Radøy kommune Tilleggsinnkalling for Formannskapet i Radøy Møtedato: 22.11.2018 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: 09.00 Saksliste: Saksnr Tittel 087/2018 Søknad om alkoholsal på julafta 088/2018 Meldingar og referatsaker Den som har lovleg forfall eller er ugild i nokon av sakene må melda i frå til kultur- og sørvistorget så snart som råd, tlf 56 34 90 00. Varamedlemmer møter etter nærare innkalling. 19. november 2018 Jon Askeland ordførar Arthur Kleiveland møtesekretær
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 087/2018 Formannskapet i Radøy PS 22.11.2018 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Grete Algrøy Herøy 18/2617 18/16763 Søknad om alkoholsal på julafta Saksopplysingar: Bakgrunn I brev frå daglegvarebutikkane i Radøy kommune blir det søkt om å få halde ope for alkoholsal på julafta. Grunngjevinga er at dei tapar omsetning, det er mogeleg å få kjøpt alkohol i nabokommunane og dei hevdar at målet om mindre fyll på julafta, ikkje nødvendigvis heng saman med om butikkane får høve til å selja alkohol denne dagen. Vurdering Politikarane har vore med å utarbeida forskrift om alkoholpolitkk og vedteke dei gjeldande retninglinene. Radøy kommune har forskrift om sal, skjenking og opningstider for alkoholhaldig drikk, som tredde i kraft 1.10.2016. I 2 pkt e står det: Det er ikkje tillate med sal og utlevering av alkoholhaldige drikkevarer på julafta. Med grunnlag i gjeldande forskrift, er det svaret klart. Men på bakgrunn av henvendinga frå samla handelsstand til politikarane, vert saka lagt fram til ny drøfting. Det kan det vere to alternativ i saka: a. Kommunestyret kan gje dispensasjon frå forskrifta for eit einskild høve b. Forskrifta vert følgt, slik den ligg føre og butikkane held stengt for alkoholsal julafta. Folkehelse: Det er dokumentert samanheng mellom tilgang til alkohol og skadeverknadene som følgjer. Konklusjon: Den lokale forskrifta legg føring for alt alkoholsal. Eventuelle endringar i denne, vert eit poltisk spørsmål. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak Vedlegg: Søknad om salsløyve for alkohol på julafta 2018
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 088/2018 Formannskapet i Radøy PS 22.11.2018 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Arthur Kleiveland 18/2580 18/16812 Meldingar og referatsaker Saksopplysingar: Det vert lagt fram følgjande meldingar og referatsaker: a. Høyringsfråsegn til «Regional utviklingsplan 2019-2035 for Helse Vest RHF» b. Høyringsfråsegn til «Regional utviklingsplan 2019-2035 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Meldingar og referatsaker vert tatt til orientering. Vedlegg: Høyringsuttale Regional Utviklingsplan Helse Vest - Regionrådet Nordhordland Høyringsuttale Regional Utviklingsplan Helse Vest - Regionrådet Nordhordland Innspel _ høyringsfråsegn til Utviklingsplan 2035 Helse Bergen Innspel frå regionrådet Nordhordland _ Utviklingsplan Helse Bergen vedk. Haraldsplass(199021) Innspel_høyringsfråsegn til Prehospital plan
Fra: Rune Heradstveit Sendt: torsdag 15. november 2018 09:19 Til: 'helse@helse-vest.no' Kopi: 'postmottak@helse-bergen.no'; 'Fyllingen, Kjerstin'; petter.lave.thornam@haraldsplass.no; 'postmottak@helse-bergen.no'; fmhopostmottak@fylkesmannen.no; Post Austrheim; Post Masfjorden kommune; Post Osterøy; Postmottak Fedje; postmottak Gulen kommune (postmottak@gulen.kommune.no); Postmottak Lindås; Postmottak Meland; Postmottak Modalen; Postmottak Radøy; Hallvard Oppedal; Jarle Skeidsvoll; Jon Askeland; Karstein Totland; Ordførar Lindås; Per Lerøy; Stian Herøy; Tom Kristian Thorsen; Øyvind H Oddekalv Emne: Høyringsfråsegn til «Regional utviklingsplan 