Gå ut og gjer disiplar - om å vekse til modne kristne Innleiing: Denne undervisninga er berre 35 minutt då resten av samlinga siste leiarskule skal vere saman med leiarskulen for forsamlingsarbeid. Vi ynskjer ikkje berre å gje borna og ungdomane på laga våre kunnskap om Jesus. Vi ynskjer at dei skal få høyre om Jesus på ein slik måte at dei tar i mot Han, og blir etterfylgjarar av Han! Vi ynskjer at Jesus skal få forandre liva til kvar enkelt, og at dei får ei tru som held gjennom heile livet. Dette er vårt mål, men også vår største utfordring: Korleis skal ein gå fram for å få dette til? Vi er blitt flinke på å formidle kunnskap om Jesus. Utfordringa er å formidle ei levande tru borna og ungdomane kan ta til seg; vi ynskjer å gjere dei til disiplar! Kva er ein disippel? Det er avgjerande å vite kva ein disippel er før ein jobbar vidare med undervisninga. Dette må vi forstå, skal vi kunne gjere folk til disiplar. Def disippel: Veks nærare Jesus jo lenger disippelforholdet varer. Andre som blir lært opp skal etterkvart løyse seg frå Meisteren, og klare seg sjølv, men å være Jesu disippel er omvendt: I samværet med Han blir disippelen mindre og Meisteren større! Jmf Joh 3,30. Ein disippel er ein som er avhengig av Jesus, og som veks nærare og nærare Han. Disippelen er ikkje berre mottakar, men også tilhengar. Han gjer undervisninga til Meisteren til norm for eige tru og liv. Ein disippel lever i ein stadig prosess der han kontinuerlig er under opplæring av Meisteren, og det blir ein vekst i mognad etterkvart som tida går. Avsendaren av Hebrearbrevet tar for seg dette temaet i Hebrearane 5, 11-14. Han klandrar Hebrearane for å vekse seint som kristne, og er skuffa over at dei berre kan ta til seg mjølk og ikkje fast føde når det gjeld undervisninga om trua deira. Avsendaren meiner dei sjølv burde ha vore lærarar når dette brevet blir send, men har ikkje kome så langt i prosessen dei treng enno at nokon lærer dei. Slik skal det ikkje være. Som kristne skal vi utvikle oss og vekse i mognad i trua. Vi skal stadig lære av Jesus, men vi skal også etter ei tid være i stand til å lære andre. Vidare skriv forfattaren om skilnaden mellom mjølk og fast føde: Dei som kan ta imot fast føde er dei som har sett djupt inn i bodskapen om rettferd, og dei som med øving har vant sansane til å skilje mellom godt og vondt. Her får vi eit bilete av kva som er vårt mål å arbeide mot våre born og ungdomar slik at dei etterkvart blir klar for å ta imot fast føde. Dersom dei tar i mot denne faste føde vil det dra dei nærare Jesus, og dei blir gjort til disiplar hos Jesus! 3 retningar i ein disippel sitt liv Frå boka En helt overkommelig disippel av Knut Tveitereid 1 tar vi utgangspunkt i at ein disippel har tre retningar i sitt liv å arbeide med. Ved å sjå på desse kan vi forstå betre kva ein disippel er: Inn i gjengen
- Disiplar er som folk flest. Dei er ikkje betre enn nokon andre. Skilnaden er at dei ber ein stor skatt inne i seg; Jesus. Om disiplar går rundt å prøver å framstå som betre enn folk flest blir skatten usynleg. - Disiplar treng kvarandre, og veit at dei aleine ikkje er mykje tess. Derfor heldt dei saman. Jesus gav oss eit førebilete når han alltid sendte ut minst to og to disiplar saman for å utføre oppdrag for Jesus! - Disiplar må trivast. For det som er på innsida siver ut, og når ein skal vere Kristi vellukt må det vere gode ting som siv ut; fred og glede. Opp I Kristus - Disiplar er saman med Jesus. Vi må bruke våre sansar i fellesskapet med Han; lytte, sjå, kjenne og tru. Viktig å ta seg tid i stillhet med Jesus - Disiplar er for alltid under opplæring, og dei ynskjer å lære. Dei heldt seg så tett til Jesus at dei blir prega av han i kvardagen; får Gud sitt