NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53. Kunngjort 26. oktober 2018 kl. 14.15 PDF-versjon 1. november 2018 11.10.2018 nr. 1613 Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 11. oktober 2018 med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) 3-4 første ledd og 4-1 tredje ledd og lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) 2-3 annet ledd. I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: 3-38 skal lyde: 3-38. Rett til dokumentasjon Alle som har fullført grunnopplæringa, har rett til å få opplæringa dokumentert. Elevar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert. Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast. I Privatistar, inkludert praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, som har vore oppe til eksamen eller fag- eller sveineprøve, har rett til å få dette dokumentert. Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon. Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast. 3-42 første og andre ledd skal lyde: Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp. Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst. For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i 1-11 til 1-13, 3-20 til 3-23, 3-44a og 23-1. 3-44 skal lyde: 3-44. Fag-/sveinebrev og praksisbrev Fag- eller sveinebrev blir gitt som dokumentasjon for bestått fag- eller sveineprøve. Praksisbrev blir gitt som dokumentasjon for bestått praksisbrevprøve.
2 For å få fag- eller sveinebrev eller praksisbrev må normalt alle relevante fag og eksamenar vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i 1-13, 3-20 til 3-23, 3-44a og 23-1. Praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb må ikkje ha fellesfag for å få skrive ut fageller sveinebrev. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut fag- og sveinebrev og praksisbrev. Når det blir teikna lærekontrakt, skal fylkeskommunen gjere bedrifta merksam på unntaka nemnde over. Ny 3-44a skal lyde: 3-44a. Unntak ved yrkesfaglege utdanningsprogram Etter søknad kan fylkeskommunen gi samtykke til at elevar og lærlingar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått karakter i inntil to fellesfag, likevel får vitnemål og fag- eller sveinebrev. Tilsvarande gjeld praksisbrev for praksisbrevkandidatar som ikkje har bestått i eit fellesfag. Dette gjeld berre om det ligg føre ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som viser at eleven har store lærevanskar i faget/faga. Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3. Rektor avgjer søknadene frå elevar og lærlingar i fag som gir vitnemål med yrkeskompetanse. Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse. 3-48 skal lyde: 3-48. Fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av fag-, sveine-, praksisbrev- og kompetanseprøva, og for å gjere prøvekandidatane kjende med føresegnene som regulerer prøva. Prøvane skal som hovudregel haldast før utløpet av læretida, men ikkje tidlegare enn tre månader før læretida er over. Kandidatane må fullføre læretida for å få dokumentasjon. Læretida kan forlengjast ved avtale. Prøva skal normalt gjennomførast i den bedrifta lærlingen, praksiskandidaten eller lærekandidaten har hatt hovuddelen av opplæringa, og tilpassast verksemda i bedrifta. Fylkeskommunen kan, etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at heile eller delar av prøva skal haldast på ein annan stad. 3-49 skal lyde: 3-49. Melding til fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve Lærebedrifta eller skolen melder lærlingen, kandidatar for fagbrev på jobb eller eleven til fag- eller sveineprøva første gong. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten til kompetanseprøva eller praksisbrevprøva første gong. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten eller opplæringskontrakten er registrert. For elevar skal meldinga sendast til fylkeskommunen der skolen ligg. Om ikkje fylkeskommunen har motteke melding til prøva to månader før kontraktstida er ute, skal dei ta kontakt med bedrifta/skolen. Kandidatar for fagbrev på jobb skal, der det er fastsett i læreplanverket, ha bestått ein eksamen før lærebedrifta melder kandidaten til fag- eller sveineprøva. 3-50 skal lyde: 3-50. Krav om bestått Før fag- eller sveineprøva kan gjennomførast skal lærlingen eller eleven som hovudregel ha bestått alle fag og eksamenar som er fastsette i fag- og timefordelinga for utdanningsprogrammet.
