Spirenytt. visjonar - vekst - tankar - idéar - samarbeid - mot - kunnskap - skaparglede



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Brukarrettleiing E-post lesar

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Plassebakken Barnehage

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Brukarrettleiing. epolitiker

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»


Kva kompetanse treng bonden i 2014?

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

IKT-kompetanse for øvingsskular

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

ehandel og lokalt næringsliv

Rådgjevarkonferanse 2009

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

mmm...med SMAK på timeplanen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Rådgjevarkonferanse 2010

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

For å vinne må modellen vere perfekt i morgen tidleg. Kven har tid til å styre med bank og forsikring?

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Informasjonshefte Tuv barnehage

Søking til skuleåret

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Referat frå MINTA møte

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Rådgjevarkonferansen 2009

Pedagogisk plattform

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Lønnsundersøkinga for 2014

Kom skal vi klippe sauen

Fysisk aktivitet og kosthald

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Respekt på Rommetveit skule


Med god informasjon i bagasjen

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

REFERAT. Sak 52/09 Rekneskap pr. november 2009 Frode orienterte om rekneskapsrapporten pr som vart lagt fram for styret.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Transkript:

visjonar - vekst - tankar - idéar - samarbeid - mot - kunnskap - skaparglede Visjon: Finnøy Næringshage skal vere regionens mest skapande næringshage. Finnøy Næringshage skal vere Norges leiande blågrøne næringshage. Spirenytt Utgave 1, nov. 2008 Dagleg leiar i Finnøy Næringshage er stolt over å presentera Spirenytt. Her kjem næringslivet til å informere folk i Finnøy kommune. Side 2 39 ungdommar og 14 bedrifter i Finnøy er med på praksis-ordninga Læring i Næring. Elisabeth Nordbø i Finnøy Næringshage er særs nøgd med både næringsliv og elevar. Side 5 Det årlige avløysarkurset for 10. klassingane vert nå arrangert. Dette er tida for å lære opp din eigen avløysar, er oppfordringa frå Arne Madland i Finnøy og Rennesøy Landbrukstenestar. Side 8 Heidi Skifjell oppmodar andre og til å ta spenstige hopp inn i framtida. Dette må likevel gjerast med så god førebuing og organisering som råd er. Det er det me i Finnøy Næringshage har kompetanse til å hjelpe dykk med. Side 11

