhaldet ditt er på. Eit eksempel på bruk av synonym er Trafikkstasjon og Biltilsynet. Storparten av menneske i dag nyttar framleis Biltilsynet når dei eigentleg meiner Trafikkstasjon, som etter 1995 er det korrekte namnet frå Statens Vegvesen si side. Ved å søkje på «biltilsynet» på vegvesen.no (Statens Vegvesen, 2012), vil ein få opp den korrekte sida sjølv om ein i utgangspunktet søkjer etter feil ord. Figur 13 Skjermdump av søk vegvesen.no. Besøkt 2.november 2012. http://www.vegvesen.no/sok?query=biltilsynet Dette kan i staden for å leggje inn synonym i sjølve søkjemotoren også løysast ved å bruke synonymorda som triggerord i informasjonsartikkelen (slik bileteksempelet over viser). I tilfelle der ein også kan tagge (nøkkelord) innhaldet med metadata, vil dette også løyse problemet dersom desse blir indeksert av søkjemotoren. 14

Eit anna eksempel på dette er Los- strukturen til Difi (Difi, 2012a). Los er ein felles terminologi for offentlege tenester og består av eit brukarorientert vokabular, for eksempel for å organisere innhald på offentlege nettstader. Los består av 400 emneord (kontrollert vokabular til oppbygging av struktur), men har i tillegg 1500 hjelpeord som består av synonym for dei 400 emneorda. Dette gjer det lettare å finne tenestene ved å støtte det brukarane faktisk kallar tenestene, også når dei søkjer. Figur 14 Synonym/hjelpeord knytt til emneordet «Foreldrepermisjon» i Los- strukturen. Nulltreffsider Dessverre kan ein ikkje alltid garantere at søkjeordet til brukaren gir treff. Det kan vere at brukaren nyttar for generelle termar eller søkjer etter feil ord fordi han ikkje veit heilt kva han leitar etter. Som nemnt kan bruk av synonym og hjelpeord hjelpe på dette, men i nokre tilfelle vil brukaren sitte igjen utan treff. Då er det viktig å gje brukaren nye val, slik at ikkje den tomme resultatlista blir ei stoppside. Mange vil då tenkje at sidan søket ikkje gir treff, finst det heller ikkje noko innhald som er relevant (Kommunikasjonsforeningen, 2010). Dette gir negativt utslag både for brukar og for den som står bak søket. Slike nulltreffsider bør i størst mogleg grad gje brukaren tilgang til handlingar som ein slags nødutgang. Sidene bør ikkje bestå av rein tekst om korleis han kan søkje betre, men heller kome med forslag til tema som kan vere relevante, gjerne basert på søkjeordet om det er mogleg. På nytt kan Vinmonopolet sitt nettsøk dras fram for å eksemplifisere dette. Naturleg nok vil ikkje ordet «bavian» gje treff hos Vinmonopolet (val av søkjeord er gjort for å vise ekstremitetane), men likevel tilbyr dei oversikt over fasettane drikkevarene er delt inn i, slik at eg brukaren som ei alternativ løysing kan finne rett produkt via strukturen, sjølv om dette vil ta lengre tid. På denne måten finn forhåpentlegvis brukaren det han leiter etter, og nettstaden beheld brukaren lengst mogleg. 15

Figur 15 Søkjeordet «bavian» gir ikkje treff hjå Vinmonopolet, men brukaren blir tilbydd alternative måtar å nå innhaldet på. Skjermbilete teke 2.november 2012. http://www.vinmonopolet.no/vareutvalg/sok?query=bavian&countresult=true Søkjeresultat tilpassa kvar enkelt brukar Som nemnt tidlegare, er søkjemotoren ein robot som går gjennom alt innhald og presenterer det som blir rekna som relevant i forhold til kva søkjeord som er brukt. Dette betyr at alle søk gjort med same søkjeord vil gje same treff. Det er derimot mogleg å ta dette eit steg vidare. Folk er forskjellige, og det er ikkje sikkert at treffa presentert for ein brukar passar like godt for ein annan brukar. Her kjem det som på fagspråket heiter «behavioral search» inn i biletet (Dummies, 2012). Dette er spesielt mykje brukt innan nettsøking, sidan ein her har gode moglegheiter til få kartlagt brukaren utan større problem ved bruk av nettkapslar/cookies. Prinsippet er at søkjeresultata dine er basert på kva du har gjort på nettet tidlegare. Ofte er forskjellen mellom resultata to brukarar får presentert svært små, men dei små forskjellane kan vere viktige for å finne den informasjonen nettopp denne brukaren leitar etter. Det blir altså ein måte å leggje ei siste finjustering på treffa før dei blir publisert for brukaren. I utgangspunktet er dette ei smart løysing som gjer at treffa er tilpassa deg som person og det du er interessert i, og på den måten høgst relevante. På den andre sida kan dette gjere treffa dårlegare, sidan dei berre viser det dei trur du vil sjå. Ein kan endre opp med å berre vise den eine sida av ei sak, eller med vilje utelate enkelte treff fordi dei trur du ikkje er interessert i dette utan at du sjølv er klar over det. I dei fleste tilfelle er ein heller ikkje klar over at dette skjer, noko som gjer det til eit enno større problem. Dersom ein søkjer etter informasjon om ei sak, og i hovudsak får presentert ei side av saka, blir det vanskeleg å gjere seg opp eit komplett bilete og kunne reflektere over dette. Eit eksempel kan vere 16

