Alversund skule Trafikksikker skule Trafikksikker skule er eit konsept utarbeida for å kvalitetssikre at skulen sit trafikktryggleiksarbeid tar omsyn til dei krav som lover og forskrifter stiller. Å bli godkjent som Trafikksikker skule er ikkje ein garanti for at ulukker ikkje skjer, men er eit kvalitetsstempel for godt og heilskapleg trafikktryggleiksarbeid.
TRAFIKKPLAN FOR ALVERSUND SKULE Om Alversund skule Alversund skule ligg i Lindås kommune og er den største barneskulen i regionen med ca 370 elevar fordelt på 1. 7. trinn og ca 60 tilsete. Skulen ligg sentralt i Alversund og ligg tet på riksvegen som er gjennomfartsveg frå/til Radøy - Knarvik/Bergen. Ret ved skulen ligg ein bensinstasjon. Framfor skulen er ei rundkøyring som foreldra køyrer igjennom når dei skal bringe sine born til skulen. Her køyrer også bussane og drosjebilar som fraktar enkeltelevar. Skulen har gang- og sykkelveg heilt fram til skulen frå områda rundt. For få år sidan blei det bygga gangbru over riksvegen for å hindre at elevar kryssa ein farleg og sterkt trafikkert veg. Skulen har likevel nokre trafikale utfordringar som kan skape farlege situasjonar, spesielt i morgonrushet. Elevar som kjem syklande til skulen må passere mellom hovudinngangen til skulen og rundkøyringa for å plassere syklane på sykkelparkeringa. Det går ein veg forbi skulen til bustadar og parkeringsplass bak skulen. Her er ikkje fotgjengarfelt for elevar som må krysse denne vegen. Elevar som kjem syklande til skulen må lit uti vegen før dei får sykla inn på sykkelparkeringa Elevar må gå «igjennom» bensinstasjonen som har to inn-/utkøyrslar, der den eine er felles med skulen sin. Mange elevar tar buss til skulen. Bussane køyrer og gjennom rundkøyringa framfor skulen. Når foreldre køyrer sine barn, får ein auka trafikk i rundkøyringa framfor skulen. Ein del foreldre slepp elevar av på vegen bort til Kyrkjelydshuset og i krysset opp til gangbrua. Det oppstår farlege situasjonar når foreldra skal snu.
Kvifor ein trafikkplan? Elevane sin skuleveg er i eit tetbygd miljø. I tillegg blir nærområdet til skulen nyta aktivt i undervisninga. Når klassar skal utanfor skulen sit område, går ein for det meste på gang- og sykkelveg, men det hendar at ein og må gå langs vegen og gjerne krysse den. Skulevegen og nærmiljøet byr på utfordringar og farar i forhold til trafikk. Det er viktig at elevane kjenner trafikkreglane og kan forholde seg til desse. Elevane bør kunne lese eit trafikkbilete, og handle dereter. Ein lokal læreplan i trafikk vil sikre ei heilskapleg og systematisk trafikkopplæring i tråd med Kunnskapsløftet og gjeldande forskrifter. Planen vil og vere ei peikepinn på korleis skulen sikrar elevane i trafikken. I forskrift om miljøreta helsevern i skulen står det klart at verksemdene skal drivast slik at skadar og ulukker førebyggjast. Rektor er ansvarleg for at skulen sine rutinar for turar til fots, på sykkel og med bil, buss og ferje er godt kjent i personalet og at desse blir overhalde. Skulen har ein trafikkansvarleg lærar som koordinerer og kvalitetssikrar skulen si trafikkopplæring. Tiltak Det er utarbeida ein eigen lokal læreplan i trafikk. Her er kompetansemåla med delmål synleggjort for kvart trinn. Planen ligg ute på skulen si heimeside. Trafikale utfordringar takast opp i foreldremøte på alle trinn kvar haust. Skulen viser her og til kva rutinar som gjeld ved turar i skulen sin regi. Skulen har ekstra vakter med refleksvest ute ved rundkøyringa om morgonen. Det skal vere minimum to. Den eine nytar ein oransje vest som tyder at ein er bussvakt. Sykkel og sykkelopplæring er hovudtema om våren på 4. trinn. Temaet blir følgt opp og repetert på 5., 6. og 7. trinn i samband med turar der sykkel gjerne kan vere framkomstmiddel. Alle elevar ha sykkelhjelm når dei nytar sykkel, løpehjul eller rullebret til og frå skulen. I tillegg skal sykkelhjelm nytast på sykkelturar i skulen sin regi. Bruk av refleks er felles tema for heile skulen. Kvart år i oktober arrangerer FAU ein «refleks-aksjon» i samarbeid med skulen. Alle elevar i 1. klasse får refleksvest ved skulestart.