2019-2035 for Helse Vest RHF» Vedlegg: Høyringsuttale_Utviklingsplan 2035 Helse Vest_Regionrådet NH.pdf; Haraldsplass_Utviklingsplan 2035 innspel frå Regionrådet Nordhordland.pdf; Høyringsuttale_Utviklingsplan 2035 Helse Bergen_Regionrådet NH.pdf; 2018.08.09. Høyringsuttale - Prehospital plan i Helse Bergen.pdf Til: Helse Vest HF Kopi: Kommunane i Region Nordhordland, Fylkesmannen i Hordaland, Helse Bergen HF, Haraldsplass DS Høyringsfråsegn til «Regional utviklingsplan 2019-2035 for Helse Vest RHF» Regionrådet i Nordhordland vil med dette gje høyringsfråsegn til «Regional utviklingsplan 2019-2035 for Helse Vest RHF». Vedlagt ligg kopi av tidlegare gitte høyringsuttalar til utviklingsplanane til Helse Bergen HF og Haraldsplass DS, samt prehospital plan til Helse Bergen HF. Med venleg helsing Rune Heradstveit Dagleg leiar Nordhordland Utviklingsselskap IKS Region Nordhordland Tlf. +47 56 37 58 87 Mobil +47 90 75 34 59 www.regionnordhordland.no
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy Helse Vest RHF helse@helse-vest.no Knarvik 15. november 2018 Høyringsfråsegn til «Regional utviklingsplan 2019-2035 for Helse Vest RHF» Regionrådet i Nordhordland, samansett av ordførarane og rådmennene i dei ni samarbeidskommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy er kjent med Helse Vest RHF sitt utkast til Regional Utviklingsplan 2019-2035, sendt på høyring til samarbeidspartane oktober/november 2018. Regionrådet i Nordhordland vil på vegne av dei ni kommunane koma med nokre innspel til planutkastet. Kommunane som interessentar i planarbeidet Kommunane i Region Nordhordland er på same måte som Helse Vest RHF opptatt av å sikra innbyggjarane tilgang til gode, heilskalege og trygge helsetenester - no og i framtida. Me meiner at den beste strategien er at kommune- og spesialisthelsetenesta møter utfordringane i lag - som eit samla helsevesen. Det vert derfor stilt spørsmål ved at planen ikkje omtalar kommunane som interessentar i planarbeidet, og at det heller ikkje er lagt opp til prosessar der kommunane sine behov for spesialisthelsetenester er med å styra utviklinga av tilbod og kapasitet. Fastlegar - tilvisingspraksis I planutkastet vert det hevda at fastlegar tilviser for mange pasientar til sjukehus. Det kan vera klokt å arbeida for betre tilvisingspraksis, men samtidig må ein sikra at spesialisthelsetenesta møter befolkninga sine framtidige behov for spesialiserte helsetenester. Befolkninga vert eldre og lever lengre med mange sjukdomar - mellom anna ser ein at talet på demente aukar. Dette krev t.d. auka satsing på aldersmedisin og at dette blir ein integrert kompetanse i fleire av spesialisthelsetenesta sine tenester. Kommunane brukar mykje ressursar på innbyggjarar med stor sjukdomsbyrde. I mange samanhengar har spesialisthelsetenesta eit avgrensa tilbod til desse gruppene, og tilvisingar kan bli sett på som «unødvendige». Kommunane ønskjer betre samarbeid om oppfølging og behandling av menneske med kompliserte lidingar med stor sjukdomsbyrde. Samarbeid for å sikra forsvarleg utvikling Utviklingsplanen legg opp til 40 % auka aktivitet i spesialisthelsetenesta utan at talet på døgnplassar i sjukehus aukar. For mange pasientgrupper kan dette vera ei fornuftig utvikling. Kommunane er samde i at pasientar ikkje bør opphalda seg på sjukehus lenger enn det som er nødvendig. Regionrådet vil presisera at ei slik utvikling vil krevja at sjukehus og kommunar må samarbeida målretta for å sikra at utviklinga er forsvarleg innanfor sine regionar. Dette vil m.a. setja krav til strukturelle endringar, både organisatorisk og økonomisk. T.d. må finansieringsmodellar endrast, noko som vil krevja involvering og innsats frå statleg hald. Regionrådet saknar at redusert sengekapasitet i sjukehusa blir problematisert i planutkastet, særleg sett i samband med beredskapssituasjonar, som ved pandemiar eller andre større hendingar, samtidig som ein stadig eldre og sjukare befolkning vil leggja auka press på sengetalet i sjukehusa. Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø, e-post: post@nordhordland.net, www.regionnordhordland.no
