Detaljreguleringsplan for gang-/sykkelveg FV 48 Herøysundet

Like dokumenter
Meland kommune. Reguleringsplan (detalj) Detaljregulering fv. 564 Frekhaugkrysset, inkl. utbetring av fv Reguleringsføresegner

SULDAL KOMMUNE. Reguleringsplan for Helganes rasteplass Rv 13 Kolbeinstveit Helganesbrua jf. plan- og bygningslovens (pbl) 12-7.

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN. vegfoto. Parsell: E134 Morgedal-Mostøyl. Kommune: Tokke

SUND KOMMUNE 1 INTENSJON I PLANEN

Detaljreguleringsplan for Kvamen del av gnr. 58 bnr.1 og 2.

Reguleringsplan for Fylkesgrensa - Dyrskartunnelen

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN. vegfoto. Parsell: E134 Mostøyl-Høydalsmo. Kommune: Tokke

Bergensbanen Plattformforlengelser Vossebanen

Reguleringsplan, detaljregulering for: jf. plan- og bygningslovens (pbl) kap.12

Detaljregulering KV 1133 Myrvollane til Hestdal

Reguleringsføresegner Reguleringsplan Hollingsetervegen

Reguleringsføresegner pbl 12-7

FOTGJENGARUNDERGANGAR, ØLENSVÅG

FUGLE SKEI - DETALJREGULERING JØLSTER KOMMUNE FØRESEGNER

REGULERINGSPLAN FOR RUNDKØYRING VED ØYSTESE MEKANISKE VERKSTAD REGULERINGSFØRESEGNER

Reguleringsplan for Dyrskartunnelen - Røldalstunnlen

Karmøy kommune. Reguleringsbestemmelser

REGULERINGSFØRESEGNER

Reguleringsføresegner pbl 12-7

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN. Vegfoto. Parsell: E134 Morgedal-Mostøyl. Kommune: Kviteseid

ETNE KOMMUNE FØRESEGNER E 134 STORDALEN, LAUAREID-HÅLAND-BAKKA PLANENDRING Utskrift

Framlegg til REGULERINGSFØRESEGNER for Bjørnevik bustadområde. Jf. plan- og bygningslovens (pbl) 12

Detaljreguleringsplan for Kvamen del av gnr. 58 bnr.1 og 2.

Føresegner. Obersthaugen. Detaljregulering. for

Detaljreguleringsplan. Reguleringsføresegner pbl 12-7

Odda kommune. Reguleringsplan for E134 Vågsli Seljestad. Parsell Røldalstunnelen Seljestad. 1. Siktemålet med planen

Reguleringsføresegner pbl 12-7

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR BUSSLOMMER PÅ LINGE, NORDDAL KOMMUNE

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR BUSSLOMMER PÅ LINGE, NORDDAL KOMMUNE

Detaljreguleringsplan for: Fv.17 Beitstadsundet-Alhusøra og Fv.720 Strømnes-Malm

PlanID Detaljregulering av gang- og sykkelveg fv. 755, Kvistadbakkan-Tømte

Det regulerte området er vist med plangrense på plankart med nasjonal arealplan-id , sist revidert i målestokk 1:1000.

Detaljreguleringsplan for fv.48 Skånevik - Flesjo Reguleringsføresegner Detaljregulering

Detaljreguleringsplan for: Fv.17 Beitstadsundet-Alhusøra og Fv.720 Strømnes-Malm

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Opsalmarka næringsområde gnr. 34. bnr. 4

PLAN XXXXXXX DETALJREGULERING FOR GANG- OG SYKKELVEG LANGS FV. 333 Espelandveien BESTEMMELSER. Utarbeidet av Statens vegvesen

Siktemål med planen. 2 Planens grenser og reguleringsføremål

Planen vil delvis erstatte følgende områder i reguleringsplan for Kilbognesodden: - Friluftsområder på land - Privat veg parkering

Reguleringsplan for <namn på planen>

Reguleringsføresegner for detaljregulering av. E134 Espelandssvingane Vindafjord kommune