Trafikk i Kunnskapsløftet I generell del av læreplanen står det mellom anna at skulen skal ruste barn til å møte livets oppgåver og meistre utfordringar saman med andre. Den skal gi kvar elev kyndigheit til å ta hand om seg sjølv og sit liv. Vidare står det at opplæringa må tilføre haldningar og kunnskapar som varer livet ut og lære dei unge å sjå framover og øve evna til å treffe val med fornuft. Læreplanen dannar eit grunnlag for at alle barn og unge skal få ei felles, kontinuerleg og god trafikkopplæring, men dete må følgjast opp ved den enkelte skule. Kompetansemål i kroppsøving etter 4. trinn Elevene skal kunne følge trafikkregler for fotgjengere og syklister. Kompetansemål i kroppsøving etter 7. trinn Elevene skal kunne praktisere trygg bruk av sykkel som fremkomstmiddel. Sjølv om kompetansemåla er lagt til kroppsøving, blir trafikkopplæring behandla som eit tverrfagleg emne. Trafikkrelaterte emne eigner seg godt å ta opp i KRLE, samfunnsfag, matematikk og norsk. Grunnleggande ferdigheiter i trafikkopplæringa Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg Kunne forklare ord og utrykk knyt til temaet trafikk. Kunne formidle haldningar og inntrykk frå opplevingar, aktivitetar og oppgåver. Kunne argumentere for trafikktryggleik. Å kunne lese Å kunne rekne Å kunne bruke digitale verkty Kunne lese skilt i Ha kjennskap til Kunne orientere seg og trafikken. måleeiningane meter, nyte oppgåver på ulike Kunne hente, tolke og kilometer, mil, sekund, netstader. forstå informasjon frå minut og time. faglige tekstar. Kunne namn på dei ulike Kunne lage diagram for å geometriske formene til vise statistikk. skilt, og nyte enkel statistikk for å synleggjere teljingar og registreringar i trafikken. Ha forståing for tid, lengd og avstand i trafikken. Kunne registrere data og nyte statistikk for å synleggjere undersøkingar i trafikken. Foreldresamarbeid
Skulen vil leggje til rete for eit godt foreldresamarbeid kring elevane sit læringsmiljø. Ein del av læringsmiljøet er og skuleplassen, skulevegen og skulen sit nærmiljø. Trafikk inngår i foreldremøte kvar haust. Følgjande blir tat opp: Årsplan i trafikk Trygg skuleveg Skuleskyss Rutinar for turar Foreldrekøyring parkering og hente-/bringeplassar Foreldre som rollemodellar Skulen sine anbefalingar for sykling til skulen og tryggleik i forhold til at sykkelen skal vere i forskriftsmessig stand og at elevane skal nyte sykkelhjelm. Diskutere kva ferdigheiter og kunnskapar elevane treng for å sykle trygt på skulevegen og korleis foreldre og skule saman kan ivareta dete. Skulevegen Kommunen si ulykkesforsikring omfatar og skulevegen. Dete gir kommunen eit ansvar for elevane sin tryggleik på skulevegen. I følgje Opplæringslova 7, har elevar som bur lengre unna skulen enn 2 km (1.klasse) og 4 km (2. - 10.klasse) eller har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, ret til gratis skuleskyss. Dersom elevar har alternativ, er det viktig at ein nytar den tryggaste vegen til skulen. Det er viktig at skulevegen blir vurdert i forhold til at elevar skal sykle til skulen. Parkering Tilsete ved skulen parkerer på parkeringsplass framfor skulen og bak skulen. Foreldre som bringer/hentar sine barn på skule/sfo skal parkere ved Kyrkjelydshuset og gå over gangbrua med barna. Dersom ein berre skal stanse for å ta opp eller setje av barn, nytar ein rundkøyringa framfor hovudinngangen til skulen. Av- og påstiginga må skje lit raskt så ein ikkje hemmar flyt i rundkøyringa. Ein skal ikkje nyte busstoppet langs riksvegen.
