28. november 2018 Saman for vatnet Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram Vedlegg 1 til høyringsdokument 2: Hovudutfordringar i Nordre Nordmøre vassområde www.vannportalen.no
Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om dokumentet... 4 2.1 Vassområdet vårt... 5 3. Miljøtilstanden i vassområdet korleis står det til med vatnet vårt?... 6 3.1 Økologisk tilstand i overflatevatn i vassområdet... 6 3.2 Sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) i vassområdet... 7 3.3 Kjemisk tilstand og grunnvatn... 8 3.4 Endringar i miljøtilstanden... 8 4. Påverknader i vassområdet... 9 4.1 Kva påverkar vassførekomstane i vassområdet vårt?... 9 4.2 Samfunnsutvikling, klimaendringar og planlagd aktivitet og verksemd... 10 5. Miljømål og unntak i vassregionen... 12 5.1 Endringar i miljømål og unntak... 12 6. Tiltak i vassområdet... 14 2
1. Innleiing Fram mot 2021 skal dei regionale vassforvaltingsplanane og dei tilhøyrande tiltaksprogramma i heile Noreg oppdaterast og justerast. Den gjeldande regionale vassforvaltingsplanen med tilhøyrande tiltaksprogram har fått verke sidan 2016. Vi skal no gå gjennom korleis det står til med vatnet, og justere planane for korleis vi best kan ta vare på vatnet vårt framover. Oppdaterte planar og tiltaksprogram skal gjelde frå starten av 2022 til utgangen av 2027. Les meir om vassforvaltinga i Noreg her. I prosessen fram mot oppdaterte vassforvaltingsplanar og tiltaksprogram vil det vere to høyringar, med to dokument i kvar høyring. På høyring frå 1. april til 30. juni 2019: Planprogram Hovudutfordringar i vassregionen med vedlegg (dette er vedlegg 1) På høyring frå 1. juli til 31. desember 2020: Forslag til oppdatert regional vassforvaltingsplan Forslag til oppdatert regionalt tiltaksprogram Dette dokumentet om hovudutfordringar inneheld ei oppdatert oversikt over miljøtilstand, påverknader og status for gjennomføring av tiltak og er derfor eit viktig dokument i prosessen fram mot oppdatert vassforvaltingsplan og tiltaksprogram. Ei felles forståing av kva som er dei viktigaste utfordringane, vil gi eit godt grunnlag for vidare samarbeid om oppdateringa av forvaltingsplanen og det tilhøyrande tiltaksprogrammet. Samtidig som hovudutfordringane skal også planprogrammet ut på høyring. I planprogrammet kan du lese meir om korleis prosessen fram mot oppdaterte planar skal gå for seg, kven som er involverte og når og prosessen for medverknad. Med høyringa av planprogram og hovudutfordringar er vi no inne i planarbeidet for andre runde av regionale vassforvaltingsplanar. Gjeldande regional vassforvaltingsplan og tiltaksprogram blei utarbeidde i 2015, godkjende i 2016 og gjeld til utgangen av 2021. Planen og tiltaksprogrammet som no skal reviderast og oppdaterast, skal gjelde for åra 2022 til 2027. Gjeldande plandokument for planperiodane 2010 2015 og 2016 2021 finn du her. Utarbeidinga av dette dokumentet er basert på uttrekk frå Vann-Nett og følgjande møte og konsultasjonar: Møte i Nordre Nordmøre vassområde 5.12.2018 Konsultasjon 14.2 20.2 3
2. Om dokumentet Dette dokumentet ser på kva som er dei viktigaste utfordringane i vassområdet, og kva for og som skal setjast på dagsordenen og arbeidast vidare med i neste forvaltingsplan og tiltaksprogram. Spørsmål i høyringa Dokumentet inneheld nokre spørsmål som vi særleg ønskjer svar på i høyringa. Alle spørsmåla er samla i boksen nedanfor. Du må gjerne sende inn andre kommentarar i tillegg til høyringsspørsmåla. Vi vil leggje til rette for innspel undervegs i arbeidet fram mot nye plandokument og i den kommande høyringa av plandokumenta frå 1. juli 2020. Spørsmål som vi særleg ønskjer svar på i høyringa: Er miljøtilstanden og påverknadene rett omtalt? Finst det data hos sektormyndigheiter eller lokal/erfaringsbasert kunnskap som kan bidra til ei betre omtale? Er alle viktige interesser tekne omsyn til? Er det nokon viktige interesser som ikkje er omtalte? Har du innspel til prioriteringar i det vidare planarbeidet? 4
