Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar i samband med oppstart av reguleringsplan for Ytrebygda, gnr 30 bnr 15 m.fl., Grimstadneset friområde, Bergen kommune Rapport 25 2008
Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart ansvaret for automatisk freda kulturminne i plansaker overført til fylkeskommunane. I Hordaland fylkeskommune er det Seksjon for kulturminne og museum ved Kultur- og idrettsavdelinga som utfører det kulturminnefaglege arbeidet. Planområda vert sjekka ut i høve til arkivopplysningar om kjente automatisk freda kulturminne. Det vert og gjort ei kulturminnefagleg vurdering om det skal gjerast arkeologiske feltregistreringar. Feltarbeidet har som mål å finne ut om eit planlagd tiltak vil komma i konflikt med automatisk freda kulturminne (eldre enn 1537). Feltregistreringane omfattar overflateregistrering, prøvestikking og maskinell flateavdekking avhengig av mellom anna terrengtype, høgd over havet og nærleik til kjende kulturminne. I den grad tiltaket vil verka inn på nyere tids kulturminne vil desse bli kort omtalte. Denne rapporten er utarbeidd på bakgrunn av utført arkeologisk feltarbeid. Rapporten gjev opplysningar om arbeidsomfang, utstrekning og karakter av registrerte kulturminne, og skildrer om framlagde planar er i konflikt med kulturminne. I fylgje Kulturminneloven 10 må tiltakshavar bera kostnadene med gransking av automatisk freda kulturminne som nemnd i 8 og 9. 1
Innhald Samandrag side 3 Bakgrunn for saka side 5 Områdeskildring side 5 Feltarbeidet side 6 Konklusjon side 8 Vedlegg: Fotoliste 2
Samandrag I samband med oppstart av reguleringsplan for gnr 30 bnr 15 m.fl., Grimstadneset, Bergen kommune, vart det gjort arkeologiske registreringar i det aktuelle planområdet. Undersøkinga vart gjort 10. oktober 2008 av arkeolog Ambjørg Reinsnos på vegne av Kultur- og idrettsavdelinga, Hordaland Fylkeskommune. Etterarbeid og rapport vart også utført av Ambjørg Reinsnos. Det vart ikkje påvist anleggsspor eller gjort andre funn som kjem inn under Lov om kulturminne 4. Ytst på Grimstadneset ligg det eit forsvarsverk frå andre verdskrigen. Figur 1. Grimstadneset. 3
Figur 2. Planområdet. 4
Bakgrunn for saka Bergen kommune har i brev av 20.06.2008 varsla om oppstart av reguleringsplan for Ytrebygda, gnr 30 bnr 15 m.fl., Grimstadneset (figur 1). Planarbeidet skal tilretteleggje for friområde, turvei og eventuell lokal badeplass, samt snuplass for buss og areal for ein mindre parkeringsplass. Like aust for planområdet, på oppsida av vegen, ligg det to hellerar (Askeladden id-nr 6708) som har vore nytta frå steinalderen av (Fett 1971). Lenger vest, like nord for Grimstadvegen, ligg det ein heller som har vore nytta frå eldre jernalder (Askeladden id-nr 25778) (sjå vedlegg). Etter synfaring, og med kjennskap til desse automatisk freda kulturminna i nærleiken, vart planområdet vurdert til å ha potensiale for funn av hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne. Områdeskildring Planområdet ligg ved Festervika på Grimstad, og omfattar halve Grimstadneset, om lag 29 daa inkludert sjøareala utanfor (figur 2). Mot nordaust grensar området til hyttetomter, og mot søraust og sør grensar området mot bilvegen som går til hyttene og privatbustadene i området. Denne vegen skal nyttast som tilkomstveg i området. Strandsona mot sørvest er gjort om til hamneområde, mellom anna ved bygging av ein molo, og her ligg det nokre naust. Området er knausete og kupert, med furu- og lauvskog. Det går eit drag nordaust-sørvest over neset. Søraustre del av området er flatare enn resten av neset, og det er her svært myrlendt. 5
Figur 3. Grimstadneset. Grønt felt er krigsminnet, blått felt er gamle grunnmurar, raude prikkar er prøvestikka. Feltarbeidet Den arkeologiske registreringa vart utført fredag 10. oktober 2008 av Ambjørg Reinsnos. Det vart søkt i overflata etter synlege kulturminne, sondert med jordbor og grave sju prøvestikk (figur 3). Alle prøvestikka var utan funn. Lengst vest på neset, på det høgste punktet, ligg eit forsvarsanlegg truleg frå andre verdskrigen (figur 3, 4 og 5). Lenger aust vart det observert ein grunnmur (figur 3 og 6). Denne var tørrmura og veggane var opptil 2 m høge. På innsida var det spor etter nyare konstruksjonar i betong. 6
Figur 4. Forsvarsverk frå andre verdskrigen. Figur 5. Del av forsvarsverket. Figur 6. Innsida av grunnmuren, med delar av betongkonstruksjon. 7
Konklusjon Det vart ikkje registrert automatisk freda kulturminne i planområdet. Det ligg to hellerar (Askeladden id-nr 6708) like aust for planområdet, som må takast hensyn til dersom tilkomstvegen skal vere breiare enn den eksisterande vegen er i dag. I tillegg ligg det forsvarsanlegg frå krigen vest i området, som bør takast omsyn til i den vidare planlegginga. 8
2008-124-001.JPG Krigsminnet ytst på Grimstadneset, del av skyttargrav. Mot SA. 2008-124-002.JPG Del av krigsminne ytst på Grimstadneset. Mot SA. 2008-124-003.JPG Del av krigsminne ytst på Grimstadneset. Mot vest/nordvest. 2008-124-004.JPG Del av krigsminne ytst på Grimstadneset. Mot vest/nordvest. 2008-124-005.JPG Del av krigsminne ytst på Grimstadneset. Mot vest/nordvest. 2008-124-006.JPG Del av krigsminne ytst på Grimstadneset. Mot vest/nordvest. 2008-124-007.JPG Del av grunnmur/ruin, etterreformatorisk. Mot sørvest. 2008-124-008.JPG Del av grunnmur/ruin, etterreformatorisk. Mot sørvest. 2008-124-009.JPG Del av grunnmur/ruin, etterreformatorisk. Mot sørvest. 2008-124-010.JPG Del av grunnmur/ruin, etterreformatorisk. Mot nord/nordaust.