Strateginotat for reiselivsutvikling 2006-2008
Innhald Føremål... 5 Bakgrunn... 7 Visjon... 8 Mål... 8 Strategiar... 9 Konkretisering av satsing knytt til strategiane... 11 Resultatmål for alle strategiane etter år 2008... 14
S t r a t e g i n o t a t f o r r e i s e l i v s u t v i k l i n g 2 0 0 6-2 0 0 8 Føremål Strateginotat for Reiseliv 2006-2008 skal gi retning for offentleg verkemiddelbruk på fylkesnivå i tre år framover. Dette strateginotatet er ei naturleg vidareutvikling av Reiselivsplan for Hordaland 1998-2002 som igjen sprang ut av den felles reiselivssatsinga som næringa, reiselivslag, kommunar, statsetatatar og fylkeskommune i Hordaland har dreve sidan 1989. Sidan 2003 har reiseliv vore ei blant fleire prioriterte næringar i Regionalt Utviklingsprogram. Vi har difor laga såkalla strateginotat som skal styre bruken av økonomiske verkemiddel retta mot reiseliv hos fylkeskommunen og dei andre offentlege partnarane kring Regionalt Utviklingsprogram. Strateginotatet er utvikla i ein prosess i 2005 der Forum Reiseliv Hordaland har vore sentral. Forum Reiseliv Hordaland bestod då av destinasjonsselskapa Bergen Reiselivslag, Reisemål Hardangerfjord, Nordhordland Reiselivslag og Samarbeidsrådet for Sunnhordland (som koordinerande organ for reiselivet i Sunnhordland), Norsk Bygdeturisme og Gardsmat-Vestlandet, NHO Reiseliv avd. Vest Norge, Fylkesmannens Landbruksavdeling, Hordaland Reiseliv, Innovasjon Noreg - Hordaland, og Hordaland Fylkeskommune. Det er også arrangert ei utvida samling med 27 deltakarar og den strategiske tenkinga er diskutert i Regionalt Næringsforum i november 2005. Strateginotatet samsvarar godt med dei fire innsatsområde Profilering, Innovasjon/produktutvikling, Kompetanse og Samarbeid i Nærings- og Handelsdepartementet sin Handlingsplan for reiselivsnæringane frå 2005.
S t r a t e g i n o t a t f o r r e i s e l i v s u t v i k l i n g 2 0 0 6-2 0 0 8 Bakgrunn Hordaland eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk Vestlandsregion dette er visjonen i Fylkesplan for Hordaland 2005-2008. Reiseliv er peika ut som ei næring med særlege føremoner for utvikling i fylket. Regionalt utviklingsprogram for Hordaland trekkjer også fram reiseliv som ei næring der aktørane i Hordaland har spesielt høve til å vere innovative og syne internasjonal konkurransekraft. Ei sterk reiselivsnæring er viktig i den regionale utviklinga i Hordaland, og gode aktivitetstilbod til langveisfarande kan også nyttast av nærmarknaden i fylket og lokale innbyggjarar. Reiselivet har utvikla seg frå å være ein tradisjonell bidragsyter innan transport og overnatting til i å bli ein opplevingsindustri og ei drivkraft for ny verdiskaping. Mangfaldet i opplevingstilbodet spenner frå urbanitet til natur og kulturopplevingar. Pakking og marknadsføring innhaldet er avgjerande for å nå fram i ein interanasjonal konkurransesituasjon. Samarbeid kring den overordna strategiske tenkinga på reiselivsfeltet er viktig for at innsatsen skal få best muleg verknad. Innan reiselivet kan mange dra nytte av felles tilrettelegging, men det kan vere vanskeleg å få fram betalingsvilje frå alle private aktørar. Marknadsføring, spesielt internasjonalt, er eit typisk døme på at samarbeid mellom aktørane ikkje berre i Hordaland, men i heile Vest Norge, løner seg. Vi ser at samarbeid på fylkesnivå fremjer overordna perspektiv og kan medverke til at vi får gjennomført ting som elles ikkje ville bli gjort. For å få best mulege effektar av samarbeidet om reiseliv må vi tenke langsiktig. Å opparbeide ei merkevare i ein marknad og få fram gode reiselivsprodukttek tid og krev ressursar og det må vere ein tydeleg profil for at arbeidet skal slå gjennom. Difor er det viktig at vi prøver å sjå heilheiten i kvar vi satsar slik at ulike aktørar kan dra nytte av kvarandres innsats.
