Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 24.05.2017 Tidspunkt: 09:00 12:30 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave Medlem AP Tore Åsland Medlem AP Tarjei Andreas Draugedal Varaordførar KRF Jon Ingebretsen Medlem MDG Tarjei Gjelstad Ordførar AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Anne Birgit Sollid MEDL SP Bjørn Nordskog MEDL SP Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Halvor Nyland Anne Birgit Sollid H Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Elisabeth Lid Næringssjef tilstades i sak 62, 63 og 64 Lothar Edel Økonomisjef tilstades i sak 65 Berit Lundeberg Sekretær Det var 6 representantar tilstades. Ordføraren orienterte frå siste møte i Vest-Telemark Rådet. Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark på fylgjande område: *Kraft *IKT *Næring *Økonomi *Landbruk I tillegg orienterte ordføraren kort om dialogkonferansen i Vrådal «Bygg i tre» Sak 61 Massetak i Kviteseid vart handsama før sak 59 Vrå nordre uttak av sprengt stein frå dyrka mark.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 53/17 PS 54/17 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker RS 13/17 Svar på søknad om skjenkeløyve 17.06.17 - Kviteseid Næringslag RS 14/17 Delegerte vedtak 180417-150517 PS 55/17 PS 56/17 PS 57/17 PS 58/17 Vurdering av stilling ved tenestekontoret K - 86/15 og 86/11,22 - Leikeplass og tomt 6 (11) i Ordalsfeltet I - endra arealbruk - dispensasjon K - 14/254 - Kvennhusvegen 9 - Takform/takvinkel og gesimshøgde - dispensasjon K - 14/176 m.fl. - Reguleringsplan Eidsto II - mindre planendring PS 59/17 K - 5/1 - Vrå nordre - Uttak av sprengt stein frå dyrka mark - dispensasjon - ny saksframstilling PS 60/17 PS 61/17 PS 62/17 K - 1/1 m.fl. - Reguleringsplan, detaljregulering - F4-feltet i B10 i Vrådal skisenter - godkjenning K - Massetak i Kviteseid - status i 2017 - føringar for kommunal saksbehandling Reviderte vedtekter og retningsliner for bunde næringsfond (4303) - Kviteseid kommune PS 63/17 Søknad om skjenkeløyve - Brødrene Hansen Eiendom AS - Administrasjonsbygg Fossøy, Vrådal PS 64/17 Svar på søknad om skjenkeløyve for perioden 15.06.- 31.08.2017 - Bryggekafé - Em-Blá AS PS 65/17 Budsjettrevisjon 1.tertial 2017 - drift og investering PS 66/17 Kjøp av bustad til flyktningar - 2017 Lukka PS 53/17 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken. PS 54/17 Referatsaker Referatsakene 13 og 14 vart tekne til orientering.
PS 55/17 Vurdering av stilling ved tenestekontoret Det vert lyst ut 50% fast stilling som leiar for tenestekontoret. Administrasjonsutvalet si tilråding vart samrøystes vedteke. Det vert lyst ut 50% fast stilling som leiar for tenestekontoret. PS 56/17 K - 86/15 og 86/11,22 - Leikeplass og tomt 6 (11) i Ordalsfeltet I - endra arealbruk - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for oppføring av uthus/garasje i område avsett til leikeareal innom g/bnr 86/15 i reguleringsplanen Ordalsfeltet I. Dersom søkar v/kommunen rekvirerer oppmåling av nytt tilleggsareal for å få uthuset/garasjen på eiga tomt, blir det her samstundes gitt dispensasjon frå reguleringsplanen for ei slik frådeling. Det blir laga ny sak der det blir drøfta om kommunen skal engasjere seg for å få på plass rette grenseopplysingar i matrikkelkartet for dette feltet, og kven som i så fall skal bere kostnadene ved det. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for oppføring av uthus/garasje i område avsett til leikeareal innom g/bnr 86/15 i reguleringsplanen Ordalsfeltet I. Dersom søkar v/kommunen rekvirerer oppmåling av nytt tilleggsareal for å få uthuset/garasjen på eiga tomt, blir det her samstundes gitt dispensasjon frå reguleringsplanen for ei slik frådeling. Det blir laga ny sak der det blir drøfta om kommunen skal engasjere seg for å få på plass rette grenseopplysingar i matrikkelkartet for dette feltet, og kven som i så fall skal bere kostnadene ved det.
