ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Eldrerådet Møtestad: Ørstafjord Rådhuset Dato: 08.02.2018 Møtet starta 13:00 Møtet slutta 15:10 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Toril Langlo Leiar Pensjonistlaget Eldbjørg Tvergrov Nestleiar SP Einar Flø Medlem V Brit Aanning Aarseth Medlem H Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Anbjørn Steinholm Frislid Medlem FRP Amalie Hovdenakk Medlem Einar Øyehaug Medlem Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Frå administrasjonen møtte: Namn Ingeborg M. Bjørneset Politisk sekretariat Einar Flø vart vald til å skrive under protokollen saman med leiar
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 5/18 PS 6/18 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar RS 1/18 Lydopptak av politiske møte 2016/25 RS 2/18 Melding om eigengodkjenning. Kommunedelplan kulturminne og-miljø 2017-2025 2014/1310 RS 3/18 E39 Liadal: Varsel om oppstart av planarbeid 2017/2220 RS 4/18 Varsel om oppstart: detaljreguleringsplan for E39 Osborg - Osskarelva RS 5/18 RS 6/18 RS 7/18 Brev til kommunene Et aldrende samfunn har også et folkehelseperspektiv Svar frå service og informasjon på spørsmål vedk. heimesida til kommunen Rapport frå fylkeskommunen si kartlegging av rammevilkår for kommunale eldreråd i Møre og Romsdal 2014/955 2018/2 2018/2 2018/2 PS 7/18 Årsmelding 2017 - Eldrerådet i Ørsta 2018/2 PS 8/18 Informasjon om offentleg tannhelseteneste Orientering frå fylkeseldrekonferansen i Molde 26.10.17, ved Toril Langlo Eldrerådet ønsker svar frå tildelingskontoret på følgande spørsmål: - Kva er status på venteliste på sjukeheimsplass? - Kva er status på gjennomsnittleg venteliste på sjukeheimsplass? - Leiar fremja ønske om å flytte møtedato frå 8. mars til 6. mars. Det er ingen ledige møterom på rådhuset, sekretær prøver å finne anna løysing. - Leiar viste til sak PS 48/17 Aktivitetsplan 2018 for eldrerådet, og ønska: o Synfaring på nye legesenteret 6. mars o Orientering frå Røde Kors besøksteneste i møte 14. juni o Orientering om «Demensomsorg i framtida» v/bodil Skare hausten 2018 o Leiar fekk fullmakt til å kontakte leiar for eldrerådet i Volda med spørsmål om felles møte med råda hausten 2018 - Planlagt synfaring på gravferdsbyrået vert forsøkt flytta til møtet 19. april
PS 5/18 Godkjenning av innkalling og sakliste VEDTAK: Innkallinga vart godkjent utan merknad Saklista vart godkjent med tilleggssakene RS 6/18 svar vedk. heimesida til kommune og RS 7/18 Rapport frå kartlegging av rammevilkår for kommunale eldreråd i Møre og Romsdal, og PS 8/18 Informasjon om offentleg tannhelseteneste. Innkallinga vart godkjent utan merknad Saklista vart godkjent med tilleggssakene RS 6/18 og 7/18, og PS 8/18 Tilbakemelding frå informasjonskonsulent Vilde Igland vedk. ønske om eiga «boks/fane» med tittelen «65+» på heimesida vart delt ut i møtet, fekk saksnummer RS 6/18 Rapport frå kartlegging av rammevilkår for kommunale eldreråd vart delt ut i møtet, fekk saksnummer RS 7/18 Leiar fremja ønske om å ta opp sak om offentleg helseteneste, jf. grunngjeve spørsmål frå eldrerådet i Volda til ordførar Jørgen Amdam. Samrøystes godkjent PS 6/18 Referat og meldingar VEDTAK: Oversendingsframlegg i RS 1/18 Lydopptak av politiske møte: Oversendingsframlegg til rådmannen med kopi til Ørsta formannskap, levekårsutvalet, samfunnsutvalet, råd for likestilling av funksjonshemma og politisk sekretariat. Eldrerådet viser til sitt møte den 08.02.18, referatsak 1/18: Lydopptak av politiske møte, eit internt notat til Ørsta formannskap frå politisk sekretariat, med kopi til samfunnsutvalet, levekårsutvalet, eldrerådet og råd for likestilling av funksjonshemma. Vi merkar oss at det i notatet ikkje er gjort skilje mellom vedtaksføre utval og rådgjevande råd.