PlanID Detaljregulering av gang- og sykkelveg fv. 755, Kvistadbakkan - Tømte, Inderøy kommune

ASKVOLL OG NAUSTDAL KOMMUNAR REGULERINGSFØRESEGNER FOR DETALJREGULERINGSPLAN VASSLEIDNING SKORVA ENGEBØ

DETALJREGULERINGSPLAN FOR LUSSAND, G/BNR 132/2

Siste revisjon: 1.2 Planavgrensing Det regulerte området er vist med plangrense på plankart i målestokk 1:1000, dagsett

REGULERINGSPLAN FOR FV 6, BUAMYR GRIMSTVEIT, GNR. 53 BNR. 9 M. FL. FØRESEGNER

REGULERINGSPLAN. Fv. 7 Lussandberget. Prosjekt: Parsell: Hp. 12 Lussand - Beggevik TEKNISKE DATA. Reguleringsføresegner og kart.

Reguleringsplan E6 - Høytverrelv i Bardu kommune

Detaljreguleringsplan for: Del av gnr. 31, bnr. 4 m. fl. Trafikkplan Vik, Jondal. Reguleringsføresegner pbl 12-7

STORD KOMMUNE. Føresegner jf. plan- og bygningslovens (PBL) 12-7 for:

Fauske kommune. Forslag til Planbestemmelser Detaljregulering for E6 Finneidstraumen bru

DETALJREGULERING. Vedlegg 2 Bestemmelser. Fv. 82 delstrekning A. Sortland-Holmen. Sortland kommune vesdtatt kommunestyresak 038/17

LIER KOMMUNE REGULERINGSBESTEMMELSER FOR DETALJREGULERING FOR FV. 16, G/S-VEG LIERSKOGEN-AKERSHUS GRENSE

Statens vegvesen Reguleringsføresegner for E 39 Bjørset Skei, datert JØLSTER KOMMUNE Reguleringsføresegner for:

Fjell kommune. Detaljreguleringsplan for Bildøyvegen Plan ID 1246_ Reguleringsføresegner

LIER KOMMUNE REGULERINGSBESTEMMELSER FOR DETALJREGULERING FOR FV. 16, G/S-VEG LIERSKOGEN-AKERSHUS GRENSE

Detaljreguleringsplan for E6 Jansnes Halselv og massetak Melsvik. Det regulerte området er vist med plangrense på plankart med PlanID

DETALJREGULERINGSPLAN FOR LUSSAND, G/BNR 132/2

Ørskog kommune FØRESEGNER. for detaljregulering av. «Ørskog Hestesportsenter, Kråna» Nasjonal PlanID:

POLITISK VEDTAK BESTEMMELSER. Prosjekt: Rv. 93 Salkobekken - Karibakken. Kommune: Alta

REGULERINGSFØRESEGNER

L A U V F J E L L E T REGULERINGSFØRESEGN Detaljreguleringsplan, del av gnr. 15, bnr. 9, Ådland, Fusa kommune. PlanID:

2.3 Byggjegrenser langs offentleg veg Der byggjegrenser ikkje er vist, gjeld veglova sine føresegner om byggjegrenser mot veg.

DETALJREGULERINGSPLAN. Fritidsbustader Karihavet Del av gnr. 101, bnr.13 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

Rv. 4 Sandvoll-Amundrud

Jotunheimen caravan camp, Postfuru

Vindafjord kommune FØRESEGNER FOR DETALJREGULERING FOR GANG- OG SYKKELVEG SANDEID LÆRDAL, LANGS FV. 514 PLAN ID

1.3. Terrenghandsaming (pbl 12-7 nr 3) Reguleringsføresegner for Områdeplan for Bø skule og barnehage

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

(på vegne av Trøndelag fylkeskommune)

Dei regulerte områda er vist med reguleringsgrense på plankartet i målestokk 1:1000, datert Områda regulerast til følgande føremål:

VANG KOMMUNE BESTEMMELSER FOR PLAN DETALJREGULERING E16 ØYE - EIDSBRU

PLAN DETALJREGULERING FOR GANG- OG SYKKELVEG LANGS FV. 316 NOREDALEN BESTEMMELSER. Utarbeidet av tegn_3 as, på vegne av Statens vegvesen

Prosjekt: E. 45 Alta - Suolovuopmi. Pol. behandling FORSLAG TIL DETALJREGULERING PLANBESTEMMELSER. Parsell: Kløfta Kommune: Alta kommune

PLANBESTEMMELSER Forslag til detaljreguleringsplan for fortau Trolldalen Tangen

Vedlegg 3 A. Kvinnherad kommune. Alternativ S1/S6

FV. 47 FAGERHEIM - EKRENE

FUSA KOMMUNE REGULERINGSFØRESEGNER DETALJREGULERING STRANDVIK BYGDAPARK

ELEKTRIFISERING TRØNDER- OG MERÅKERBANEN PROSJEKT Reguleringsplan Planbestemmelser. Meråker kommune

Føresegner. Planid: Detaljreguleringsplan - Kvalvi/Eikefjord sentrum - GBnr 52/59,63, 194 mfl - veg og teknisk infrastruktur

DETALJREGULERING E6 Olsborg-Heia VEDLEGG 2 BESTEMMELSER. Delstrekning 2 Olsborg/Høgtun- Solør Målselv kommune

Høringsutgave. Statens vegvesen PLANBESTEMMELSER. Fv. 115 Skjønnerød-Nordby. Våler kommune. Plan-ID: 0137/62

Trafikkavvikling skuleområdet i Skodje

- Industri/lager - Angitt bebyggelse og anleggsformål kombinert med andre angitte hovedformål

HARDANGERBRUA MED TILFØRSELSVEGAR, RIKSVEG 7 OG 13 REGULERINGSFØRESEGNER FOR ULLENSVANG HERAD

REGULERINGSPLAN FOR DØSHAUGNESET, GNR. 46 BNR. m.fl., AUSTEVOLL OMMUNE

DETALJREGULERING FOR GANG- OG SYKKELVEG LANGS FV. 519 FINNØYVEGEN, JUDABERG-NÅDÅ, FINNØY KOMMUNE (PLAN-ID _FIGS1)

1 PLANTYPE, PLANENS FORMÅL OG AVGRENSING

STORD KOMMUNE. Føresegner jf. plan- og bygningslovens (PBL) 12-7 for:

Reguleringsføresegner for detaljregulering av. E134 Espelandssvingane Vindafjord kommune

Reguleringsplan Fana gnr 96, Fanavegen Fv 546 ved Kirkevoll skole, undergang Plan ID Reguleringsbestemmelser BERGEN KOMMUNE

ASKVOLL OG NAUSTDAL KOMMUNAR REGULERINGSFØRESEGNER FOR DETALJREGULERING VASSLEIDNING SKORVA ENGEBØ

Vindafjord kommune FØRESEGNER FOR DETALJREGULERING FOR GANG- OG SYKKELVEG SANDEID LÆRDAL, LANGS FV. 514 PLAN ID

Føresegner. Reguleringsplan for Tysnes omsorgssenter. Tysnes kommune

PLANBESTEMMELSER FOR DETALJREGULERING FOR FV. 885 PASVIKVEIEN LANGVASSEID-SVANVIK

2 REKKEFØLGEKRAV. 2.1 Masseoverskudd. 2.2 Støy i anleggsfasen. 2.3 Rigg- og marksikringsplan og istandsettingsplan. 2.4 Plan for ytre miljø (YM-plan)

Føresegner

MELAND KOMMUNE. Reguleringsplan FOSSEMYRA IDRETTSANLEGG, GNR 24, BNR 58 m. fl. Reguleringsføresegner

Fv. 315 BAVALLSVEGEN NEDRE DEL

Transkript:

Kvinnherad kommune Vedteken dato: Dato for siste mindre endring: Detaljreguleringsplan for gang-/sykkelveg FV 48 Herøysundet Reguleringsføresegner datert 24.08.18 Detaljregulering jf. plan- og bygningslova (pbl) 12-7 Plan-id 1224 1. Siktemålet med planen Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for etablering av ny gang- og sykkelveg langs Fv. 48 i Herøysundet. Planen legg til rette for noko utbetring av Fv. 48, sanering av fleire eksisterande avkøyrsler og etablering av nye tilkomstveger og kollektivhaldeplassar. Målet er å betre trafikktryggleiken for gåande og syklande i området. Utfyllande opplysingar går fram av planomtalen datert 24.08.18. 2. Fellesføresegner for heile planområdet 2.1 Terrenghandsaming og vegetasjon Alle terrenginngrep skal skje på ein mest mogleg skånsam måte i høve til omgjevnadene. Skjeringar og fyllingar skal rundast av og verte tilpassa tilgrensande terreng, og revegeterast med stadeigen vegetasjon. Eksisterande vegetasjon skal takast vare på så langt råd er. Det skal ikkje nyttast artar i kategorien høg risiko og svært høg risiko på lista over framande artar i plantevalet. 2.2 Automatisk freda kulturminne Dersom det vert oppdaga funn, gjenstandar eller konstruksjonar i samband med gravearbeid skal arbeidet stansast omgåande og rett kulturminnemynde varslast, jf lov om kulturminner 8, 2. ledd. 2.3 Byggjegrenser langs offentleg veg Der byggjegrenser ikkje er vist i plankartet, gjeld veglova sine føresegner som byggjegrenser mot veg. 2.4 Krav om byggjeplan Før utbygging av veganlegget kan starte opp, skal det liggje føre ein byggjeplan med utgangspunkt i teknisk plan datert 26.08.2018 og Statens vegvesen sine handbøker og retningslinjer. Side 1 av 6 Detaljreguleringsplan for gang-/sykkelveg FV 48 Herøysundet PlanID 1224

2.5 Plan for Ytre Miljø Det skal utarbeidast ein plan for ytre miljø (YM-plan). YM-planen skal liggje føre saman med byggjeplan for veganlegget. Tiltakshavar skal sørgje for at tiltak som er skildra i plan for ytre miljø (YM plan) vert innarbeidd i kontrakt med entreprenør for utbygginga, og at YM planen vert oppdatert ved behov. YMplanen skal godkjennast av Statens vegvesen før anleggsstart. 2.6 Rigg- og marksikringsplan Tiltakshavar skal sikre at det ligg føre ein rigg og marksikringsplan som gjev føringar for gjennomføring av anleggsarbeidet. Rigg- og marksikringsplanen skal godkjennast av Statens vegvesen før anleggsstart. Rigg og marksikringsplanen skal bl.a. gje føringar for følgjande tilhøve: Inngrepsgrenser rundt kulturminne, område og ferdselsårer for friluftsliv. Massehandtering, inkludert handtering og lagring av jordmassar som skal nyttast til revegetering i anlegget. Tiltak for å minimere risiko for spreiing av framande artar. Sikring av større trær som skal takast vare på Inngrepsgrensa for anleggsarbeidet skal fastsettast i rigg og marksikringsplanen og merkast fysisk med alpingjerde i anleggsfasen. 2.7 Vern mot ureining Det skal leggjast vekt på at ureina vatn, partikkelureining ikkje vert slept ut i bekker og vatn. Byggjeplanen skal omtale løysing for handtering av ureining i anleggsfase og driftsfase. Eventuelle ureina massar skal leverast til godkjend mottak. 2.8 VA-rammeplan VA-rammeplan for området, datert 28.02.2018, skal leggjast til grunn for vidare detaljprosjektering og byggjeplan for veganlegget. 2.9 Tilgjenge Prinsippet om universell utforming skal i størst mogleg grad ligge til grunn ved prosjektering av veganlegget. 3 Føresegner til arealformål 3.1 Bygningar og anlegg ( 12-5 nr.1) 3.1.2 Bustader (B) a. Område B er eksisterande bustadeigedomar som inngår i reguleringsplanen. b. Føresegner i opphavleg reguleringsplan eller kommuneplanens arealdel er gjeldande. 3.1.3 Forretning/kontor (BKB) a. Område BKB er eksisterande næringseigedomar som inngår i reguleringsplanen. b. Føresegner i opphavleg reguleringsplan er gjeldande. Side 2 av 6 Detaljreguleringsplan for gang-/sykkelveg FV 48 Herøysundet PlanID 1224

