Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 18.01.2017 Tidspunkt: 09:00 13:00 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave Medlem AP Tore Åsland Medlem AP Bjørn Nordskog Medlem SP Tarjei Andreas Draugedal Varaordførar KRF Anne Birgit Sollid Medlem SP Tarjei Gjelstad Ordførar AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Elsa Ann Grave Hauglid MEDL H Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Jon Ingebretsen Elsa Ann Grave Hauglid MDG Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Sveinung Seljås Plansjef tilstades i sakene 3 6 og 10 og 11 Elisabeth Lid Næringsjef tilstades i sakene 8 og 9 Formannskapet vedtok samrøystes å handsame to ekstrasaker sak 10 Omsorgsbustader Midtsundåsen mønehøgde og byggegrense dispensasjon og sak 11 Søknad om masseuttak dispensasjon. Desse to sakene vart handsama etter sak 6. Etter det formelle møtet vart det halde arbeidsmøte med formannskap, administrasjon, deltakarar frå Vest-Telemark Rådet, NC Spectrum, Næringshagen og Feste Grenland, om bygging av små bustader i sentrum.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 1/17 PS 2/17 RS 1/17 RS 2/17 RS 3/17 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker Svar på søknad om skjenkeløyve 29.12.16 - Kulturhuset Sundvang Søknad om tilskott til Notodden-lekene 2017 - Snøgg Friidrett Søknad om tilskott til bygging av fotballbane(r) for jentar og gutar i Kobanê - Foreningen fotballbane for jenter og gutter i Kobanê RS 4/17 Delegerte vedtak for perioden 18.11.16-09.01.17 RS 5/17 RS 6/17 RS 7/17 Vegadresser i Kviteseid - klage på vedtak - svar K - 1/12 - Reguleringsplan deltaljregulering Felt F4 i B10, Vrådal skisenter - referat førehandskonferanse K - 29/7 - Lovbrotsgebyr - Fylkesmannens klagebehandling RS 8/17 Årsrapport for Prostdiakonen i Vest-Telemark for 2016 PS 3/17 PS 4/17 K - 1/6 - Revskil - Båthus Straumøy - fornying av dispensasjon på endra vilkår - avslag - klage K - 39/56 Sundkilen brygge - ny garasje - dispensasjon PS 5/17 K - Reguleringsplan Midtsundåsen - tomtegrenser/planføremål - mindre planendring PS 6/17 K - Kommunal planstrategi 2017-2020 - Kviteseid kommune - godkjenning PS 7/17 Mellomoppgjeret 2017 - Svar frå Kviteseid kommune PS 8/17 Fylkeskommunalt næringsfond - rapport 2016 og planar 2017 PS 9/17 PS 10/17 PS 11/17 Søknad om tilskot - Aasland Service K - 38/104 - Omsorgsbustader Midtsundåsen - mønehøgde og byggegrense - dispensasjon K - 13/3 - Søknad om masseuttak - dispensasjon Lukka PS 1/17 Godkjenning av protokoll Det kom merknad på at Tarjei Draugedal ikkje var tilstades på møtet, Jonn Foldøy møtte som vara. Dette vert retta opp i protokollen. Protokollen vart samrøystes vedteke med ovannemnte merknad.