PS 57/17 K - 14/254 - Kvennhusvegen 9 - Takform/takvinkel og gesimshøgde - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå fastsett takvinkelintervall (22-40 grader), frå saltak-kravet, og frå gesimshøgdegrensa 3,5 m for hus i ein etasje, for oppføring av hus på tomt 7 i Eidsto bustadfelt, slik det er søkt om (takterrasse, pulttak, takvinkel 12 grader og gesimshøgde maks 3,6 m). Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå fastsett takvinkelintervall (22-40 grader), frå saltak-kravet, og frå gesimshøgdegrensa 3,5 m for hus i ein etasje, for oppføring av hus på tomt 7 i Eidsto bustadfelt, slik det er søkt om (takterrasse, pulttak, takvinkel 12 grader og gesimshøgde maks 3,6 m). PS 58/17 K - 14/176 m.fl. - Reguleringsplan Eidsto II - mindre planendring Formannskapet godkjenner i merdhald av pbl 12-14 som mindre planendring at arealet på g/bnr 14/176 regulert til friområde blir omregulert til byggeområde, heilårsbustad. Formannskapet godkjenner i merdhald av pbl 12-14 som mindre planendring at arealet på g/bnr 14/176 regulert til friområde blir omregulert til byggeområde, heilårsbustad. PS 59/17 K - 5/1 - Vrå nordre - Uttak av sprengt stein frå dyrka mark - dispensasjon - ny saksframstilling Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for uttak av fjellmasse på ca. 8 000 m3 til fri omsetjing, frå jordbruksareal på g/bnr 5/1, slik det er søkt om. Det blir sett fylgjande vilkår for uttaket: - All matjord og annan lausmasse skal leggast til side og tilbakeførast når fjellmassane er tatt ut slik at arealet snarast råd kan nyttast til jordbruk. Formannskapet vurderte samrøystes habiliteten til Tarjei Draugedalen som gild.
Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for uttak av fjellmasse på ca. 8 000 m3 til fri omsetjing, frå jordbruksareal på g/bnr 5/1, slik det er søkt om. Det blir sett fylgjande vilkår for uttaket: - All matjord og annan lausmasse skal leggast til side og tilbakeførast når fjellmassane er tatt ut slik at arealet snarast råd kan nyttast til jordbruk. PS 60/17 K - 1/1 m.fl. - Reguleringsplan, detaljregulering - F4-feltet i B10 i Vrådal skisenter - godkjenning Kommunestyret eigengodkjenner i medhald av pbl 12-12 reguleringsplanen detaljregulering F4-feltet i B10 i Vrådal skisenter, planomtale og plankartslik dei ligg føre, og planføresegnene etter at det blir gjort desse endringane: Tillegg til pkt 3.2 ny siste setning: Alle bygg dimensjoneres og utformes etter vindlaster og forhold som gjelder på stedet. Bygg på tomtene 180-190 skal vies særlig oppmerksomhet med tanke på vindbelastning. Nytt punkt 3.7: Klatrevegg Klatrevegg må utformes, sikres og skiltes med varsel på en slik måte at all risiko forbundet med klatring holdes på et minimum. Kommunestyret eigengodkjenner i medhald av pbl 12-12 reguleringsplanen detaljregulering F4-feltet i B10 i Vrådal skisenter, planomtale og plankart slik dei ligg føre, og planføresegnene etter at det blir gjort desse endringane: Tillegg til pkt 3.2 ny siste setning: Alle bygg dimensjoneres og utformes etter vindlaster og forhold som gjelder på stedet. Bygg på tomtene 180-190 skal vies særlig oppmerksomhet med tanke på vindbelastning. Nytt punkt 3.7: Klatrevegg Klatrevegg må utformes, sikres og skiltes med varsel på en slik måte at all risiko forbundet med klatring holdes på et minimum.
