SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.05.2013 Tid: 17.00 Orientering om Frisklivssentralen - v/ dagleg leiar Aase Kristine Bolstad Orientering om Skodje sogelag og framtidig bruk av prestegarden - v/ Kåre Beite Desse møtte: Fremskrittspartiet: Ordførar Terje Vadset, Kjell Arve Reiakvam, Terje Sortehaug, John Ola Røstad, Erling Ostnes Arbeiderpartiet: Kjell Haukeberg, Tone Fylling, Bjørn-André Stavset, Jan Georg Fossheim Senterpartiet: Elise Stette, Johan Honningdal, Linda Stavset, Inge Øye (vararepr. for Modolf Hareide) Kristeleg Folkeparti: Gunnar Hauge, Reidun Holm Aure (vararepr. for Knut Strand) Venstre: Kari Grindvik, Rolf Stavset Høgre: Torbjørn Skodjereite, Torunn Mølsæter, Lidvar Giskeødegård, Karl Johan Kvernland (vararepr. for Leif Glomset) 21 voterande. Til stades var òg rådmann, ass. rådmann, økonomisjef og politisk sekretær, sistnemnde førte møteboka. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste. Linda Stavset og Jan Georg Fossheim vart samrøystes valde til å skrive under møteprotokollen.
SAKLISTE Sak nr. Arkivsak 20/13 13/318 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE I KOMMUNESTYRET 23.04.2013 21/13 10/440 KVALITETSMELDING FOR SKULE 22/13 13/67 KULTURMINNEPLAN FOR SKODJE KOMMUNE - VEDTAK OM OPPSTART AV PLANARBEID 23/13 13/94 ÅRSREKNESKAP OG ÅRSMELDING 2012 2
Sak 20/13 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE I KOMMUNESTYRET 23.04.2013 Protokollen frå møte 23.04.2013 vert samrøystes godkjent. Sak 21/13 KVALITETSMELDING FOR SKULE Desse hadde ordet i saka: Rolf Stavset, Linda Stavset, kommunalsjef / ass. rådman, Torbjørn Skodjereite, Kari Grindvik, Kjell Haukeberg, Inge Øye. Rolf Stavset orienterte om arbeidet med kvalitetsmelding for skule. Skodje kommunestyre vedtek kvalitetsmelding for Skodjeskulen slik den ligg føre. Sak 22/13 KULTURMINNEPLAN FOR SKODJE KOMMUNE - VEDTAK OM OPPSTART AV PLANARBEID Desse hadde ordet i saka: Torbjørn Skodjereite. Det vart påpeikt ein feil i planprogrammet: I kap 1.7 skal Det faste planutvalet er politisk styringsgruppe endrast til: Formannskapet er styringsgruppe. Dette vil bli korrigert i det endelege planprogrammet. Skodje kommunestyre vedtek å starte arbeidet med Kulturminneplan for Skodje slik det går fram av Planprogram for Kulturminneplan i Skodje kommune dat. 29.04.13. 3
Sak 23/13 ÅRSREKNESKAP OG ÅRSMELDING 2012 Desse hadde ordet i saka: Økonomisjefen, Kjell Haukeberg, Torbjørn Skodjereite, ordføraren, Lidvar Giskeødegård, Kari Grindvik, Terje Sortehaug. Økonomisjefen orienterte. Kjell Haukeberg sette fram slikt framlegg til nytt punkt 1: 1. Skodje kommunestyre godkjenner årsrekneskapen for 2012. Kommunestyret viser til kontrollutvalet sin samrøystes uttale i møte 23.04.2013, sak 14/13, og ber rådmannen imøtekomme det som står i punkt 2: Innan enkelte driftseiningar ligg det føre overskridingar i forhold til vedteke budsjett og kontrollutvalet vil presisere at årsbudsjettet er bindande, jf. kommunelova 47. Kontrollutvalet etterlyser ei nærare analyse av overskridingane i sentraladministrasjonen, Nav Storfjord Skodje, Heimebasert omsorg, Skodje sjukeheim, Prestemarka og Butilbod funksjonshemma. Det vart røysta punktvis. Kjell Haukeberg sitt framlegg til nytt punkt 1 vart sett opp mot punkt 1 i innstillinga frå formannskapet. Kjell Haukeberg sitt framlegg til nytt punkt 1 vart samrøystes vedteke. Det vart røysta over punkt 2: Det vart røysta over punkt 3: Det vart røysta over punkt 4: 1. Skodje kommunestyre godkjenner årsrekneskapen for 2012. Kommunestyret viser til kontrollutvalet sin samrøystes uttale i møte 23.04.2013, sak 14/13, og ber rådmannen imøtekomme det som står i punkt 2: Innan enkelte driftseiningar ligg det føre overskridingar i forhold til vedteke budsjett og kontrollutvalet vil presisere at årsbudsjettet er bindande, jf. kommunelova 47. Kontrollutvalet etterlyser ei nærare analyse av overskridingane i sentraladministrasjonen, Nav Storfjord Skodje, Heimebasert omsorg, Skodje sjukeheim, Prestemarka og Butilbod funksjonshemma. 2. Skodje kommunestyre tek årsmeldinga for 2012 til vitande. 3. Overskotet i drifta på kr 243.206.- avsettast til disposisjonsfond. 4. Udekka i investeringsrekneskapen på kr 386.697 vert dekt ved bruk av ubrukte lånemiddel. 4
M Ø T E T S L U T T Terje Vadset ordførar Linda Stavset Jan Georg Fossheim Knut Berg politisk sekretær 5