Innovativ ungdomsbedrift utvikla festekrok til plastsekken din



Like dokumenter
La meg få ein sjanse til...

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg

Endeleg eigen dunk for glas og metall

Vi vil gjerne slå Molde...

La meg få ein sjanse til...

Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område

mmm...med SMAK på timeplanen

FULL RULLE MED ALEX side 4. Har du kome i gang med plastinnsamlinga? side 2-3. Vinn ein sykkel side 5. La oss gjenvinne meir

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

HAUSTE. ÅRIM vil ha meir avfall til sortering. La oss gjenvinne meir MILJØBLADET. Side 4. Det norske matkastebordet Side 2

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Til deg som bur i fosterheim år

Teknikk og konsentrasjon viktigast


Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Papirfabrikk. i barnehagen. La oss gjenvinne meir. Gøy med kjeldesortering på skular og i barnehagar. Side 4

Informasjon til elevane

Rådgjevarkonferanse 2009

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

6. trinn. Veke 24 Navn:

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Brødsbrytelsen - Nattverden

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Brukarrettleiing. epolitiker

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Psykologisk førstehjelp i skulen

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Den nye seksjon for applikasjonar

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Sandeid skule SFO Årsplan

Brukarrettleiing E-post lesar

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kva er økologisk matproduksjon?

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Rådgjevarkonferanse 2010

Plassebakken Barnehage

BLI KJENT MED ALUMINIUM

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ehandel og lokalt næringsliv

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

BLI KJENT MED ALUMINIUM

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Søking til skuleåret

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

6-åringar på skuleveg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

IKT-kompetanse for øvingsskular

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020

FANTASTISK FORTELJING

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Netcan Utvikling. Forretningsplan

Plassebakken Barnehage

Transkript:

MILJØBLADET Desember 2014 Innovativ ungdomsbedrift utvikla festekrok til plastsekken din Side 4 Smart eske til lyspærene dine. Side 2 La oss gjenvinne meir ÅRIM tek over ti miljøstasjonar. Side 6 Vinn kul eco2- sykkel. Side 8 Hauste_Des2014.indd 1 17.11.2014 09:25:06

Klart du må setje ditt miljømål for 2015 Årets shoppestopp gav meg meir enn betre råd. Erkjenning av at eg har meir enn eg trur. At kortare handleturar gir meir fritid. At det er få nye ting eg treng. Shoppestopp Fjorårets miljømål var altså eit halvt år utan å handle klede, sko og ting til huset. Det var ei overraskande positiv erfaring, og eit miljømål som kjentest godt å nå. - Eg kjem til å gjere det samme igjen. Set miljømål saman med andre I 2015 skal mitt miljømål handle om å redusere matsvinn. Ein vanleg familie kastar kvar fjerde matpose i søpla; fersk og god mat som smaker godt. Min familie kan også bidra for å snu dette. Sjølve nyttårsforsettet er enkelt å setje, - men det krev innsats å endre handlingsmønster over tid. Målet om shoppestopp delte eg med min kollega, Eva. Å forplikte seg var motiverande, og gav ei forventing om å gjennomføre. Erfaringa var at det var overraskande lett. Om mange set seg mål og gjer ein innsats for å nå dei, kan vi redusere miljøpåverknadane. Berre prøv! Å gjere din innsats, gir deg meir enn du kanskje er klar over. Del gjerne ditt miljømål for 2015 med oss på post@arim.no eller på Miljøselskapet ÅRIM si facebook side. Ingeborg Ukkelberg, kommunikasjonsansvarleg i ÅRIM Ein lys idè Vi er heilt avhengige av lyspærer. Både gamle og nye lyspærer inneheld miljøskadelege stoff som vi vil ha til trygg behandling. Versågod! Du har difor fått ei eiga boks du kan oppbevare lyspærene dine i, utan å vere redd for at dei skal knuse. Plassèr pærene ned i boksen, der står dei trygt. Dette er særleg viktig for sparepærer, som inneheld kvikksølv. Alle typar lyspærer skal sorterast som miljøfarleg avfall. Dette gjeld alle slags lyspærer inkludert LED-pærer. Ta boksen med til butikken eller ein bemanna miljøstasjon for å levere inn lyspærene. Ei teskei kvikksølv er nok til å forureine ein heil innsjø Ein av fire oppgir at dei kastar lyspærer i restavfallet. Talet er nok høgare, for av 50 millionar kjøpte lyspærer i Noreg, er det er det berre 5 millionar av dei som blir levert tilbake. ÅRIM vil vere med på å snu dette. Gjenbruk boksen Vi håper boksen vil gjere det lettare for deg å samle lyspærene. Hugs å ta boksen med heim, han kan brukast mange gonger. 2 Hauste_Des2014.indd 2 17.11.2014 09:25:10