3.2 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur ( 12-5 nr. 2) 3.2.1 Fellesføresegner for samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur a. Anlegga skal utførast som vist i planteikning og i tekniske teikningar. Mindre avvik mellom underformål kan tillatast innanfor arealformålet. b. Innanfor arealformåla kan det etablerast konstruksjonar og naudsynte tekniske anlegg og installasjonar, etter gjeldande tekniske krav. Alle anlegg skal ferdigstillast samtidig med ny gangog sykkelveg langs Fv. 48. c. Plassering av avkøyrsler vist med pil på plankartet er rettleiande, men talet på avkøyrsler og kva veg eigedomane skal ha avkøyrsle frå er bindande. Avkøyrsler skal oppfylle krav til sikt og andre krav til utforming, og godkjennast av rette vegstyresmakt før bruk. d. Bruer over bekker/elver som er vist i plankartet er retningsgivande for plassering. Bruer og kulvertar skal dimensjonerast for minimum 200-årsflaum med klimapåslag. e. Garasje i område SVG, f_sv28 og LS22 skal rivast. Retningsgivande plassering av ny garasje er gjeve i plankartet. 3.2.2 Veg (SV) a. Område SV er private tilkomstveger og område f_sv er felles tilkomstveger for eigedomane som har rettighetar knytt til vegen, anten som gjeldande rett eller som regulert i plankartet. b. Område o_sv er offentlege veger. c. Område f_sv2, f_sv3, f_sv4, o_sv9, f_sv10, f_sv12, o_sv14, SV15, f_sv16, f_sv18, SV19, SV20, SV21, f_sv22, f_sv23, o_sv26 og o_sv27 er eksisterande og utbetra veger. d. Område f_sv1, f_sv5, SV6, SV7, f_sv8, SV11, f_sv13, SV17, f_sv24, f_sv25, f_sv28, o_sv29, f_sv30, f_sv31 er nye veger med kopling til eksisterande veger. 3.2.3 Køyreveg (SKV) a. Område o_skv1-2 er eksisterande og utbetra Fv. 48 som er regulert til offentleg køyreveg. b. Eksisterande og nye busslommer inngår i arealet. 3.2.4 Fortau (SF) a. Område o_sf6 er eksisterande og forlenga offentleg fortau. b. Område o_sf1-5 er nytt offentleg fortau. 3.2.5 Gang- og sykkelveg (SGS) a. Område o_sgs1-5 og o_sg7-10 er ny offentleg gang- og sykkelveg langs Fv. 48. b. Område o_sgs6 er ny offentleg gang- og sykkelveg som er kopla til gang- og sykkelveg langs Fv. 48 og gangsti mot skule. 3.2.6 Gangveg/gangareal (SGG) a. Område o_sgg1 er ny offentleg gangveg/gangareal som skal kople o_sgs2 til o_skv1. b. Område o_sgg2 er eksisterande tilkomstveg som er regulert til offentleg gangveg/gangareal. c. Område o_sgg3-4 er eksisterande offentleg gangveg/gangareal. Side 3 av 6 Detaljreguleringsplan for gang-/sykkelveg FV 48 Herøysundet PlanID 1224