Varelevering Varelevering skjer for det meste ved hovudinngangen. TINE-bilen ryggar seg opp på parkeringsplassen til dei tilsete og nytar hjørneinngangen. Ingen skal køyre inn på skuleplassen mens elevane er ute. Både oppeplass og nedeplass har bom som skal vere låst på dagtid. Dersom køyring på plassane ikkje kan unngåast, må køyringa skje under spesielt tilsyn. Byggje- eller anleggsverksemd Ved byggje- eller anleggsverksemd på skulen, i skulen sit nærområde eller på skulevegen, vil skulen i samarbeid med kommunen foreta spesiell risikovurdering og evt setje i verk tiltak. Alle tilsete, elevar og foreldre blir godt informert. Rutinar for transport i skulen sin regi Busstur Skulen nytar alltid buss med yrkessjåfør på turar. Som oftast leigar skulen eigen buss, men nokon gongar nytar klassar vanleg rutebuss. Då tar skulen kontakt med busselskapet i forkant for å sikre at bussen har sitjeplass og setebelte til alle. Lærar har fullt oversyn over avreisetidspunkt, reisemål og tidspunkt for retur. Lærar ser til at tidspunkta blir overhalde, og at elevane held seg samla. Elevane blir informert om korleis dei skal oppføre seg på stoppestad og om bord i bussen. Elevane stiller opp før dei går inn på bussen. Lærar gir klar beskjed om kor elevane skal gå når dei går av bussen (vekk frå trafikk). Oppteljing før og eter påstiging. Lærar sjekkar at alle elevane nytar setebelte. Dete skal nytast under heile bussreisa. Elevane skal sitje i ro i setene og bruke innestemme. (Normalt lydnivå). Ingen snop eller brus i bussen. Lærar plasserer seg sjølv slik at han/ho kan følgje med elevane og gripe inn ved avvikande åtferd.
Lærar tar ein runde i bussen eter at elevane har gåt av for å ta seg av gjengløymte gjenstandar, boss mm. Lærar hjelper elevane/sjåføren med lasting/lossing av bagasje. Ferjetur Lærar held elevane samla i salongen. Vente med av- og påstiging til bilar har køyrd av/på. Rutinar for turar i skulen sin regi Forarbeid Skulen planlegg turen/utflukta. Ein går igjennom evaluering av tidlegare turar. Skulen bestemmer kva rute som skal nytast og kartlegg evt vanskelege/farlege punkt. Ein sørgjer for trygge oppsamlingsstadar der elevane kan samlast før kryssing av trafikkert veg etc. Skulen informerer heimane om klede, mat og føremål med turen på vekeplanen eller i eige skriv. Skulen vurderer kor mange vaksne som skal vere med på turen. Tryggleiken til elevane skal ivaretakast. Elevane sin alder og risiko for ulukke på den aktuelle turen blir vektlagt. Lærar samtalar med elevane om turen og kva som ventar dei. Dei ansvarlege for kvar gruppe avtalar den enkelte sine oppgåver i forhold til følgjande punkt: - Kven som tar med førstehjelpsutstyr, ispose, kniv etc. - Kven som tar med elevlister og telefon. - Alle vaksne skal ha oversyn over tal elevar. Elevane blir talte før avgang til og frå tur. Lærar gir beskjed til administrasjonen før utflukta/turen. Under turen Lærar og elevar møtar i klasserommet for føring av fråvær. Lærar tel elevane. (Før ein går, undervegs og når ein er framme). Lærar går igjennom reglar for turen samt relevante trafikkreglar. Lærar tryggar elevar som treng det. Elevane går på toaletet og gjer seg klare til tur i forhold til påkledning etc.
