STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 19.09.2018 SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/ Helge Robert Midtbø SAKA GJELD: Løysing for kontorarbeidsplassar i Helse Førde ARKIVSAK: 2018/3310 STYRESAK: 072/2018 STYREMØTE: 28.09.2018 FORSLAG TIL VEDTAK Styret tek administrerande direktør si utgreiing til vitande.
Oppsummering Helse Førde har behov for å planlegge framtidig løysing for kontorarbeidsplassar i Førde. Om lag 150 tilsette, inkludert Helse Vest IKT og Pasientreiser HFD, arbeider i dag i Førdegården. Der går leigeavtalen ut 31. desember 2020. Behovet for kontorarbeidsplassar for dei tilsette som arbeider ved Førde sentralsjukehus vil vere aukande i åra framover. Mellom anna fordi brakkene som i dag vert brukt av tilsette, skal sanerast. Administrerande direktør ønskjer på bakgrunn av ovannemnde å greie ut ei samla framtidig kontorløysing ved Førde sentralsjukehus. Fakta Helse Førde har om lag 210 kontorarbeidsplassar som er plasserte i leigde lokale eller i mellombelse brakker. Den største leigeavtalen, i Førdegården, går ut om to og eit halvt år. Der arbeider i underkant av 110 tilsette frå Helse Førde, og i overkant av 40 tilsette i Helse Vest IKT og Pasientreiser HFD. Det er trong for å sikre gode løysingar for dei tilsette i Helse Førde etter utgangen av leigekontrakten. I samband med ei slik avklaring er det også naturleg å ta kontakt med Helse Vest IKT og Pasientreiser HFD for å avklare om ei samlokalisering er ønskjeleg. I to brakker ved Førde sentralsjukehus er det i dag 25 kontorarbeidsplassar. Dei to brakkene skal sanerast i løpet av relativt få år. Begge er godkjende for få år, og den eine av dei står også i vegen for framtidig utbygging av nytt psykiatribygg. Helse Førde leiger også lokale på Tefre og i Vie senter. Framtidig leige på Tefre kan vere gunstig med tanke på samlokalisering med Høgskulen. Oversikt over tal kontor og tilsette med arbeidsplass i leigde eller mellombelse areal ser slik ut: 2
Likeeins vil behovet for kontorarbeidsplassar ved sjølve sjukehuset endre seg i takt med utviklinga av Nye Førde sjukehus, og endringar i brakkeløysingar der framover. Ledig kapasitet Helse Førde rår over svært liten ledig kapasitet når det gjeld kontorarbeidsplassar i Førde. Bygg aust var tenkt som omrokeringsareal, men vil hausten 2018 vere om lag fullt. Prosjektet Nye Førde sjukehus planlegg å flytte ut i mellombelse lokale når byggeprosjektet kjem i gang for alvor. Eit alternativ er å ta i bruk legebrakka, som likevel må flyttast vekk, for å unngå konflikt med byggearealet. Utflyttinga frå Bygg aust vil ikkje frigjere mange kontorarbeidsplassar truleg kring ti plassar. Desse vil kunne gå til fråtrekk frå dei 150-210 plassane som er kalkulerte i den grove behovsanalysen. I prosjektet Nye Førde Sjukehus (NFS) er det planlagt kontorfasilitetar i dagens psykiatribygg. Etter planane som føreligg per i dag er desse areala disponible i frå 2026. Mogelege løysingar Det er i utarbeidinga av denne saka diskutert fire mogelege løysingar for det framtidige kontorbehovet. 3
1. Framleis leige utanfor Førde sentralsjukehus For mesteparten av det skisserte kontorbehovet er det truleg mogeleg å leige lokale utanfor Førde sentralsjukehus i framtida. 2. Leige i modulbygg ved Førde sentralsjukehus Det er mogeleg å gå ut med eit anbod for leige av areal på området til Førde sjukehus. Eit område sør-aust på sjukehustomta er vurdert. Det betyr at ein ekstern leverandør set opp eit bygg som Helse Førde leiger i for eksempel 10 år. 3. Bygge kontorbygg ved Førde sentralsjukehus Helse Førde kan bygge sitt eige kontorbygg ved sjukehuset. I samband med bygginga av Bygg aust var det tenkt at det kunne settast opp eitt eller fleire parallelle bygg mot aust. 4. Inngå offentleg privat samarbeid (OPS) om bygging ved Førde sentralsjukehus Offentleg privat samarbeid er ei ordning for sikre finansiering av offentlege bygg og vegar. I praksis vil det bety at ein privat aktør byggjer og eig eit bygg på Førde sentralsjukehus sin grunn. Helse Førde betalar ein gitt sum i for eksempel 25 år og kan ta over bygget etter den perioden. Kommentarar Helse Førde må avklare kor mange kontorarbeidsplassar føretaket treng i åra framover, kvar dei skal vere, og kva løysing som skal veljast. Leigekontrakten for det største arealet utanfor sjukehuset går ut om vel to år. Det er likeeins klart at behovet for kontorarbeidsplassar ved sjølve sjukehuset vil endre seg i takt med utviklinga av Nye Førde sjukehus og endringar i brakkeløysingar der framover. Det er ikkje gjort grundige vurderingar av konsekvensane for arbeidsmiljø og effektivitet for dei ulike løysingane i dette notatet. Det er lagt til grunn at dagens løysing med leigde lokale over tre kilometer frå sjukehuset har negative konsekvensar for effektivitet og fleksibilitet. Ein del tid går vekk til reise mellom lokalitetane. Det er også utfordringar å finne kontorarbeidsplassar på sjukehuset dei dagane tilsette i Førde sentrum må bruke heile eller delar av arbeidstida på sjukehuset. Sjølv om det er fullt mogeleg å skape eit godt arbeidsmiljø med distansane mellom lokalitetane vurderer administrerande direktør det som best på alle måtar å samle alle funksjonane i Førde i framtida. Den einaste naturlege staden vil då etter administrerande direktør sitt syn vere ved Førde sentralsjukehus. 4
Administrerande direktør meiner difor at dei to alternativa ved Førde sentralsjukehus bør utgreiast vidare. Det betyr at Helse Førde anten leiger i modulbygg som vert sett opp på sjukehustomta eller byggjer sjølv. I ei slik utgreiing må behovet avklarast fullt ut i samråd med prosjektet Nye Førde sjukehus, likeeins grensesnitta til Helse Vest IKT og Pasientreiser HFD. Ein bør og søkje dialog med Høgskulen på Vestlandet for å sjekke deira behov. Vidare må det gjerast ei økonomisk analyse som syner kva som er mest gunstig for Helse Førde, og kva som er mogeleg å gjennomføre økonomisk. Til sist må det lagast realistiske framdriftsplanar for dei ulike alternativa, og dei må detaljerast for å syne at dei dekker framtidig behov. Ei slik utgreiing meiner administrerande direktør bør vere klar innan utgangen av 2018. Konklusjon Administrerande direktør meiner saka tydeleggjer behovet for å avklare situasjonen knytt til kontorarbeidsplassar i Førde. To alternativ, begge ved Førde sentralsjukehus, bør utgreiast og ein må søke å tilrå ei framtidig løysing. 5