Sakshandsamar, innvalstelefon Astrid Holte 55 57 23 19 Vår dato 11.09.2012 Dykkar dato Vår referanse 2012/6655 Dykkar referanse Hordafor AS 5397 Bekkjarvik Rapport frå uanmeldt inspeksjon ved Hordafor AS 28. august 2012 Rapportnummer: 2012.060.I.FMHO Til stades ved inspeksjonen: Frå verksemda: Siv Østervold Halgeir Stenevik Ann Kristin Fagerbakke Frå Fylkesmannen i Hordaland: Astrid Holte Kjell Kvingedal Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar avvik og merknader frå inspeksjonen. Dersom vi ikkje får melding om faktiske feil i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteken, er rapporten endeleg. Fylkesmannen i Hordaland fant 1 avvik og 2 merknadar innan følgjande tema under inspeksjonen: Utslepp til luft Systematisk oppfølging av klager Utskifting av gamle lagertankar Risikovurdering Avviket og merknadane er nærare omtala frå side 3 og utover i rapporten. Hordafor AS må sende ei skriftleg stadfesting innan 1. oktober 2012 på at avviket er retta. Vi ber også om rapport innan den 1. kvar månad ut 2012 om status for vidare oppfølging av tiltaka. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtala på side to. Kjell Kvingedal e.f. seksjonssjef Astrid Holte senioringeniør Rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Austevoll kommune Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: 55 57 28 51 Org.nr: 974760665 E-post: fmhopostmottak@fylkesmannen.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
1. Informasjon om verksemda Namn: Hordafor AS Anleggsnr: 1244.0006.01 Besøksadresse: Salthella, 5397 Bekkjarvik Postadresse: 5397 Bekkjarvik E-post: jorgen.seliussen@hordafor.no Telefon: 56 18 18 50 Kommune: Austevoll Organisasjonsnr.: 972 590 916 Bransjenr. (NACE-kode): 10.910 Produksjon av fôrvarer til husdyrhald Eigar (org.nr): 934 517 199 Løyve sist oppdatert: 27.03.1990, med endring 03.06.1997 Risikoklasse: 3 2. Bakgrunnen for inspeksjonen Fylkesmannen har mottatt ei rekkje klager på lukt frå verksemda i sommar. Målet med inspeksjonen var å kontrollere om gjeldande krav fastsett i utsleppsløyve etter forureiningslova datert 27. mars 1990, med endring av 3. juni1997 blir overhalde. Fylgjande hovudtema vart kontrollert: utslepp til luft internkontroll med vekt på miljørisikovurderingar, avvikshandtering og det ytre miljø krav i utsleppsløyvet 3. Oppfølging etter kontrollen Verksemda plikter snarast å rette opp avviket som er omtalt i denne rapporten. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, må de innan 1. oktober 2012 sende ei skriftlig tilbakemelding med dokumentasjon som viser korleis avviket er retta, gjerne med bildedokumentasjon. Vi ber også om rapport innan den 1. kvar månad ut 2012 om status for vidare oppfølging av tiltaka. Varsel om tvangsmulkt Dersom vi ikkje får tilbakemelding med dokumentasjon på at avviket er retta innan 1. oktober 2012, vil Fylkesmannen fatte vedtak om tvangsmulkt, jf. forureiningslova 73. Vedtaket om tvangsmulkt må betalast dersom Fylkesmannen ikkje har fått skriftleg stadfesting på at avviket er retta innan fristen. Ei eventuell tvangsmulkt vil vere på 50 000 kroner. Verksemda kan kommentere dette varslet. Eventuelle kommentarar må sendast til Fylkesmannen innan to veker etter at denne rapporten er motteken, jf. forvaltningslova 16. 2
4. Kontrollgebyr Verksemda skal betale gebyr for kontrollen, jf. forureiningsforskrifta 39-6. Verksemda er i løyvet plassert i risikoklasse 3. Dette betyr at de skal betale 11 600 kroner for den gjennomførte inspeksjonen. Faktura blir ettersendt frå Klima- og forureiningsdirektoratet. 5. Offentleggjering Denne rapporten vil vere tilgjengeleg for ålmenta via Fylkesmannen i Hordaland sin postjournal på www.fylkesmannen.no/hordaland, jf. offentleglova. 