2.1 Vassområdet vårt Nordre Nordmøre har store areal med beskytta kystvatn på sørsida av Smøla, i sunda i Aure, og terskelfjordar i Surnadal og Halsa kommunar. Største elver er Surna, som er den tredje største i vassregionen, Ulvunda, Toåa og Bævra som påverkar saliniteten i indre delar av Stangvikfjorden. Følgjande kommunar ligg innanfor Nordre Nordmøre vassområde: Smøla Aure Tingvoll Surnadal Sunndal Rindal Hemne Mindre delar av kommunane Orkdal, Oppdal, Rennebu, og Meldal er og med i vassområdet. Tabell 1: Vassførekomstar i vassområdet. Vassdraga og kystområda er delte inn i vassførekomstar. Talet på vassførekomstar er ikkje statisk og kan endrast undervegs etter kvart som kunnskapen om vassmiljøet blir endra/forbetra. Kjelde: Vann-Nett 20. desember. * Sterkt modifiserte vassførekomstar. 5
Drikkevatn Meir info om dette vil komme. 3. Miljøtilstanden i vassområdet korleis står det til med vatnet vårt? 3.1 Økologisk tilstand i overflatevatn i vassområdet Figur 1a: Oversikt over den økologiske tilstanden i overflatevatn i Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 20. desember 2018. Figur 2 a: Fordeling i antal og prosent av potensial per vasskategori i i Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 20. desember 2018. 6
Figur 2b Fordeling areal og lengde vasskategori i Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 20. desember 2018.november. 2018 3.2 Sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) i vassområdet Figur 1b: Oversikt over økologisk potensial i sterkt modifiserte vassførekomstar i Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 20. desember 2018. Figur 2c Fordeling i antal og prosent per vasskategori, Sterkt modifiserte vassførekomstar i Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 20. desember 2018. 7
Figur 2d Fordeling areal og lengde sterkt modifiserte vassførekomstar i vassområde Jæren. Kjelde: Vann-Nett 27. november 2018. 3.3 Kjemisk tilstand og grunnvatn Foreløpig har vi lite data om den kjemiske tilstanden. Du kan lese litt meir om dette i «Hovudutfordringar for vassregionen». 3.4 Endringar i miljøtilstanden Det er ikkje særlege reelle endringar i miljøtilstanden sidan 2015 8
4. Påverknader i vassområdet 4.1 Kva påverkar vassførekomstane i vassområdet vårt? Her viser vi dei ti største påverknadene for Nordre Nordmøre vassområde Figur 3: Oversikt over dei ti største påverknadsgruppene i Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 20. desember 2018. Vassførekomstar kan ha fleire påverknader samtidig: Figur 8 Vassførekomstar med 0, 1, 2, 3 og 4 eller fleire påverknader i Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 20. desember 2018. Sentrale Påverknader i vassområdet Vasskraft: Vassområde er sterkt påverka av vassdragsregulering. Dette gjeld i stor grad Folla-Vindøla reguleringa i Surnadal, og Svorka. Begge er prioriterte revisjonsvassdrag i regional vassforvaltningsplan 9
Landbruk: Dei lågareliggande områda i heile vassregionen har innslag av landbruksverksemd. Påverknadane er størst i dei jordbruksintensive områda. Først og fremst om avrenning av næringssalta nitrogen og fosfor. Årsakene kan vere silopressaft, gjødselavrenning frå utette gjødsellagre, gjødsellagre med for liten kapasitet, overgjødsling og spreiing på ugunstige steder og tidspunkt. Smøla har intensiv grønnsaks- og grasproduksjon. Her medfører avrenning av næringsstoff frå jordbruksområda fleire stader begroing i den grad at det kan oppstå vandringshinder for anadrom fisk. Framande arter: I Surnadal har karpefisken ørekyte etablert seg. Ørekyte har mest sannsynleg spreidd seg ved bruk som levande agn eller utsetting sidan ørekyt kan være lik aureyngel. Ørekyte kan være negativ for aurens vekst, utvikling og bestandsstorleik. Avløp: Både større anlegg og spreidd avløp utgjer ein stor påverknad i vassområdet. Mykje spreidd busetnad i heile vassområdet tilseier mange separate/private