Dagleg leiar har ordet Finnøy Næringshage vil gje ut eit informasjonsskriv til alle husstandar med aktuell informasjon og tilbod på næringslivsida i Finnøy. Me har kalla skrivet for Spirenytt, nettopp for å synleggjera noko av det som spirer og gror i vår kommune, og for å samla nokre av tilboda ulike verksemder ønskjer å informera om. Ein kan i eit slikt skriv sjølvsagt ikkje visa fram alt som skjer. Ulike verksemder får tilbod om å informera gjennom Spirenytt, og kven som gjer det vil variera frå gong til gong. Frå oppstarten av Finnøy Næringshage for litt over eit år sidan og fram til no har det vore, og er mykje aktivitet på gong. Dette gjeld aktivitet og fornying i eksisterande verksemder i kommunen, samt heilt nye idear for ulike verksemder. Til å vera ein så liten kommune er det mykje som spirer og veks. Det er me stolte av, alle me som jobbar kvar dag for å utvikla næringslivet i vår kommune. I Finnøy Næringshage er det samla ulike verksemder knytta til blågrøne næringar (landbruk, havbruk og reiseliv). Saman med Finnøy kommune, Rogaland Fylkeskommune, staten og lokale samarbeidspartnarar jobbar me for å styrka eksisterande næringsliv samt utvikla nye verksemder. Det er ikkje berre bedrifter lokalisert i næringshagen som er knytta til Finnøy Næringshage. Nei. Finnøy Næringshage er for alle næringar i heile kommunen. Me skal vera eit kraft- og kompetansesenter innan blågrøne næringar, noko vi er i ferd med å etablera via fleire satsingar. Har du ein idé du vil drøfta, -går du med ein etablerar i magen, -kanskje du vil styrka di eiga verkesmd eller du berre er nysgjerrig? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale. Meir informasjon om vårt tenestetilbod finn du på www.synlegogstolt.no Eller du kan ringa 51 71 45 15. Me er her for alle bransjar!! Med helsing Heidi Skifjell Dagleg leiar i Finnøy Næringshage Den lille raude med fleire bruksområde Den lille raude? Me snakkar sjølvsagt om tomatene våre som vi er så stolte av. I oktober synte vi dei fram på Norge Rundt. No jobbast det både med å vidareutvikle våre eigne tomatprodusentar samt foredla sorteringstomata. Heidi Skifjell Finnøy er den største tomatprodusenten i landet med sine 44% av produksjonen i landet. Vi har gjennom dei siste 80 åra utvikla ei næring det står stor respekt av. Fleire dyktige personar har gjort sitt til at vi i dag dyrkar kjærlighetsfrukta i stort monn. Denne hausten arrangerar eit toårig veksthusprosjekt med deltakarar både frå Finnøy og Rennesøy eit heilt nytt lite studie som har fått namnet gartnerakademiet. På Norconserv i Stavanger blir det for tida testa ut ein tomatsaus. Ein går profesjonelle prosessar for å få lage eit kvalitativt godt produkt. I tomatsesongen vert det kasta omkring 100 tonn med tomatar i Finnøy og Rennesøy då dei ikkje har den rette fasongen eller følgjar kvalitetskrava for sal. Dette måtte vi sjølvsagt gjera noko med i tomatkommunane våre. Dei unge har også engasjert seg i å nytte tomatane til nye produkt. På tomatfestivalen dette året vann Ruth Halleland Mikalsen (9 år) juicekåringa. Eit av krava i konkurransen var blant anna å nytte tomata i juiceproduksjonen. Vi i næringshagen hadde gleda av å få smake på juicen på ein av våre samlingar i slutten av oktober. På Norge Rundt såg vi også andre produksjonar synt fram, så som tomatsyltetøyet til Marit og Marian på Vignes, tomatisen til Sofie Bjerga og andre foredla tomatprodukt. Turid Nordbø frå Finnøy skriv for tida på ein heilt ny bok. Kva skal den handla om mon tru? Tomatar frå Finnøy sjølvsagt. Boka skal blant anna ta for seg tomathistoria, syne 80 ulike oppskrifter med tomat som ingrediens, flotte bilete, helsegevinsten ved å eta tomatar og mykje meir. Visste du at: I Finnøy vert 44% av alle tomatene i Noreg produsert. I Finnøy bur det om lag 200 000 høner. Me er Norges nest største eggkommune. Me har ei eiga næringsforeining, med 78 medlemsverksemder knytta til denne organisasjonen. Sjå: www.finnoy.info Falkeid Shipping AS fekk næringsprisen i 2008. Spirenytt side 2

Coop Marked Finnøy 8.30-20 (18) Bestill Julekoldtbord hos Coop Finnøy Pr. pers 210,-/260,- Min. 10 pers. Bestill porsjoner med Med priser fra 26,- til 45,50 pr. pers. Alltid gode tilbud Riskrem, risgrøt og rømmegrøt til juleavslutning i forening, off. etater, styremøter ol. Bestill på: 51 71 44 00 Spirenytt side 3

OKTOBER 31 KVEN BLIR FINNFAST-BARNET Feståret 2009 VAMP-konsert 2009 OKTOBER 31 DESEMBER? APRIL 1 AUGUST 31 Sundag 7. desember kl. 18.00 i Finnøy Fleirbrukshall DESEMBER 7 Billettar kan kjøpast hjå Finnøy Blomster, Kaihuset eller IT-Finnøy. Dei kan også bestillast på it@hesbynett.no eller tlf. 51 71 45 15. Prisar: Enkeltbillett Familiebillett kr. 325,- inkl. serviceavgift kr. 900,- (kun kjernefamilie) 2008 OKTOBER 31 Sponsorar: IT-Finnøy as Judaberg, 4160 Finnøy IT-Finnøy as Arrangør: Finnøy kommune/finnøy Næringsforening Spirenytt 51 71 05 31 side 4