Visste du at... EGG held seg lengre enn merkinga viser. Legg eit egg i vatn. Synk det til botnen, kan du spise egget. Egg som flyt er utgått. MEIERIPRODUKT held ofte fleire veker etter datoen er passert. OST blir ofte betre etter datomerkinga. Lukt, smak og sjå på maten. Du kan stole på sansane dine - det går bra. Fest dine brukte pærer i pærehaldaren for å unngå at dei knuser. 3 Hauste_Des2014.indd 3 17.11.2014 09:25:13

Plastsekken din - rett på kroken Didzis Smiltins, Anna Meek Fiskerstrand, Mari Larsen Sæther og Ruth Søyset Jensen gleder seg til å ta kroken i bruk. Hauststormen susar langs veggane. Det er tidleg om morgonen og du knytter plastsekken før du ber han ut. Men korleis kan du sikre sekken, slik at han ikkje blæs bort? Produktutvikling på timeplanen Ungdomsbedrifta Lett på kroken har sett utfordringa, og utvikla ein eigen krok folk kan henge sekken på. ÅRIM har følgt bedrifta undervegs i prosessen, og har bestilt krokar av dei engasjerte jentene. Idèen kom opp i eit familieselskap, fortel Mari Larsen Sæther ivrig. Det blåste skikkeleg, og heile selskapet måtte ut å rydde plast som blåste utover hagen. Vi såg, at her var eit problem som måtte løysast. Også renovatørane har utfordringar med å få laus plastsekkane som mange knyter fast i dunken. Mange knyter sekken fast i dunken. Da får vi problem. Sekkane er vanskelege å få av, vi må rive og slite i sekken eller bruke kniv, fortel Didzis Smiltins i Reno Norden, som hentar avfallet for ÅRIM. Dette gir oss ein del ekstra utfordringar. Ja, dette er ei utfordring både for kunde og renovatør, seier Tom Haugen, renovasjonsansvarleg i ÅRIM. Folk vil gjerne sikre at sekken ikkje forsvinn over til naboen eller over fjorden. Vi har etterspurt gode produkt til å feste sekkane, men ikkje funne. Ikkje før no. Stopp, vi har ei betre løysing! Jentene, som går entreprenørskapslinja ved Ålesund vidaregåande skule, har nettopp fått levert si aller første bestilling frå 4 Hauste_Des2014.indd 4 17.11.2014 09:25:16