PS 61/17 K - Massetak i Kviteseid - status i 2017 - føringar for kommunal saksbehandling Formannskapet ber rådmannen arbeide vidare med registrering av status for massetaka i kommunen. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige enkeltvedtak for å sørgje for at drift og avslutting av massetak skjer i lovlege former, jf. saksframstillinga. Ordføraren bad formannskapet vurdere habiliteten til Tarjei Draugedalen som arbeidstakar innen anleggsbransjen. Formannskapet var samde i at Draugedalen er habil. MDG v Jon Ingebretsen kom med fylgjande tilleggsframlegg: «Status for registreringane vert lagt fram for planutvalet når rådmannen vurderar dei som avslutta.» AP/Krf v Solveig N. Grave kom med fylgjande endringsframlegg: «Status for registreringane vert lagt fram for planutvalet innan utgangen av januar 2018» MDG sitt tilleggsframlegg vart sett opp mot AP sitt tilleggsframlegg, MDG fekk 2 røyster medan AP/Krf fekk 4 røyster. Formannskapet ber rådmannen arbeide vidare med registrering av status for massetaka i kommunen. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige enkeltvedtak for å sørgje for at drift og avslutting av massetak skjer i lovlege former, jf. saksframstillinga. Status for registreringane vert lagt fram for planutvalet innan utgangen av januar 2018. PS 62/17 Reviderte vedtekter og retningsliner for bunde næringsfond (4303) - Kviteseid kommune Kviteseid kommunestyre godkjenner «Utfyllande retningsliner til vedtekter for bruk av det bunde næringsfondet i Kviteseid kommune». Kviteseid kommunestyre godkjenner «Utfyllande retningsliner til vedtekter for bruk av det bunde næringsfondet i Kviteseid kommune».
PS 63/17 Søknad om skjenkeløyve - Brødrene Hansen Eiendom AS - Administrasjonsbygg Fossøy, Vrådal Det vert med heimel i Alkohollova sin 1-7 gjeve skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 til Brødrene Hansen Eiendom AS ved Administrasjonsbygget Fossøy i Vrådal på følgjande vilkår: 1. Det kan bare bli skjenka i områda som vert opplyst i søknaden. 2. Skjenketida vert sett frå kl. 12.00 til 20.00 for drikk med mindre enn 22 volumprosent alkohol, kvar dag. 3. Styrar for løyvet er Geir Arnfinn Hansen og nestansvarleg er Kjetil B. Mathisen jfr 1-7c. 4. Konsum av utskjenka alkohol skal opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketida sitt opphøyr ( 4-4). 5. Det er ein føresetnad for skjenkeløyve at drifta til ei kvar tid er i samsvar med krav i Alkohollova og i gjeldande Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kviteseid kommune. 6. Løyvet er avgrensa fram til 30.09.2020 7. Dei ansvarlege for skjenkestaden må syte for at det er nok med personell/ordensvakter til å handtere ordenssituasjonar på skjenkestaden. 8. Minstegebyret per år er kr. 4.900,- jfr 7-1. 9. Løyvet blir gjeve under føresetnad at styrar Geir Arnfinn Hansen og nestansvarleg Kjetil B. Mathisen tek kunnskapsprøva i alkohollova innan 15. juni 2017, og at politiet og Tenestekontoret i Kviteseid kommune ikkje har merknader. Det vert med heimel i Alkohollova sin 1-7 gjeve skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 til Brødrene Hansen Eiendom AS ved Administrasjonsbygget Fossøy i Vrådal på følgjande vilkår: 1. Det kan bare bli skjenka i områda som vert opplyst i søknaden. 2. Skjenketida vert sett frå kl. 12.00 til 20.00 for drikk med mindre enn 22 volumprosent alkohol, kvar dag. 3. Styrar for løyvet er Geir Arnfinn Hansen og nestansvarleg er Kjetil B. Mathisen jfr 1-7c. 4. Konsum av utskjenka alkohol skal opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketida sitt opphøyr ( 4-4). 5. Det er ein føresetnad for skjenkeløyve at drifta til ei kvar tid er i samsvar med krav i Alkohollova og i gjeldande Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kviteseid kommune. 6. Løyvet er avgrensa fram til 30.09.2020 7. Dei ansvarlege for skjenkestaden må syte for at det er nok med personell/ordensvakter til å handtere ordenssituasjonar på skjenkestaden. 8. Minstegebyret per år er kr. 4.900,- jfr 7-1. 9. Løyvet blir gjeve under føresetnad at styrar Geir Arnfinn Hansen og nestansvarleg Kjetil B. Mathisen tek kunnskapsprøva i alkohollova innan 15. juni 2017, og at politiet og Tenestekontoret i Kviteseid kommune ikkje har merknader.