Avtalespesialist - organisering og lokalisering Avtalespesialistane er tenkt knytt tettare til sjukehusa. Det er positivt at pasientar som vert tilvist til privatpraktiserande avtalespesialistar også skal få vurdert sin rett til spesialisttenester. Likevel er fastlegane sine tilbakemeldingar at avtalespesialistane, med nokre unntak, utgjer ein tilgjengeleg og fleksibel del av spesialisthelsetenesta - med eit høgt behandlingsvolum. Det er viktig at den samla kapasiteten i denne tenesta ikkje blir redusert gjennom aukande «byråkratisering» og andre oppgåver som sjukehusoverlegar i dag har. Resultatet blir i så fall at fleire pasientar må bli henvist til spesialist på sjukehus. Kommunane i Nordhordland vil også peika på at avtalespesialistar i større grad bør lokaliserast nærare innbyggarane, og gjerne samlokaliserast med andre helsetenester. Avtalespesialistane er i dag lokalisert nært eksisterande sjukehus. Regionrådet meiner at avtalespesialistane i større grad bør ha sin praksis i regionale senter der det er tilstrekkeleg behandlingsvolum. Vidareføring av to akuttmottak for Bergen og omegn Kommunane ser med fordel på at det for Bergen og omegn vert oppretthalde to akuttmottak i planperioden. Haraldsplass Diakonale Sykehus som er Nordhordlandskommunane sitt lokalsjukehus har utvikla sine tenester i samarbeid med kommunane. Det er etablert gode rutinar i akuttmottak, det er sikra breiddekompetanse med generalistar innan indremedisin og det er gode pasientforløp som har ført til at pasientar treng færre liggedøgn i sjukehuset. Legemiddelforsyning Kommunane stiller spørsmål ved at det i utsendt planutkastet ikkje er gjort ei vurdering av sårbarhet når det gjeld svikt i legemiddelforsyninga i helseregionen. Forpliktande samarbeid mellom kommunar og RHF Kommunane i Nordhordland ønskjer å etablera eit forpliktande samarbeid også med RHF, der felles utvikling av tenestene kan drøftast. Pr. i dag manglar det samhandling om viktige spesialisthelsetenester som er styrt direkte frå RHF, herunder avtalespesialister, radiologitenester og tverrfagleg rehabilitering. Regionrådet i Nordhordland vil støtta opp om planarbeidet og bidra til at kommunar, saman med lokalt og regionalt helseføretak samarbeider for å sikra innbyggjarane tilgang til gode, heilskalege og trygge helsetenester. Felles planar om utvikling er ein nøkkel for god samhandling og utvikling av helsetenesta. Regionrådet har tidlegare i haust gitt høyringsuttale til utviklingsplanane til Helse Bergen HF og Haraldsplass DS, samt prehospital plan til Helse Bergen HF (ligg vedlagt). Me meiner at moment i alle desse høyringane må sjåast i samanheng med denne høyringa til Utviklingsplanen til Helse Vest HF. Med venleg helsing Karstein Totland Leiar Regionrådet Nordhordland Rune Heradstveit Dagleg leiar Nordhordland Utviklingsselskap IKS Vedlegg. Sakshandsamar: Tord Moltumyr og Anne Hildegunn Færøy Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø, e-post: post@nordhordland.net, www.regionnordhordland.no
