Årsrapport for 2017 Å GJERA VERDA TIL EIN BETRE STAD!

Like dokumenter
ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2016

ÅRSRAPPORT for PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK 2018 Å GJERA VEST- TELEMARK TIL EIN VARMARE STAD Å BU!

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2009

3. Statistikk ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2005

Har alt det ein driv med innan diakonien i Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid noko for seg: Evidens er vel fagordet?

ÅRSRAPPORT FOR OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2015

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2006

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2013

Velkomen til soknerådskurs

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

DEN NORSKE KYRKJA Agder og Telemark biskop

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Eilev Erikstein Mobil / e-post heimeside: ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2008

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

Herdla kyrkjelyd Sommar 2017 sommar 2021 Diakoniplan

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

10. Soknerådsmøte november Referat

Velkomen som konfirmant!

Møteprotokoll for Radøy sokneråd

Diakoniplan Ulstein sokn

Plan for diakonal verksemd

Strategidokument

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 1. desember 2015

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Kyrkjeverje. Funksjon. Medlem. Medlem Medlem.

Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 4. mars 2015

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Vigsling til andre tenester

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Velkomen som konfirmant

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Diakoniplan for Herdla sokn - vår 2010 sommar 2013.

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Kommunikasjonsplattform. for Den norske kyrkja. DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet

Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Saksliste Møteinnkalling 5/17 Godkjenning av møteinnkalling Møteprotokoll 5/17 Godkjenning av protokoll Saker til behandling

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

STRATEGI FOR FRIVILLIGHET

Nissedal kyrkjelege fellesråd

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Gi muligheter for å møte andre i samme livssituasjon, kunne dele sorghistoriene, og få hjelp til å gå videre i livet.

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm.

Plan for undervisning

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Møteprotokoll for møte i

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Handsaming i Kommunestyret :

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

5419 Fitjar Fitjar, 25. oktober 2017

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Plan for diakonal verksemd

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Kyrkjeleg fellesråd ANSVAR OG UTFORDRINGAR KYRKJELEG FELLESRÅD SI SAMANSETJING KYRKJELEG FELLESRÅD SINE OPPGÅVER. Arbeidsgivaransvar

Tale ved prost Svein Arne Theodorsen ved Nyårsmottaking i Sunnhordland prosti :

ARBEIDSPLAN

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008:

DIAKONIPLAN FOR FJELLHAMAR MENIGHET

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Politisk program for Jølster KrF

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

PROSJEKTSKISSE. Visjon: Våre døypte er i byen, derfor må vi som kyrkje óg vere der. Innbyggjarane i Førde skal oppleve at kyrkja er nærverande i byen.

Velkomen til soknerådskurs

12. Soknerådsmøte desember Referat

Veivalg for fremtidig kirkeordning

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

Last ned Handling og bøn må bli eitt - Sindre Eide. Last ned

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I AUSTEVOLL OG 7. DESEMBER 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet

Jesus taler om sin død

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Transkript:

Årsrapport for 2017 Å GJERA VERDA TIL EIN BETRE STAD! Visjonen for diakonien i Vest-Telemark: Å gjera Vest-Telemark til ein varmare stad å bu! Når kyrkja engasjerer seg i diakonien er det for å lindre naud, bygge gode fellesskap, framme rettferd og verne Skaparverket. Diakoni er noko ein gjer for nestens skuld, og handlar om å gje attende det gode ein har fått. Slik vart Harald og Nasser årets førebilete for meg. Begge sona i Skogsleiren i Fyresdal i 2017. Denne soninga opplevde dei så positivt at dei ville gje noko attende til bygda og kyrkja. Noko som førte til dei vaska ned Moland kyrkje. Slike handlingar gjer verda til ein betre stad å bu. Mennesket er verdien. Så får ein vone at Skogsleiren i Fyresdal ikkje vert lagt ned når dei to nye fengsla på Sørlandet står klare i 2020. Etter mange års diakonteneste i leiren har eg sett gode resultat av soninga i Kleivgrend. Ønsker ein rehabilitering av innsette, må ein ta vare på slike soningsplassar. Kampen om Skogsleiren handlar om kva for kriminalomsorg me vil ha. Arbeidsplassane er ei sak for seg sjølv. Men det er mennesket som er verdien både i kriminalomsorga og diakonien. Jesus utfordrar oss i Matteus 25, i kapitelet om domen, på seks konkrete diakonale gjerningar, deriblant å gå til dei som sitt i fengsel. Å følgje etter Jesus Mangt og mykje handla om Reformasjonen dette året. I Vest- Telemark vart dette markert på mange vis, også med ei Pilegrimsmesse i Ulevåbotn saman med biskop Stein Reinertsen. Her batt ein saman nye og gamle pilegrimstradisjonar. Sjølv fann eg meg sjølv plutseleg i Nidarosdomen den 31. oktober under den Nasjonale Reformasjonsjubileumsgudstenesta, berande på Bibelen. Boka var tung og kyrkjegolvet langt, eg fekk god tid til og tenke der eg gjekk, ikkje minst på at eg ikkje måtte snuble på den TV- sendte gudstenesta. Men der og då slo det meg at me ikkje trur på ei bok, men på ein levande Jesus. Alle truandes kall å følgje etter Han så godt me kan, og samstundes vita at Han går med oss. Går med oss når me jaktar på nestekjærleiken, vil ha meir fellesskap og kjempar for rettferd og for det sårbare Skaparverket.

