SUND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sbh Formannskapet 02.12.2014 094/14 GIS Kommunestyret 16.12.2014 117/14 GIS Saksansvarleg Liv Margareth Østervold Arkiv: N-540 Objekt: ArkivsakID 14/1460 HØYRING - REGIONAL PLAN FOR VASSREGION HORDALAND 2016-2021 Dokumentliste: Nr T Jp.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 30.06.2014 Hordaland fylkeskommune HØYRING - REGIONAL PLAN FOR VASSREGION HORDALAND 2016-2021 2 I 01.10.2014 Bergen kommune INFORMASJON VEDK. HØYRING AV REGIONAL PLAN FOR VASSREGION HORDALAND 3 I 20.10.2014 BKK Produksjon AS VASSFORVALTNINGSPLAN FOR HORDALAND - INNSPEL 4 I 23.10.2014 Kommunenes Interesseorganisasjon UTKAST TIL MAL FOR SAKSFRAMLEGG VEDKOMANDE VASSFORVALTNINGSPLANAR 6 U 17.12.2014 Hordaland fylkeskommune REGIONAL PLAN FOR VASSREGION HORDALAND - HØYRINGSUTTALE Saksutgreiing: Regional plan for vassregion Hordaland 2016-2021 med tiltaksprogram er send ut på høyring. Høyringsfristen er 31.12.2014. Målet med planen er å sikra reinare vatn og betre økologi i vassdrag, innsjøar, grunnvatn og i kystområda. Det er lagt opp til at det skal lagast 3 planar i tidsrommet fram til 2033. Denne første planen inneheld miljømål for 1803 ulike vasslokalitetar. Det er sett opp tiltaksprogram for 912 lokalitetar for å førebygga redusert kvalitet eller betra vasskvaliteten på desse vassførekomstane. Eit overvakingsprogram er med som eit vedlegg til planen.
Planutkastet og informasjon om planarbeidet er tilgjengeleg på nettsida www.vannportalen.no/hordaland. Faktagrunnlaget for planen er samanstilt og vurdert i den nasjonale kunnskapsdatabasen for vassforvalting (www.vann-nett.no). Vassregion Hordaland er delt i 5 vassområde. Sund er ein del av område Vest. Planen og tiltaksprogrammet for Hordaland skal vedtakast i fylkestinget i 2015 og så få statleg stadfesting. Planen skal så leggjast til grunn for regionale, kommunale og statlege organ si planlegging og forvalting i vassregionen. Sektormynde har ansvar for gjennomføring av tiltaka. Bakgrunn: Vassforskrifta vart gjort gjeldande frå 1.1.2007. Det innebar og at EU sitt rammedirektiv for vassforvaltning vart innført i norsk forvaltning. Vassforskrifta er ei økologiforskrift og stiller nokre tydelege og nye krav: - All vassforvaltning skal samordnast på tvers av alle sektorar som forvaltar vassressursar. - Alt vatn skal forvaltast innanfor sitt nedslagsfelt - Alt vatn skal ha minst økologisk god tilstand - Alt vatn skal ha minst kjemisk god tilstand - Samfunnsnytte skal vurderast kontinuerleg Det er eit mål at den regionale vassforvaltningsplanen skal framstilla korleis me ynskjer å forvalta vassmiljøet og vassressursane våre på ein enkel og oversiktleg måte slik at me på sikt vil nå måla i vassforskrifta. Det som påverkar flest vassførekomstar i vår region er: sur nedbør, hydromorforlogiske endringar (for det meste vasskraftutbygging) og forureining. I tillegg har planen vurdert tilstand for truga artar og uynskte artar som lever i vassførekomstane. Over halvparten av vassførekomstane i regionen vert vurdert til å vera i risiko for ikkje å nå miljømåla i 2020 utan tiltak. Dei fleste vassførekomstane har likevel god vasskvalitet. Vesentlege vassforvaltningsspørsmål i vassområdet Vest er omtala i eige dokument (vedlegg til planen). Om planen: Miljømåla i planen er henta direkte frå vassforskrifta (sjå ovanfor). Bruksmål for vassførekomstane kan fastsetjast lokalt (t.d. i høve til fiske og rekreasjon). I tiltaksprogrammet er det fire tiltaksgrupper: - Problemkartlegging og overvaking - Tiltak for å redusera forureining - Habitantforbetrande tiltak (t.d. for fisk i vassdrag) - Kalking
Når det gjeld overvaking, kan det vera som fylgje av pålegg (ved løyve/konsesjon), frivillig overvaking eller basisovervaking for å sikra referanseverdiar. Rekkefylgje av tiltak må vurderast for å sikra ynskt effekt. Kost/nytte. I planen kjem det tydeleg fram at vassregionen enno har for lite kunnskap til å koma med relle kostnadsvurderingar for mange tiltak. Utarbeiding av slike vurderingar er i seg sjølv ressurskrevjande. Det er lagt til grunn at sektormynde må fylgja opp tiltaksprogrammet. For enkelttiltak må sektormynde avklara kost/nytte. Planen erkjenner at ei slik grundigare vurdering kan føra til vedtak som ikkje er i samsvar med planen. Avvik skal rapporterast til vassregionmyndet. Verkemiddel. Det er aktuelt å gå inn med juridiske, økonomiske og administrative verkemiddel i gjennomføringa av planen. Vassregionmynde