Finnøy med i Læring i Næring For at ungdom skal få kjennskap til lokalt næringsliv og ulike yrkesretningar, har Finnøy Næringshage i samarbeid med Finnøy Kommune og Næringslivet i Finnøy gitt motiverte og engasjerte ungdommar i 9. klasse høve til å få praksisplass i bedrifter. Elisabeth Hauge Nordbø Me veit at mange ungdommar i dag ikkje veit kva jobbar som fins i nærmiljøet eller generelt, ja, mange ungdommar veit kanskje ikkje eingong kva foreldra jobbar med. Då vert det vanskeleg å velja ein utdanning som skal føre til ein jobb ein kan trivast i. I skulen har dei tatt tak i dette, slik at det har blitt oppretta eit fag som heiter Utdanningsval, som skal hjelpe elevane til å få oversikt over kva utdanning dei har høve til å ta, prøve seg i vidaregåande skule på dei linene som dei trur passar for dei og får prøve seg i ei bedrift som har denne utdanninga som utgangspungt. Arbeidskraft for framtida Finnøy Næringshage, kommunen og bedriftene i kommunen vår ønskjer at ungdommane etter endt utdanning skal sjå mulighetene for jobb i kommunen vår, i eksisterande bedrifter eller kanskje starte eigne bedrifter her i Mjølkeprosjektet kommunen. For starting av eigne bedrifter har næringshagen arrangert Etablerarverkstad for 9. klassingane. Læring i Næring har som mål at ungdommane i Finnøy skal vite kva muligheter dei har til å få jobb i Finnøy etter endt utdanning Eit anna mål er at ungdommane skal få prøve å jobbe i ei bedrift som dei har interesse for, slik at dei kan få røynsle med denne jobben. Jobbsøkingsprosess Me vil at dei allereie i 9. klasse skal kjenne til prosessen som ein må gjennom for å få seg ein jobb: I staden for jobbannonser inviterer vi bedrifter i Finnøy til å komme på skulen å presentere seg sjølv, sei litt om kva ungdommane kan få jobbe med i deira bedrift og kva form for utdanning ungdommane kan ta for seinare å få jobb der. Det er som regel fleire utdanningsgreiner som er representerte i ei bedrit. Neste steg er at elevane går på bedritsbesøk for å sjå korleis det er i bedriften og få enda meir informasjon. Etter bedriftsbesøka, skal elevane sende inn søknadar til ei eller fleire bedrifter der dei kan tenkje seg å jobbe. Ut frå søknadane tek bedriftene kontakt med dei ungdommane dei ynkjer å tilsette og intervjuar dei Finn bedrifa ein ungdom som er engasjert og motivert for det bedrifta held på med, skriv dei kontrakt med han/ho. Ungdommane skal bruke fritida si på dette, skuleferiar, helger eller ettermiddagar. I utgangspunktet er det snakk om til saman 37 timar i løpet av skuleåret, men dette er berre eit minstekrav. Dei involverte partane kan bli einige om meir enn dette. Oppfølging To gonger i løpet av året vil ein representant frå Finnøy Næringshage gå på besøk til bedriftene å få ei tilbakemelding om korleis samarbedet går. I slutten av året har me ei evaluering, slik at ungdommen, bedrifta og me kan retta på ting som ikkje fungerar bra, og behalde dei tinga som fungerar. Me har fått gode tilbakemeldingar på dette opplegget både frå elevar og bedrifter. I år er prosessen kommen så langt at me har hatt presentajon på skulen 39 ungdommar har vore på eit eller fleire bedriftsbesøk. Då er det intervju og tilsetting som står att. Håper på fleire Er det bedrifter som no les dette og tenkjer at dette er ikkje me blitt inviterte til, dette skulle me likt å vera med på,- ta kontakt med Elisabeth Hauge Nordbø i Finnøy Næringshage, slik at me kan få dykk med til neste år Med meir mjølk i tankane Målsettinga med prosjektet er å skapa og sikra ein framtidstretta mjølke- og storfe-kjøtproduksjon i Finnøy og Rennesøy kommune. eit godt sosialt liv og ei akseptabel timelønn. Vera kunnskapsformidlar omkring sam- hovudmålet. Gjennom dette samarbeidet mellom sentrale organisasjonar i kommunane er det også eit delmål at når 3-års perioden er over, har vi skapt eit tettare samarbeid mellom bonden sine rådgjevarar innafor meieri, slakteri, forsøksringane, FMLA, Innovasjon Norge, rekneskaps- og landbrukskontora våre. drifter, samarbeidsløysingar, organisasjonsformer og bygningsinvesteringar samt Bjørn Steinar Nesheim byggja eit kompetansenettverk rundt bonden som utbyggjar og som samdriftsbonde i 3-års perioden, som skal vera operativt også etter prosjektperioden. Delmål Stimulere og motivere til genera-sjon- Fornying av bygningane og driftsappara- sskifte. Bjørn Steinar Nesheim er prosjekt-leiar. tet til mjølkebruka. Han kjem gjerne heim til deg for ein Finna og hjelpa fram gode utbygging- Prosjektet skal gjennomførast på ein dynamisk uforpliktande samtale. Heilt gratis! sprosjekt i kommunane. og fleksibel måte. Slik at når føresetnadar og Stimulera til framtidsretta arbeids- rammer endrar seg innafor landbruket i denne Mjølkeprosjektet, Finnøy Næringshage, former i mjølkeproduksjonen som gjev 3-års perioden skal prosjektet heile tida arbeida 4160 Finnøy. Tlf: 91301945 bonden høve til ei normal arbeidstid, med dei viktigaste avgrensingane for å nå E-post: bjorn.steinar.nesheim@tine.no Spirenytt side 5

