MØTEPROTOKOLL Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Utval: Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 12.09.2016 Tid: kl.16:00-17:45 Innkalling til møtet vart gjort elektronisk tilgjengeleg 06.09.2016 i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista og sakspapira vart gjort tilgjengeleg elektronisk 06.09.2016 Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Eirin Bergheim Gudleik Østerbø Ulf Lie Agnete Digranes Årvik Åse Margrethe Hegre Riise Arne Holmefjord Parti Ap Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Svein Lang Sp Aud-May Boge H Forfall, permisjonar og eventuelt møtande varamedlemer. Vararepresentant Aud-May Boge, H,gjekk frå møtet kl 16. 50 før sak nr 34/16 var handsama då ho skulle møta i administrasjonsutvalet kl 17.00. Opprinneleg forfall var meldt kort tid før møtet, og neste vararepresentant kunne ikkje møta. Andre som var til stades på møtet: Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Synfaring: Etter at sakene var handsama, var medlemene i senior- og funksjonsrådet på synfaring i samband med utbygging attmed FBBS. Jf. sak nr 26/16. Anna: Saklista vart samrøystes vedteke endra slik: Sak nr 34/16 vart handsama som siste sak. Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Ulf Lie leia møtet.
Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 19.09.2016 Ulf Lie Leiar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær Side 2
Sakliste Sak nr. Tittel 032/2016 Godkjenning av møteprotokoll 033/2016 Revidert budsjett 2016 og økonomiplan 2016 2019 034/2016 Eldredagen 2016 - planlegging i møtet 12.09.2016 035/2016 Skriv og meldingar 036/2016 Orienteringar, spørsmål og open post til møtet 12.09.2016 Side 3
032/2016: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møte 30.05.2016 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. RAAD- 032/2016 Vedtak: Møteprotokoll frå møte 30.05.2016 vert godkjent. 033/2016: Revidert budsjett 2016 og økonomiplan 2016 2019 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram til formannskapet, som gjev innstilling til kommunestyret, jf. vedlagde notat. Ulf Lie fremja følgjande fellesframlegg som vart samrøystes vedteke: Når utkast til instruks for psykolog er utarbeidet, ber rådet om å få den oversendt til uttalelse. RAAD- 033/2016 Vedtak: Når utkast til instruks for psykolog er utarbeidet, ber rådet om å få den oversendt til uttalelse. Ungdomsrådet 12.09.2016: Fusa ungdomsråd kom etter ei drøfting fram til ein slik samrøystes uttale i saka: Side 4
Fusa ungdomsråd stiller spørsmål ved måten det vart gjort vedtak om revidert budsjett og økonmiplan i kommunstyret 16. juni d.å. Det vart gjort omfattande omfordelingar og endringar i budsjett og økonomiplan utan at ungdomsrådet fekk høve til å uttala seg. Detter meiner ungdomsrådet er uheldig. Ungdomsrådet synes det er vanskeleg å gå inn i detaljane i saka på noverande tidspunkt og ser helst at saka, og dei problestillingane som reist, vert tekne opp att i samband med budsjettarbeidet for 2017 og arbeidet med ny økonomiplan. UNG- 029/2016 Vedtak: Fusa ungdomsråd stiller spørsmål ved måten det vart gjort vedtak om revidert budsjett og økonmiplan i kommunstyret 16. juni d.å. Det vart gjort omfattande omfordelingar og endringar i budsjett og økonomiplan utan at ungdomsrådet fekk høve til å uttala seg. Detter meiner ungdomsrådet er uheldig. Ungdomsrådet synes det er vanskeleg å gå inn i detaljane i saka på noverande tidspunkt og ser helst at saka, og dei problestillingane som vert reist, vert tekne opp att i samband med budsjettarbeidet for 2017 og arbeidet med ny økonomiplan. 