sinnelag. - Disiplar er ikkje opptatt av bod og reglar. Dei ynskjer å leve så nær Jesus at dei ikkje nærmar seg grensene for kva som ikkje er lov. Lever ein i motsetning kristenlivet lengst mulig unna Jesus lever ein i ein konstant kamp. Ut i verda - Disiplar er vitne for Jesus. Nokon få er evangelistar. Disiplar skal påverke andre som ringar i vatn, og det er Jesus som skal fascinere andre, ikkje lyd og lys og god regi. - Disiplar er tenarar. Dei gjer det dei likar og er god på til Gud si ære! - Disiplar betalar ein pris. Verden prøver å fryse dei ut sosialt og Satan prøver å freiste dei med alt som er ulovleg. - Disiplar vil noko! Ein treng disiplar som våger, men skal ein våge dette må ein ha Guds kjærleik i seg, og ein må sjekke fruktene i det ein gjer. Vi skal vidare sjå på skilnaden mellom barnleg tru, og den trua som skal vekse fram i ein disippel: vaksen mogen tru. Kjenneteikn på ei mogen tru Frå boka Family based youth ministry 2 kan vi her vise skilnaden mellom barnleg og vaksen tru. Dette for å vise heilt konkret kva vi skal strekke oss etter. Barnleg tru Gode kristne har ikkje smerte eller skuffelsar Gud hjelper dei som hjelper seg sjølv Gud vil gjere oss glad Tru vil hjelpe oss til å alltid forstå kva Gud gjer Dess nærare me kjem Gud, jo meir perfekt blir me Modne kristne har gode svar Vaksen moden tru Gud brukar vår smerte og våre skuffelsar til å gjere oss til betre kristne Gud hjelper dei som innrømmer at dei treng hjelp Gud vil gjere oss lik Jesus Trua hjelper oss til å vere under Gud sin suverenitet til og med når vi ikkje forstår kva han gjer Dess nærare me kjem Gud, jo meir blir me observant vår eiga synd Modne kristne kan streve med vanskelige spørsmål fordi dei stoler på at Gud har
Gode kristne er alltid sterke Vi går på bedehuset fordi venane våre er der, vi har gode leiarar, og vi få noko ut av det svaret Vår styrke er i å innrømme vår svakhet Vi går på bedehuset fordi vi høyrer til forsamlinga Jesus sin lekam (kropp) Kva fokuserar vi på? I mange barne- og ungdomslag har ein dei siste åra vore meir opptatt av å telje kor mange som kjem, enn å sjå på resultata som kjem ut av arbeidet. Gjer vi til disiplar? Eller berre gjev vi borna og ungdomane ei positiv haldning til Jesus? Spesielt ser ein at der det er mange som går på laga, er det lettare å vere nøgd med ei barnleg tru, heller enn ei mogen tru 3. Vi må bli meir bevisst på kva tal vi tel, for det som verkeleg betyr noko er om ein gjer borna og ungdomane som går på laga våre til etterfylgjarar av Jesus, og disiplar av Han! Korleis få våre born og ungdomar frå barnleg tru til vaksen, moden tru? Ein vil i det fylgjande ta for seg punkt ein meiner er viktig for å skape ei moden tru hjå borna og ungdomane slik at dei kan utvikle seg som disippel. MEN ein må alltid hugse på at vi som kristne leiarar berre kan planta og vatna, men hjå alle som kjem innom våre bedehus er det BERRE GUD SOM KAN SKAPE VEKST! 1. Kor 3,5-9. Tre hovudpunkt er vesentlege, og dei fylgjande punkta vil alltid gå under eit eller fleire av desse punkta: BIBEL, TID og ANSVAR. Når ein ser tilbake ser ein at dei som er vorte bevart er vorte det på ulike måtar. Difor finns det ingen fasit her. Ein vil i det fylgjande legge fram mange ulike punkt, så må einkvar ta til seg det ein sjølv føler er rett; både å gjennomføre for sin eigen del, og kva som er greitt inn mot det barne- eller ungdomslaget ein driv. 1) Forkynne Jesus så dei blir KJENT med han! Evangeliet må bli forkynt skal nokon i det heile kunne ta imot Jesus. Dette må også repeterast for dei som allereie har tatt i mot, slik at ein stadig blir påminna om frelsa og storverka den inneheld. Det er likevel ikkje det som er temaet i dag vi skal fokusere på korleis dei kan vekse i trua når dei i utgangspunktet har tatt i mot Jesus. Rom 10,17. 