3.2.7 Annan veggrunn - grøntareal (SVG) a. Område SVG er annan veggrunn langs Fv. 48, ny gang- og sykkelveg og tilkomstveger. Areala skal nyttast til fyllingar, skjeringar, rekkverk, murar, grøfter m.m. Det kan innanfor areala plasserast veglys, nettstasjonar, rør, konstruksjonar og anna teknisk infrastruktur som høyrer til veganlegget. Areala skal ved ferdigstilling av veganlegget såast til og behandlast på ein tiltalande måte. b. Leskur for buss kan plasserast innanfor formålet SVG med kopling til fortau og busslommer. 3.2.8 Kombinerte formål for samferdselsanlegg og/eller tekniske infrastrukturtrasear (SKF) a. Område o_skf1-7 er offentleg kombinert formål gang- og sykkelveg og veg. 3.3 Grønstruktur ( 12-5, nr. 3) 3.3.1 Turveg (GT) a. Område o_gt er ein del av Den Stavangerske Postveg. Turvegen skal koplast til Fv. 48 (o_skv1). 3.4 Landbruks-, natur- og friluftsformål og reindriftsformål ( 12-5 nr. 5) 3.4.1 LNFR areal for nødvendige tiltak for landbruk og reindrift og gardstilknytt næringsverksemd basert å ressursgrunnlaget på garden (L) a. Område regulert til L sikrar dagens bruk av areala. b. Eksisterande bygg i området som inngår i planen er vist i reguleringsplankartet. c. Føresegner i kommuneplanens arealdel er gjeldande for områda. d. Ny landsbruksveg gjennom L10 er gjeve retningsgivande plassering i plankartet. 3.4.2 Naturformål av LNFR (LNA) a. I område LNA1-2, skal deler av bekk/elv leggjast om. b. Bekke-/elvelaupa skal vere ope fram til kryssing av veger og gang- og sykkelveg, og utformast til å handtere minimum 200-årsflaum med klimapåslag. Utforminga skal gjerast på ein mest mogleg naturgjeve måte, som tek vare på natur- og friluftskvaliteter i vassdraget med vekt på naturlege botntilhøve, kantvegetasjon, kurver og variasjon, samt vurderingar av flaum og erosjon. c. Biologisk, hydrologisk og vassdragsøkologisk kompetanse må takast inn i samband med utforming av tiltaka og gjennomføringa. d. Utforminga skal gjennomførast som ein del av prosjekteringa for det samla veganlegget og godkjennast av NVE. 3.4.3 LNFR areal for spreidde bustader, fritidsbygningar eller næringsbygningar (LS) a. Område regulert til LS sikrar dagens bruk av areala. b. Eksisterande bygg i området som inngår i planen er vist i reguleringsplankartet. c. Føresegner i kommuneplanens arealdel er gjeldande for områda. d. Ny landsbruksveg gjennom LS10 er gjeve retningsgivande plassering i plankartet. Side 4 av 6 Detaljreguleringsplan for gang-/sykkelveg FV 48 Herøysundet PlanID 1224

3.5 Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone ( 12-5 nr. 6) 3.5.1 Naturområde (VN) Områda VN1-10 er eksisterande bekker og elver som skal haldast ope og som ikkje skal snevrast inn ved utbygging av ny gang- og sykkelveg og tilhøyrande utbetring av veganlegg. 4 Føresegner til omsynssoner ( 12-6) 4.1 Frisikt (sone H140) Innanfor sone for frisikt skal det vere fri sikt 0,5 meter over tilstøytande vegar sitt plan, jf. veglova. 4.2 Støysone (sone H210 og H220) Raud støysone frå vegtrafikk er vist som omsynssone H210 på plankartet med skravur. Gul støysone frå vegtrafikk er vist som omsynssone H220 på plankartet med skravur. Til ein kvar tid gjeldande retningslinjer for handsaming av støy i arealplanlegging skal nyttast. 4.3 Faresone, ras- og skredfare (sone H310) Innanfor omsynssone for ras- og skredfare skal det gjennomførast vurdering av skredfare med tilhøyrande sikringstiltak knytt til aktuelt tiltak. 4.4 Faresone, høgspenningsanlegg (sone H370) Høgspenningsanlegg gjeld høgspent luftlinje kv som går langs deler av planområdet. Tiltak innanfor sona skal godkjennast av linjeeigar. Eventuell trong for omlegging av høgspenningsanlegg må handterast i samband med byggjeplan. 4.5 Bevaring kulturmiljø (sone H570) Sona sikrar omsynet til Den Stavangerske Postveg som turveg med historisk verdi, med ei buffersone på 1 m på kvar side. Det skal ikkje gjerast inngrep eller føregå aktivitetar i området som øydelegg eller reduserer verdien til kulturmiljøet. Omsynssona skal sikrast i anleggsfasa. Dersom området vert nytta og det oppstår skadar, skal skadane reparerast og området tilbakeførast til minimum opphaveleg stand samt gjevast ei estetisk god utforming. Ved restaurering og/eller reparasjon skal det vere tett dialog med kulturmynde, der planlagde tiltak skal godkjennast før iverksetting av tiltak. 5 Føresegner til føresegnområde ( 12-7) 5.1 Anlegg- og riggområde (#1-32) a. I samband med opparbeiding av ny gang- og sykkelveg samt utbetring av veganlegget med tilkomstveger og sideanlegg, kan områda nyttast som anlegg- og riggområde så lenge anleggsarbeida er i gang. b. I anleggsperioden skal områda til ei kvar tid vere forsvarleg sikra, og ikkje føre til fare for dei som ferdast i nærområda. Side 5 av 6 Detaljreguleringsplan for gang-/sykkelveg FV 48 Herøysundet PlanID 1224