2009 - ER DU FØREBUDD? Har du budsjettet klart for 2009? Treng du hjelp? Finnøy Økonomi har kompetanse på dette og lagar gjerne ein avtale med deg. Tolli H. A. Frestad Årsskiftet? Ja, det er like om hjørnet. 2008 nærmar seg allereie slutten, og da er det tid for å begynne å førebu seg for 2009. Korleis førebu seg for 2009? Budsjettering er eit viktig styringsverktøy i denne samanhengen. Dette får deg til å gå i detalj på korleis du forventar utviklinga for ditt føretak i 2009. Korleis budsjettere? Når ein budsjetterer er det viktig å ta omsyn til alle faktorar for den kommande driftaog flette dette vidare over i rekneskapet. Rekneskap og drift går hand i hand. Eit godt budsjett hjelper deg til å halde betre kontroll over kostnader og inntekter samtidig som det motiverer deg til auka produktivitet. Korleis få hjelp? Ta kontakt med oss på Finnøy Økonomi AS, så avtaler vi ei tid for å hjelpe deg. REKNESKAP - RÅDGJEVING - ØKONOMISTYRING Medlem NARF - Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening REKNESKAP Tlf: 51-71 RÅDGJEVING 45 00 - fax: - 51 ØKONOMISTYRING 71 45 01 Medlem NARF - Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening Etablerarverkstaden Tlf: 51 71 45 00 - fax: 51 71 45 01 Etablerarverkstad er ein verkstad for dei unge med idear og oppfinningar. Heidi Skifjell Finnøy Nærinshage startar no saman med Finnøy kommune eit heilt nytt tilbod til ungdom. Etablerarverkstaden er tenkt å vere eit fritidstilbod for ungdom mellom 14-20 år i bedriftsetablering i ungdomsbedrift på fritid (kan vere ein forlenging av elevbedrifter på skulen), ein arena for nye idear, ulike prosjekt og tiltak sett i gong av ungdom i denne alderen. Felles for aktivitetane i verkstaden er at dei skal vera kreative, skapande, samarbeidande og at ungdom som kjem saman kan vere bidragsytarar i lokalsamfunnet. Døme på aktivitetar er: Ungdomsbedrifter Konserter tilrettelagt av ungdom Aktivitetstilbod tilrettelagt av og for ungdom Visste du at: Me produserer storfekjøtt, mjølk, kylling, svin, lam, frukt og grønsaker m.m. Ryfylke Livsgnist si Vandring i bedehusland hadde i 2007 over 2700 besøkande. Me var i oktober på Norge Rundt og synte oss stolte fram med tomater, syltetøy, is og andre foredla tomatprodukt. Eit replika av Sluppen Resturation, eit av dei fremste symbola for den norske utvadringa til Amerika på 1800 og 1900- talet, vert bygd av båtbyggar Jørn Flesjå på Judaberg. Musikk, bilete og media Ungdomskafé Musikalar Idéverkstad Jobbsentral Oppfinnar-idear og utvikling av desse Etablerarmesse/utsal Interesserte kan ta kontakt med Finnøy Næringshage. ExcelkurspåITloftetpåBjørkhaug torsdag4.desemberkl.19:00 21:15. Del1:Lagetabeller Innføringpåtabelloppsett Del2:Redigereogformatereregneark RedigermenyenFormatmenyen Del3:Brukavformler BrukavformleriExcelReglerforbrukavformler Feilmeldingeriformler Del4:Diverse UtskriftsformatTopptekstogbunntekst ForhåndsvisningAvsluttendekommentar Påmeldingtil: ElisabethHaugeNordbø,FinnøyNæringshage, innan02.12.08.ring51714514eller sendeinemailtil:elisabeth@synligogstolt.no DetvertsettoppPowerPointkursetterjulmed vektpådetålagemalar.meldgjernediinteresse. Mekjemutmednærareinformasjonrettovernyttår. Følgmedpånettsidavår:www.synlegogstolt.no Spirenytt side 6