Elevane stillar opp på avtalt plass og lærar tel på nyt. Dei vaksne som skal vere med på turen tar ein kjapp status i forhold til viktig informasjon som spesielle behov, kven som går kor etc. Dersom elevar skal gå heim på vegen tilbake til skulen, må dei levere skriftleg melding frå foreldra. Fottur Ved tur langs vegen etc går ein igjennom reglane for god ferdsel i trafikken som fotgjengar, samt korleis ein kryssar ein veg. Gå på gang- og sykkelsti der det er mogleg. Dersom ein må krysse vegen, stoppar ein gruppa og går samla over. Ein vaksen står i vegen til alle har gåt over. Når trinnet går på tur skal det alltid være ein vaksen som går først og ein som går sist (evt i midten). Den vaksne er godt synleg med refleksvest. Under tur i skog og mark bør den første læraren stoppe opp undervegs for å ha kontakt med bakarste person (halde elevane samla). Oppstilling og oppteljing før ein går tilbake til skulen. Snakke om korleis ein har hat det på turen. Avtale plass alle skal gå til når dei kjem til skulen. Telje opp når alle er kome fram. Sykkeltur Gjennomgang av sykkel anten av skulen eller heimen. Heimen er ansvarlig for å sjekke at sykkelen tilfredsstiller krava. Snakke om turen i forkant: Kva gjer ein når ein skal krysse, unngå kollisjon, sykle forbi kvarandre osb. Sykle i gruppe er noko anna enn å sykle individuelt. Det skal alltid vere ein vaksen fremst og ein bakarst. Elevar som skal sykle skal nyte sykkelhjelm. Det blir ikkje sykkeltur i regi av skulen før eter sykkelprøve på 4. trinn. Turar ved vatn Bading skal berre gå føre seg når ein vaksen med gyldig livredningsprøve utandørs er til stades. Ein vaksen plasserer seg nært vasskanten for å passe på at ingen går uti. Dersom ein opnar for at elevane kan vasse, skal dete stå i informasjonsskriv slik at foreldra kan gje tillating.
På leirskule nytar elevane redningsvest ved og på vatnet, også ved fisking frå land. Ski-/aketur Når elever skal i akebakkar eller liknande, er det svært viktig at dei som har ansvar for gruppa har vurdert forholda nøye i forkant. Dei vaksne skal vere på plass i bakken før aktiviteten startar (øvst, nedst og evt i bakken). Dersom det er mogleg lagar ein til ein «runde/sløyfe» med ein veg opp og ein veg ned for å hindre kollisjonar. Etter turen Lærar informerer om turen på skulen si heimeside og legg evt ut bilete. Lærar evaluerer turen saman med elevane. Ta opp ting dersom avvik. Lærarane evaluerer turen på trinnteam/storteam. Dersom skade oppstår på tur: Førstehjelp eter behov. Undersøkje kva som har skjedd og skadeomfang (Skulen sin kriseplan gjeld). Vurdere om ein må ringe 113 eller om det er tilstrekkeleg å ringe foreldre/legevakt. NB! Ein må alltid ta kontakt med foreldre. Dersom ein ikkje får tak i foreldre - taxi til legevakt. Ein vaksen føl! Dei vaksne avtalar kven som gjer kva. Ein vaksen informerer elevane om kva som har skjedd. Ein vaksen tryggar den skadde eleven og fjernar andre elevar. Kva gjer vi om vi ikkje har alle elevane? Ein vaksen ringjer skule/heim for å høyre om eleven er der. Ingen av dei vaksne som med på turen går før ein veit at alle elevane er tilbake. Dei vaksne finn ut kven som såg eleven sist og kor. Ein vaksen går tilbake same veg for å leite eter elev. Den som ringjer skule/heim gjer avtale om at skule/heim gir beskjed straks eleven er
tilbake. Bruk av privatbil og foreldrekøyring Tilsete skal ikkje nyte eigen bil for å skysse elevar utan i heilt spesielle tilfelle. Då skal det fyllast ut eige skjema. Ein nytar ikkje foreldre/føresete til å skysse elevgruppa i private bilar. Vi kan ikkje kvalitetssikre at slik transport blir gjennomført på ein forsvarleg måte. Rutinane må gjerast kjende for tilsete, foreldre og elevar minst ein gong per år. Trafikkopplæring på trinna Lærar går igjennom ordensreglane og bussvetreglane i oppstart av kvart skuleår. Bussvetreglane tar opp tryggleik i forhold til skulebussen. Alle elevar på alle trinn skal lære korleis