PS 64/17 Svar på søknad om skjenkeløyve for perioden 15.06.- 31.08.2017 - Bryggekafé - Em-Blá AS Det vert med heimel i Alkohollova sin 1-7 gjeve skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 til Elizabeth Wisland gjeldande for Em-blà/Kviteseid Bryggekafé i Kviteseidbyen på følgjande vilkår: 1. Det kan bare bli skjenka i områda som vert opplyst i søknaden. 2. Skjenketida vert sett frå kl. 10.00 til 01.00 for drikk med mindre enn 22 volumprosent alkohol kvar dag. 3. Skjenketidene skal vere i samsvar med retningslinjene i Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kviteseid kommune. 4. Styrar for løyvet er Elisabeth Wisland og nestansvarleg for styrar er Margit Råmunddal, jfr 1-7c. 5. Konsum av utskjenka alkohol skal opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketida sitt opphøyr ( 4-4). 6. Det er ein føresetnad for skjenkeløyve at drifta til ei kvar tid er i samsvar med krav i Alkohollova og i gjeldande Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kviteseid kommune. 7. Løyvet er avgrensa fram til 31.08.2017 8. Dei ansvarlege for skjenkestaden må syte for at det er nok med personell/ordensvakter til å handtere ordenssituasjonar på skjenkestaden. 9. Gebyret er sett til kr 1 000,-. 10.Løyvet blir gjeve under føresetnad av at politiet og Tenestekontoret i Kviteseid kommune ikkje har merknader. Det vert med heimel i Alkohollova sin 1-7 gjeve skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 til Elizabeth Wisland gjeldande for Em-blà/Kviteseid Bryggekafé i Kviteseidbyen på følgjande vilkår: 1. Det kan bare bli skjenka i områda som vert opplyst i søknaden. 2. Skjenketida vert sett frå kl. 10.00 til 01.00 for drikk med mindre enn 22 volumprosent alkohol kvar dag. 3. Skjenketidene skal vere i samsvar med retningslinjene i Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kviteseid kommune. 4. Styrar for løyvet er Elisabeth Wisland og nestansvarleg for styrar er Margit Råmunddal, jfr 1-7c. 5. Konsum av utskjenka alkohol skal opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketida sitt opphøyr ( 4-4). 6. Det er ein føresetnad for skjenkeløyve at drifta til ei kvar tid er i samsvar med krav i Alkohollova og i gjeldande Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kviteseid kommune. 7. Løyvet er avgrensa fram til 31.08.2017 8. Dei ansvarlege for skjenkestaden må syte for at det er nok med personell/ordensvakter til å handtere ordenssituasjonar på skjenkestaden. 9. Gebyret er sett til kr 1 000,-. 10.Løyvet blir gjeve under føresetnad av at politiet og Tenestekontoret i Kviteseid kommune ikkje har merknader.