Hordaland er i planen tydeleg på at det må til auka statleg satsing på fleire område dersom oppsette mål skal verta nådde. Vurdering: Plandokumentasjonen er omfattande og det er grunn til å tru at kommunane må laga eigne tiltaksprogram for si oppfylging av vassforvaltninga. Kommunen vil ha ei rolle i vassforvaltninga som lokalt mynde (for forureining), som tenesteprodusent (produksjon av drikkevatn, ansvarleg for avlaupsanlegg) og som samfunnsutviklar (tilrettelegging for arealutvikling). Tiltaksområda i Sund: På sjøsida er det Austefjorden nord for Tofterøy (Pollen spesielt) og området frå Klokkarvik og vidare nordover (Raunefjorden, Skogsvågen, Kobbeleia) som er omtala. I desse områda er tilstanden sett til «moderat» - og det er risiko for at ein ikkje vil nå målet om «god» tilstand innan 2020. Krossfjorden er med som basis med «God» kvalitet. Førdespollen som er eit sårbart sjøområde er ikkje nemnd i planen. Her har kommunen gjennomført omfattande avlaupssanering. Av innsjøar er det Kørelen (vassforsyning) og Kverneviksvatnet (regulert vassuttak) som er nemnt i planen. I utgangspunktet er vasskvaliteten «god», men det kan vera risiko for forverring. Så er det bekkane som renn til desse vatna og sjøområda som har kome med i planen. Her er kvaliteten vurdert til dels «moderat» og til dels «god». For dei fleste tiltaksområda er det forslag om vidare «Problemkartlegging» og «Tiltaksorientert overvaking».
For dei fleste tiltaksområda har Sund kommune miljødata frå tidlegare undersøkingar. Sund kommune meiner at dei områdeavgrensingane som er vist i denne planen må for ein del område vera rettleiande og kunna justerast ut frå den kunnskapen som kjem fram i det vidare overvakingsprogrammet. Det bør vera overkomeleg å fylgja opp det tiltaksprogrammet som er skissert i planen. Ressursbruken må likevel avklarast med Vassregionmynde Hordaland. Økonomiske konsekvensar: Denne første vassregionplanen med tiltaksprogram, legg i hovudsak opp til å skaffa meir kunnskap om dei utsette vassførekomstane med problemkartlegging og overvaking. Slik overvaking vil krevja ressursar. Planen er ikkje tydeleg på omfanget av kommunal ressursinnsats. Så er det lett å sjå at det vidare vil verta sett krav om tiltak for å redusera påverknaden av dei mest utsette vassførekomstane. For områda i Sund er det nok handtering av kommunalt avlaupsvatn som vil verta den største utfordringa for kommunen. Så lenge krava ikkje er avklara, er det heller ikkje råd å fastsetja kostnadskonsekvensar. BKK har gjeve eigen uttale til planen. Verksemda peikar på planen kan få utilsikta konsekvensar for vasskraftproduksjonen og meiner at planen burde vore mindre omfattande, då kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt. Utilsikta verknader kan få økonomiske konsekvensar for BKK. Som eigarkommune i BKK, må Sund også vera oppteken av verknader planen kan få for vasskraftutnyttinga. KS har arbeidd med oppfylging av regionale planar for vassforvaltning. Her peikar KS særleg på behovet for auka statlege løyvingar for å fylgja opp krav i vassforskrifta og dei tiltak som må prioriterast innanfor ulike sektorområde. Slik sett har Vassregionen og kommunane felles interesse av å arbeida for sterkare statleg innsats. Tilråding til vedtak: 1. Sund kommunestyre er positiv til dei mål som er sette for Regional plan for vassregion Hordaland 2016-2021. Kommunen meiner likevel at tiltaksprogrammet må tilpassast det kunnskapsgrunnlaget som ligg føre og at truverdige kost-nytteanalyser må liggja til grunn ved tiltak som går ut over problemkartlegging og overvaking. 2. Sund kommunestyre vil understreka behovet for auka statlege løyvingar dersom måla i planen og vassforskrifta skal verta nådde. 3. Sund kommune vil medverka til at det oppsette tiltaksprogrammet kan verta gjennomført. Områdeavgrensingar må justerast ut frå oppdatert kunnskapsgrunnlag. Kommunestyret ynskjer ei meir detaljert oversikt på kva tiltaka inneber og kva dei vil kosta i samband med rulleringa av hovudplan for avlaup.
02.12.2014 FORMANNSKAPET Eit framlegg frå SP v/kjell Arve Vorland om undersøkjing av vasskvaliteten i Austefjorden vart vedteke oversendt styringsgruppa for rullering av hovudplan for vatn og avlaup i Sund. F-094/14 Framlegg frå formannskapet (samr.): Tilrådinga vert vedteken. 16.12.2014 KOMMUNESTYRET K-117/14 Vedtak: Tilrådinga vart vedteken samrøystes. Rett utskrift Dato: Kopi til: Hordaland fylkeskommune Storebø, Gerhard Inge Østervold, Liv Margareth