Verksemda i Høgsterett i 2011



Like dokumenter
Høyesteretts virksomhet i 2011

Verksemda i Høgsterett i 2010

Verksemda i Høgsterett i 2008

Verksemda i Høgsterett i 2007

Verksemda i Noregs Høgsterett i 2012

Norges Høyesteretts virksomhet i 2012

Verksemda til Høgsterett i 2009

Høyesteretts virksomhet i 2010

Høyesteretts virksomhet i 2006

FORRETNINGSSTATISTIKK FOR HØGSTERETT

Høyesteretts virksomhet i 2008

Høyesteretts virksomhet i 2009

Høyesteretts virksomhet i 2007

Høyesteretts virksomhet i 2009

FORRETNINGSSTATISTIKK FOR HØGSTERETT

Norges Høyesteretts informasjonsvirksomhet

NOREGS HØGSTERETT. Den 27. januar 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Stabel og Indreberg i

FORRETNINGSSTATISTIKK FOR HØYESTERETT ANKEUTVALGETS VIRKSOMHET - SIVILE SAKER Sivile anker over dom.

NOREGS HØGSTERETT. HR P, (sak nr. 2009/202 og sak nr. 2009/397), straffesaker, ankar over dom, (advokat Steinar Thomassen)

Rettane til den fornærma og dei etterlatne

Justitia Justitia er eit symbol for lov og rettferd. Sverdet står for å handheve lova Vekten står for den dømande verksemd Bindet står for

Noregs Høgsterett ved 200-årsjubileet. Tore Schei. 1 Høgsterett ein institusjon i tida og i tradisjonen

Jørn Øyrehagen Sunde

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2014/28), straffesak, anke over dom, (advokat John Christian Elden) R Ø Y S T I N G :

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Rapport national / National report / Landesbericht / национальный доклад

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

12. Færre besøk ved norske kinoar

NOREGS HØGSTERETT. Den 16. oktober 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Webster og Bull i

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

NOREGS HØGSTERETT. HR A, (sak nr. 2009/508), straffesak, anke over dom, (advokat Trygve Staff) R Ø Y S T I N G :

NOREGS HØGSTERETT. Den 16. august 2011 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Gjølstad, Matningsdal og Utgård i

Kildebruk i Norges Høyesterett

NOREGS HØGSTERETT. Den 25. januar 2013 vart det av Høgsteretts ankeutvalg med dommarane Utgård, Stabel og Normann i

NOR/311R0432.ggr OJ L 115/11, p. 1-4 COMMISSION REGULATION (EU) No 432/2011 of 4 May 2011 refusing to authorise certain health claims made on foods,

NOREGS HØGSTERETT. Den 6. desember 2012 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Øie og Bergsjø i

Lovvedtak 100. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 329 L ( ), jf. Prop. 102 LS ( )

Norges Høyesterett og internasjonalt domstols- og dommersamarbeid

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

AGDER LAGMANNSRETT. Skien. Kristiansand. Tønsberg. Arendal. Årsmelding AGDER LAGMANNSRETT - ÅRSMELDING

NOREGS HØGSTERETT. Den 29. januar 2008 ble det av Høgsterett, med dommarane Lund, Coward, Oftedal Broch, Utgård og Øie, i skriftleg sak

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

NORGES HØYESTERETT. HR A, (sak nr. 2008/246), straffesak, anke over dom, (advokat Trygve Staff) S T E M M E G I V N I N G :

NOREGS HØGSTERETT. Den 16. november 2018 sa Høgsterett med dommarane Matningsdal, Bårdsen, Webster, Normann og Høgetveit Berg orskurd i

Til deg som bur i fosterheim år

Konkursrådet. Innføring i konkurs 1 INNFØRING I KONKURS

Eksempel frå Stord kommune

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Terra-dommen i Commercial Court

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Aktivitetskalendar 2015

Saksframlegg styret i DA

Søkelys på Norges Høyesterett.