PS 65/17 Budsjettrevisjon 1.tertial 2017 - drift og investering Kviteseid kommunestyre disponerer mindreforbruket frå 2016 på kroner 3 666 542 på følgjande måte: Det frie næringsfondet konto 25600105 vert styrka med kr 180 768,-. Disposisjonsfond flyktningar konto 25600141 vert styrka med kr 815 210,-. Generelt disposisjonsfond konto 25600140 vert styrka med kr 3 485 774,-. Kviteseid kommunestyret dekkjer inn meirforbruket i investeringsrekneskapen frå 2016 på kr 162 850,- og udekka beløp frå investeringsrekneskapen 2015 overført til balanse i 2016 på kr 100 721,- med å auke innlån tilsvarande. Rådmannen får fullmakt til å låne opptil kr 22 527 000,- (i tillegg til startlån på kr 750 000,-) til investeringsformål i samsvar med vedlagt investeringsarket 2A. Budsjett 2017 vert endra i tråd med budsjettskjema 1A og 1B og investeringsarket 2A. Dette i samsvar med detaljendringar i vedlagte oversikter. Rådmannen kom med fylgjande tilleggsframlegg: «SFO Brunkeberg vert styrka med 25% stilling for å dekke auken i talet på søkjarar. Meirkostnad netto: 94.000,-«Ordføraren kom med fylgjande tilleggsframlegg: «Det vert tilsett 1. lærling ekstra innanfor barne- og ungdomsarbeidar. Meirkostnad netto: 90.000,-«Finansiering: Auke i budsjett heimesjukepleia: Refusjon sjukepengar, 90.000.- Refusjon fødselspengar, 94.000,-«Rådmannen og ordføraren sine tilleggsframlegg vart samrøystes vedtekne. Kviteseid kommunestyre disponerer mindreforbruket frå 2016 på kroner 3 666 542 på følgjande måte: Det frie næringsfondet konto 25600105 vert styrka med kr 180 768,-. Disposisjonsfond flyktningar konto 25600141 vert styrka med kr 815 210,-. Generelt disposisjonsfond konto 25600140 vert styrka med kr 3 485 774,-. Kviteseid kommunestyret dekkjer inn meirforbruket i investeringsrekneskapen frå 2016 på kr 162 850,- og udekka beløp frå investeringsrekneskapen 2015 overført til balanse i 2016 på kr 100 721,- med å auke innlån tilsvarande. Rådmannen får fullmakt til å låne opptil kr 22 527 000,- (i tillegg til startlån på kr 750 000,-) til investeringsformål i samsvar med vedlagt investeringsarket 2A. Budsjett 2017 vert endra i tråd med budsjettskjema 1A og 1B og investeringsarket 2A. Dette i samsvar med detaljendringar i vedlagte oversikter. SFO Brunkeberg vert styrka med 25% stilling for å dekke auken i talet på søkjarar. Meirkostnad netto: 94.000,-
Det vert tilsett 1. lærling ekstra innanfor barne- og ungdomsarbeidar. Meirkostnad netto: 90.000,- Finansiering: Auke i budsjett heimesjukepleia: Refusjon sjukepengar, 90.000.- Refusjon fødselspengar, 94.000,- PS 66/17 Kjøp av bustad til flyktningar - 2017 Kommunestyret gir rådmannen fullmakt til å kjøpe inn til to bustader som ligg på strekningen mellom Kvitsund og Kviteseid skule/bhg. Maksimal kjøpspris pr. eining kan ikkje overskride 1.600.000,-. Ved kjøp av bustad med 2 bueiningar kan maksmalpris auke til 1.800.000,-. Finansiering er auka låneopptak. AP og Krf v Tore Åsland kom med fylgjande endringsframlegg: Rådmannen si tilråding vart sett opp mot AP/Krf sitt endringsframlegg. AP/Krf sitt endringsframlegg vart samrøystes vedteke. Kommunestyret gir rådmannen fullmakt til å kjøpe inn til to bustader. Maksimal kjøpspris pr. eining kan ikkje overskride 1.600.000,-. Ved kjøp av bustad med 2 bueiningar kan maksmalpris auke til 1.800.000,-. Finansiering er auka låneopptak.