fabrikken. Dei har hatt stor nytte av å ha renovatørane som sparringspartnarar. Da vi snakka med dei som gjer jobben, forsto vi at problemet var mykje større enn vi først trudde, fortel Anna Meek Fiskerstrand. Over tid, er riving og sliting noko som gir belastningsskadar. Samarbeidet med renovatørane har gjort at vi har tilpassa produktet for å oppnå best mogleg funksjonalitet. At dei var så engasjerte gav ekstra motivasjon, seier Ruth Søyset Jensen. Dei kom til og med på skulen med renovasjonsbilen, ler ho. Enklare for kundane Tom Haugen ser fram til at kundane endeleg får ei festeordning for plastsekkar. Som ein test planlegg vi å montere krokar på dunkane til folk i Stordal og Sandøy. Vi håper dette er noko folk er positive til. Elevane som var med i Lett på kroken-prosjektet var, frå venstre: Ingvild Berg Lauritsen, Mari Larsen Sæther, Henriette Flatsetø, Anna Meek Fiskerstrand og Ruth Søyset Jensen. Ungdomsbedrifta gjekk først til finalen etter konkurranse med 300 elevar i fylket. Deretter gjekk dei vidare til NM. Dei har òg fått ein ekstraordinær innovasjonspris, utdelt av Avfall Norge. Tom Haugen, renovasjonsansvarleg I ÅRIM Dersom produktet held mål over tid, er planen at alle ÅRIM-kundar skal få kroken. Vi håper dei som får krokar vil gi oss tilbakemeldingar på om dei fungerer som planlagt. Unge gründarar Jentene har bestemt seg for å satse på produksjon og sal av produktet, også etter at skuleprosjektet vart avslutta. Ja, vi har så sterk tru på produktet at vi har oppretta eit eige AS. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå fleire selskap som ønskjer kroken. Vi trur at dette er noko vi skal få til, avsluttar Ruth Søyset Jensen. Denne smarte kroken skal gjere det lettare å sikre sekken når du set han klar for henting. Tips Hugs å knyte sekken med dobbel knute. Knyt ein berepose på ein av dunkane når du treng nye plastsekkar. Renovatøren vil levere ut ny rull. Hugs å fjerne posen når du har fått sekkane. Sett plastsekken godt synleg ved sida av papirdunken. Sekkar som står i garasje, stativ, dunk eller anna blir ikkje henta. 5 Hauste_Des2014.indd 5 17.11.2014 09:25:18

Velkomen til miljøstasjonen Er du ein av dei som bygger hus, pussar opp eller har ein overfylt garasje. I så fall kjem du snart til å besøke ein miljøstasjon nær deg. Frå 2015 er det ÅRIM som driv miljøstasjonen du leverer til. Øystein Solevåg arbeider for å få meir avfall til gjenvinning. Snart kan du bruke miljøstasjonane i alle kommunane Gjøsundneset i Giske Nøsa i Haram Djupøyna i Norddal Breivik i Sandøy Vinjesanden i Stordal Kjølen i Stranda Jarnes i Sykkylven Øveråslia i Vestnes Sjøholtstrand i Ørskog Bingsa i Ålesund Ja, frå nyttår er det ÅRIM som tek imot kundane på miljøstasjonen, fortel dagleg leiar Øystein Solevåg engasjert. Vi veit at folk flest har gode erfaringar med miljøstasjonen sin i dag. Forventingane er likevel at selskapet skal gjere miljøstasjonstilbodet enda betre i åra framover. Gjennom brukarundersøkingar fortel folk at dei ønskjer betre opningstider. I tillegg vil ÅRIM leggje vekt på å gi betre tilgang til miljøstasjonen. Selskapet vil gjere det enklare å bruke miljøstasjonane. Folk må kunne levere avfallet når dei har tid. Det betyr at vi må sjå på opningstidene på ettermiddagar. Dei må også kunne bruke den miljøstasjonen som er mest praktisk for dei. Det betyr at vi må opne for å levere på tvers av kommunegrensene, altså at kunden kan levere til den ÅRIM-stasjonen dei vil. Etterkvart vil miljøstasjonane bli oppgraderte med nye skilt, men endringane ÅRIM planlegg vil ikkje skje over natta. Dei vil kome gradvis. Vil utnytte ressursane i avfallet Øystein Solevåg er sjølv ein trufast brukar av miljøstasjonen. Eg har tatt over familiegarden etter bestefar min, så eg er ofte på Bingsa. Der opplever eg det samme som vi får høyre av andre rundt oss, det er flinke folk som tek imot kundane på miljøstasjonen. Planen vår er å ta vare på det som er bra, men samtidig utvikle tenestetilbodet til kundane, og betre ressursutnyttinga av avfallet. Eg seier ofte, at avfallet er den nye gruva. Produkta folk kastar er fulle av ressursar som må gjenbrukast i større grad enn før. Å samkøyre drifta av ti miljøstasjonar er eit godt utgangspunkt for å få dette til. 6 Hauste_Des2014.indd 6 17.11.2014 09:25:20