6. Dokumentunderlag forureiningslova internkontrollforskrifta utsleppsløyve av 27. mars 1990, med endring 3. juni 1997 verksemda sine dokument som vart framlagt ved inspeksjonen Informasjon om regelverket finn du på www.klif.no og www.regelhjelp.no. Definisjonar Avvik: brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevinga (for eksempel brot på krav i forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter heimla i desse lovene eller krav og vilkår fastsett i løyve eller dispensasjonar). Merknad: eit forhold som miljøvernmyndigheitene meiner det er nødvendig å påpeike for å ivareta helse og miljø og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. 7. Avvik Vi fann følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1: Utslepp til luft frå Hordafor AS har i periodar i sommar vore så store at det har gitt naboane eit uakseptabelt utemiljø. Avvik frå: Vilkår for endring av utsleppsløyve dagsett 3. juni 1997 Kommentarar: Mange luktepisodar sommaren 2012 Det er eit vilkår for løyvet etter forureiningslova at utslepp til luft er på eit nivå som gjev naboane eit akseptabelt utemiljø med omsyn til lukt. Dette vilkåret er brote fleire gongar sommaren 2012. Naboar rundt verksemda har i juni, juli og august sendt ei rekkje klager til Fylkesmannen og verksemda om at Hordafor har ført til svært ubehageleg lukt. Verksemda har sjølv erkjent problemet og arbeider no aktivt for å løyse det. Mellom anna har verksemda søkt råd hos ein ny rådgjevar med kompetanse på lukt. 3
Fleire årsaker til luktproblema Verksemda opplyser at det har vore ulike kjelder til luktproblema i sommar. Mottak av dårleg ensilasje. Verksemda tok imot eit parti oljesmuss av dårleg kvalitet. Mottak av dette til anlegget på Salthella var brot på eigne rutinar. Dette skulle gått direkte til anna anlegg (bio). Det er etablert avsug som kan nyttast ved pumping av dårleg råstoff, men dette vart ikkje nytta ved lasting og lossing av oljesmussen. Drift av vasketårn. Det har vore tette dyser og for liten tilførsel av vatn til vasketårnet. Vifta som trekkjer luft gjennom vasketårnet har hatt for dårleg kapasitet. Vidare har røret inn til/ut av vasketårnet vore for lite til at vasketårnet har fungert optimalt. Desse tilhøva har ført til at utsleppet til luft ikkje er reinsa så godt som det skulle. Diffuse lekkasjar. Det er avtrekk frå fleire punktkjelder, men avtrekket frå produksjonslokalet har over tid hatt for liten kapasitet utifra storleiken på lokalet. Dette har ført til manglande undertrykk i lokalet. Det er heller ikkje etablert avtrekk til vasketårn frå rommet der vassrenseanlegget (muslingen) er plassert. Vatnet i varmevekslaren har vore forurensa av ensilasje på grunn av lekkasjar i pakning og for dårlege rutinar for driftsoppfølging. Desse tilhøva kan ha ført til diffuse lekkasjar av lukt. Mogleg lukt frå gamle lekkasjar. Ein del gamle lagertankar står på asfalt. Det har tidlegare vore lekkasjar frå desse tankane, og det er spørsmål om restar av dette kan ligge att i grunnen og vere ei luktkjelde. Det er vanskeleg å halde reint rundt desse tankane. Det må vurderast om dette er ei luktkjelde, og om verksemda må gjere tiltak. Iverksette og planlagde tiltak Verksemda har jobba aktivt for å finne årsakene til luktulempene, og har sett i verk fleire tiltak. Ein fagspesialist har gått gjennom anlegget, og det er utarbeidd ny tiltaksplan som er sendt Fylkesmannen 17. august 2012. Under tilsynet vart det orientert om følgjande tiltak; Større og høgare pipe med ny vifte. Pipa frå vasketårnet er forlenga frå 11 meter til 25 meter opp i lufta, og dimensjonen på røret er auka. Det er venta at høgare pipe vil føre til betre fortynning og innlagring av luftutsleppet, og dermed mindre luktulemper for naboane. Arbeidet var nær sluttført ved tilsynet. Det er også bestilt ny vifte til skorsteinen som skal trekke gjennom vasketårnet, og dermed sørgje for betre reinsing av utsleppet. Ekstra pumpekapasitet på sjøvassinntaket. I vinter var vasketårnet ute av drift på grunn av at sjøvasspumpa havarerte. Dette førte til at produksjonen mått stoppast på grunn av at utsleppet til luft ikkje kunne reinsast. Det er no montert to nye pumper på sjøvassinntaket, slik at kapasiteten er auka vesentleg. Dette vil føre til betre kontakt mellom sjøvatn og luft i vasketårnet, og dermed betre reinseresultat. Det er også etablert reservekapasitet for pumpene. Avsug frå produksjonslokalet til vasketårn. Det er sett i gong arbeid med nytt avsug frå produksjonslokalet. Avsuget vert plassert over den sterkaste luktkjelda, trikantaren, og skal ha god kapasitet (6000 m 3 ) til å trekkje luft frå heile rommet. Det er laga hol i veggen for rørgjennomføring til vasketårn, avsuget er planlagt ferdig innan to veker. Reingjering av varmevekslar. Under tilsynet var verksemda i gong med reingjering av varmevekslaren. Det vart opplyst at rutinane for drifta var justert for å redusere dette problemet framover. 4
