ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE Føremål Dette reglementet er gjeve med heimel i Lov av 17.07.1998 nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Ordensreglementet er godkjent av Samarbeidsutvalget ved Kaupanger skule, og gjeld frå 27.02.2017. Verkeområde Ordensreglementet regulerer elevane sine rettar og plikter på skulen (jf. opplæringslova 2-9). Skulen er elevar og tilsette sin arbeidsplass, og alle skal ha eit godt arbeidsmiljø. Ordensreglane gjeld for elevane i skuletida, på skulevegen, og ved skulen sine arrangement og ekskursjonar/turar. Sogndal kommune sitt IKT-reglementet(vedlegg) for skule er og omfatta av ordensreglementet. 1.Elevane sine rettar og plikter Elevane har rett til: - å ha eit godt fysisk- og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9a i Opplæringslova) - å verte synt respekt, og å kunne ha sine eigne ting i fred - at ingen skal bli plaga/mobba fysisk, psykisk eller verbalt - å ha eit trafikktrygt uteområde Eleven sine plikter. Elevane på Kaupanger skule skal: - arbeide for å få eit godt lærings- og skulemiljø - fylgje ordensreglementet til Kaupanger skule - retta seg etter tilvisingar og pålegg frå skuleleiinga, lærarar og andre tilsette ved skulen 2. Orden Elevane skal ha god orden. Det er god orden å: - møte presis på skulen, og vere på plass i klasserommet når undervisninga startar - ha skulesakene i orden - ha med naudsynte læremiddel og utstyr - plassere ytterkle/-sko på tilvist plass i garderoben - rydde etter seg
3. Åtferd Elevane på Kaupanger skule skal ha god åtferd. Me har god åtferd når me: - er hyggelege og høflege med kvarandre. Ingen skal verte plaga, erta, halden utanfor eller utsett for annan sårande oppførsel, korkje fysisk, verbalt eller digitalt - er positivt innstilt til skulearbeidet, og det som lærar og tilsette formidlar og pålegg av skulearbeid på skulen og heime(lekser). - gjer vårt beste, og er aktivt med i undervisninga - brukar eit positivt språk. Banning og negativ språkbruk vert ikkje akseptert. - er opptekne av at skulebygningar, inventar, alt materiell og private eigendeler vert handsama varsamt og med omtanke - ikkje oppbevarar og/eller brukar tobakk, snus og andre rusmiddel på skulen. - ikkje brukar private mobiltelefonar, smartklokker m/telefonfunksjon, nettbrett og elektroniske spel. Bruk er forbode under all undervisning, i friminutt, på ekskursjonar/turar og arrangement i skulen sin regi. Om eleven har td mobiltelefon med seg, skal telefonen vere avslege i sekken eller på annan oppbevaringsstad etter avtale med kontaktlærar. På ungdomskulen kan elevane bruke mobiltelefon etter avtale med kontaktlærar. - fyl IKT-reglementet for grunnskulane i Sogndal kommune - held oss til retningslinjer på prøvar, innleveringar og anna skulearbeid - er i aktivitet på tilviste plassar. Til dømes ballaktivitetar på bana, snøball på tilviste blinkar, og aking på tilviste område. - parkerar syklane i sykkelstativa. Om me syklar på skulen sitt område i friminutta / skuletida,gjer me det etter avtale med lærar - held oss på skulen sitt område i skuletida. Om ein skal utanfor skuleområde, gjer ein avtale med lærar. 4. Skulevegen Me er hyggelege med kvarandre på skulevegen, og me har same åtferda på skulevegen som på skulen. Til/frå skulen nyttar me undergang eller overgangsfelt ved kryssing av bilvegar. Me går på fortau/gangvegar der det er mogleg. Me syklar langs vegen på høgre side. Dei som syklar kan bruke undergangen. Skulen og FAU oppmodar om at elevane ventar til 5. klasse før elevane syklar til/frå skulen. Dei som syklar brukar hjelm. Elevar som vert køyrt til/frå skulen, går på/av bilen ved Skogly. Elevar som vert køyrt til/frå SFO, går på/av bilen ved parkeringsplassen eller ved Skogly. Me tek omsyn til kvarandre på skulevegen.