ein ventar på ein buss, om tryggleik på bussen og om tryggleik ved av- og påstiging. Vidare har skulen definert mål i forhold til å arbeide med trafikk i klassane og på trinna. Dete startar i byrjinga av kvart skuleår og repeterast jamleg gjennom året i samband med uteskule, turdagar, ekskursjonar etc. Det er viktig at alle vaksne på skulen opptrer som gode rollemodellar. Trinn Mål for trafikkopplæringa Forslag til aktivitetar 1 K-06 Elevene skal kunne følge trafikkregler for fotgjengere og syklister. Delmål Eleven skal forstå kor viktig det er å vere forsiktig i trafikken. Eleven skal vite noko om korleis ein bør kle seg og opptre i trafikken. Samtale med elevane om kva trafikkferdigheiter dei innehar. Sikring i bil; bruk av setebelte. Bruk av hjelm. Skulevegen (går eleven den tryggaste vegen?) Elevane får i lekse å merke opp den
Trinn Mål for trafikkopplæringa Forslag til aktivitetar Eleven skal forstå at sjølv om han/ho ser bilen, så er det ikkje sikkert at den som køyrer bilen ser eleven. Eleven skal vite korleis ein sikkert skal krysse ein veg. Eleven skal lære om korleis ein skal ta omsyn til andre ved ferdsel i trafikken. Eleven skal vite kva ein meiner med skuleveg. Eleven skal kjenne nokre trafikkreglar og skilt, som til dømes fartsgrense, trafikklys og fotgjengarfelt. tryggaste vegen til skulen på eit kart. Faddertur med trafikkoppgåver. Fokus på kryssing av veg, skilt (gangfelt, gangog sykkelsti). Gå langs ein veg utan fortau, med fortau og på gang- og sykkelsti. Trinn Mål for trafikkopplæringa Forslag til aktivitetar 2 K-06 Elevene skal kunne følge trafikkregler for fotgjengere og syklister. Delmål Eleven skal forstå enkle trafikkreglar som gjeld for fotgjengarar. Eleven skal kunne gjengi nokre grunnleggjande skiltreglar. Eleven skal kunne følgje reglar for passasjerar i bil og buss. Eleven skal kunne riktig bruk av refleks. Eleven skal bruke riktig trafikktryggleiksutstyr. Eleven skal ta omsyn til andre fotgjengarar i trafikken. Samtale med elevane om kva det vil seie å vere fotgjengar. Gjere greie for farane ved kryssing av veg. Skulevegen. Bruke kart over nærmiljøet. Repetisjon av kunnskap om trafikktryggleik. Å vere passasjer i bil/buss. Trafikktryggleiksutstyr. Ulike årstider ulike utfordringar Enkel statistikk: Telje t.d. bilar og lage diagram. Faddertur med trafikkoppgåver. Fokus på kryssing av veg, skilt (gangfelt, gangog sykkelsti). Gå langs ein veg utan fortau, med fortau og på gang- og sykkelsti.
Trinn Mål for trafikkopplæringa Forslag til aktivitetar 3 K-06 Gi elevane innsyn i korleis Elevene skal kunne følge trafikkregler dei blir oppfata av for fotgjengere og syklister. motorføraren. Påbud forbud Delmål Eleven skal kjenne til dei ulike skiltypane; påbudsskilt, forbudsskilt, opplysningsskilt. Eleven skal ha kjennskap til skulen sine sykkelreglar. Eleven skal kunne forstå viktigheita av Arbeide med skilt. Trafikkundersøking statistikk. Skulen sine sykkelreglar; hjelm. Trafikklys. Dyr i trafikken. og følje påbud- og forbudskilta. Eleven skal ta omsyn til dyr og fotgjengarar når dei ferdast i trafikken. Trinn Mål for trafikkopplæringa Forslag til aktivitetar 4 K-06 Elevene skal kunne følge trafikkregler for fotgjengere og syklister. Delmål Eleven skal forstå nokre påbuds- og forbudsskilt. Eleven skal kunne følgje reglar for bruk av hjelm og bruke hjelm ret. Eleven skal kunne forholde seg til skulen sine sykkelreglar. Eleven viser forståing for korleis han/ ho blir oppfata av motorføraren. Eleven skal kunne bruke sykkelreglene når han/ho ferdast i trafikken. Elevane skal bruke ret trafikktryggleiksutstyr. Eleven skal kunne sjå seg sjølv i trafikkbiletet. Eleven skal vise respekt for andre trafikantar. Gjennomføring av sykkelprøve på våren. Først teori, så praksis. Sykkelkontroll (evt besøk av politiet eller Statens Vegvesen for godkjenning av syklar). Aktivitetsdag med ulike sykkeløvingar på skuleplassen: Sykkelprøve. Sykkelsertifikat.
