Legevaktskonferansen 2017 Marta H. Mjeldheim Fagutviklingssjukepleiar Bergen Legevakt
Legevakten Tilgjengeleg heile døgnet Møter ulike menneske med breitt spekter sjukdom, skade, kriser, vold og overgrep Skal vera i beredskap ved epidemiar, katastrofar og gje adekvat hjelp i akuttsituasjonar. Triagera, gje råd og nødvendig helsehjelp når innbyggjarane tek kontakt over telefon
Nye og endra krav til legevakt Legevaktstenestene må til ei kvar tid utvikla seg i tråd med dei endringar som skjer I samfunnet I lovverket Nye teknologiske løysingar Brukarane sine forventningar
Kompetanseutvikling Leiar har ansvar for å leggja til rette for kunnskapsutvikling. Den einskilde arbeidstakar har ansvar for å vedlikehalda kunnskap og ferdigheiter innan arbeidsfeltet. Det er krav om at arbeidet skal utførast kunnskapsbasert. Kunnskap må lærast og ferdigheiter må trenast på for å utvikla kompetansen. (eks. akuttmedisinkurs )
Kvalitetsforbetring? Kvalitetsarbeid inneber systematisk arbeid for å identifisera kvalitetssvikt og å setja i verk tiltak for å betra kvaliteten på tenesta Målet er å gje pasienten best mogeleg behandling Kvalitetsforbetring er ein vesentleg del av alle sitt arbeid kvar dag og i alle deler av tenesta.(fellesansvar) Å innarbeida system der praksis vert endra i lys av ny kunnskap er nødvendig og viktig (kunnskapsbasert praksis)
Nasjonal strategi for kvalitetsforbetring i Helse og sosialtenesta (2005): Ikkje berre den einskilde utøvar, men også heile tenesta må bli betre Helsetenester av god kvalitet er: Verknadsfulle (Basert på påliteleg og oppdatert kunnskap) Trygge og sikre (At det skjer få feil) Brukarinvolvert Samordna, prega av kontinuitet Resurseffektiv (rett teneste til rett brukar på rett måte til rett tid)
Verknadsfulle helsetenester Møter nye krav og endringar i legevaktstenesta med oppdatert kunnskap og ferdigheiter Kunnskapsbasert praksis inneber å ta inn ny og forskingsbasert kunnskap i praksiskvardagen og å nytta seg av erfaringsbasert kunnskap frå praktikarar med lang røynsle: Kontinuerleg oppdaterate prosedyrar og retningslinjer i tråd med ny kunnskap Vegleiingstilbod med refleksjon over eigen praksis kontinuerlig og tilrettelagt kompetanseoppbygging som samsvarar med dei oppgåvene som skal løysast, og vera førebudd til å møta nye utfordringar (eks. : Epedemiar som Ebola Trussel om terror (Katastrofeberedskap) Skapa kultur for og gje rom for å utvikla kunnskap hjå dei tilsette til å møta nye utfordringar.
God kvalitet inneber trygg og sikker legevaktsteneste Opplæringsprogram for nytilsette Bruk av sjekklister der ein definerar kva kunnskap ein skal ha for å utøva arbeidsfunksjonar. Dokumentasjon for arbeidsgjevar. Kurs /møte der prosedyrar og rutinar blir presentert og gjennomgått Vegleiing med refleksjon over praksis Internundervisning/fagmøte/fagdagar Tilbod om vidare og etterutdanning Lett tilgang til lover, forskrifter og retningslinjer som styrer arbeidsfeltet
Opplæringsplanar eks:
Prosedyremal, sjekklister
God kvalitet inneber trygg og sikker legevaktsteneste (forts.) Lett tilgang på beslutningsstøtteverktøy (elektroniske og nettbaserte informasjonssystem). At utøvaren har kunnskap og ferdigheter i sikkert arbeid og informasjon om risikoforhold knytta til arbeidet. Gode og innarbeidde rutinar for dokumentasjon Sikra at legevakt-tenesta byggjer på lovverk, forskrift og oppdaterte faglege retningslinjer Råd og vegleiing er fagleg tilfredsstillande. Informasjonsplikt og personvern ivareteke Kultur for å melda avvik og å læra av feil.
God kvalitet inneber at legevakttenesta er brukarinvolvert Pasienten skal bli sett og teken på alvor Ein skal lytta til pasient og pårørande under konsultasjon og finna den beste løysinga Pasienten og pårørande sine synspunkt og erfaringar med legevakten skal ha betydning for korleis tenesta blir tilrettelagd Systematisk innhenting av brukarerfaringar gjennom brukarundersøkelsar. La brukarerfaringar få betydning for legevaktsilbodet.
God kvalitet inneber at tenestene er ressurseffektive Tilby rett teneste til rett brukar til rett tid: Personalet skal vera kvalifisert, ha nødvendig oppdatert kunnskap til å avklara og behandla pasienten Eks: kompetansekrav i Akuttmedisinforskriften Nok personale med rett kompetanse på vakt: eks. Statistikk-program for å kartleggja telefonpågang i legevaktsentralen eks. vurdera oppbemanning der ein forventar stor pasient-tilstrøyming som eks.sykkel-vm i Bergen
Tenestene må vera tilgjengelege og retferdig fordelt Legevaktstenestene må vera tilgjengelege og innretta etter brukarne sine ulike behov: Må vera fysisk tilgjengeleg Ivareta kulturell og språkleg forståing Sikra at dei tenestene det er behov for og brukarane har rett til, faktisk fins. (Bruka tolk der det er nødvendig etter forskrift)
Kultur for forbetringsarbeid -Eit leiaransvar Det må skapast kultur for å sjå på avvik som muligheit for læring Leiar må leggja til rette for at medarbeidarane systematisk registrerar uynskte hendingar frå prosedyrar og rutinar. og gje tilbakemelding til den einskilde Leiar må gå systematisk gjennom klager og uynskte hendingar for å finna årsaka til det som har skjedd svikt i prosedyre/ rutine? svikt i opplæringsprogram? svikt i retningslinjer?
Internkontroll på legevakt All verksemd som yt helsehjelp er pålagd å etablera system for internkontroll. (Internkontrollforskriften) Skal sikra at legevakten blir organisert og utfører arbeidet i tråd med gjeldande lovverk/forskrift. Fylkesmannen fører tilsyn. Sikrar at det blir arbeidd systematisk med å oppnå betre kvalitet på tenesta. Eit indre styringsverktøy for leiaren til å styra, kontrollera og utvikla legevakten
Internkontroll på legevakt Planleggja, utføra, kontrollera og korrigera. (Demings sirkel) Mjeldheim,M. : Legevaktarbeid s.291. Gyldendal 2016
Kvalitetsforbetring -viktig fagutvikling Forbedringsarbeid set krav til kulturen i organisasjonen. Må utvikla kvalitetskultur: Det må setjast av tid og ressurser til arbeidet. Brukaren sine behov må vera i høgsetet Ei felles interesse for heile tida å vera à jour med ny kunnskap som er relevant for legevaktsarbeidet, både i leiinga og hjå dei tilsette. Ei leiingsform som fremjar ein open dialog, der utvikling, refleksjon og læring er vesentlige element.
Kierkegaard: «At man, naar det i sandhed skal lykkes En at føre et Menneske hen til et bestemt sted, først og fremmest maa passe paa at finde ham der, hvor han er, og begynde der».