2) Tale SANNING om heile Guds råd Vi som er leiarar i dei ulike laga ynskjer å bli likt, ynskjer å være populær, at mange skal kome og at ingen skal verte støtt og ikkje kome igjen. Dette fører til at ein ofte forkynner det enkle og gode i trua vår, og lar være å tale heile sanninga. Som kristne leiarar har vi ansvar for å ikkje berre forkynne alt det enkle, men også det vanskelege: o Det kostar å fylgje Jesus o Jesus har aldri lovd oss et enkelt liv, men eit meiningsfylt liv o Jesus sei me skal omvende oss frå synd, om ikkje lever vi i mørket og har ikkje samfunn med Han. o Jesus vil vere Herre i våre liv Dersom vi talar sanning vil det føre til at nokon blir støtt bort, for dei har harde hjarte og vil ikkje ta til seg det som blir sagt (jmf evangelia). Men dei som blir tar til
seg og får ei rotfesta tru. Dette er betre enn at alle har ei halvvegs tru. Vi må ikkje vere så redd for å miste nokon at vi ikkje beheldt nokon. Forkynninga bør vere så utfordrande at ein veit kva det vil seie å vere kristen når ein tar i mot Jesus. Ein må vite at Jesus kallar oss til å legge ned vårt eige, og til å fylgje Jesus med alt det det kostar. 3) Undervise i grunnsanningane i kristendomen OG livet med Jesus Skal ein gjere barn og ungdom til disiplar av Jesus krev det at ein underviser både i grunnsanningane om Jesus, OG om livet som kristen. Det er lett å berre undervise i eit av desse tema. For å vere sikker på at alt blir undervist om kan det vere anbefalt å ha systematisk undervisning der ein set opp tema for kvar lagssamling. Vidare krev det ein andakt som er meir enn 10 minutt kvar gong, og ein anbefalar difor å bruke god tid på møtedelen. Jmf leiarskuletema Søk fyrst Guds rike. Forslag til tema ein kan bruke er boka Livsviktige SPØRSMÅL En praktisk innføring i kristen tro, av Nicky Gumbel, Alpha. Tema som blir tatt opp: 1: Kristendommen: Kjedelig, usann og irrelevant? 2: Hvem er Jesus? 3: Hvorfor døde Jesus? 4: Hvordan kan jeg være sikker på min tro? 5: Hvorfor og hvordan bør jeg lese i Bibelen? 6: Hvorfor og hvordan skal jeg be? 7: Hvordan leder Gud oss? 8: Hvem er Den Hellige Ånd? 9: Hva gjør Den Hellige Ånd? 10: Hvordan kan jeg bli fylt av Ånden? 11: Hvordan kan jeg få mest mulig ut av livet? 12: Hvordan kan jeg stå i mot det onde? 13: Hvorfor og hvordan skal vi fortelle andre? 14: Helbreder Gud i dag? 15: Hva med kirken og meningheten? Denne boka er god fordi den får med seg bredda i kristenlivet. Den tar fyrst for seg grunnsanningane i Bibelen (kap 2-5), men underviser så vidare i LIVET som kristen (kap 6-15). Det er lett for å gjere berre det eine eller det andre, men vi er kalla til å forkynne heile Guds råd! 4) Fylgje ungdomane tett Det avgjerande for at ungdom skal vekse i mognad er at dei har førebilete som er meir mogne enn dei sjølv. Dei treng nokon dei kan strekkje seg etter slik at dei lærer horisontalt. Er dei berre med kvarandre lærer dei berre av likesinna (vertikalt), og det fører til liten mognad. Ut frå dette ser vi at grupper der ungdomane har med seg ein eller fleire som er eldre enn dei sjølv kan vere avgjerande for mognad. Det er ulikt korleis ein organiserer dette, men det kan vere å møtes ei gruppe heime hjå nokon eller på bedehuset. Vidare kan ein møtast kvar veke eller annankvar. Dette er ikkje det avgjerande. Det som er viktig er at ungdomane har vaksne personar rundt seg dei kan spørje om det dei lurar på i trua si, og vaksne som kan vegleie dei vidare i trua. Små grupper med rom for samtale er ein god måte å gjere dette på om det er mogleg å gjennomføre i praksis. Norsk kristeleg studieråd gir støtte til slike grupper. Sjå www.nkrs.no for meir info.