PS 2/17 Referatsaker Referatsakene 1 8 vart tekne til orientering. PS 3/17 K - 1/6 - Revskil - Båthus Straumøy - fornying av dispensasjon på endra vilkår - avslag - klage Formanskapet tek ikkje klaga til fylgje. Klaga blir sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Dispensasjonsavslaget er grunngjeve med opplysingar om mogleg konflikt med friluftslivet (kano/kajakk-padling), det særskilde kulturlandskapet og vernestatusen for slusene, og det at eigedomen Revskil g/bnr 1/6 har lang strandline der båthus alternativt kan bli plassert. Formannskapet tek ikkje klaga til fylgje. Klaga blir sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Dispensasjonsavslaget er grunngjeve med opplysingar om mogleg konflikt med friluftslivet (kano/kajakk-padling), det særskilde kulturlandskapet og vernestatusen for slusene, og det at eigedomen Revskil g/bnr 1/6 har lang strandline der båthus alternativt kan bli plassert. PS 4/17 K - 39/56 Sundkilen brygge - ny garasje - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå vedtekne arealføremål og for frådeling av eit tilleggsareal, ca 110 m2, frå g/bnr 39/77, eigar Kviteseid kommune, for oppføring av eit garasjeanlegg slik det er søkt om. Garasjen ( 70 m2) vil vere søknadspliktig etter pbl 20-3, uavhengig om den blir søkt separat eller saman med andre tiltak på tomta. Ein slik søknad må dokumentere at det blir tatt omsyn til dei merknadene nabo, eigar av 39/2, har kome med i høyringa av denne søknaden. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå vedtekne arealføremål og for frådeling av eit tilleggsareal, ca 110 m2, frå g/bnr 39/77, eigar Kviteseid kommune, for oppføring av eit garasjeanlegg slik det er søkt om. Garasjen ( 70 m2) vil vere søknadspliktig etter pbl 20-3, uavhengig om den blir søkt separat eller saman med andre tiltak på tomta. Ein slik søknad må dokumentere at det blir tatt omsyn til dei merknadene nabo, eigar av 39/2, har kome med i høyringa av denne søknaden.
PS 5/17 K - Reguleringsplan Midtsundåsen - tomtegrenser/planføremål - mindre planendring Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 2.ledd, som mindre planendring, ei utviding av arealføremålet byggeområde institusjonsbygg med størsteparten av tomtearealet til tomt BF-4-6, med tilhøyrande endring av tomtegrenser, slik det er søkt om. Restarealet av tomt BF-4-6 blir lagt som tilleggsareal til tomt BF-4-5. Tilsvarande blir eit areal på ca. 50 m2 langs grensa mot tomt BF-3-1 regulert om til byggeområde bustad, med ei tilhøyrande grensejustering. Endeleg fastsetjing av denne grensejusteringa skal derimot fyrst skje ved oppmåling når omsorgsbustadprosjektet er avslutta. Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 2.ledd, som mindre planendring, ei utviding av arealføremålet byggeområde institusjonsbygg med størsteparten av tomtearealet til tomt BF-4-6, med tilhøyrande endring av tomtegrenser, slik det er søkt om. Restarealet av tomt BF-4-6 blir lagt som tilleggsareal til tomt BF-4-5. Tilsvarande blir eit areal på ca. 50 m2 langs grensa mot tomt BF-3-1 regulert om til byggeområde bustad, med ei tilhøyrande grensejustering. Endeleg fastsetjing av denne grensejusteringa skal derimot fyrst skje ved oppmåling når omsorgsbustadprosjektet er avslutta. PS 6/17 K - Kommunal planstrategi 2017-2020 - Kviteseid kommune - godkjenning Kommunestyret vedtek med heimel i plan- og bygningslova 10-1 Kommunal planstrategi 2017-2020 Kviteseid kommune med desse endringane i høve til høyringsutkastet. - Namneendring av plan til: Kommunale utviklingsmål for skule og barnehage 2013-2017. - Det blir ikkje utarbeidd kulturminneplan i denne valperioden. Ordføraren kom med framlegg om at det blir utarbeidd kulturminneplan 2018. Framlegget frå ordføraren saman med resten av rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Kommunestyret vedtek med heimel i plan- og bygningslova 10-1 Kommunal planstrategi 2017-2020 Kviteseid kommune med desse endringane i høve til høyringsutkastet. - Namneendring av plan til: Kommunale utviklingsmål for skule og barnehage 2013-2017. - Det blir utarbeidd kulturminneplan i denne valperioden.