S t r a t e g i n o t a t f o r r e i s e l i v s u t v i k l i n g 2 0 0 6-2 0 0 8 Visjon Hordaland skal være det leiande fylket innan naturog kulturbaserte opplevingar i Norge og Norden. Mål Auka verdiskapinga gjennom sesongutviding med vekt på samhandling og kvalitet. Geoturisme skal vere det berande prinsippet for reiselivsutviklinga. Veksten for reiselivsbedriftene i Hordaland skal ligge over veksten nasjonalt.
S t r a t e g i n o t a t f o r r e i s e l i v s u t v i k l i n g 2 0 0 6-2 0 0 8 Strategiar i ii iii Marknadsføring Kompetanseutvikling Produkt- og konseptutvikling Strategiane skal innrettast på å vidareutvikle samspelet mellom Bergen og opplevelsesmuligheter fra kyst, til fjord og fjell. Kortferiar blir ein nøkkel for sesongutvikling, og styrking av kurs- og konfransemarknaden er naudsynt. Vi vil vidareutvikle attraksjonskraften i produktet gjennom å bygge vidare på det vi har. Vi vil vitalisere det klassiske Fjord Norge gjennom å fokusere på opplevingar i vid forstand, som ekstremsport, natur- og kulturopplevingar, byopplevingar og lokal matkultur. All produktutvikling skal ha ein internasjonal ambisjon. Begrepet geoturisme brukes om helheten i destinasjonen, alt som gjør stedet unikt, så som flora og fauna, historie, vakre landskaper, tradisjonell arkitektur, lokal kultur og mat frå Nærings og handelsdepartementet sin handlingsplan for reiselivsnæringane.
S t r a t e g i n o t a t f o r r e i s e l i v s u t v i k l i n g 2 0 0 6-2 0 0 8 Konkretisering av satsing knytt til strategiane (i) Marknadsføring: Profilering av reisemål i Hordaland internasjonalt og nasjonalt er ein av dei største utfordringa for næringa. Det er eit mål å bruke kåringa av dei norske fjordane som beste urørte reisemål i verda (ref. tidsskriftet National Geographic) før effekten forsvinn. Noreg er lite kjent som destinasjon. Innovasjon Noreg si satsinga på å byggje Noreg som merkevare tek opp i seg denne utfordringa. Fjord Norge marknadsfører heile Vest Norge utanlands og har sin eigen tilpassa marknadsstrategi og profil. Det er ei utfordring å få til eit samarbeid mellom ulike reiselivsaktørar i Hordaland slik at fylket i større grad vert marknadsført som eit attraktivt reisemål også for innanlandsmarknaden. Det er eit overordna mål å utnytte produksjonsutstyret i næringa betre. I distriktsreiselivet i Hordaland er det mykje ledig sengekapasitet. Ein del aktørar er komne til eit nivå der dei ikkje klarar å kutte meir kostnader for å betre lønsemda, det er meir trafikk dei treng. Då kan både produktutvikling og marknadsføring vere aktuelle strategiar i utviklingsarbeidet. (ii) Kompetanse: Undersøkingar gjort av Norges Turistråd viser at turistane er nøgde med produkta dei finn i Noreg - 95% av dei som vart intervjua gjerne kunne tenke seg å kome attende eller tilråde Noreg som destinasjon til andre reisande. Desse funna er likevel ikkje klare - til dømes var det rekordmange klager på reiselivsprodukt i 2001. a) Noreg har eit høgt prisnivå, og kvaliteten på produkta, service og opplevingar må difor vere svært god for at dei reisande velgjer Norge som ferieland. Marknadsstilpassa produktutvikling og kompetanseheving blant aktørane er difor viktig for å utvikle og kvalitetssikre reiselivsprodukta. b) Dei stadige endringane i marknads- og konkurranseforholda gjer at det vert stadig viktigare å skaffe seg kunnskap om årsakene og drivkreftene bak desse endringane. Der er ei utfordring å tileigne seg auka kunnskap om dei ulike målgruppene, reisevanar, ativitetsmønster og mulege tilpassingar for å verte marknadsretta nok i åra framover. 11