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus Postmottak@helse-bergen.no Knarvik, 23. august 2018 Innspel/høyringsfråsegn til Utviklingsplan 2035, Helse Bergen HF frå Regionrådet i Nordhordland Regionrådet i Nordhordland, samansett av ordførarane i dei ni samarbeidskommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy takkar for invitasjon til å koma med innspel til Utviklingsplan 2035 for Helse Bergen HF, og vil på vegne av kommunane i Region Nordhordland koma med nokre innspel til planutkastet. Slik Regionrådet ser det er Utviklingsplan 2035 for Helse Bergen HF ein god overordna plan som i stor grad støttar opp om sentrale helsepolitiske føringar. Planen skildrar på ein god måte utfordringar som helsetenesta står ovanfor, og kva grep som må gjerast for å sikra gode helsetenester fram mot 2035. Kommunane i Region Nordhordland er på same måte som Helse Bergen opptatt av å sikra innbyggjarane tilgang til gode helsetenester - no og i framtida, og meiner at den beste strategien er å møta utfordringane i lag - som eit samla helsevesen. Helsetilboda påverkar kvarandre på tvers av nivåa og må sjåast i samanheng for at ressursane samla sett skal kunna nyttast mest mogeleg effektivt til det beste for innbyggjarane. Liggedøger i sjukehuset skal reduserast, poliklinisk aktivitet skal aukast og bruk av ny teknologi skal gjera det mogeleg å gje spesialisert oppfølging og behandling i heimen. Dette vil føra til at kommunane får ansvar for ein større del av helsetenestene og vil innebera auka behov for kommunale helse- og omsorgstenester. I mange tilfelle vil dette gje pasientane eit betre tilbod, men ikkje utan at kommunane er førebudd på å ta desse oppgåvene. Kommunane forutset at endringar skal skje gjennom dialog, likeverdig samarbeid og gode prosessar som synleggjer behovet for finansiering og kompetanse ved overføring av nye oppgåver til kommunane. Regionrådet utfordrar Helse Bergen til å bli meir konkret om korleis endra ansvars- og oppgåvedeling mellom nivåa skal avklarast. Regionrådet støttar tiltak i utviklingsplanen om å evaluera og vidareutvikla samhandlingsarbeidet, og er samd i at samhandlingsstrukturen må styrkast og tilpassast behovet for eit strategisk samarbeid om planlegging og kapasitetsutvikling på tvers av forvaltningsnivåa. Dette ser ein som nødvendig for å sikra ein felles utviklingsretning for helsetenesta. Regionrådet i Nordhordland vil støtta opp om planarbeidet og vil bidra til at kommunar og helseføretak har eit godt samarbeid for å sikra innbyggjarane sin tryggleik og at dei får rask og kompetent hjelp når dei treng det. Med venleg helsing Karstein Totland Leiar Regionrådet Nordhordland Rune Heradstveit Dagleg leiar Nordhordland Utviklingsselskap IKS Sakshandsamar: Anne Hildegunn Færøy Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Kvassnesvegen 14, 5914 Isdalstø, tlf: 56375888, e-post: post@nordhordland.net, www.regionnordhordland.no
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy Haraldsplass Diakonale Sykehus Kjerstin Fyllingen, adm.dir Petter Thornam, fagdirektør Knarvik, 26. september 2018 Innspel til punkt i Helse Bergen HF sitt høyringsfråsegn til Utviklingsplan 2018-2035 for Haraldsplass Diakonale Sykehus Regionrådet i Nordhordland, samansett av ordførarane i dei ni samarbeidskommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy er kjent med Haraldsplass Diakonale Sykehus sitt utkast til Utviklingsplan 2018-2035, sendt på høyring til samarbeidspartane medio 2018 og med Helse Bergen HF sitt høyringsfråsegn til planutkastet handsama i styret til Helse Bergen 30.08.2018 (styresak 83/18 0). Regionrådet i Nordhordland vil med dette koma med nokre innspel til punkt i Helse Bergen HF sitt høyringsfråsegn til planutkastet. Kommunane i Region Nordhordland er på same måte som Haraldsplass Diakonale Sykehus (HDS) og Helse Bergen HF opptatt av å sikra