Grasrotdiakoni. Så er det diakonale grasrotarbeidet, i sorg og kriser, det viktigaste i prostidiakontenesta. Sist år har det vore vel 500 samtaler. Diakonien må ha syn for dei som ingen andre ser eller støttar. Faguttrykket er dei marginalisera. Dette kan bygge truverd, men igjen er det snakk om å gjere kloke fagleg val. Kyrkja har noko spesielt i møte med den resultatlause omsorg, trua på menneskeverdet og nåden. Vest- Telemark modellen i diakoni bygger på eit utvida samarbeid over kommune og soknegrenser. På mange ulike nivå. Stillinga er spesielt retta inn på å bygge diakonalt samarbeid i regionen. Diakonien i Vest- Telemark handlar mykje om relasjonar og lite byråkrati. Diakonien skal vera ein brubyggjar mot det det sivile samfunnet. Ei uro framom det nye året er at Vest- Telemark samarbeide synest å stå i stampe. Eit fromt ønske for Vest- Telemark er at samarbeidsklima betrar seg i 2018. Sett me fagleg augo, hadde det vore greitt med litt familieterapi? Dette samarbeidet er viktig for å realisere visjonen om å gjera Vest- Telemark til ein varmare stad å bu! Å gå gjev håp. Sist år har ein gjennomført to pilegrimsvandringar. Etter kvart har det vorte mange gode røynsler med pilegrimsvandringar frå Vest-Telemark til Røldal. Å vandre med håp i samarbeid med DPS- Seljord og dei kommunale psykisk helsetenestane, og Vandring mot fridom i samarbeid med Arendal Fengsel avdeling Kleivgrend, er viktige tiltak. Pilegrimsarbeidet er eit håpsprosjekt som flettar saman mange gode ting. Folkehelse, eksistensielle spørsmål, sorg, soning, lengt og samanheng. Kultur og historie. Å gå gjev håp. Går du, så er ikkje alt håplaust. Diakoni som fag. Samhandling er komplisert. Det offentleg har sin krav og rapporteringar. Dei må stole på at samarbeidspartane leverer fagleg gode tenester. Så kan folk som likar kvarandre samarbeide om alt. Trass i livssyn og grenser. Å bygge gode relasjonar handlar mykje om å ha tid til einskild menneske. Somme gonger vert dette borte i snakk om grupper og organisering av friviljuge. Samtaler og oppfølging er det som vert ståande. Her representerer kyrkja ein kjemperessurs. Til alt overmål er tenestene gratis. Dei frivillige må leiast av kompetente fagfolk. Diakoni er eit fag. Diakonen leiar diakonitenesta, er fagleg rettleiar av frivillig, og har ansvar for organisering og undervisning. Det skaper tryggleik både for dei friviljuge og den offentlege helse og sosialtenesta. Fagstillingar som diakon synest og vera under press grunna kyrkjeøkonomien, slik blir det avgjerande at ein også i Vest-Telemark kyrkja vil prioritere prostidiakonstillinga. 2. ARBEIDSOMRÅDE