avløpsanlegg og mange plassar manglar vi oversikt over høva. Nokre stader går avløpet rett ut i vassdraga og sjøen, noko som igjen kan føre til auka grad av eutrofiering og gjengroing. Det er satt fokus på interkommunalt samarbeid på spreidd avløp. Rindal kommune har som einaste innlandskommune i regionen strengare krav knytt til avløpsløysningane enn andre kommunar som ligg inntil sjø. Prioriterte utfordringar: I førre planperiode var spreidd avløp og flaumforbygning priorterte påverknadsgrupper i vassområdet. Det er fortsatt et område som må jobbast med. Vilkårsrevisjonane er i gang i i Folla- Vindøla og Svorka. Desse har blitt prioritert svært høgt i vassområdet og i planarbeidet. Det er fortsatt behov for fokus på dette. Utfordringar knytt landbruk er stor i vassområdet, og det er relativt få tiltak som er spela inn på dette. Her går det ofte an å få til enkle og lite kostnadskrevjande tiltak. Anadrom fisk er spesielt viktig i regionen, frå storlaksefiske i Surna, til sjøaurefiske på Smøla. Anadrom fisk i vassområde tiltrekk seg fiskarar frå heile landet og bidreg til verdiskaping. Samstundes er den lokalt viktig. Anadrom fisk er og eit viktig kvalitetselement i tilstandsvurderinga av vassdrag. Både laks og sjøaure møter fleire påverknader i vassområdet og er under press. Skal måla i vassforskrifta nåas, må laks og sjøaurebestandane være i god tilstand. Tiltak retta mot anadrom fisk vil derfor bidra til at krava i vassforskrifta blir etterfølgd. På bakgrunn av dette prioriterer vassområde dette som viktige utfordringar: Spreidd Avløp Flaumforbygning Vasskraft Tilstand for anadrom fisk i vassområdet Landbruk 4.2 Samfunnsutvikling, klimaendringar og planlagd aktivitet og verksemd Framtidig aktivitet og verksemd kan komme til å påverke vassførekomstane, og det kan mellom anna få følgjer for kvar og når vi når miljømåla. Kva slags aktivitet og verksemd kjem til å påverke vassførekomstane i regionen vår framover? Kva slags utfordringar vil klimaendringar kunne få i vassområdet vårt? 10
Fram mot år 2100 er det venta at årstemperaturen i fylket aukar med ca. 4 C og at årsnedbøren aukar med ca. 15 % samanlikna med perioden 1971-2000. Dagar med mykje nedbør vil førekome oftare, og nedbørintensiteten vil auke. Klimaendringane vil i Møre og Romsdal særleg føre til behov for tilpassing med tanke på kraftig nedbør og auka problem med overvatn i vassområdet. Klimaendringane vil og føre til havnivåstiging, stormflo og skred. Ved handtering av overvatn er det anbefalt eit klimapåslag på flaumvassføring opptil 40%. Klimatilpassning vil kunne medføre auke inngrep i vassdraga våre, og kunne påverke økologien her. Vi kan derfor forvente ei auke påverknad frå flomforbygging og kanskje reguleringar. I vassområde er det forventa ein svak nedgang i befolkninga i Halsa, Aure, Tingvoll og Sunndal. I Rindal, Surnadal og Smøla er det forventa ei sval vekst Som i resten av fylke ser vi ein regional sentralisering. Det er forventa at i de allereie folketette områdane vil utfordringane med inngrep, behov for overvasshandtering og avløp auke. I tillegg til at klimaendringar vil kunne medføre auke utvasking av næringsstoff frå landbruksareal, vil ein fortsatt driftseffektivisering av landbruket medføre utfordringar. Færre bønder som driv store areal medfører større press på den enkelte bonde på å drive raskt og effektivt. Dette kan bety at nærliggande areal får for mykje gjødsel, men andre areal ikkje får nok. Dårlegare vedlikehald av dyrka mark, behov for maskinell og effektiv drift og rundballelagring vil alle kunne medføre auka forureiningsbidrag frå landbruk. 11