Lovvedtak 66. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 343 L ( ), jf. Prop. 94 L ( )

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

2. Resultater Gjennomsnittlig saksbehandlingstid er beregnet ut fra saker som er avsluttet i perioden.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Saksbehandling kva er no det?

NOREGS HØGSTERETT. HR U, (sak nr STR-HRET), straffesak, anke over dom: (advokat Brynjulf Risnes) D O M :

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I LAGMANNSRETTANE. Nynorsk

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I TINGRETTANE. Nynorsk

NOREGS HØGSTERETT. HR A, (sak nr. 2011/260), straffesak, anke over dom, (advokat Øystein Storrvik) R Ø Y S T I N G :

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

Utdrag fra FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA SÆRSKILTE REGLER FOR FAGOPPLÆRINGA FAG- OG SVENNEPRØVE

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

Saksframlegg styret i DA

Teknikk og konsentrasjon viktigast

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

NOREGS HØGSTERETT. (advokat Gro Sandvold til prøve) Staten v/arbeids- og velferdsdirektoratet v/advokat Erlend Haaskjold) R Ø Y S T I N G :

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

13. Er ikkje film lenger best på kino?

Globalisering ei drivkraft til fornying

Av Linda Jakobsen Daglig leder Drammensregionenens interkommunale krisesenter BETZY

DISIPLINÆRNEMNDEN ÅRSBERETNING

5. Scenekunst, teater og dans

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Vestlandet ein stor matprodusent

Aktiv ungdom programmet Europakontoret, Barbara Harterink.

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon eller

SKJEMA FOR KRAVSMÅL OM GJENOPNING

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Saksframlegg styret i DA

Grunnlovseminar Gamle Festsal 16. mai kl

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

AGDER LAGMANNSRETT. Kristiansand. Skien. Tønsberg. Arendal. Årsmelding AGDER LAGMANNSRETT - ÅRSMELDING

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

NOREGS HØGSTERETT. HR A, (sak nr. 2010/952), sivil sak, anke over dom, (advokat Rolf Knudsen til prøve) (advokat Gunnar K.

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Aurland kommune Rådmannen

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 17.00

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Transkript:

Verksemda i Høgsterett i 2011 Hovudmåla til Høgsterett Høgsterett dømmer i siste instans og er ankeinstans for avgjerder som er tekne i lågare instansar. Høgsterett behandlar både sivile saker og straffesaker og har myndigheit på alle rettsområde. Hovudmåla for Høgsterett er å arbeide for rettseinskap, rettsavklaring og rettsutvikling. Det inneber ein konsentrasjon om prinsipielle rettsspørsmål og retningsgivande avgjerder. Saksmengda Ei rekkje ulike saker blir bringa inn for Høgsterett, og talet på saker har dei seinare åra vore aukande. Samla kom det inn fleire saker i 2011 enn i 2010. I 2011 kom det inn 431 sivile ankar over dom. Det tilsvarande talet for 2010 var 426. Cirka 17 % av ankane over dom i sivile saker blei viste til behandling i avdeling. Det kom inn 530 sivile ankar over orskurdar og vedtak, medan det tilsvarande talet i 2010 var 502. Når det gjeld straffesaker, kom det inn 444 ankar over dom og 661 ankar over orskurdar og vedtak. Dei tilsvarande tala for 2010 var 446 ankar over dom og 658 ankar over orskurdar og vedtak. Cirka 16 % av ankane over dom i straffesaker blei viste til behandling i avdeling. Høgsterett behandla i 2011 i alt 82 sivile saker i avdeling, medan det tilsvarande talet i 2010 var 68. I 2011 blei 92 straffesaker behandla i avdeling, medan det tilsvarande talet for 2010 var 75. Det har vore mange tunge og arbeidskrevjande saker. Mange av sakene reiste rettsspørsmål der internasjonale rettskjelder er sentrale. Storkammer og plenum Da den nye tvistelova tredde i kraft 1. januar 2008, blei det samtidig gjort ei endring i domstollova 5, som inneber at ankar som ankeutvalet har tillate fremma til Høgsterett, kan avgjerast av eit storkammer som består av 11 dommarar. Storkammer er eit alternativ til regulær avdelingsbehandling med fem dommarar, eller plenumsbehandling, der alle høgsterettsdommarane deltek. Storkammer skal etter lova nyttast i særleg viktige saker. Høgsterett har i 2011 ikkje behandla saker verken i storkammer eller plenum. Saksbehandlingstid Saksbehandlingstida i Høgsterett har i 2011, som i 2010, vore svært tilfredsstillande. Sakene kjem opp så raskt som det lèt seg gjere ut frå førebuingane og programmet til prosessfullmektigane. Det er ikkje ventetid for å få ei sak opp i Høgsterett. Den gjennomsnittlege behandlingstida frå saka kjem inn til Høgsterett, til avgjerda i ankeutvalet ligg føre, er på under éin månad. Den gjennomsnittlege behandlingstida frå saka kjem inn til Høgsterett, til r, er tre og ein halv månad i straffesaker og litt over fem månader i sivile saker.