Sitat frå internt notat: «Som møtesekretærar opplever vi at usikkerheit rundt kva om eigentleg vart sagt og vedteke i møta er et stadig tilbakevendande problem. Det vert også i ettertid stilt spørsmål til om protokollen er rett ført, og har vi då lydopptak». Dette er ikkje dokumentert påstand, og eldrerådet kjenner seg ikkje att i dette. At lydopptak av møte kan virke hemmande på aktiviteten i møta, ser vi på som naturleg, og eldrerådet meiner at lydopptak er uheldig og hemmande, og ønskjer ikkje opptak i eldrerådet sine møte. Det vi også meiner er uheldig, er at opptak av møte gir meir administrasjon, ikkje minst kring lagring av opptaka. Kvalitetssikring av protokollar må kunne gjerast gjennom dialog i møtet og etterpå, når leiar og den som signerer protokollen saman med leiar, får protokollen til gjennomgang før publisering. Då dette interne notatet omfattar all politisk verksemd i kommunen, ber eldrerådet rådmannen om å grundig vurdere denne for oss, viktige saka. Uttale i RS 2/18 Melding om eigengodkjenning. Kommunedelplan kulturminne og -miljø 2017-2025: I møte i levekårsutvalet 31.01.18 vart det gjort vedtak i RS 9/18: Melding om eigengodkjenning av Kommunedelplan kulturminne og miljø, om å ta Hammarbuda på Nordre Vartdal ut av planen. Buda står til forfalls og kan vere til fare for folk som ferdast i området. Buda er heller ikkje noko vakkert syn å sjå på. Eit anna hus på området skal rivast, og ein såg her mulegheitene for også å rive Hammarbuda i same slengen. Om så skjer, og eigar av buda er samd i rivinga, så bør området markerast med ei solid oppsett tavle med bilete og skrift som tydeleg fortel historia til Hammarbuda og den gamle dampskipskai som buda er ein del av. Kaiområdet der buda står i dag, og som ligg kloss inntil Vartdal helsetun, kan verte ein ynda utfartsstad for bebuarane og andre. Her kan ein kaste ut snøre og få kjenne gleda av fisk som bit. I det heile bør området få eit maritimt preg, benkar bør setjast ut og med pen beplantning rundt. Kaiområdet og nærleiken til sjøen vil gi ein positiv heilskap til uteområdet rundt Vartdal helsetun, som no er under utforming. Referat og meldingar vart refererte med merknad i sakene RS 1/18 Lydopptak av politiske møte og RS 2/18 Melding om eigengodkjenning. Kommunedelplan kulturminne og -miljø 2017-2025 RS 1/18 Lydopptak av politiske møte - Leiar fremja oversendingsframlegg: Oversendingsframlegg til rådmannen med kopi til Ørsta formannskap, levekårsutvalet, samfunnsutvalet, råd for likestilling av funksjonshemma og politisk sekretariat. Eldrerådet viser til sitt møte den 08.02.18, referatsak 1/18: Lydopptak av politiske møte, eit internt notat til Ørsta formannskap frå politisk sekretariat, med kopi til samfunnsutvalet, levekårsutvalet, eldrerådet og råd for likestilling av funksjonshemma. Vi merkar oss at det i notatet ikkje er gjort skilje mellom vedtaksføre utval og rådgjevande råd. Sitat frå internt notat: «Som møtesekretærar opplever vi at usikkerheit rundt kva om eigentleg vart sagt og vedteke i møta er et stadig tilbakevendande problem. Det vert også i ettertid stilt spørsmål til om protokollen er rett ført, og har vi då lydopptak». Dette er ikkje dokumentert påstand, og eldrerådet kjenner seg ikkje att i dette.
