Velkomen til Mork Rehabiliteringssenter Type opphald Ansvarleg lege Koordinator Team..
Mork Rehabiliteringssenter Mork Rehabiliteringssenter er ein del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Møre og Romsdal HF. Vi gir eit individuelt tilpassa tilbod til pasientar med komplekse og samansette funksjonsvanskar. Rehabiliteringstilbodet byggjer på ei tverrfagleg samhandling med pasienten, pårørande og omgjevnadane. Vi har 5 ulike type opphald: Primærrehabilitering Kontrollopphald Vurderingsopphald Rehabiliteringsopphald for pasientar med kroniske og komplekse funksjonsvanskar Gruppeopphald for slagramma. På senteret finn du seksjonsleiar, sekretær, legespesialist, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, miljøterapeut, ergoterapeutar, fysioterapeutar, sosionom, logoped, kjøkkenassistent og vaktmeister. Samarbeidet mellom deg, dine pårørande og personalet byggjer på god informasjon, felles planlegging og arbeidsdeling under opphaldet. Det er viktig å vere klar over at alle tilsette på Mork har teieplikt. Vi er godkjent som opplæringsinstitusjon og du vil derfor også kunne møte studentar frå ulike utdanningar under oppholdet.
Om rehabilitering Føremålet med rehabilitering er å styrkje meistringsevna di, slik at du kan fungere best mogleg i dagleglivet. Rehabilitering er ein prosess der fagpersonar brukar spesialkompetansen sin, for å støtte deg i nå dine mål. Eit opphald på Mork kan vere eit ledd i ein slik prosess. I mange tilfelle har vi eit tett samarbeid med heimkommunen for å få til eit best mogleg tilbod. Vi er avhengig av din innsats, din kunnskap og dine meiningar om korleis du opplever situasjonen din, og kva verdiar og mål som er viktige for deg. Di deltaking i prosessen er viktig. Kvar pasient blir knytt til eit tverrfagleg rehabiliteringsteam og ein koordinator under opphaldet. Koordinatoren har ansvar for å koordinere opphaldet, og sikre at du og dine pårørande får god informasjon og ei oppleving av medverknad. Det er dine behov som er avgjerande for kva fagpersonar som inngår i rehabiliteringa di. Det er difor ikkje sikkert at du vil ha kontakt med alle faggruppene som arbeider på senteret. Kvardagen på Mork Rehabiliteringskvardagen består av funksjonskartlegging, informasjon, samtalar og trening. For mange vil trening i daglege gjeremål vere ein viktig del av prosessen. Du får individuelt tilrettelagt oppfølging med terapeutar og tilbod om deltaking i samtalegrupper. Vår lege følgjer din rehabiliteringsprosess tett. Det blir også gitt tilbod om undervisning i aktuelle tema.
Vi har fokus på å nytte naturen og sentrumsområdet som ein arena for rehabilitering, og vi prøver å nytte dette i gruppebaserte eller individuelle aktivitetar. Bassengtrening kan vere aktuelt for einskilde. På kveld, helg og på høgtidsdagar kan rehabiliteringstilbodet vere noko avgrensa på grunn av mindre bemanning. Praktiske opplysningar og reglar Måltid: Mat står framme for sjølvbetjening i bufféten, men vi prøver å ha 4 faste måltid kvar dag. Kvardagar: kl. 08.00 10.00 kl. 12.00 13.00 kl. 15.30 kl. 19.00 Helg: kl. 09.00 10.30 kl. 13.30 kl. 16.00 kl. 19.00 frukost lunsj middag kveldsmat frukost middag kaffi og kaker kveldsmat Vask av kle må så langt som mogleg bli ivareteke av pårørande. Vi samlar skittentøy i posar nedst i kleskapet hjå pasienten, og ber om at pårørande tek kleda med heim for vask. Dersom pårørande eller pasient ynskjer å vaske kle her på huset, kan ein avtale dette med personalet. Vi kan i spesielle tilfelle ta på oss litt klesvask. Kleda må då være godt merka. Vi tek ikkje ansvar for klede som blir øydelagde, eller kjem bort i vask.