Punktavsug til brenning. I tillegg til avsug til vasketårn, skal det etablerast punktavsug frå lufta i produksjonslokalet oppe under taket, i staden for nede ved golvet som no. Her er den varmaste lufta som luktar mest. Dette skal førast til avbrenning i fyrkjelen og vil ha ein kapasitet på om lag 1000 m 3 per time. Ny musling. Den eksisterande feittavskillaren (muslingen) skal skiftast ut med ny. Automatisk overvaking av vasketårn. Det er bestilt alarm for overvaking av vasketårn. Avtrekk frå lagertankar. Mange råvaretankar er skifta ut. Dei gamle tankane hadde avtrekk til vasketårn, dette er også montert på alle nye tankar. Gjennomgang av rutinar med dei tilsette. Verksemda har ei rekkje rutinar for drift av anlegget. Desse er gjennomgått i sommar med tanke på at vurdering av lukt og luktreduserande tiltak skal inngå i alle arbeidsoperasjonar. Det var dagen før tilsynet gjennomført møte med alle operatørane for å sikre at rutinane vert gjennomført i praksis. Nabovarslingssystem innkjøpt. Det er kjøpt inn system der naboane kan varsle til verksemda på SMS når det er lukt. Systemet er klart til bruk, men er ikkje teke i bruk enda. Det er planlagt informasjon til naboane om dette. Luktmåling. Verksemda har planlagt å gjennomføre ny luktanalyse i slutten av september og slutten av oktober. Dette vil danne grunnlag for å vurdere om det må setjast i verk fleire tiltak. 8. Merknadar Merknad 1: Handtering av klager kan bli betre. Kommentarar: Hordafor AS har mottatt mange klagar på lukt i sommar. Klagene er registrert, men det var ikkje dokumentert at dei var retta. Dei siste klagene er ikkje registrert. Det er ikkje gode rutinar for korleis klagene skal registrerast, føljast opp internt, med tiltak og tilbakemelding til klagar. Det er nyleg kjøpt inn system for at naboar kan varsle om lukt på SMS, men dette er ikkje innført. Merknad 2: Samanheng mellom risikovurdering og planlagde tiltak/handlingplan kan synleggjerast betre Kommentarar: Det er gjennomført ei omfattande risikovurdering av heile verksemda, og fleire risikopunkt er identifisert. Det finst rutinar og tiltak på ei rekkje område, men det bør synleggjerast betre kva for tiltak/rutinar som er sett i verk for kvart risikopunkt. Dette for å sikre at alle punkt vert følgt opp. 5
9. Andre forhold Oversending av rapport Fylkesmannen ber om at rapport frå fagspesialist etter gjennomgang av anlegget 16. august 2012 vert oversendt. Oversending av tilleggsdokumentasjon Fylkesmannen har i brev av 27. juni 2012 bedt om at Hordafor AS oversender ny dokumentasjon som grunnlag for vurdering av søknad om utvida utsleppsløyve. Det meste av dette vart oversendt 18. august 2012. Følgjande dokumentasjon manglar, og vi ber om at denne vert oversendt saman med tilbakemelding på at avviket er retta; Forslag til grenseverdiar for råstoffkvalitet Utgreiing av nytt luktreinseanlegg og vurdering av effekt av dette på lukt 6
10. Bilde Større og høgare pipe Større og høgare pipe Større og høgare pipe Reingjering av forureina kjølevatn Varm luft frå produksjonslokalet Eksisterande avsug frå skal førast til fyrkjel for produksjonslokale er for lite brenning 7
Vannreinseanlegget (muslingen) skal skiftast ut Ekstra pumpekapasitet Ekstra pumpekapasitet Hol i veggen for gjennomføring av nytt avsug frå produksjonslokalet Det må vurderast om område rundt gamle lagertankar er ei luktkjelde Punktavsug frå varmevekslar Nye pumper med auka kapasitet på sjøvassinntaket 8