3 Lærlingar og elevar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, kan likevel få framstille seg til fag- eller sveineprøva. Praksisbrevkandidatar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i eitt fellesfag, kan likevel få framstille seg til praksisbrevprøva. Dersom det ikkje ligg føre vedtak etter 3-44a, må desse lærlingane, elevane og praksisbrevkandidatane bestå faga innan to år etter at prøva er halden for å få skrive ut fagbrev, sveinebrev eller praksisbrev. 3-51 skal lyde: 3-51. Særskilt for praksiskandidatar Praksiskandidatar, jf. opplæringslova 3-5, må sjølve melde seg til fag- og sveineprøva til fylkeskommunen innan fristar fylkeskommunen fastset. Før dei sender melding, skal praksiskandidatane der det er fastsett i læreplanverket, ha bestått ein eksamen. Prøvenemnda kan be praksiskandidaten om forslag til kvar eller korleis fag- eller sveineprøva kan gjennomførast. Praksiskandidaten skal sjølv betale prøveavgifta. 3-52 skal lyde: 3-52. Prøvenemnd for fag- og sveineprøve Prøvenemnda for fag- eller sveineprøva blir oppnemnd og administrert av fylkeskommunen, jf. opplæringslova 4-8. Ho skal ha minst to medlemmer som har formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet, og så langt det er mogleg, har oppdatert arbeidslivserfaring i faget. Fylkeskommunen skal sikre at prøvenemnda har tilfredsstillande kompetanse til å vurdere prøva. Fylkeskommunen skal hente inn forslag til medlemmer i prøvenemnda frå partane i arbeidslivet. Fylkeskommunen kan om nødvendig hente inn forslag også frå andre. Medlemmene må normalt vere eksterne i forhold til lærebedrifta eller skolen der kandidaten har fått opplæring. 3-53 skal lyde: 3-53. Innhald i og omfang av fag- og sveineprøva Prøvenemnda har ansvaret for utforminga av fag- og sveineprøva. Lærebedrifta, eventuelt skolen som alternativ til opplæring i bedrift, kan komme med forslag til arbeidsoppgåver. Fag- og sveineprøva skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget etter læreplanen for opplæring i bedrift. Alle kompetansemåla i læreplanen for faget skal kunne prøvast. Prøvenemnda skal syte for at kandidaten får vist om han eller ho har den kompetansen som skal til for å få fag- eller sveinebrev i faget. Fag-/sveineprøva skal prøve kandidaten i å planlegge, gjennomføre, vurdere og dokumentere eit eige fagleg arbeid. Fag- eller sveineprøva skal vere tilpassa tidsramma som er fastsett for prøva i læreplanen, slik at det er mogleg for kandidaten å utføre eit arbeid av god kvalitet. Dei hjelpemidla kandidaten har brukt i læretida, kan òg nyttast under prøva. Prøvenemnda og kandidaten skal ved behov ha ein oppsummerande samtale til slutt for å avklare spørsmål som har oppstått under prøva. Prøvenemnda skal samstundes med oppgåva utarbeide eit grunnlag for vurderinga av kandidaten sitt arbeid med fag- eller sveineprøva. Hovudpunkta skal gjerast klare for kandidaten.
4 3-54 skal lyde: 3-54. Gjennomføring av fag- og sveineprøva Heile prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved prøvestart og prøveslutt. Ved prøvestart skal prøvenemnda levere oppgåva til kandidaten. I prøveperioden skal prøvenemnda sjølv vurdere kandidaten sitt arbeid. Fylkeskommunen er ansvarleg for at det blir ført tilsyn under heile prøva, for å sikre at prøva blir halden i tråd med føresegnene. Prøvenemnda skal føre protokoll der dei ulike sidene ved prøvegjennomføringa blir dokumenterte. Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han kan gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling. 3-55 skal lyde: 3-55. Samla krav til praksis før fag- eller sveineprøve for kandidatar for fagbrev på jobb For kandidat for fagbrev på jobb, er det mogleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis og opplæring. Samla krav til praksistid og opplæring før fag- eller sveineprøva skal ta utgangspunkt i lengda på lærefaget. For dei fleste faga vil det seie fire år i heiltidsstilling. Fylkeskommunen avgjer om den praksisen kandidaten viser til, kan godkjennast. Før teikning av kontrakt, skal det stillast krav om minimum eitt års allsidig praksis i faget i heiltidsstilling. For kandidatar som ikkje har hatt heiltidsstilling, må praksisen reknast om