UFORGLEMMELIGE OPPLEVELSER Bratte stup og dype daler. Store inntrykk og nye tanker. Våre båtturer gir deg opplevelser du aldri vil glemme. Vil du være med? De norske fjordene er kåret til verdens beste reisemål i kategorien naturopplevelser. Lysefjorden og Preikestolen er kanskje den mektigste opplevelsen av dem alle. Vi har faste avganger hele året. Inntil 3 avganger i høysesongen. På firmatur med oss står opplevelsene i kø. Vi har lang erfaring og mange gode samarbeidspartnere. Sammen vet vi hva som skal til for at dere skal få en uforglemmelig tur. TLF. +47 51 89 52 70 MAIL@RODNE.NO WWW.RODNE.NO Spirenytt side 7

INFO Finnøy og Rennesøy Landbrukstenester Arne Madland Til avløysaren Lønn: * Frist for innlevering av timar 1. arbeidsdag i mnd. På konto seinast den 12. i mnd. * Timelister må vera underskrivne av både avløysar og brukar. Før du skal levera inn får du underskrifta av den du jobbar for. Bonden får den raude kopien, sjølv tar du den gule, Avløysarlaget vil ha den kvite delen. Då er det lettare dersom noko er uklart seinare. Avløysarlaget arkiverer alle timelister. Skriv på timelønn/helgelønn og summer timane. * Ved lønn 1. gong skattekort og kontonummer Avløysarkurs Treng du avløysar? Kvart år på hausten har me kurs for 10 klasse i Finnøy og Rennesøy. Dersom du treng avløysar i helger eller feriar så ta kontakt. Etter avløysarkurset tilbyr med praksisplass ut skuleåret. Treng du avløysar kan du rekrutere ein etter kurset. Rekrutering av avløysarar er langsiktig arbeid, nytta anledninga. Utanlandske arbeidarar Må ha: * Opphald/Arbeidsløyve - skattekort kontonr - arbeidskontrakt(det er nå krav om arbeidskontrakt på eige språk, Avl. laget har det). Dersom du er usikker på dette, ta kontakt! * Timelistene skal vera underskrivne av arbeidar og brukar. * Skriv på lønn og evt overtidstimar. Summer timane. NB!! * Me har hatt kontroll ifrå Arbeidstilsynet. Arbeidskontrakt og overtid var emne. Meir enn 9 t. dag eller 40 t. veke må betalast med 40% overtid. NB!! Alle lister med overtid blir automatisk utbetalt med overtid! Norsk-kurs Dersom du har utanlandske arbeidarar, meld dei på kurs. Spreieareal Har du ledig spreieareal? Ta kontakt, dersom du vil ha fjørfegjødsel. Du må ha ledig spreieareal for å få fjørfegjødsel. Me hjelper med å finne kva spreieareal du har ledig. Ta kontakt på tlf 51 71 45 20 51 72 33 45 el 95 73 54 02 Ryfylkespelet - ryfylksk lagbygging Bli med på spanande tomatjakt mellom fjordar og fjell - med verdas største Ryfylkekart som spelebrett! Kontakt Leif Arild Steen Mobil: 916 15 420 E-post: leif@ryfylkelivsgnist.no www.ryfylkelivsgnist.no Spirenytt side 8

Før juls kupp! Før 1.645,- NÅ KUN KR. 795,- Før 1.645,- NÅ KUN KR. 795,- Varige verdier DIN LOKALE GULLSMED Måndag - laurdag 09.00-16.00 Kveldane dersom me er heime Tlf. 51 71 26 72 www.solvsmed.no FOLKE HELLE 4160 FINNØY Sølvsmeden på Finnøy Spirenytt side 9