At lydopptak av møte kan virke hemmande på aktiviteten i møta, ser vi på som naturleg, og eldrerådet meiner at lydopptak er uheldig og hemmande, og ønskjer ikkje opptak i eldrerådet sine møte. Det vi også meiner er uheldig, er at opptak av møte gir meir administrasjon, ikkje minst kring lagring av opptaka. Kvalitetssikring av protokollar må kunne gjerast gjennom dialog i møtet og etterpå, når leiar og den som signerer protokollen saman med leiar, får protokollen til gjennomgang før publisering. Då dette interne notatet omfattar all politisk verksemd i kommunen, ber eldrerådet rådmannen om å grundig vurdere denne for oss, viktige saka. Oversendingsframlegget vart godkjent med 3 mot 1 røyst (nestleiar) RS 2/18 Melding om eigengodkjenning. Kommunedelplan kulturminne og -miljø 2017-2025 - Brit Aanning Aarseth fremja forslag til uttale: I møte i levekårsutvalet 31.01.18 vart det gjort vedtak i RS 9/18: Melding om eigengodkjenning av Kommunedelplan kulturminne og miljø, om å ta Hammarbuda på Nordre Vartdal ut av planen. Buda står til forfalls og kan vere til fare for folk som ferdast i området. Buda er heller ikkje noko vakkert syn å sjå på. Eit anna hus på området skal rivast, og ein såg her mulegheitene for også å rive Hammarbuda i same slengen. Om så skjer, og eigar av buda er samd i rivinga, så bør området markerast med ei solid oppsett tavle med bilete og skrift som tydeleg fortel historia til Hammarbuda og den gamle dampskipskai som buda er ein del av. Kaiområdet der buda står i dag, og som ligg kloss inntil Vartdal helsetun, kan verte ein ynda utfartsstad for bebuarane og andre. Her kan ein kaste ut snøre og få kjenne gleda av fisk som bit. I det heile bør området få eit maritimt preg, benkar bør setjast ut og med pen beplantning rundt. Kaiområdet og nærleiken til sjøen vil gi ein positiv heilskap til uteområdet rundt Vartdal helsetun, som no er under utforming. Uttalen vart godkjent samrøystes RS 3/18 E39 Liadal: Varsel om oppstart av planarbeid RS 4/18 Varsel om oppstart: detaljreguleringsplan for E39 Osborg - Osskarelva RS 5/18 Brev til kommunene Et aldrende samfunn har også et folkehelseperspektiv - Leiar las opp regjeringa sin strategi «flere år, flere muligheter», og oppmoda medlemane til å gå inn på dei enkelte lenkene i saksdokumentet og lese dei ulike rapportane. RS 6/18 Svar frå service og informasjon på spørsmål vedk. heimesida til kommunen RS 7/18 Rapport frå fylkeskommunen si kartlegging av rammevilkår for kommunale eldreråd i Møre og Romsdal
PS 7/18 Årsmelding 2017 - Eldrerådet i Ørsta VEDTAK: Eldrerådet godkjenner årsmelding for 2017 med endring Leiar foreslår endring i årsmeldinga ved å fjerne siste setning under «Deltaking på kurs/konferanser» Tilråding til vedtak med endring vart vedteke med 4 mot 0 røyster TILRÅDING TIL VEDTAK: Eldrerådet godkjenner årsmelding for 2017 slik den ligg føre PS 8/18 Informasjon om offentleg tannhelseteneste Leiar las opp grunngjeve spørsmål til ordførar Jørgen Amdam frå eldrerådet i Volda, frå møte 12.02.18. Eldrerådet i Ørsta ønsker orientering om den offentlege tannhelsetenesta i neste møte, 06.03.18: - Korleis er den gratis lovpålagde ordninga i Ørsta i dag - Kva omfattar den offentlege tannhelsetenesta for eldre?