Årsrapport for 2017 OPPRETTING OG OPPFYLGING AV DIAKONIORGANA I KYRKJELYDANE I TOKKE, VINJE, NISSEDAL, KVITESEID OG FYRESDAL Det er diakoniutval i Kviteseid, Nissedal/, Grunge og Fyresdal. Utvala har ansvar for blomehelsingar, helgemesse og diakonidagar. Så vidt eg kan sjå har desse sokneråda vedteke og oppdatera diakoniplanar; Vinje/Nesland, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal. Samt at Eidsborg/Mo/ Skafså har ein ny plan under arbeid. FORKYNNING OG UNDERVISNING OM DIAKONI. Dette skjer gjennom gudstenester ( 19 ),diakoniundervisning for alle konfirmantane, kursverksemd, soknerådsmøte og diakonispalta i Vest Telemark Blad. OPPLÆRING OG UTDANNING AV FRIVILJUGE MEDARBEIDARAR. Så godt som råd vert dei friviljuge følgt opp. Målet at dei ein eller annan gong gjennom året, får ei rose. Diakonisamlinga for Vest-Telemark er eit årleg og godt samlingspunkt. SAMARBEID MED SOKNERÅD OG KYRKJELEGE TILSETTE Samarbeidet skjer på mange felt. Mellom anna i sokneråd og diakoniutval. Siste år har eg delteke på møte med sokneråda i Vinje, Tokke og Kviteseid. Samt stabsmøter i Tokke og Vinje ARBEID MED Å STYRKE FELLESSKAP OG OPPRETTEOMSORGSGRUPPER. Sist år har eg hatt sorggrupper eller rettare - Gå vidare - grupper i Åmot og Kviteseid (I alt 85 deltakarar).på Distrikts Psykiatrisk Senter i Seljord vert det gjeve tilbode om samtaler gjennom trefftider om lag kvar 14 dag, elles vart det organisert Livssynsgruppe; 15 gonger med 39 deltakarar. På Kvitsund er det Guys -Group på Kvitsund. ( 2 gonger med 31 deltakarar) ARBEID MELLOM DEI INNSETTE I SKOGSLEIREN I FYRESDAL Diakoniteneste for Skogsleiren held fram som før. Det er månadlege visitorvitjingar. Kvar gong er det mellom 10-20 innsette som drikk kaffi og et kake med oss.statistikken seier 220.( Dette er ei auke på om lag 25 prosent frå i fjor.) når leiren er full kan det vere 28 innsette.

Andreas, Ragnhild, Else og Siv deler på visitor tenesta, og Torhild i Diakoniutvalet sørgjer for kaker. I samband med påska vart det halde nattverdmesse med 15 deltakarar i Tvbrakka. For femte året vart det arrangert ei pilegrimsvandring for innsette kalla Vandring mot fridom. Fem innsette deltok saman med Harald Hervik frå leiren. Elles hadde sosialklassa ved Kvitsund Gymnas ein dags ekskursjon til leiren. Julesamlinga i Skogsleiren er elles ein god inngang til julehøgtida for inn- og tilsette, visitorar og andre knytt til leiren. GJE HJELP TIL MENNESKE I AKUTTE, VANSKELEG LIVSSITUASJONAR. Jamt over tredje kvar veke kjem det nye kontaktar. Elles er det utrykkingar i samband med arbeid i krisegruppene. Også i år vart delt oppmuntringspakkar til jol med god sponsing frå COOP på Dalen. STOFF TIL KYRKJELYDSBLAD, AVISER OG RADIO. Diakonispalta i Vest Telemark Blad er ein fin måte å få ut diakonale drypp på. (47). I Telemark Tidende i Telemarksavisa har eg ei spalte kalla Påfyll. (27) I samband med Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp får me disponere tre avissider i VTB. Prostidiakonen har heimeside og Facebookside (No er det 1043 som likar det. Opp 70 frå i fjor) Kyrkjelydsblada får og jamleg stoff. Elles er det eit ynskje å formidle stoff til avisene og NRK. ( Kanskje eitt av fire tips får napp!) HA KONTAKT MED OFFENTLEG SOSIALTENESTE OG HUMANITÆRE ORGAN. Prostidiakonen er med i dei kommunale krisetema i Nissedal, Vinje, Tokke, Kviteseid og Fyresdal. Kontakten med Vest-Telemark Rådet, skular, sosialkontor, barnevern og arbeidsmarknadsbedriftene er god. Samarbeidet med psykisk helse i dei seks Vest -Telemark kommunane (samt KVITO og DPS ) om Å vandre med håp, vart gjennomført for tiande gong. Samla tal på deltakarar var 156. Det var ei stor glede å ha med seg stortingrepresentantane Solveig S. Abrahamsen og Bård Hoksrud, samt listekandidatane Eli Taugbøl (V) og Adrian Næss Løvsjø.(FRP) på startetappa. Sidan 1985 har Vest-Telemark hatt Prostidiakon. Prostidiakonen i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom sokneråd og kyrkjelege fellesråd i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Pengane til stillinga kjem dels frå dei samarbeidande partane, kyrkjedepartement og Agder og Telemark