Spirenytt side 10

Frisk satsing! Starte bedrift, eller styrke av eksisterande bedrift? Sett saman din eigen etablerarmeny med hjelp frå Finnøy Næringshage. Heidi Skifjell I Finnøy Næringshage er bedrifter med høg kompetanse samla under same tak. Vi har også nettverk til kompetansemiljø utanfor næringshagen. Dette er bedrifter og kompetansemiljø som kan hjelpa deg som går med en etablareridé og som gjerne vil drøfta denne før du går vidare med planlegging av di eiga bedrift. Du får også hjelp i den vidare prosessen. Det kan også vera eksisterande bedrifter som ønskjer å vidareutvikle seg innan teneste og/ eller produkt. Gratis hjelp i etablerarfasen Finnøy kommune kjøper tenester av Finnøy Næringshage. Du som ny etablerar kan få opptil 2 timar etablereropplæring, betalt av kommunen som ein start på prosessen. Etter dette vert det fakturert som rådgjevarrettleiing. Styrke ei eksisterande bedrift eller starte eit nytt føretak? Her er nokre av dei som ønskjer å bruke kompetansen sin på å hjelpe deg med det. Sett saman di eiga etablerarpakke og vel blant følgjande meny: Generell informasjon om å starte ei bedrift Forretningsplanarbeid, frå utvikling av forretningsidé til oppstart av teneste/ produkt Val av selskapsform Leiing og organisasjon Strategi, styrearbeid og leiing av små og mellomstore bedrifter Produkt og tenesteutvikling Marknad, marknadsføring og sal Merkevarebygging Økonomi og finansiering Kapitalbehov og investeringar Hjelp til søknader om økonomisk støtte, etablering av bedrift etc. Coaching, individuelt eller gruppe Work-shop innan idé, eller vidareutvikling av teneste/produkt Mentorordning Styrearbeid Tomata som sunnhetsbombe Om lag 100 deltakere møtte fram til fagseminar TOMAT som ble arrangert i forbindelse med tomatfestivalen 8. - 10. august. Fagseminaret hadde dette året sett fokus på sunnhet, helse, reinhet og smak. Finnøy Næringshage arrangerte seminaret, i nært samarbeid prosjektet Styrking av veksthusnæringa. Ernæringsprofessor Wenche Frølich var ein av forelesarane og kunne konstantere etter årelang forskning og tilhøyrande forskningsresultat tomata si forebyggjande helseeffekt. Det viktige stoffet lycopene som tomater er så rik på, reduserar risikoen for prostatakreft og andre bakterielle infeksjonar. Gartnarakademiet Prosjektet Styrking av veksthusnæringa starter denne hausten. Gartnerakademiet er ei kursrekke som vil gå over 5 kveldar. Kurset omhandlar tomatprodusenten som bedriftsleiar og tek føre seg fleire aktuelle tema som kan vere med å styrke produksjon og verksemd. Kursinformasjon for hausten Finnøy Næringshage har saman med gode samarbeidspartnarar sett saman eit allsidig kursprogram for hausten. Søk midler frå FoU-fondet Finnøy Næringshage er sekretær for styret i Finnøy Næringsforening som disponerer eit FoU (forsknings- og utviklingsmidler), eit fond for deg som vil utvikle prosjekt, tiltak eller næringsutvikling knytta til forskning og utvikling. Behov for ein kontordag i Finnøy Næringshage? Finnøy Næringshage har utvida leigearealet sitt og kan tilby bedrifter med blågrøn profil (landbruk, veksthus, havbruk, kultur, reiseliv) kontorleige ein dag i veka. Ta kontakt med dagleg leiar for nærare informasjon. Spirenytt side 11

Harde pakker til jul? Wii og Nintendo DS ELEKTRONISKE SPILL TA VARE PÅ MINNENE Foto- og videokamera Litt av hvert! Åpningstider: Mandag - fredag 08-16 Kontaktinfo: Tlf. 51 71 45 15 - e-post: it@hesbynett.no IT-Finnøy as Judaberg, 4160 Finnøy Spirenytt side 12 Layout og produksjon av Spirenytt: IT-Finnøy as