034/2016: Eldredagen 2016 - planlegging i møtet 12.09.2016 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram til handsaming. Medlemene i arrangementskomiteen orienterte. Komiteen søkjer kommunen om underskotsgaranti. Det vart gjort følgjande samrøystes vedtak: Plaket til oppslag vart gjennomgått og godkjent. Informasjon om arrangementet i Os og Fusaposten. Fusa kommune syter for kunngjering og distribusjon av plakat til oppslag. Senioruniversitetet tek ansvar for resten. Alle medlemene i senior- og funksjonsrådet - som kan - deltek i førebuinga av arrangementet 28.09.2016 frå kl 15.00 på Eikelandsosen bedehus. Alle medlemene i senior- og funksjonsrådet vert bedt om å syta for to gevinstar kvar Side 5
til utlodning. RAAD- 034/2016 Vedtak: Plaket til oppslag vart gjennomgått og godkjent. Informasjon om arrangementet i Os og Fusaposten. Fusa kommune syter for kunngjering og distribusjon av plakat til oppslag. Senioruniversitetet tek ansvar for resten. Alle medlemene i senior- og funksjonsrådet - som kan - deltek i førebuinga av arrangementet 28.09.2016 frå kl 15.00 på Eikelandsosen bedehus. Alle medlemene i senior- og funksjonsrådet vert bedt om å syta for to gevinstar kvar til utlodning. 035/2016: Skriv og meldingar Skriv og meldingar vert teke til orientering. Ulf Lie fremja følgjande felles framlegg som vart samrøystes vedteke: Rådet ber om å få tilbake et mer detaljert forslag til kulturtilbudet til eldre som oppfølging av den kulturelles spaserstokken. Rådmannen sitt framlegg vart elles samrøystes vedteke. RAAD- 035/2016 Vedtak: Rådet ber om å få tilbake et mer detaljert forslag til kulturtilbudet til eldre som oppfølging av den kulturelles spaserstokken. Skriv og meldingar vert elles teke til orientering. 036/2016: Orienteringar, spørsmål og open post til møtet 12.09.2016 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Side 6
Saka vert lagt fram til handsaming Senior- og funksjonsrådet vedtok samrøystes følgjande forslag fremja av Gudleik Østerbø: Melding til Fusa formannskap frå senior- og funksjonsrådet 12.09.2016: Vegsikringssak på fylkesveg 48 mellom Tombre og Mehus, gjorde senior- og funksjonsrådet tilråding om at det blei sett opp ekstra fareskilt på den farlege staden inntil det vart utbetring av strekkja. Då underskrevne passerte staden for kort tid sidan, var der ingen tegn til noko form for skilt. Då no hausten er komen og ein veit at det når som helst kan koma frost, er det på høg tid at det vert sett opp fareskiltet " GLATT VEGBANE". Vonar formannskapet STRAKS tek kontakt med vegvesenet, slik at kanskje ei ulukke kan av-vergjast. Senior- og funksjonsrådet vedtok samrøystes følgjande fellesframlegg fremja av Ulf Lie: Rådet ventar på oversendelse av saken vi tok opp om parkering. Saka vart elles samrøystes teke til orientering. RAAD- 036/2016 Vedtak: Melding til Fusa formannskap frå senior- og funksjonsrådet 12.09.2016: Vegsikringssak på fylkesveg 48 mellom Tombre og Mehus, gjorde senior- og funksjonsrådet tilråding om at det blei sett opp ekstra fareskilt på den farlege staden inntil det vart utbetring av strekkja. Då underskrevne passerte staden for kort tid sidan, var der ingen tegn til noko form for skilt. Då no hausten er komen og ein veit at det når som helst kan koma frost, er det på høg tid at det vert sett opp fareskiltet " GLATT VEGBANE". Vonar formannskapet STRAKS tek kontakt med vegvesenet, slik at kanskje ei ulukke kan av-vergjast. Rådet ventar på oversendelse av saken vi tok opp om parkering. Saka vart elles samrøystes teke til orientering Side 7
Side 8