5. Fritak og fråvær Dersom ein elev er borte frå undervisninga, vil skulen ha melding frå føresette. Når ein søkjer eleven friteken, må søknaden grunngjevast. Søknad om fri utover 3 tredagar, skal sendast i eige søknadsskjema. Skjemaet finn ein på www.kaupanger.skule.no, eller ved å ta kontakt med skulen. - gjeld ungdomsskulen: Alt fråvær på 8., 9. og 10. klassesteg skal førast på vitnemålet. Eleven eller foreldra kan krevje at inntil 10 skuledagar fråvær pr skuleår ikkje skal førast på vitnemålet. Elevar kan krevje å få stroke dokumentert fråvær som skuldast helsegrunnar etter tredje fråværsdag, kronisk sjukdom eller funksjonshemming frå fyrste dag, etter søknad fått godkjent permisjon frå fyrste dag. Dokumentert fråvær vil sei at eleven etter søknad har fått godkjent permisjon, eller leverar ein legeerklæring. Det er kun heile dagar som kan strykast, ikkje einskildtimar. Årsak til fråvær kan avgjere om det påverkar vurderinga i orden og åtferd. Høgt fråvær kan gjere at skulen kan mangle vurderingsgrunnlag, og at eleven ikkje kan få termin- eller standpunktkarakterar. 6. Sanksjonar for brot på ordensreglementet. Skulen kan nytta følgjande sanksjonar om elevar bryt ordensreglementet: - påtale frå skuleleiinga, lærarar og andre tilsette ved skulen. - skulen tek kontakt med føresette vedrørande hendinga - avgrensa fridom i friminutta, eller friminutt til andre tidspunkt enn medelevar - eige tilsyn i friminutta, eller opphald på eit avgrensa område inne eller ute - utvising frå klasse/gruppe for resten av timen/dagen, jf opplæringslova 2-10 - utvising frå skulen i inntil 3 dagar kan nyttast ved alvorlege tilfelle av valdsbruk, hærverk, tjuveri og provoserande og krenkande åtferd - pålegg om å retta opp den skaden eleven sjølv har påført skulen sin eigedom og/ eller eigendelar. Til dømes rydda søppel, vaska golv. - pålegg om å erstatta skade, jf. Skadeerstatningslova 1-2. - om ein ikkje fyl skulen sitt IKT-reglement kan det føre til utestenging frå databruk i inntil 3 veker - mobiltelefon som utan samtykke er brukt kan beslagleggast. Kan då evt hentast att hjå rektor når skuledagen er slutt. - grove brot på straffelova til dømes grov vald, grove truslar, eldspåsetjing, grovt hærverk eller grovt tjuveri vert meldt til politiet. Eleven sine foreldre / føresette. skal i slike høve alltid varslast av skulen uavhengig av om også politiet tek kontakt med dei
- på ungdomssteget kan i tillegg brot på ordensreglementet og IKT-reglementet føre til nedsett karakterar i orden og-/eller åtferd. - karakter i orden kan verte nedsett på grunn av skulking av einskildtimar, deler av skuledagen, heile skuledagar. Skulk er når ein ikkje gir melding om årsak til fråvær, og når årsaka til fråværet er ugyldig. - karakter i orden og-/eller åtferd kan verte nedsett på grunn av juks på prøve/innlevering og anna skulearbeid. - bortvising frå eksamen - etter fyrst å ha fått åtvaring - dersom åtferda hindrar eller forstyrrar gjennomføringa av eksamen - jf. forskrift til opplæringslova 3-36. I forkant av eksamen vert elevar og føresette gjort kjent med Sogndal kommune sitt eksamensreglement. Ved eventuell fare for nedsett ordens- og åtferdskarakter skal eleven og føresette varslast på førehand. Rektor tek avgjerd og fattar enkeltvedtak og følgjer sakshandsamingsreglane i forvaltningslova kap III VI. Før rektor tek avgjerd, skal dei involverte ha fått mulegheit til å forklare seg for kontaktlærar, rektor eller den rektor gir mynde, jf. opplæringslova 2-9, 4.ledd: «Før det blir teke avgjerd om sanksjonar, blant anna om bortvising, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.» For at saka skal vera så godt opplyst som mogeleg - jf. forvaltningslova 17, 1. ledd - må det vurderast om opplysningar skal innhentast frå fleire enn eleven sjølv, for eksempel frå andre elevar og frå dei lærarane som kjenner eleven best - særleg eleven sin kontaktlærar. Godkjent 31.01.17 av Samarbeidsutvalet ved Kaupanger skule Kjell Ertesvåg -rektor- Trude Knutzen Knagenhjelm -leiar av SU-