5. Miljømål og unntak i vassregionen Miljømåla frå 2016 Vassforvaltingsplanane som vi jobbar etter no (2016 2021), blei vedtekne i vassregionane i 2015 og godkjende av departementa i 2016. Miljømåla er viktige fordi dei skal beskytte vassdraga og kystvatnet mot å få ein dårlegare miljøtilstand. Dei skal og verke til at miljøtilstanden vert betre og retta opp att for å nå god økologisk og kjemisk tilstand. Vassforvaltingsplanane bidreg til felles innsats for å redusere forureining og andre negative påverknader på kystvatn, grunnvatn og vassdrag. Vassdrag med god miljøtilstand har lite forureining og er eigna for bading, som drikkevatn, for sportsfiske og andre gode naturopplevingar. Kystvatn med lite miljøgifter gir trygg sjømat og høve til å hauste av alt det gode havet har å by på, også i framtida. Miljømålene for naturlige vannforekomster i gjeldende vannforvaltningsplan: Figur fra Vann-Nett Portal, faktaark fra Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 20. desember 2018. Godt økologisk potensial for sterkt modifiserte vannforekomster: Det er ingen SMVF med utsatt frist i Nordre Nordmøre vassområde 5.1 Endringar i miljømål og unntak I enkelte vassdrag knytt til Folla-Vindølareguleringa er det i innstillinga til vilkårsrevisjon frå NVE endra miljømål i Buluvassdraget. Dette blir behandla av OED i løpet av 2019 12
Viktige brukarinteresser i vassområda og regionen I tillegg til hovudmålet om godt vassmiljø kan det vere tilfelle der viktige brukarinteresser tilseier strengare miljømål. Viktige brukarinteresser i Nordre Nordmøre vassområde I tillegg til hovudmålet om godt vassmiljø kan det vere tilfelle der viktige brukarinteresser tilseier strengare miljømål. I Søre Nordmøre vassområde gjeld det: Reiseliv: Området har ei satsing på reiseliv. Ein viktig føresetnad er reine fjordar, vatn og vassdrag. Både landskapsbilde med vassdragsnaturen i sentrum, attraktivt fiske i sjø vatn og elv, og områdar med særlig reiselivsatsing er viktige interesser som bør vektleggast i planarbeidet. Fiske: Frå heile landet kjem det folk som vil fiske laks i Surna, fiske sjøaure på Smøla, aure i Trollheimen eller prøve seg på kystfikse. Ferdigstilling av vilkårsrevisjon i Surna vil ytterlegare forbetre høve for laksefiske, spesielt i Rinna. Vilkårsrevisjon i Svorka vil være eti stort løft for laksebestanden her Samtidig er fleire elvar i regionen lokalt viktige og bør vektleggast i planarbeidet. Skal målsettinga i vassforskrifta nås, må det takast omsyn til sjøaure i planarbeidet. Tilstanden for sjøauren er generelt dårleg i vassområdet og vassregionen. Smøla har gode bestandar, men her må og tiltak gjerast for å oppretthalde bestandsituasjonen. Innlandsaure er kanskje den sportsfisken som er mest tilgjengeleg og som dei fleste har fiska etter. Tilstanden for innlandsaure er stort sett god i vatn som ikkje er regulert. Her vil nok tiltak være ønskelig først og fremst for å få opp kvaliteten på fisken. Akvakultur: Akvakulturnæringa er svært viktig på Nordmøre og er avhengig av reine fjordar for å produsere. Å sikre at kystvatnet er i god nok tilstand til at vi kan produsere fisk er derfor viktig for vassområdet og regionen. Drikkevatn: Område som nyttast av drikkevatn kan få strengare krav. 13
6. Tiltak i vassområdet Figur 5: Tiltak fordelte på tiltaksansvarleg myndigheit i Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann- Nett 20. desember 2018. I Nordre Nordmøre vassområde er det nesten ei tredeling i fordeling av tiltak mellom kommune, Fylkesmann og NVE. Bakgrunn for dette er at mange av tiltaka gor mot regulerte vassdrag, samt anadrom fisk i desse. Normalt bør tal tiltak for kommunen være større, da avløp og landbrukstiltak gjeld fleire vassforekomstar i vassområdet. Ein fokus på dette framover blir naudsynt. Fordelinga av grunnleggjande og supplerande tiltak i vassregionen ser slik ut: Figur6: Fordeling av grunnleggjande og supplerande tiltak i Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 20. desember 2018. 14
Status for gjennomføring av tiltak Tabell 3: Oversikt som viser tiltaksgjennomføring i Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 20. desember 2018. Figur 7: Tiltaksgjennomføring per sektor i Nordre Nordmøre vassområde. Kjelde: Vann-Nett 20. desember 2018. 15