S t r a t e g i n o t a t f o r r e i s e l i v s u t v i k l i n g 2 0 0 6-2 0 0 8 (iii) Konsept- og produktutvikling: Geoturisme skal vere det berande prinsippet i produkt- og konseptutviklinga og det er eit poeng å skape mangfald og få fram lokal eigenart i produkta samstundes som ein sikrar kvalitet og internasjonal konkurranseevne. Hordaland har ein variert og spennande natur, og turistane etterspør i sterkare grad eit innhald i dette - både natur- og kulturbaserte aktivitetar. Dette er i tråd med til dømes Innovasjon Norge og Fjord Norge sine satsingar der explore (=utforsk)- omgrepet skal få eit innhald i Vest Norge. Balansen mellom suksess frå auka turisttal og slitasje på miljøet som følgje av f.eks stor cruisetrafikk eller mykje trakk i naturen ved spesielle attraksjonar må vi klare å halde. Vi er også avhengige av at naturmiljøet i Hordaland sine urørte kvalitetar som National Geographic Society belønna med førsteplassen på reisemålslista i 2004, blir ivaretekne. Dei store transportårene inn til regionen som båt, fly og tog er viktige for å auke talet på turistdøgn i fylket. Dersom dei store selskapa som har slike rutetilbod marknadsfører Hordaland som reisemål, og evt. set opp fleire ruter til Hordaland, kan dei medverke til god vekst i reiselivet i fylket. For å gjere reiselivsprodukta lettare tilgjengeleg for potensielle kundar, treng vi å lage fleire pakkar der transport, oppleving, overnatting og mat inngår. Partnarskapen kring reiselivssatsinga kan spele ei rolle i å legge til rette for at dei kommersielle turoperatørane lagar pakkar som samsvarar med det reiselivsproduktet vi ønskjer å få fram i Hordaland. Det hjelper lite å ha urørt natur dersom turistane ikkje lett kan kome i nærkontakt med han. Det er også viktig å ha pakkar som startar der turisten kjem inn, dette blir særs viktig dersom vi f.eks. skal få fleire internasjonale lågprisfly til Flesland. Kurs- og konferansar ein forutsigbar del av reiselivsaktiviteten som vi også må stimulere og dette kan også koplast med opplevingar. I produkt- og konseptutviklinga kan den strategiske tenkinga knytast både til eksisterande og nye reisemål. Det finst allereie ein del nyare infrastruktur som Nordsjøløypa, Nordsjøsykkelløypa, og Indre Farleia som kan nyttast betre og aktivitetar innanfor gardsturisme veks fram. Nisjeprodukt som fiske, småbåtturisme, øyhopping, fyrsafari, vintersport, ekstremsport kan vere med på å gi opplevingsmulegheiter i Hordaland. I opplevingssatsinga ønskjer vi fleksibilitet utfrå kundens ønskjer og vil satse ikkje minst innanfor områda mat, vandring, sykkel, båtturisme og fiske. Vi bør prioritere reiselivsprodukt som ivaretek prinsippa for universell utforming. Evalueringar syner at Hordaland har marknadsmessige utfordringar både i å kommunisere det varierte tilbodet til målgruppene, og i å utvikle tilbodet i takt med (eller helst i forkant av) marknaden sine forventningar eller krav. Det er også klart at mattilbodet er viktig når turistar velgjer reisemål. Mattilbodet blir difor eit fokusområde i reiselivssatsinga i Hordaland framover. For dei gjestane som bestiller direkte på internett, vil det være særs viktig at aktørane i marknaden har knytta seg til BIT-booking system. Dei mindre aktørane i reiselivet kan då presentera tilbodet sitt på internett, bestillingar blir direkte bekrefta og aktørane får styrka sin konkurransesituasjon. 12
Glasshytten varmt Glass Soheimsviken Næringspark - Kranen www.glasshytten.no
S t r a t e g i n o t a t f o r r e i s e l i v s u t v i k l i n g 2 0 0 6-2 0 0 8 Resultatmål for alle strategiane etter år 2008: Veksten for reiselivsbedriftene i Hordaland skal ligge over veksten nasjonalt Geoturisme skal vere det berande prinsippet for reiselivsutviklinga 8% fleire utanlandske gjestedøgn i Hordaland Auka andel av kurs og konferansesegmenta Fleire aktivitets- og opplevelsesprodukt innan natur- og kulturbasert reiseliv. Produkt som får støtte, må ta i bruk BIT, booking via internett. Hordaland skal ha større vekst i reiseliv enn den internasjonale trendveksten som World Tourist Organisation har spådd til 3-4 % årleg. Samarbeid om booking for heile fylket. Utvikle internettbruken til marknadsføring og som bookingverktøy. Bookingsystemet BIT skal takast i bruk av minst 80 prosent av overnattings-, transport-, destinasjonsbedrifter og turistkontor i kompensasjonsområdet. Reiselivsaktørane i Hordaland skal bli meir bevisste på kvalitet og ønske å utvikle sin kompetanse for å kvalitetssikre sine produkt. Næringsorganisasjonane og det offentlege skal samarbeide om å tilrettelegge for relevant kompetanseheving. 14
Agnes Mowinckels gt. 5, Postboks 7900, 5020 Bergen Telefon 55 23 90 00