innbyggjarane tilgang til gode helsetenester - no og i framtida, og meiner at den beste strategien er å møta utfordringane i lag - som eit samla helsevesen. Regionrådet i Nordhordland har i møte 14.september drøfta Helse Bergen HF sine innspel til planutkastet og HDS si satsing på vidareutvikling av akuttilbodet ved sjukehuset og vil på denne måten koma med eit tilsvar til Helse Bergen sine innspel der det m.a. er signalisert at det i framtida ikkje er behov for/grunnlag for å ha akuttmottak ved begge sjukehusa. Regionrådet vil støtta opp om HDS si satsing på å vidareutvikla det akutte indremedisinske tilbodet, at dei held fram med akutt- og elektiv kirurgi innanfor utvalte område, lindrande behandling og ei tydeleg satsing på den eldre pasienten. Det er også positivt at lokalsjukehuset legg vekt på forsking, utvikling og innovasjon. Regionrådet støttar HDS i at det no og i framtida vil vere behov for og ønske om at lokalsjukehuset har eige akuttmottak og at den akuttmedisinske verksemda vert vidareutvikla slik det er skissert i planen. Med bakgrunn i demografisk utvikling for kommunane i HDS lokalsjukehusområde, med m.a. fleire eldre og pasientar med meir samansett sjukdomsbilete og aukande hjelpebehov er det også i framtida viktig å styrka og vidareutvikla eit heilskapleg behandlingstilbod ved lokalsjukehuset. Fagrådet for kommuneoverlegar i Nordhordland har i møte 18.september drøfta og vurdert Helse Bergen sine innspel til planen og har i referatsform uttrykt full tillit til HDS som lokalsjukehus, og tilboda som er utvikla og som er under vidare utvikling m.a. innan akuttbehandling. Regionrådet støttar fagrådet sine innspel. Regionrådet i Nordhordland vil støtta opp om planarbeidet og ønskjer å bidra til at kommunar og helseføretak har eit godt samarbeid for å sikra innbyggjarane sin tryggleik og at dei får rask og kompetent hjelp når dei treng det. Med venleg helsing Karstein Totland Leiar Regionrådet Nordhordland Rune Heradstveit Dagleg leiar Nordhordland Utviklingsselskap IKS Sakshandsamar: Anne Hildegunn Færøy Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø, tlf: 56375888, e-post: post@nordhordland.net, www.regionnordhordland.no
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Helse Bergen HF postmottak@helse-bergen.no Knarvik, 9. august 2018 Innspel/høyringsfråsegn til Prehospital plan 2018-2035 Helse Bergen HF Regionrådet i Nordhordland, beståande av ordførarane og rådmennene i dei ni medlemskommunane, har vurdert invitasjonen til å komma med innspel til Prehospital plan for Helse Bergen HF, og vil på vegne av kommunane i Region Nordhordland komma med nokre felles innspel til planutkastet. Fleire av kommunane har kvar for seg sendt inn uttale til planen. Kommunane har i stor grad komme med innspel som er knytt til lokale problemstillingar, men også til punkt i planen som er av meir generell art og knytt til forståing av lov og forskrift som regulerer ansvars- og oppgåvedelinga i den akuttmedisinske kjeda. Regionrådet støttar høyringsfråsegna frå kvar av kommunane i Nordhordland, men vil likevel trekkja fram nokre punkt i planen som kan få innverknad på kommunale tenester, påføra kommunane meirkostnader og påverka den heilskaplege beredskapen i Nordhordlandskommunane. Regionrådet i Nordhordland vil særleg trekkja fram kommunane sine innspel når det gjeld: Lokalisering av ambulansar - utrykkings- og responstid. Regionrådet er positiv til at ambulansen framleis skal vera stasjonert i Austrheim. Dette er ei sentral lokalisering for store område i nordre delen av Nordhordland. Samtidig støttar ein Gulen og Masfjorden sine innspel og bekymring med at det på dagtid er ein ambulanse stasjonert