Endringar i samansetninga av dommarar Høgsterettsdommarane Kirsti Coward og Karin M. Bruzelius gjekk av for aldersgrensa høvesvis 1. januar og 1. mars 2011. Høgsterettsdommar Erik Møse er vald til ny norsk dommar ved Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Han tok over stillinga 1. september 2011. Dommar i EFTA-domstolen dr. juris Henrik Bull og assisterande riksadvokat Knut Kallerud tiltredde som høgsterettsdommarar høvesvis 17. januar og 16. juli 2011. I statsråd 11. november 2011 blei advokat Per Erik Bergsjø utnemnd til høgsterettsdommar. Han tiltrer 1. mars 2012. Professor dr. juris Kirsten Sandberg var konstituert som høgsterettsdommar i perioden frå 15. november 2010 til 20. februar 2011. Lagmann Eirik Akerlie var konstituert som høgsterettsdommar i perioden frå 28. februar til 3. juli 2011, og professor dr. juris Finn Arnesen er konstituert som høgsterettsdommar i perioden frå 12. september 2011 til 29. februar 2012. Fylkestur Som øvste domstol og den domstolen som dekkjer heile Noreg, legg Noregs Høgsterett stor vekt på å skaffe seg kunnskap om landet vårt. Som eit ledd i dette arbeidet reiser Høgsterett på synfaring/besøk til ulike delar av landet for å gjere seg kjende med særleg næringsliv, offentlege institusjonar og kultur. I 2011 gjekk reisa til Finnmark fylke. Internasjonal verksemd I tillegg til den dømmande verksemda har Høgsterett i 2011 hatt ei betydeleg internasjonal verksemd. Dels har Høgsterett teke imot besøk frå utanlandske juristmiljø, særleg domstolar, dels har dommarane og i nokon grad andre frå domstolen delteke på kongressar, seminar og faglege møte i andre land. Det nordiske samarbeidet står her i ei særstilling. Formålet med den internasjonale verksemda er todelt. Ho skal bidra til kompetanseheving i Høgsterett, og ho skal vere eit bidrag til rettsstatsoppbygging og rettsstatsutvikling i andre land. Besøk i Noregs Høgsterett Besøk av representantar frå Stortinget (11. januar) Besøk av amerikanske jusstudentar på American School of Norway (18. mai) Besøk frå Konstitusjonsdomstolen i Sør-Afrika og andre sørafrikanske domstolar (8. 11. juni) Besøk av amerikanske jusstudentar frå Hamline University (14. juni) Besøk av ein sørkoreansk delegasjon frå ein organisasjon som tilsvarer Domstoladministrasjonen (13. juli) Besøk frå City Montessori School, Lucknow (India), arrangert av The International Conferences of Chief Justices of the World i Lucknow (20. september) Besøk av ein delegasjon frå Thailands Institute of Administrative Justice (26. september) Besøk av ein parlamentarikardelegasjon frå Mosambik (29. september) Besøk av presidenten i EFTA-domstolen, Carl Baudenbacher (29. september) Besøk av presidenten i Europarådets parlamentarikarforsamling, Mevlüt Çavuşoğlu, (20. oktober) Besøk av juristar frå Moldova i regi av Norlam (1. desember) Besøk av ein parlamentarikardelegasjon frå Vietnam (5. desember)