c. Etter avslutta anleggsperiode, og seinast eit år etter at gang- og sykkelvegen er opna, skal områda gjevast arealbruk i samsvar med arealformål i plankartet og føresegner. Områda skal setjast i stand i samsvar med arealformålet, eventuelt tilbakeførast til slik dei var før inngrepet eller i samsvar med avtale med grunneigar, avhengig av kva funksjon areala skal ha. d. Føresegnområdet kan fjernast frå plankartet administrativt etter at anleggsperioden er over. e. I område #5 og #6 skal det takast særleg omsyn til tilgrensande turveg og kulturmiljø (H570). f. I område #31 skal det takast særleg omsyn til kulturlandskapet. 6 Rekkjefølgekrav 6.1 Før igangsettingsløyve for utbygging av veganlegg a. Det skal gjennomførast fagkyndig geoteknisk vurdering og grunnundersøkingar i samsvar med krava i TEK 17 og plan- og bygningslova. 6.2 Før bruksløyve for veganlegg a. Innanfor omsynssone ras- og skredfare skal det gjennomførast fagkyndig vurdering av skredfare med tilhøyrande sikringstiltak for aktuelt tiltak. b. Eksisterande turveger, gangveger og fortau skal vere kopla til veganlegget som vist i plankartet. c. Handsaming av terreng og tilplanting/tilsåing innanfor annan veggrunn skal vere ferdigstilt. d. Omlegging av bekke-/elvelaup i NA1 skal vere ferdig opparbeidd i samsvar med 3.4.2 og YMplan før del av gang- og sykkelveg som råkar eksisterande bekke-/elvelaup kan takast i bruk. e. Omlegging av bekke-/elvelaup i NA2 skal vere ferdig opparbeidd i samsvar med 3.4.2 og YMplan før ny tilkomstveg f_sv25 kan takast i bruk. 6.3 Andre rekkjefølgekrav a. Veger/avkøyrsler som i plankartet er vist som veger/avkøyrsler som skal stengast, kan ikkje stengast før tilfredstillande tilkomst til bustadene/landbruksarealet/område det gjeld er sikra. b. Etter avslutta anleggsperiode, og seinast 1 år etter at gang- og sykkelvegen er opna, skal rigg- og anleggsområda gjevast arealbruk i samsvar med arealformål i plankart og føresegner. 7 Dokument som får juridisk verknad gjennom tilvising i føresegnene 7.1 Rettleiande a. Tekniske teikningar (A-, B-, C-, D-, F-, GH-, J-, U-, X- og Y-teikningar) datert 26.08.18. b. VA-rammeplan datert 28.02.2018. Side 6 av 6 Detaljreguleringsplan for gang-/sykkelveg FV 48 Herøysundet PlanID 1224