Samanslåing av fellesråd Jondal, Odda, Ullensvang «Kor er me, kor skal me? Og korleis kjem me dit?» Samling på Utne 29.05.18
Kvifor er me her? Kyrkjelova 5 seier at det i kvar kommune skal vera eitt kyrkjeleg fellesråd Kommunesamanslåinga gjer at fellesråda også må køyra ein tilsvarande prosess MÅ men kan me finna den gode motivasjonen til å gjera det? Ein samanslåingsprosess kan skapa uro og gje ny næring til gamle konfliktar Frustrasjon kva skjer med meg og mitt? Ein god samanslåingsprosess kan óg gjera organisasjonen sterkare Samlinga i dag: Bli betre kjent med kvarandre og med ulike kulturar Snakka fag i lag danning av undergrupper for dei tilsette (under arbeidsgruppe 1) Kva er vår felles ståstad?
Positive effektar av samanslåinga? Større stab Større fagfellesskap Kva kan vi læra av kvarandre? Vi er óg i nettverk med andre «samanslåingar» Spreia gode arbeidsmåtar og erfaringar Sjå etter eigenart og særskilde kvalitetar Heia på kvarandre! Større tryggleik for arbeidsgjevar Vikarar ved sjukdom Ferieavvikling
Mykje å forvalta, store verdiar å ta vare på
Kor er me? Tre ulike fellesråd/ sokneråd med fellesrådsfunksjonar Tre stabar med ulik storleik og ulike arbeidsmåtar Ein stor, samla bygningsmasse å forvalta med 8 kyrkjer, 1 gravkapell, krematorium, 8 gravplassar og fleire kontor-/driftsbygg Kyrkjeleg fellesnemnd er oppretta og operativ Partsamansett utval er oppretta og operativt Prosjektleiar er på plass (frå 01.01.18) Tillitsvalde har møte før kvar møterunde i PSU og nemnd i denne fasen.
Kor skal me? Eitt kyrkjeleg fellesråd operativt frå 01.01.2020 Ein stor organisasjon med felles drift, budsjett, rekneskap, reglement, arkiv- og gravferdsforvaltningssystem Mykje av samanslåingsprosessen vil dreia seg om det organisatoriske og juridiske ved nedlegging/ oppretting av fellesråd Endringa har ikkje direkte innverknad på sokna Ny kyrkjeverjestilling Ikkje endra ting berre for å endra, men det vil koma endringar.
Kva for oppgåver har kyrkjeleg fellesnemnd? Mandat frå fellesråda Handsama saker knytt til samanslåinga og fatta vedtak Kontaktpunkt med arbeidsgjevarlina for prestane, og lokale prestar Kontaktpunkt med kommunen kommunal fellesnemnd Aktiv utveksling av informasjon mellom fellesråda Kontorstruktur for det kyrkjelege fellesrådet i framtida Kyrkjeverjestillingane og administrative ressursar i nytt fellesråd Budsjett 2020 ---.
Viktige oppgåver som er utførte Prosjektplan vedteken Inkl. enkel plan for kulturbygging og sosiale aktivitetar Inkl. enkel informasjonsplan Reglement for partsamansett utval vedteke Prinsippdokument for samanslåinga vedteke Arbeidsgrupper oppretta, endeleg vedtak 30. mai Fleire av arbeidsgruppene er godt i gang Kva no?
Viktige oppgåver som står for tur Val av løysingar for rekneskapsføring, arkiv, programvare osv. Arbeidsgruppene tilrår løysingar, disse går vidare til fellesnemnda som sak Prosess kring kyrkjeverjestillinga Gjennomgang av alt det juridiske kring «verksemdsoverdraging», til dømes lovverk, særavtalar, arbeidsavtalar Alle fellesrådstilsette får ny arbeidsgjevar! Alle avtalar med leverandørar må i praksis seiast opp Ny juridisk «person» skal eiga dei nye avtalane Fagleg fellesskap mellom stabane skapa ny kultur i lag.
Den daglege drifta fram mot endeleg samanslåing «Business as usual» ved kyrkjekontora Nokre tilpassingar der det er naturleg Sjølve sokna skal i utgangspunktet merka lite i det daglege Ivaretaking av tilsette, tillitsvalde, tilsetterepresentantar og friviljuge Informasjon, informasjon Men rett informasjon, og helst til rett tid Kyrkjeverjene: leveransar av grunnlag til arbeidsgruppene Arbeidsgruppene leverer tilrådingar til prosjektleiar Prosjektleiar skriv saker til fellesnemnda Fellesnemnda vedtek løysingar for nytt fellesråd.
Kva veit me ikkje enno? Mellom anna: Kor kyrkjekontoret/ kontora skal liggja Kven som vert kyrkjeverje for det nye fellesrådet Korleis løysinga vert for kyrkjeblad i framtida Korleis den endelege organisasjonen vår vil sjå ut Korleis budsjettet vårt kjem til å verta (overføringa frå kommunen) Vil verka direkte inn på rammene for drifta Kven som kjem til å utgjera det nye fellesrådet (folkevalde) Kyrkjeval 2019 Korleis den nye lova for trussamfunn vil verta, og ringverknader av denne.