til 100 prosent stilling. Ein stillingsbrøk på 80 prosent godkjennast som heiltid. Når ein teiknar kontrakt, skal det gjerast frådrag for det året med praksis som er kravd, og for eventuell realkompetanse, før ein inngår kontrakten. Det er likevel eit krav om ei minste kontraktstid på eitt år. 3-56 skal lyde: 3-56. Utarbeiding, innhald og vurdering av praksisbrevprøva og kompetanseprøva Fylkeskommunen har ansvaret for at praksisbrevprøver og kompetanseprøver blir utarbeidd og vurdert. Praksisbrevkandidatane skal prøvast i måla som er fastsette i den lokale læreplanen i faget. Lærekandidatane skal prøvast i dei opplæringsmåla som er fastsette for dei, jf. opplæringslova 4-4. Innanfor dei rammene som måla set, skal prøva utarbeidast og gjennomførast etter same prinsipp som for fag- og sveineprøva, jf. 3-54 og 3-55. Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla som er fastsette for kandidaten eller i den lokale læreplanen. Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i 3-4 sjette ledd, brukast. Tidligere 3-61 blir 3-57. 3-58 skal lyde: 3-58. Ny fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve Dersom fag-, eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva ikkje er bestått ved første forsøk, kan lærlingen, eleven, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb innan seks månader etter prøva melde seg til ei ny prøve. Kontrakten kan forlengjast i avtale mellom lærebedrifta og lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb. Fylkeskommunen har ansvaret for å gjennomføre prøva og skal dekkje utgifter lærebedrifta har med gjennomføringa. Lærlingar som ikkje består fag- eller sveineprøva ved andre forsøk, vil bli praksiskandidatar. Dersom ein praksiskandidat ikkje består fag- eller sveineprøva, kan han eller ho melde seg til ny prøve. Denne kan
5 tidlegast takast seks månader etter prøva som ikkje var bestått. Praksiskandidatar må sjølve melde seg til ny prøve, og betale ny prøveavgift. 3-60 skal lyde: 3-60. Utsett fag-/sveineprøve og kompetanseprøve Ein lærling, elev, praksiskandidat, lærekandidat eller kandidat for fagbrev på jobb som har dokumentert fråvær ved fag-/sveineprøva eller kompetanseprøva, har rett til å framstille seg til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast så snart det er praktisk mogleg. Fråvær frå prøva blir rekna som dokumentert når lærlingen, lærekandidaten, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb er hindra frå å stille til prøva, når hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Kandidaten må leggje fram dokumentasjon på dette. Praksiskandidatar må sjølve melde seg til utsett fag- eller sveineprøve. 3-64 til 3-66 blir ny 3-61 til 3-63. 3-67 oppheves. 3-68 blir 3-64. 4-35 skal lyde: 4-35. Unntak for deltakarar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram Etter søknad kan skoleeigaren gi samtykke til at deltakarar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått karakter i inntil to av fellesfaga, likevel får vitnemål som gir yrkeskompetanse. Dette gjeld berre om det ligg føre ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogiskpsykologiske tenesta som viser at eleven har store lærevanskar i faget/faga. Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3. Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse. 11-8 skal lyde: 11-8. Generelt om godskriving 11-9 til 11-15 gir reglar om kva som kan godskrivast som gjennomgått opplæring eller praksistid a) for praksiskandidatar, jf. opplæringslova 3-5, kandidatar for fagbrev på jobb eller b) ved godkjenning av lærekontrakt eller opplæringskontrakt med unntak frå opplæringsordninga i faget, jf. opplæringslova 3-3 fjerde ledd. Som gjennomgått opplæring skal ein òg rekne med oppnådd kompetanse etter realkompetansevurdering jf. 4-13 eller etter eksamen bestått som privatist. Det kan ikkje gjevast godskriving etter 11-10 til 11-12 når det vert gjeve godskriving etter 11-13 eller 11-14. Fylkeskommunen vurderer den framlagde dokumentasjonen og gjer vedtak i samsvar med 11-9 flg. 11-9 skal lyde: 11-9. Fellesfag Praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb er fritekne i fellesfaga for å få utferda fag- eller sveinebrev, jf. 3-67 femte ledd.