Høgsterett har delteke med representantar på desse arrangementa i utlandet: Avskjedsmarkering for Ordföranden i Regjeringsrätten Sten Heckscher, Helsingfors (13. januar) The 2 nd Congress of the World Conference on Constitutional Justice, Rio de Janeiro (16. 18. januar) Opning av Den europeiske menneskerettsdomstolens juridiske år, Strasbourg (28. januar) Danmarks Højesterets 350-årsjubileum, København (14. februar) Studietur med besøk i internasjonale rettsinstitusjonar, Haag (26. 28. april) Generalforsamling i ACA-Europe (Association of the Councils of State and Supreme Administrative Jurisdictions of the European Union), Madrid (9. mai) Nordisk kanslichefmøte, København (12. 13. mai) The XVth Congress of the Conference of European Constitutional Courts, Bucuresti (23. 25. mai) Nordisk høgsterettsbibliotekarmøte, København (30. mai 1. juni) Den nordiske prosedyretevlinga om menneskerettar, Helsingfors (10. juni) Seminar arrangert av EFTA-domstolen, Luxembourg (16. 18. juni) Venice Commission: The 10th Joint Council Meeting and Mini-Conference, Ankara (30. juni 1. juli) Det 39. nordiske juristmøte, Stockholm (18. 20. august) Nordisk høgsterettspresidentmøte, Island (29. 30. august) Seminar om barnelova, Toscana (13. 18. september) ACA-Europe: ECLI-seminar, Warszawa (30. september) 15-årsjubileet for Konstitusjonsdomstolen i Armenia, Yerevan (5. 9. oktober) Konferanse i The Network of the Presidents of the Supreme Judicial Courts of the European Union, Sofia (12. 14. oktober) Informasjonsmøte om fellesportalen til The Network of the Presidents of the Supreme Judicial Courts of the European Union, Brussel (8. desember) Andre arrangement mv. Pressefrukost i Høgsterett (10. januar) Møte med representantane på Startkurset for nyutnemnde dommarar (24. januar) Fellesseminar for Høgsterett (21. og 22. mars) Domstolleiarmøtet, Trondheim (26. 27. mai) Høgsteretts fylkestur til Finnmark (5. 7. september) Internseminar for høgsterettsdommarar (17. og 18. oktober) Direktør- og administrasjonssjefssamling i domstolane (19. 20. oktober) Høgsterettsdommarane har delteke som dommarar i finalen i prosedyrekonkurransar ved norske universitet. Omvisingar og orienteringar Høgsterett har i 2011 gjennomført 23 omvisingar for i alt 562 personar.

Ulike sakstypar som er behandla i avdeling 2011 Lista er ikkje uttømmande Sivile saker Erstatningsrett 12 Skattar/avgifter 9 Arbeidsrett 8 Familie/arv/skifte 8 Kontraktsrett 8 Ekspropriasjon/skjønn/tomtefeste 7 Tingsrett 5 Forvaltningsrett 5 Barnevern 2 Forsikringsrett 2 Helserett 2 Utlendingsrett 2 Forelding 1 Konkurranserett 1 Pensjonsrettar 1 Plan- og bygningsrett 1 Prøvelauslating 1 Selskapsrett 1 Diverse sivilprosessuelle spørsmål 6 Straffesaker Lekamskrenkingar/truslar/fridomstap 14 Seksuallovbrot 14 Narkotika 13 Bedrageri/utruskap/korrupsjon 6 Mishandling i nære relasjonar 5 Drap 4 Tjuveri/innbrot/underslag/heleri 4 Inndraging 3 Ran/utpressing 3 Skattesvik/meirverdiavgiftsbedrageri 2 Dokumentfalsk ( skimming ) 1 Føretaksstraff 1 Innsidehandel 1 Menneskehandel 1 Miljørett 1 Motarbeiding av rettsvesenet 1 Barn teke bort frå fosterforeldra 1 Vidareføring av tvunge psykisk helsevern 1 Overføring frå tvunge psykisk helsevern 1 Diverse brot på spesiallovgivinga 2 Dokumentinnsyn 1 Sjølvinkrimineringsforbodet 1 Diverse andre straffeprosessuelle spørsmål 9