PS 7/17 Mellomoppgjeret 2017 - Svar frå Kviteseid kommune Innspela i saksutgreiinga blir ståande som Kviteseid kommune sine tilbakemeldingar til KS i samband med Mellomoppgjeret 2017. Innspela i saksutgreiinga blir ståande som Kviteseid kommune sine tilbakemeldingar til KS i samband med Mellomoppgjeret 2017. PS 8/17 Fylkeskommunalt næringsfond - rapport 2016 og planar 2017 Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Kommunestyret godkjenner plan for bruk av fylkeskommunalt næringsfond under føresetnad av at Kviteseid kommune får overført kr 678 000,- i 2017 frå Telemark fylkeskommune slik det er skissert i saksframstillinga. Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Kommunestyret godkjenner plan for bruk av fylkeskommunalt næringsfond under føresetnad av at Kviteseid kommune får overført kr 678 000,- i 2017 frå Telemark fylkeskommune slik det er skissert i saksframstillinga. PS 9/17 Søknad om tilskot - Aasland Service Kviteseid kommune løyver kr 30 000,- til Aasland Service v/ Thomas Aasland. Pengane skal brukas til dei skisserte tiltaka i søknaden. a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet. b) Pengane vert å take frå bunde næringsfond; konto 147026 ansvar 4303, teneste 3250. (Status på bunde næringsfond pr. januar 2017 før tilrådd løyving kr 650 000,-. Status på bunde næringsfond pr. januar 2017 etter tilrådd løyving kr 620 000,-). Senterpartiet kom med fylgjande framlegg:
«Ønsker å auke stønad til Aasland Service frå 30 000,- til 40 000,- for å skape arbeidsplassar i Kviteseid kommune.» Senterpartiet sitt framlegg vart sett opp mot rådmannen si tilråding. Senterpartiet sitt framlegg falt med 2 mot 5 røyster. Kviteseid kommune løyver kr 30 000,- til Aasland Service v/ Thomas Aasland. Pengane skal brukas til dei skisserte tiltaka i søknaden. a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet. b) Pengane vert å take frå bunde næringsfond; konto 147026 ansvar 4303, teneste 3250. (Status på bunde næringsfond pr. januar 2017 før tilrådd løyving kr 650 000,-. Status på bunde næringsfond pr. januar 2017 etter tilrådd løyving kr 620 000,-). PS 10/17 K - 38/104 - Omsorgsbustader Midtsundåsen - mønehøgde og byggegrense - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå reguleringsføresegn 3.4 i reguleringsplanen Midtsundåsen, for oppføring av omsorgsbustader med mønehøgde inntil 6,40 m. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 også dispensasjon for plassering av bygg over byggegrense i reguleringsplanen, slik situasjonskartet vedlagt igangsetjingssøknaden viser. Vilkåret for den delen av dispensasjonen som gjeld nabogrensa i vest ( mot g/bnr 38/111) er at det ligg føre samtykkeerklæring om dette frå aktuell nabo. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå reguleringsføresegn 3.4 i reguleringsplanen Midtsundåsen, for oppføring av omsorgsbustader med mønehøgde inntil 6,40 m. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 også dispensasjon for plassering av bygg over byggegrense i reguleringsplanen, slik situasjonskartet vedlagt igangsetjingssøknaden viser. Vilkåret for den delen av dispensasjonen som gjeld nabogrensa i vest (mot g/bnr 38/111) er at det ligg føre samtykkeerklæring om dette frå aktuell nabo. PS 11/17 K - 13/3 - Søknad om masseuttak - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for uttak av inntil 7 000 m3 (5 000 m3) fast fjell, utover det eigar av g/bnr 13/3 etter anna lovverk har fått løyve til å ta ut til landbruksføremål (skogsvegar) på eigen eigedom. Dispensasjonen er gitt på fylgjande vilkår: - Uttaket skal skje frå område som alt er massetak for lausmasse, jf. søknaden.
- Uttaket skal gå til prosjektet g/s-veg i Vrådal sentrum - Uttaket skal vere avslutta innan utgangen av 2017. - Området skal avplanerast og tilførast vekstmedium for reetablering av skogvegetasjon. - Avslutninga skal godkjennast av kommunen v/skogbruksrådgjevar. Formannskapet ber rådmannen fylgje opp saka ved å varsle partane om mogleg utskriving av lovbrotsgebyr. Varaordførar Tarjei Draugedalen blei funnen ugild i saka. Det var ikkje innkalla vararepresentant for han. Frå representanten Solveig N. Grave blei det oppplyst at ho kom til å røyste mot tilrådinga. Ho fekk stadfesta at det kunne ho utan å legge fram eit formelt motforslag. Avrøystinga viste at fire røysta mot og to røysta for rådmannen si tilråding. Søknaden om dispensasjon vert avslått.