Verdisaker. Vi oppmodar om at du ikkje har store verdiar liggande på pasientromet. Der er ein safe til oppbevaring hjå kontorpersonalet om det er behov for dette. Bruk av mobiltelefon. Eigen mobiltelefon kan nyttast. Likevel oppmodar vi til å ikkje bruke telefon i fellesområda, under måltid og ved behandling Bilete og videoopptak: Kamera og mobiltelefonar kan brukast til å ta bilete, video- og lyd opptak. Dersom andre enn du sjølv og dine pårørande kan kome med på biletet / opptaket, er det viktig å spørje om lov først. Dette er av omsyn til personvernet til pasientar og tilsette på Mork. Trådlaust nettverk Vi er tilknytt Gjestenett HMN. Røyking/Bruk av El-sigarettar er ikkje tillate på Helse Møre og Romsdal sine områder. Vi har mange pasientar som ynskjer å slutte å røyke. Vi ber difor deg og dine besøkande ta omsyn til dette. Alkohol og anna rusmiddel: Oppbevaring og bruk er ikkje tillate. Brann Av omsyn til brannfare er det ikkje tillate å brenne stearinlys på senteret. Du må heller ikkje brukar laddar til mobil og nettbrett om natta. Sjå elles oppslag om branninstruks og rømmingsvegar. Permisjon på kveldstid og i helgane kan avtalast når det er ynskjeleg eller naudsynt. Det er særs viktig at du alltid seier ifrå til personalet når du forlét huset. Reiseutgifter i samband med permisjonen må pasienten dekke sjølv. Ved inn og utskriving får du dekka reiseutgifter evt. drosje. Dersom du tek buss eller blir henta av pårørande får du med skjema for innsending til Helfo. (hendvend deg i ekspedisjonen)
Kioskskap ved resepsjonen. Her kan du få kjøpt enkelte varer, ta kontakt med personalet. Dersom du ynskjer å handle noko i sentrum, må dette avtalast. Du må ta med toalettsaker, (såpe, shampo, tannkost og tannkrem). Vi bed om begrensa bruk av parfymer, då det kan være andre på huset som reagerer på dette. Dette gjeld også pårørande For pårørande Besøkstid Det er høve til å ta imot besøk heile dagen. Vi ber likevel om at besøkande må ta omsyn til pasienten sine måltid, treningstider og kvilebehov. Vi oppmodar om å bruke pasienten sitt rom ved besøk. Dersom ynskjeleg, har vi andre eigna rom til disposisjon. Overnatting: Det er høve for pårørande å overnatte. Dette må avtalast med koordinator/team i god tid. Rom med enkel standard, sengetøy /handdukar blir lagt fram. Overnatting inklusive alle måltid : Vaksne kr. 300,- Born kr. 150,- Måltid: Ved særskilde høve, innkallingar til møter og etc. kan pårørande kjøpe middag. (måndag-fredag) Denne MÅ bestillast før kl. 12.30 dagen før. Vi ber om forståing for at personalet først og fremst har eit pasientansvar. Betaling: Kontant betaling. Vi har dessverre ikkje kortterminal. Smitte: Dersom pårørande er sjuke bør ein vente med besøket til ein er frisk. Vi gjer merksam på at ved mage-/ tarminfeksjonar går det 48 timar etter siste symptom, før ein reknast som smittefri. Kontaktinformasjon Mork Rehabiliteringssenter
Telefon Sentralbord: 70 16 89 00 Til pasientrom: Spør personalet om direktenummer. E-post: mork@helse-mr.no Internett: For å finne vår nettstad eller Facebook-side, er det lettast å bruke ein søkemotor og søke «Mork Rehabiliteringssenter» Postadresse: Mork Rehabiliteringssenter Rydet 16 6105 Volda