FORRETNINGSSTATISTIKK FOR HØGSTERETT 01.01.2011 31.12.2011 VERKSEMDA I ANKEUTVALET SIVILE SAKER Sivile ankar over dom Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 44 Innkomne saker 431 Avgjorde saker 420 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 55 Anken vist til Høgsterett Anken nekta fremma Heva ankesaker Ankeløyve gitt (dir. anke) Ankeløyve ikkje gitt 72 saker 332 saker 2 saker 5 saker 1 saker 5 saker 3 saker 420 saker Sivile ankar over orskurd Ikkje avgjorde saker i ankeutvalet ved starten av perioden 68 Innkomne ankar over orskurd 401 Saker avgjorde i ankeutvalet 392 Ikkje avgjorde saker i ankeutvalet ved slutten av perioden 77 Ankar over orskurd viste til Høgsterett 10 saker Forkasta eller stadfesta 260 saker Tekne til følgje/oppheva 36 saker 29 saker Heva ankar 9 saker 48 saker 392 saker Sivile ankar over vedtak Ikkje avgjorde saker i ankeutvalet ved starten av perioden 16 Innkomne ankar over vedtak 129

Innkomne andre saker 21 Saker avgjorde i ankeutvalet 151 Ikkje avgjorde saker i ankeutvalet ved slutten av perioden 15 Ankar over vedtak viste til Høgsterett Forkasta eller stadfesta Tekne til følgje/oppheva Heva ankar 0 saker 112 saker 12 saker 12 saker 3 saker 12 saker 151 saker

HØGSTERETT I AVDELING SIVILE SAKER SIVILE ANKAR OVER DOM Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 29 Viste til behandling 73 Avgjorde saker 73 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 29 Saker med behandlingstid over seks månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 23 Saker med behandlingstid under seks månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 50 SIVILE ANKAR OVER ORSKURD/VEDTAK OG ANDRE SAKER Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 2 Viste til behandling 10 Avgjorde saker 9 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 3 Saker med behandlingstid over seks månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 2 Saker med behandlingstid under seks månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 7 SIVILE SAKER SAMLA Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 31 Viste til behandling 83 Avgjorde saker 82 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 32 Saker med behandlingstid over seks månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 25 Saker med behandlingstid under seks månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 57

BEHANDLINGSTID FOR SIVILE SAKER ANKEUTVALET OG HØGSTERETT I AVDELING Gjennomsnittleg behandlingstid for ankar over dom frå dei kom inn til Høgsterett, til dei var avgjorde i ankeutvalet 1,0 md. Gjennomsnittleg behandlingstid for ankar over orskurd frå dei kom inn til Høgsterett, 1,1 md. til dei var avgjorde i ankeutvalet Gjennomsnittleg behandlingstid for ankar over vedtak frå dei kom inn til Høgsterett, til dei var avgjorde i ankeutvalet 0,6 md. Gjennomsnittleg behandlingstid for sivile saker frå dei kom inn til Høgsterett, til dei blei tilviste av ankeutvalet 1,3 md. Gjennomsnittleg behandlingstid for sivile saker frå dei blei tilviste av ankeutvalet, til avgjerda i Høgsterett 4,5 md. Gjennomsnittleg samla behandlingstid for sivile saker frå dei kom inn til Høgsterett, til avgjerda i Høgsterett 5,8 md. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for alle avgjorde sivile saker (ankeutval + Høgsterett i avdeling) 1,4 md. Gjennomsnittleg behandlingstid for sivile saker frå dei kom inn til Høgsterett, til 5,3 md. Gjennomsnittleg behandlingstid for sivile saker frå dei blei tilviste av ankeutvalet, til 4,0 md. VERKSEMDA I ANKEUTVALET STRAFFESAKER Straffeankar over dom Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 66 Innkomne saker 444 Avgjorde saker 465 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 45 Anken tillaten fremma Anken ikkje tillaten fremma Anken fråfallen/heva Ankeløyve gitt (dir. anke) Ankeløyve ikkje gitt 75 saker 353 saker 10 saker 14 saker 0 saker 2 saker 11 saker 465 saker Straffeankar over orskurd Ikkje avgjorde saker i ankeutvalet ved starten av perioden 12

