Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.



Like dokumenter
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Plassebakken Barnehage

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for Rosa september 2014

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månedsbrev april 2015

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Hei alle sjøstjerneforeldre

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

«Ny Giv» med gjetarhund

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Plassebakken Barnehage BA

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månedsbrev Bikuben mai 2016

Fysisk aktivitet og kosthald

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad.

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

En moderne vri på geitekillingen som kunne telle til ti

mmm...med SMAK på timeplanen

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Sommartur til Sverige,

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

6. trinn. Veke 24 Navn:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Plassebakken Barnehage

Veke 48 og 49 Knubben

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Kva er økologisk matproduksjon?

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

INFORMASJON om førestellinga:

I dag, måndag 16. februar, er det klasseforeldremøte kl i klasserommet.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Tilbakeblikk på mars:

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

I APRIL HAR VI: IKT:

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!!

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

oppskrifter Grove kornprodukt Innhald havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Barnehageåret

HÅ KOMMUNE BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

Månadsplan for Hare November

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Transkript:

RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter vart vaska og innsatsen var kjempe stor. Elevane vart litt våte men kva gjer vel det når veret var så flott. Kålrot vart tørka av og sjekka om det var salsvare. Pannekake steiking var ein populær aktivitet. Med egg frå frittgåande høner og mjølk frå tanken kunne ikkje resultatet vorte betre. Elevane åt og koste seg ute i sola. Nokon vart så flinke at dei snudde pannekakene i lufta. Fjøs aktiviteten var kjekk. Elevane fekk helse på kalvane «sine» og gje dei stell. Dei vart også målt og elevane fann ut at dei hadde vakse sidan sist. Så fekk dei sjå dei store oksane. Dei var ganske livlige når dei fekk besøk i fjøset, og nokon av elevane vart litt skremt. Me hadde ein flott dag i strålande sol. Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her steiker me pannekaker : Marius, Tony, Janne(lærar) og Jørgen Nedanfor ser me Silje og Amoline som sjekker kålrot.

Fantastisk utsikt på Åse. Her ser me utover Hardangerfjorden. FREDAG 21/10-05 Etter mykje forarbeid var dagen endeleg der. Elevane skulle selja grønsakene sine! Dei var litt usikre på om nokon andre enn foreldra kom. Men den store marknadsføringa hadde nådd fram. Det var kø frå dei starta å selja til dei pakka saman. Resten av grønsakene vart selt på lærarrommet. Elevane brukte vekt til å vege talet på kilo kundane ville ha og så måtte dei rekne ut frå kilopris. Det vart litt kalkulator, men ein del hovudrekning med gongetabellen. Elevane kunne stolt telje til over 1500 kr på 3 timars sal.

Her sel Carl, Daniel, Amoline, Frances og Kurt David grønsaker TYSDAG 08/11-05 Ny tur til Åse. I dag skulle elevane bruke grønsakene dei hadde og laga ulik type mat. Det vart gulrotkake og potetkake. Me laga også banankake, men bananen var kjøpt på butikken:) Me var så heldige at Hildegunn Måge kunne laga potetkaker, så då kunne ho læra oss det. Kunsten var å få kakene tynne nok..., det gjekk kjempebra. Det var flotte potetkaker som vart serverte til lunsj den dagen. På kjøkenet vart det raspa gulrot til nye kaker og banane vart mosa. Det var mjøl og gulrot på heile kjøkenet. Her ser me Kjetil og Tor Andrè på kjøkenet.

Medan nokon var i kjellaren å baka potetkaker og nokon på kjøkenet å baka kaker, var ei gruppe i fjøset å helsa på kalvane og ei gruppe tova sitjeunderlag. Sitjeunderlaga skal me bruka når me er på tur. Dei vart så flotte, med smilefjes og fine fargar. Nok ein innhaldsrik dag på Åse var over. Hildegunn og Ida kjevler og steiker potetkake.

Berit hjelp elevane med tovinga.(matias, Kjetil, Tor Andrè, Stian og Kenneth) TORSDAG 17/11-05 Me hadde fått invitasjon til Granvin slakteri. Den sjansen kunne ikkje gå i frå oss, slakteriet vart nedlagt 31.11.05. Dette var eit unik høve for elevane å sjå kva som skjedde med dyr som vart sende til slakt. Me starta med å sjå skinna som kom ned i kjellaren. Skinnet vart lagd på gulvet med mykje salt på. Dei fekk sjå ein arbeidar i aksjon. Dette skinnet skulle vidare til møbelfabrikkar som skulle bruke dei til møblar. Turen gjekk vidare til fjøset. Der vart dyra frakta inn og venta på tur før dei vart slakta. Så kunne me stå oppe i hallen å sjå ned på slaktinga. Her har me: Matias, Amoline, Frances og Silje der skinna kom ned. Det lukta litt.

Her er me på omvisning med ein representant frå Gilde. TORSDAG 15/12-05 Nå var det siste turen til Åse før juleferien. Me hadde lagt inn fysisk fostring på planen. Derfor bar turen til fjells. Me gjekk til Nygårdstølen. Det var ein flott tur og det smakt godt med vatn frå Omaelva. Me var eigentlig på jakt etter skogsnissen, men me fann han ikkje. Etter at me hadde fått pusten igjen og elevane hadde leika litt gjekk me tilbake garden på Åse. Dei hadde dekka eit flott langbord til oss på låven med levande lys. Det var så fint. Me fekk god graut og me åt til gryta var tom. Det var Hildegunn som hadde jobba medan me var på tur. Då me sat og åt opna det seg plutseleg ei luke i golvet. Det var nissen. Han hadde ein stor sekk med ein pakke til kvar elev og til oss vaksne. Det var blant anna mandarin og sjokolade. Nygårdstølen

Her et me graut medan nissen delar ut pakkar. Takk for denne gang. Helsing 3.,4. og 5. klasse ved Strandebarm Skule