Årsrapport for 2017 bispedømeråd. Diakonatet har eit valt styre. Styreleiar er Oscar.J. Garnes, Vinje. Tokke kyrkjelege er vertsfellesråd, har arbeidsgjevaransvar og fører rekneskapen. Dalen er kontorstad for prostidiakonen. STATISTIKK FOR SAMTALER/ HUSBESØK I DEI EINSKILDE FELLESRÅDSOMRÅDA SAMT DPS I SELJORD OG SKOGSLEIREN I FYRESDAL Målet mitt å gje folk tilbod om samtale innan ei veke. Dei fleste av samtalene går over to eller tre gonger. Og er det og slik at om lag ein av fire avtala samtaler aldri blir noko av. Folk kjem ikkje eller er ikkje heime når dei har avtale. 4. AKTIVITET VINJE.Tre stabsmøte/ leia Ettersnakk i samarbeid med Teater Ibsen etter stykket «Juklerød» på Kulturhuset/delteke på Diakoniens dag for Vinje og Tokke i Åmot og ansvarleg for Verdiseminaret på Vinjehuset i november med tema : Norske verdiar/deltek på gudsteneste under snøformingsfestivalen i Åmot og Palmesundag Møsstrond/ eitt soknebod/ delteke på Helgemesse i Rauland/ leia ei Gå - Vidare gruppe (åtte samling / delteke på Adventskveld på Bruli/ delteke i Rauland kyrkje under innsetting av ungdomsprest Ruth Miriam K. Varhaug og kyrkjelydspedagog Stine Beate. M Ljostad / kåsert på eitt Eldretreff på Grungom/

KVITESEID delteke i VIP prosjekt på Kvitsund/ delteke på Diakonidag i Brunkeberg kyrkje som og var markering av Kirkens Nødhjelp sitt 70 års jubileum/ /andakt på to føremiddagstreff på Misjonshuset/ andakt på sundagsmøte på Betel/ forretta i fire gravferder/ eitt møter i Psyko- sosial kriseteam/ i lag med miljøarbeidar på Kvitsund Gymnas leia Guys Group (2 gonger/ 31 deltakarar)/ tala på to Torsdagsmøte på Kvitsund/delteke på sommarfest for Lundenjordet på Misjonshuset /organisert ein besøksdag for elevar frå Sosialklassa på Kvitsund i Skogsleiren i Fyresdal / lest juleevangeliet på Krodokk/ hatt ein vegleiingskveld for Besøkstensta i Kviteseid/ tre Etisk Refleksjonsamlingar på KOS/ leia fire gravferder og halde tre gudsteneste FYRESDAL Ti samlingar i skogsleiren/ delteke under bispevisitasen i Fyresdal / organisert kurs i Åndelege helse på POS under visitasen/ delteke på omvisning for flyktningar i Moland kyrkje og vandring gjennom Folkestadbyen til Betel / eitt møte i Psyko- Sosialt kriseteam/ ansvar for Diakoniens Dag i Moland kyrkje/ i november var det «stinn brakke» i Veum kyrkje. Jan Haugen og gode vener heldt konsert og gav overskotet til Diakoniarbeidet i Skogsleiren. Helland. NISSEDAL to diakoniutvalsmøter/ delteke på Bli - Vaksen dag for 10 klasse/ to konfirmanttimar/ deltek på eitt krisegruppemøte/ delteke på Peiskos og suppe for nye innbyggarar i Nissedal/ Årets Diakonisamling var halde i Nissedal med godt over hundre deltakarar og tale av generalsekretær i Kirkens Nødhjelp Anne Marie TOKKE Fire stabsmøte pluss ein stabsdag / ansvarleg for Diakonidag Dag på Kulturhuset / /ansvarleg for Kirkens Nødhjelp - aksjonen i Eidsborg/Mo/Skafså/Delteke i ein konfirmantkveld i fjellkyrkja /deltek på Gullkonfirmantfest/ leia ei gravferder og delteke i ei gravferd/ spist julemiddag med Psykisk Helse/ i samarbeid med Psykisk helse invitert til Pårørandekveld for rus/ leia Ettersnakk i samarbeid med Teater Ibsen etter stykket «Juklerød» på Kulturhuset/ vore nattvakt under Lys Vaken samling for Tokke og Vinje / eit soknebod/ Eit soknerådsnøte for Eidsborg/Mo/ Skafså /ansvarleg for Vaksenopplæringa i Tokkes Adventstund i Skafså kyrkje/ leia «Samtale om livet gruppe» i regi av psykisk helse. ( 2 gonger/6 stykk)