Mobil miljøstasjon heim til deg ÅRIM vil ha inn meir av det farlege avfallet. I år har vi difor køyrt frå kommune til kommune for å gjere det lettare for folk å levere. Og, ja dette tilbodet får du også neste år. Vegard Waagan planlegg ny aksjon for innsamling av farleg avfall i 2015. Vi samlar inn store mengder måling, lim, lakk og elektrisk avfall på innsamlingane, seier Vegard Waagan, logistikkansvarleg i ÅRIM. Nokre stader sto folk klare med avfallet før vi kom på plassen. Mange hadde samla opp store mengder farleg avfall gjennom oppussingar, hobbyprosjekt eller anna forbruk, og tok storopprydding før ÅRIM kom. Vi gir eit lite spark bak, for å få folk til å tømme garasjen. Ein del av det miljøfarlege avfallet vi får inn, er ikkje bra å ha ståande heime over lengre tid. Fleire som leverte til innsamlingane, fortalte at dei hadde lagra avfallet i tiår. Betre kunnskap om farleg avfall ÅRIM vil gjere det lettare å levere. Informasjon er difor ein nøkkel for å auke kunnskapen om korleis farleg avfall skal handterast. Vi veit at det ikkje er enkelt å ha oversikt over kva som er farleg eller ikkje. Ein gjengangar er at folk kjem med steikepanner. Det er ikkje farleg avfall. Men eg ser jo at steikepanner kan vere farlege om dei blir brukt på feil måte, ler Waagan. Vi er på god veg, om fleire kjeldesorterer alle lyspærer og batteri. Nye innsamlingar i 2015 Nasjonale tal viser at folk leverer inn mindre farleg avfall på mijøstasjonane i Ålesundregionen, enn elles i landet Gjennom innsamlinga i år, fekk ÅRIM inn bortimot seksti tonn miljøfarleg avfall. Vi vurderer dette som bra, men veit at nye tilbod treng tid før dei blir brukt fullt ut, seier Waagan. Her er det berre å rydde i kjellarboda før vi kjem neste gong. ÅRIM annonserer og sender ut informasjon til alle husstandar i forkant av innsamlingane i 2015. Datoane står også på baksida av renovasjonskalenderen. 7 Hauste_Des2014.indd 7 17.11.2014 09:25:22

BESTILL SMS- VARSLING Bestill SMS- eller e-postvarsling for å vite når ÅRIM hentar plast og papir. Bli med på trekkinga av ein kul sykkel. Alle som har bestilt varsel innan 15. januar er med på trekkinga. Dei som har bestilt varsel før, er også med på trekkinga. La oss gjenvinne meir glas og metall Dei aller fleste kan levere glas og metall, sko, klede og tekstilar til ein nærmiljøstasjon nokre minutt unna. Mange leverer til ein kontainar, som på bildet. VINN SYKKEL Slik bestiller du 1. Finn ditt sonenummer i renovasjonskalenderen. 2. Skriv i SMS: ÅRIM <KOMMUNE> <sonenummer> 3. Send SMS til 2077 Du kan også bestille SMS- eller E-postvarsel via nettsida vår, arim.no. Resirkulert sykkel Sykkelen Eco2 er designa for å vere miljøvennleg i alle detaljar. Ramma er laga av resirkulert aluminium og lakkert med vannbasert miljøvenleg lakk. Dessutan er dette ein ekstra stilig sykkel. Design: Spirdesign. Foto: Peder Otto Dybvik, Christoffer Furnes. Tekst: ÅRIM Trykk: Kai Hansen Trykkeri I Ålesund leverer dei fleste til desse miljøstasjonane. Husa står ofte nær butikkar og i tettbygde område. Kom gjerne innom oss på Moa Du er velkomen til å besøke oss i første etasje i Daaegården. Kontoret ligg nær busstasjonen og Moa. Du kan også kontakte oss på e-post eller telefon. Du vil vanlegvis få tilbakemelding samme dag som du tek kontakt. Følg Miljøselskapet ÅRIM på Facebook dersom du er interessert i miljø og kjeldesortering. post@arim.no - 70 31 41 00 Langelandsvegen 1-6010 Ålesund arim.no Hauste_Des2014.indd 8 17.11.2014 09:25:24