i Gulen, og at når denne vert nytta til pasienttransport til og frå sjukehus, så er dei i praksis utan ambulanse i denne delen av regionen. Regionrådet vil derfor peika på at det er viktig med god flåtestyring av ambulansane i regionen, og at dette blir drøfta i Helse Bergen og får ein plass i Prehospital plan. Når det gjeld flytting av ambulansen på Osterøy, så føreset me ei vidareføring av dialogen som er mellom Osterøy kommune og Helse Bergen, slik at me får ei tenleg og framtidsretta lokalisering av ambulansetenesta. Akutthjelparordninga I planen er det lagt til grunn at kommunane har etablert ein akutthjelparfunksjon som skal inngå i den prehospitale kjeda. Kommunane har komme med fleire innspel og spørsmål til ordninga og Regionrådet vil understreka at ved å ta inn ei ordning/funksjon i planen som ikkje er tydeleg definert i lov og/eller forskrift, kan bidra til skapa uklåre ansvarstilhøve. Juridisk ansvar, kompetansekrav, oppgåvedeling og økonomiske rammer må utgreiast, konkretiserast og avtalast før akutthjelparfunksjonen kan vera ein del av dei prehospitale tenestene. Regionrådet stiller spørsmål ved om løysingane som er skildra i planen vil gje ei tilfredsstillande akuttmedisinsk teneste til innbyggjarane og er uroa for dei økonomiske konsekvensane dette vil påføra kommunane. Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø, e-post: post@nordhordland.net, www.regionnordhordland.no
Involvering av relevante samarbeidspartar og fagmiljø i planarbeidet. Det er meldt at det på grunn av stramme tidsrammer har vert utfordrande for kommunane sine representantar i styrings- og arbeidsgruppe å sikra naudsynt involvering og interne prosessar i kommunane. Kompetanse, samtrening og rettleiing Spesialisthelsetenesta har eit særleg ansvar for å rettleia kommunane når det gjeld akuttmedisin utanfor sjukehus. Regionrådet støttar kommunane sine bekymringar om mangel på plan for korleis og i kva omfang helseføretaket planlegg å bidra til samøving med sentrale aktørar i kommunane og plan for naudsynt rettleiing til desse. Samøving mellom Helse Bergen, kommunane, politiet og andre som sivilforsvar, forsvar, frivillige organisasjonar og industri i føretaksområdet er eit av tiltaka som bør takast inn i planen. Regionrådet i Nordhordland viser til kapittel 2.3 Samhandling og oppgåvedeling, Akutthjelparordning, s. 21 der det er vist til at «() har rådmennene i heile Nordhordland skrevet under på at akutthjelparordninga skal vere ein del av brannvernet og kallas ut via brannalarm.» Det blir i planen ikkje vist til kva dokument dette er henta frå, og det er usikkert kva denne formuleringa referer til. Regionrådet i Nordhordland ber om at denne uttalen blir tatt ut av dokumentet. Regionrådet i Nordhordland er positiv til at det er sett fokus på samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenesta om Prehospitale tenester og at dette blir tatt inn i helseføretaket sitt planverk, men ser samtidig at det er utfordrande å sikra god nok involvering frå alle partar, sikra samarbeid og tydeleggjering av ansvar, oppgåver og finansieringa når kommunane får ansvar for nye oppgåver. Regionrådet i Nordhordland vil støtta opp om arbeidet og bidra til at kommunar og helseføretak har eit godt samarbeid for å sikra innbyggjarane sin tryggleik og at dei får rask og kompetent hjelp når dei treng det. Med venleg helsing Karstein Totland Leiar Regionrådet Nordhordland Rune Heradstveit Dagleg leiar Nordhordland Utviklingsselskap IKS Kopi: Kommunane i Region Nordhordland Sakshandsamar: Anne Hildegunn Færøy Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø, e-post: post@nordhordland.net, www.regionnordhordland.no