Tips til opplegg i gruppene: * For relativt nye i trua: Livsviktige spørsmål en praktisk innføring i kristen tro, av Nicky Gumbel, Alpha, Prokla Media (se pkt 3) * For dei som ynskjer å fylgje Jesus: a) Målrettet liv Hvorfor i all verden er jeg her? av Rick Warren, Hermon Forlag. Boka tar for seg 5 hensikter med livet vårt: 1: Planlagt for å glede Gud 2: Dannet for Guds familie, 3: Skapt for å bli lik Kristus, 4: Dannet for å tjene Gud, 5: Skapt for et oppdrag. --> Opplegget går over 40 kapittel, og det anbefalast at ein tar 2 kapittel for kvar samling. Gruppesamtalen vil fungere best om alle får lest kapitla på førehand, eventuelt lese saman i gruppa, men dette vil ta ganske lang tid. b) En helt overkommelig disippel av Knut Tveitereid tar for seg 3 retninger for en disippel. Sjå overskrifta Tre retningar i ein disippel sitt liv 12 samlingar. For fleire tips, sjå www.nkrs.no 5) Fylgje enkeltpersonar tett; Medvandring Temaet medvandring har vorte meir i fokus dei siste åra. Det er anbefalt at dei som har leiaransvar har ein medvandrar. Ein medvandrar er ein person ein kan snakke med om livet som kristen, om leiaransvaret, og om andre viktige ting i livet. Ein medvandrar er ikkje ein som er utlært om livet, men ein som seier seg villig til å gå SAMAN med ein annan, og han er gjerne nokre år eldre enn den som kjem til han. Ein kan møte medvandraren sin alt frå 2 gongar i månaden til 2 gonger i året, avhengig av praktisk moglegheit og behov. Det å ha ein medvandrar har for mange vore ei stor støtte, og ein flott måte å vekse som menneske og som kristen på! 6) Innlemme born og ungdom som ein del av storforsamlinga på bedehuset - sjå leiarskule, 3. samling 7) Oppfordre til bibelskuleår Ein unik sjanse til å bruke et år på å vekse nærmare Gud, lære meir om sanningane i Bibelen, erfare meir av livet med Gud. Dette året er eit veldig godt grunnlag å ha med seg resten av livet. 8) Gje borna og ungdomane ansvarsoppgåver Det er viktig å innlemme borna og ungdomane i arbeidet ein driv. Det er også viktig å ikkje berre kaste dei ut i vanskelege oppgåver, som gjer at dei mister motet, men å fylgje dei opp på ein god måte. Ein viktig modell i denne samanhengen er denne: 1. Eg gjer, du ser 2. Eg gjer, du hjelper 3. Du gjer, eg hjelper 4. Du gjer, eg ser
Dersom ein som leiar klarar å gå desse stega med dei borna og ungdomane ein ynskjer å gje nye ansvarsoppgåver vil dei føle i større grad sjølvsikkerheit i det dei gjer. Dette gjer at personane blir tryggare, og dei får ei større glede i å tene. 9) Lære dei å lese bibelen sjølv Det er viktig å oppfordre til bibellesing, og i den forbindelse gje dei heilt konkrete hjelpemiddel: * ALFA eller SIESTA frå bibelleserringen * BIBELMIX frå Skulelaget * Gode råd til bibellesing i andaktane Disiplar tar til seg av bibelen, og som leiarar må vi derfor utruste dei slik at dei opnar bibelen også når dei er for seg sjølv. Avslutning: Denne samlinga består av mange råd og tips. Ikkje alle er aktuelle for alle lagsleiarar, men ein håpar at alle er aktuelle for nokon. Lista må den einskilte foredragshaldar trekkje frå eller supplere etter ynskje. Likevel må det seiast at punkta er tenkt nøye gjennom, og eit resultat av samtalar med fleire lokale leiarar. 1 En helt overkommelig disippel av Knut Tveitereid, Det Norske Bibelselskap, 2005. 2 Famili-based youth ministry av 3 s.27 Family based youth ministry