MØTEPROTOKOLL Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtestad: Rådhuset Møtedato: 26.03.2014 Start kl.:10.00 Slutt kl.:13.45 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Hildegun Øygard Hansen, Ivar Kvalen. Kåre Øvregard, Selmer Tverberg. Ingeborg Nybø Sak 1/14 - Kari Paulsen, Jarle Skartun, og John Olaf Røhme orienterte i fellesmøtet om institusjonsdrifta. Karin Leirdal deltok på fellesmøtet. Program: Kl. 10.00 11.30 Felles informasjon og drøfting. Kl. 11.30 12.00 Felles lunsh Kl. 12.00. Råda og utvalet hadde møte kvar for seg. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE Saksnr. Tittel 1/14 14/843 Godkjenning av møtebok og referatsaker. 2/14 14/849 Framlegg til årsmelding for Kommunalt råd for funksjonshemma 2013. 3/14 11/2000 Reguleringsendring Bolstadmoen Planid 1426-2011005 4/14 14/851 Oppstart av reguleringsarbeid for Heggmyrane. 5/14 14/848 Ymse 1
Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
1/14 Godkjenning av møtebok og referatsaker. Felles informasjon og drøftingssaker: Luster heimeteneste: Status og vegen vidare. Luster sjukeheimsteneste: Status og vegen vidare. Samhandlingsbarometeret. Tankar om eit evt. framtidig dagsenter. Ymse Framlagt: Invitasjonar: Seminar den 3. april 2014 på Skei i Jølster Fylkesrådet for funksjonshemma inviterer til dagskonferanse med tema «Arbeid for alle!» Med undertittel drop out vs drop in arbeid er rota til alt godt! Basiskurs om aldring hos personar med utviklingshemming. Kurs på 18 undervisninstimar for personale som arbeidar i kommune- og sosialhelsetenesta med eldre personar med utviklingshemming. Kulturfestival for utviklingshemma 4-6 april 2014 Rica Sunnfjord hotell Førde. Kurshefte om «Kurs og andre tenester 2014 ved Frambu - Senter for sjeldne funksjonshemninger.» Skriv og meldingar: Fylkesrådet for funksjonshemma i Sogn og Fjordane: Rapport frå studietur i Nederland 30. sept.-4. okt. 2013. Bufdir Deltasenteret: Som ein del av oppdraget med å fylgje opp lova om kommunale og fylkeskommunale råd for personar med nedsett funksjonsevne, er det utarbeida ei temaside på nettet. Temasida blir oppdatert med jamne mellomrom og ligg på: www.deltanettet.no/rad-for-funksjonshemmede/ Bladet «Selvsagt» nr. 6/2013. Funksjonshemmede mot diskriminering. Orienteringar i fellesmøtet: Arne Lerum orienterte om planane for bygging av kommunale bustader på tomta ved tidlegare Gaupne barnehage og nærliggjande tomtar. Det er valt ei løysing med totalt 18 leilegheiter, 6 to roms og 12 med 3 rom. Desse er meint som utleigebustader, men og som sjølveigande, der interesserte kan få skaffe seg sin eigen rimelege bustad. Området skal regulerast og planen vert lagt ut til offentleg ettersyn. John Olaf Røhme, Kari Paulsen og Jarle Skartun orienterte om status og utvikling i institusjonsdrifta. Fylgjande dokument vart lagt fram i møtet: Oversikt over framtidig «Helse- og omsorgstrapp i Luster kommune.» Utviklingsarbeid Luster heimeteneste Utviklingsarbeid Luster sjukeheimsteneste
Det vert sett i gang eit prosjekt der ein ser på organiseringa av Luster heimeteneste. Oppdrag (B-13). Vidare samansetjing og balansen i tenestetilbodet mellom langtidsplassar, korttidsplassar, ev. tryggleiksplassar, omsorgsplassar og omsorgsbustader skal og vurderast Det skal gjerast ei fagleg og økonomisk vurdering av om det i framtida er føremålstenleg å drifte tre fullverdige sjukeheimar med institusjonsplassar. Oppdrag (B-14.) Det vil bli lagt fram sak i Kommunestyret i juni. Saka om endra kjøkendrift vil og koma opp til politisk handsaming før sommarferien. Møteboka frå møte den 02.12.2013 vart godkjend. Hildegun Øygard Hansen vart vald til å skriva under på protokollen. 2/14 Framlegg til årsmelding for Kommunalt råd for funksjonshemma 2013. Det var ingen kommentar til framlegg for årsmelding 2013.. Rådet sluttar seg til den framlagde årsmeldinga for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne for 2013. Årsmeldinga blir å leggja fram for kommunestyret for orientering. 3/14 Reguleringsendring Bolstadmoen Planid 1426-2011005 Rådet syner til vedtak i møtet den 24.04.2013 sak nr. 7/13. «Rådet har ikkje merknad til reguleringsendring for Bolstadmoen, men føreset at området så godt som mogeleg vert universelt utforma.» 4/14 Oppstart av reguleringsarbeid for Heggmyrane.
Rådet er positive til oppstart av reguleringsarbeid på Heggmyrane. Rådet er særs positive til utbygging av stolheis. Det er eit flott middel for å koma seg til fjells, og vil vere helsefremjande for menneske med nedsett funksjonsevne. 5/14 Ymse Det er kome opp att sak om etterlysing av tilskot/midlar til brukarar som treng følgje på reiser. Det blir ekstrautgifter for brukarane som sjølve må betale personalet for overtidsarbeid. (Arbeid utover vanleg arbeidstid.) Rådet har føreslege ein pott på kr 50.000,- i budsjettet. Leasingbil. Grandmo heimeteneste sine brukarar jobbar no med å få til ei privat ordning på leasingbil. Arbeidet er i gang og det er eit firma som har kome med gode tilbod. Gjennomgang av reiserekningane til brukarane der det vart nytta bil til ulike aktivitetar/reiser var på kr 112.000,- i 2012. Det var ikkje gjort vedtak.