Innkomne ankar over orskurd 312 Saker avgjorde i ankeutvalet 309 Ikkje avgjorde saker i ankeutvalet ved slutten av perioden 15 Ankar over orskurd viste til Høgsterett Forkasta eller stadfesta Tekne til følgje/oppheva Anken fråfallen 6 saker 225 saker 39 saker 16 saker 18 saker 5 saker 309 saker Straffeankar over vedtak Ikkje avgjorde saker i ankeutvalet ved starten av perioden 56 Innkomne ankar over vedtak 349 Andre innkomne saker 25 Saker avgjorde i ankeutvalet 384 Ikkje avgjorde saker i ankeutvalet ved slutten av perioden 46 Ankar over vedtak viste til Høgsterett Forkasta eller stadfesta Tekne til følgje/oppheva Anken fråfalle 1 saker 302 saker 46 saker 5 saker 3 saker 27 saker 384 saker

HØGSTERETT I AVDELING STRAFFESAKER STRAFFEANKAR OVER DOM Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 19 Viste til Høgsterett 75 Avgjorde saker 82 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 12 Saker med behandlingstid over tre månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 48 Saker med behandlingstid under tre månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 34 STRAFFEANKAR OVER ORSKURD/VEDTAK OG ANDRE SAKER Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 3 Tillatne fremma til behandling / viste til Høgsterett 7 Avgjorde saker 10 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 0 Saker med behandlingstid over tre månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 8 Saker med behandlingstid under tre månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 2

STRAFFESAKER SAMLA Ikkje avgjorde saker ved starten av perioden 22 Tillatne fremma til behandling / viste til Høgsterett 82 Avgjorde saker 92 Ikkje avgjorde saker ved slutten av perioden 12 Saker med behandlingstid over tre månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 56 Saker med behandlingstid under tre månader frå dei kom inn til Høgsterett, til 36 BEHANDLINGSTID FOR STRAFFESAKER ANKEUTVALET OG HØGSTERETT I AVDELING Gjennomsnittleg behandlingstid for ankar over dom frå dei kom inn til Høgsterett, til dei var avgjorde i ankeutvalet Gjennomsnittleg behandlingstid for ankar over orskurd frå dei kom inn til Høgsterett, til dei var avgjorde i ankeutvalet Gjennomsnittleg behandlingstid for ankar over vedtak frå dei kom inn til Høgsterett, til dei var avgjorde i ankeutvalet Gjennomsnittleg behandlingstid for straffesaker frå dei kom inn til Høgsterett, til ankeutvalet tillét saka fremma Gjennomsnittleg behandlingstid for straffesaker frå ankeutvalet tillét saka fremma, til avgjerda i Høgsterett Gjennomsnittleg samla behandlingstid for straffesaker frå dei kom inn til Høgsterett, til avgjerda i Høgsterett Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for alle avgjorde straffesaker (ankeutval + Høgsterett i avdeling) Gjennomsnittleg behandlingstid for straffesaker frå dei kom inn til Høgsterett, til Gjennomsnittleg behandlingstid for straffesaker frå dei blei tilviste av ankeutvalet, til 1,1 md. 0,3 md. 0,7 md. 1,3 md. 2,6 md. 3,8 md. 1,0 md. 3,5 md. 2,2 md.