Årsrapport for 2017 TAL OG ARRANGEMENT FELLES FOR TOKKE, VINJE, NISSEDAL, FYRESDAL OG KVITESEID. Fire styremøte i Diakonatet samt årsmøtet/ansvarleg for Diakonisamlinga for Vest Telemark i Nissedal med feiring av Kirkens Nødhjelp sin 70 års dag. Diakoniprisen for 2017 gjekk til Inger Johanne Aaheim, Nissedal for sitt arbeid med Fasteaksjonen. Ansvarleg for Diakonispalta og Fasteaksjonsidene i Vest-Telemark Blad / delteke på stand under Yrkesmessa på Vest -Telemark Vidaregåande Skule/ Prosjektansvarleg for pilegrimsvandringa frå Grungedal til Røldal med namnet Å vandre med håp/ delteke på julebord for Psykisk helse i Seljord/ undervist på eit Pårørandekurs for Vest- Telemark om Demens i Fyresdal/ undervist om Fasteaksjonen på konfirmant treff for prostiet i Seljord/ delteke på avskilsfest for regionsleiar i Vest- Telemark Rådet Kjell Gunnar Heggenes SAKER OG TING OG UTANOM VEST-TELEMARK. Leiar i Agder og Telemark Stift av Det Norske Diakonforbund ( 2015-18)/3. vara medlem til sentralstyret i Det Norske Diakonforbund (2017-2020) Delteke på Landstyremøte for DNDF / delteke på inspirasjonssamling for KN- kontaktar på Sundvollen/ byrja på ei treårig AVU-utdanning ( Kyrkjeleg Arbeidsvegleiiarutdanning) på MF (2016-19)/ Leia ei ABV- gruppe i samband (8 samlingar) Delteke på samlingar for vegleiiarar i Agder og Telemark( 3 samlingar) Vore mentor for eit Pilegrimsprosjekt i regi av Diakonhjemmet Omsorg/ Retretten / Deltek på Fagsamling for diakonen i Agder og Telemark/ halde føredrag for diakonane i Nidaros om pilegrimsvandringar/ undervist kontortilsette i Helse Blefjell om Etikk (ein kursdag) saman med diakonkollega i Tinn organisert pilegrimsvandring til Røldal på FNs Internasjonal Flyktningdag ( ein dag ) / snakka om diakoni på møte i Bø Normisjon/ vore bispedømmets representant i gruppa som planla Reformasjonsseminar i Tønsberg i november / Snakka om HÅP- for Norskopplæringa i Seljord/delteke på Generalforsamling i Diakonforbundet og Diakonikonferansen «Adjø solidaritet «i Trondheim samt Diakoniens Dag på VID/ Diakonhjemmet Takk til alle gode samarbeidspartar. I kyrkje og kommunar. Alle gode medarbeidarar i, sokneråd og diakoniutval, tilsette, innsette, friviljuge på mange nivå. Folka i skogsleiren og DPS. Takk til styre- og ikkje minst styreleiar i Diakonatet Oscar J. Garnes som i over 20 år raust har vore vegleiiar og mentor min i jobben. Takk også til kyrkjeverja i Tokke som legg ting så praktisk godt til rette for at eg framleis har ein draumejobb som diakon. Eilev Erikstein Dalen 31.12.17