Trinn Mål for trafikkopplæringa Forslag til aktivitetar 5 K-06 Repetere trafikkreglane for Elevene skal kunne praktisere trygg fotgjengarar. bruk av sykkel som fremkomstmiddel. Grunnleggjande trafikk- og sykkelferdigheiter. Delmål Eleven skal kjenne til kva reglar som gjeld for bruk av sykkel i trafikken. Eleven skal kjenne til kva sykkelutstyr/tilbehør ein må og bør Trafikkreglar for syklistar. Vektleggje bruk av hjelm. Aktivitetsdag med ulike sykkeløvingar på skuleplassen. nyte når ein syklar Hjelm. Eleven skal vite korleis ein tar hensyn til andre trafikantar når han/ho syklar. Trinn Mål for trafikkopplæringa Forslag til aktivitetar 6 K-06 Elevene skal kunne praktisere trygg bruk av sykkel som fremkomstmiddel. Delmål Eleven skal forstå viktigheita med bruk av tryggleiksutstyr ved sykling i terreng. Eleven skal kunne ha kontroll over sykkelen ved sykling i komplisert trafikk. Eleven skal aktivt kunne bruke sykkelreglane når han/ho ferdast i trafikken. Eleven skal bruke hjelm ved sykling. Eleven skal vite korleis ein tar omsyn til andre trafikantar når han/ho syklar (i trafikken). Faddertur med trafikkoppgåver. Fokus på kryssing av veg, skilt (gangfelt, gangog sykkelsti). Gå langs ein veg utan fortau, med fortau og på gang- og sykkelsti. Arbeide med haldningar og trafikkreglar. Lære fleire trafikkreglar. Aktivitetsdag med ulike sykkeløvingar på skuleplassen. Utvida sykkelprøve? Sykkelkontroll? Sykkeltur?
Trinn Mål for trafikkopplæringa Forslag til aktivitetar 7 K-06 Faddertur med trafikkoppgåver. Fokus på kryssing Elevene skal kunne praktisere trygg bruk av sykkel som fremkomstmiddel. av veg, skilt (gangfelt, gangog sykkelsti). Gå langs ein Delmål Eleven skal kunne følgje trafikkreglar som gjeld for fotgjengarar og syklistar. Eleven skal ha grunnleggjande trafikkog sykkelferdigheiter. Eleven skal kunne ferdast på sykkel i område med lyskryss, rundkjøring, fortau og fotgjengarfelt. Eleven skal bruke riktig veg utan fortau, med fortau og på gang- og sykkelsti. Aktivitetsdag med ulike sykkeløvingar på skuleplassen (ferdigheitssykling). Utvida sykkelprøve? Sykkelkontroll? Sykkeltur? trafikksikkerhetsutstyr. Eleven skal vise gode haldningar i forhold til trafikktryggleik. Refleksaksjon Kvart år i oktober arrangerer FAU ved skulen ein refleksaksjon. Trinn Mål for trafikkopplæringa Forslag til aktivitetar Få alle elevane til å bruke refleks i den Samtale om kor synleg er 1-7 mørke årstida. ein med og utan refleks. Påminning om refleks på skulevegen. Sjå film frå Trygg Trafikk om bruk av refleks. Gjere ulike refleksforsøk i mørkt rom eller ute i mørket. Lage refleks i kunst og handverk. Registrere tal elevar med refleks. Føre statistikk? Premiering? Forslag/tips til undervisningsmateriell
www.trafikkogskole.no www.barnastrafikklubb.no Sirkus Zalto Trafikkboka frå Trygg Trafikk Sykkelhefte frå Trygg Trafikk Trafikkfilmar frå Trygg Trafikk si heimeside Filmsnutar frå Youtube