dersom ein under valkampen i USA søkjer etter «Mitt Romney». Dersom ein tidlegare har vist interesse for valkampen får ein opp artiklar rundt valkampen og korleis status er, mens ein som tidlegare har vist republikanske eigenskapar gjerne får opp treff om korleis ein kan støtte Romney sin valkamp. At brukaren blir styrt på denne måten og systemet avgjer kva som er relevant for kvar enkelt brukar kan med andre ord skape problematiske situasjonar og danne bilete som ikkje er heilheitleg i forhold til kva informasjon som finst om det aktuelle søkjeområdet. 17

Referansar Wikipedia (2012a). Artikkel om Søkemotor på no.wikipedia.org. Henta frå http://no.wikipedia.org/wiki/s%c3%b8kemotor comscore (2009). Undersøking om søk, gjengitt hos Bransjerådet for søkemotoroptimalisering. Henta frå http://www.brasok.no/soekemotorenes- betydning comscore (2012). Statistikk om bruk av Google, gjengitt av Statistic Brain. Henta frå http://www.statisticbrain.com/google- searches/ comscore (2010). Markedsandelar for søkjemotorar på verdsbasis, gjengitt av Metronet. Henta frå http://www.metronet.no/14- tips- fra- sem- konferansen- 2010/ Wikipedia (2012b). Artikkel om harddisk på Wikipedia. Henta frå http://no.wikipedia.org/wiki/harddisk Wikipedia (2012c). Artikkel om Wikipedia på Wikipedia. Henta frå http://no.wikipedia.org/wiki/wikipedia Statens Vegvesen (2012). Søk på vegvesen.no etter «biltilsynet». Henta frå http://www.vegvesen.no/sok?query=biltilsynet&sorting=rank Difi (2012a). Informasjon om Los. Henta frå http://los.difi.no/ Difi (2012b) Kriteriesett for offentlege nettstader, indikator 2.4. Henta frå http://kvalitet.difi.no/2012/10/2-4- nettstedet- har- en- tilfredsstillende- s%c3%b8kefunksjon/ W3C (2012). Understanding SC 2.4.5 in Web Content Accessibility Guidelines (WCAG) 2.0. Henta frå http://www.w3.org/tr/understanding- WCAG20/navigation- mechanisms- mult- loc.html Vinmonopolet (2012). Søkjeresultat for «vodka» på Vinmonopolet sin nettstad. Henta frå http://www.vinmonopolet.no/vareutvalg/sok?query=vodka&countresult=true Morville, P./Rosenfeld, L. (2006a). Information arcitechture for the world wide web (s. 149-150). Oreilly. Morville, P./Rosenfeld, L. (2006b). Information arcitechture for the world wide web (s. 151). Oreilly. 18

Morville, P./Rosenfeld, L. (2006c). Information arcitechture for the world wide web (s. 221-226). Oreilly. Morville, P./Rosenfeld, L. (2006d). Information arcitechture for the world wide web (s. 201-202). Oreilly. Hunter, E. (2009). Classification made simple. Ashgate Publising. Kommunikasjonsforeningen (2010). Kommunikasjon nr 3 Taper penger på dårlig søk. Henta frå http://www.kommunikasjon.no/fagstoff/digital- kommunikasjon/taper- penger- p%c3%a5- d%c3%a5rlig- s%c3%b8k Dummies (2012). How Online Behavior Affects Search Results. Henta frå http://www.dummies.com/how- to/content/how- online- behavior- affects- search- results.html 19