6 11-10 skal lyde: 11-10. Gjennomgått vidaregåande opplæring i skole i Kunnskapsløftet Reglane nedanfor gjeld for godskriving i læretida for lærlingar og lærekandidatar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Vg1 i utdanningsprogrammet for det aktuelle lærefaget (ordinært løp eller godkjent kryssløp), blir godskrive med eitt år. Alle andre Vg1 blir godskrive med 1/4 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år. Vg2 som er fastsett for det aktuelle lærefaget (ordinært løp eller godkjent kryssløp), blir godskrive med eitt år. Andre Vg2 i det utdanningsprogrammet som er fastsett for det aktuelle lærefaget blir godskrivne med 1/2 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år. Alle andre Vg2 blir godskrivne med 1/4 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år. Vg3 i skole som byggjer på det same Vg2 som det aktuelle lærefaget, blir godskrive med 1/2 år, og inntil 1 år dersom læretida i faget utgjer meir enn 4 år. Andre Vg3 blir ikkje godskrivne. 11-11 skal lyde: 11-11. Gjennomgått vidaregåande opplæring i skole før innføringa av Kunnskapsløftet Reglane nedanfor gjeld for godskriving i læretida for lærlingar og lærekandidatar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Grunnkurs som i forhold til det aktuelle lærefaget kan likestillast med aktuelt Vg1 i Kunnskapsløftet blir godskrive med eitt år. Andre grunnkurs blir godskrivne med 1/4 år, men dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget kan godskrivinga aukast ytterligare med inntil 1/4 år. VKI som i forhold til det aktuelle lærefaget kan likestillast med aktuelt Vg2 i Kunnskapsløftet blir godskrive med eitt år. Andre VKI blir godskrivne med 1/4 år, men dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget kan godskrivinga aukast ytterligare med inntil 1/4 år. VKII innan same fagområde som det aktuelle lærefaget blir godskrive med inntil 1/2 år avhengig av kor relevant den gjennomgåtte opplæringa er i forhold til lærefaget, og inntil 1 år dersom læretida i faget utgjer meir enn 4 år. Andre VKII blir ikkje godskrive. 11-12 skal lyde: 11-12. Tidlegare læretid eller praksistid Allsidig, dokumentert praksis i tilknyting til det aktuelle lærefaget, blir godskriven fullt ut som læretid for lærlingar og lærekandidatar og som praksistid for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Før praksiskandidaten kan gjennomføre fag- eller sveineprøva etter opplæringslova 3-5, må praksisen etter ei samla vurdering dekkje dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for opplæring i bedrift/vg3 i lærefaget. Dersom ein lærling eller elev ikkje gjennomfører eller ikkje består fag- eller sveineprøva etter reglane for slike prøvekandidatar, kan vedkommande melde seg til fag- eller sveineprøva etter reglane som gjeld for praksiskandidatar når kravet om eit tillegg i tid på 25 prosent i opplæringslova 3-5 er oppfylde eller etter reglane for kandidatar for fagbrev på jobb.
7 11-13 skal lyde: 11-13. Tidlegare bestått fag- eller sveineprøve i Kunnskapsløftet Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på det same Vg2 som det aktuelle lærefaget, blir godskrive med 3 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på eit anna Vg2 innanfor det same utdanningsprogrammet som det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Bestått fag- eller sveineprøve i fag innanfor andre utdanningsprogram enn det aktuelle faget blir godskriven med inntil 1/2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget. 11-14 skal lyde: 11-14. Bestått fag- eller sveineprøve før Kunnskapsløftet Bestått fag- eller sveineprøve i fag som kan likestillast med det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 3 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Bestått fag- eller sveineprøve i fag som slektar på det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Bestått fag- eller sveineprøve i andre fag blir godskriven med inntil 1/2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget. I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova blir det gjort følgjande endring: 3-43 skal lyde: 3-43. Unntak for elevar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram Etter søknad kan dagleg leiar gi samtykke til at elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått karakter i inntil to av fellesfaga, likevel får vitnemål som gir yrkeskompetanse. Dette gjeld berre om det ligg føre ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogiskpsykologiske tenesta som viser at eleven har store lærevanskar i faget/faga. Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3. Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse. II III Endringane trer i kraft frå og med 25. oktober 2018.