Aon Norway Bergen Øygarden kommune Rutinar ved melding om personskade I barnehagar og skular Januar 2013
Barneulukke dekningar og forsikringssummar Forsikringsvilkåra, som gjeld til ein kvar tid, er overordna det som står i dette informasjonsskrivet. Forsikringa omfattar ulukkesskader. Skader som følgje av sjukdom er ikkje dekka. Når og kvar forsikringa gjeld: Forsikringa gjeld innanfor skulen / barnehagen / SFO sitt område, dvs. i deira lokale og uteområde. Forsikringa gjeld berre i ordinær skule-/barnehagetid, men mindre det gjeld undervisning, leikar, idrettsøvingar eller liknande som føregår under skulen/barnehagen si leiing. Utover dette gjeld forsikringa på ekskursjon, reiser, stemner og liknande, samt i friminutta og på direkte veg mellom heim og skule. For skuleelevar og elevar i praktisk yrkesopplæring er direkte veg til ein annan opphaldsplass likestilt med direkte veg til heimen. Når det er oppgjeve i forsikringsbeviset, dekkar forsikringa og påmelde deltakarar i aktivitetar organisert innanfor skulefritidsordninga, mellom kl. 07.00 og kl. 17.00 på kvardagar. For skuleelevar gjeld forsikringa også ved utplassering/opplæring i arbeidslivet. For fosterborn gjeld forsikringa og i fritida. Forsikringa gjeld og for konfirmantar som deltek i konfirmasjons-undervisning i regi av kommunen, når denne undervisninga skjer i skuletida, uavhengig av kor undervisninga foregår. Kva forsikringa dekker: Forsikringssummar medisinsk invaliditet: Skuleelevar/born i barnehage/sfo 5 G Fosterborn/besøkshjem 5 G G = folketrygda sitt grunnbeløp p.t kr. 82.122. Forsikringssummane gjeld pr. barn og vert utbetalt ved 100 % medisinsk invaliditet som følgje av ulukkesskade. Ved lågare invaliditet vert erstatninga redusert etter forholda. Dødsfall Ved barns død som følgje av ulukkesskade, vert det utbetalt ein erstatning på 1 G. Aon Norway Offentlig Brosjyre barn 1
Behandlingsutgifter Nødvendige utgifter etter ein ulukkesskade til lege, tannlege, fysioterapeut og liknande som ikkje vert dekka av offentlege trygdeytingar, vert dekka inntil 3 år frå skadedagen avgrensa opp til 5 % av forsikringssummen. Det vert fråtrekt ein eigenandel på kr. 500 for kvart skadetilfelle. I tillegg erstattar selskapet: - Meirutgifter til heimreise når den forsikra vert ramma av skade utanfor heimstaden, og desse utgiftene er naudsynt som følgje av hans tilstand. - Naudsynte utgifter til drosje til og frå skulen. NB! Drosjereisene skal vera rekvirert av lege, og skal godkjennast av selskapet på førehand. Selskapet erstattar ikkje: - Ulykkesforsikringa gjev ikkje rett til erstatning ved behandlingsutgifter, livsvarig medisinsk invaliditet eller dødsfall når ein slik erstatning er dekka i samsvar til folketrygdlova eller yrkesskadeforsikringsloven. Melderutinar ved barneulykke Skademelding for barneulukke skal brukast når det har oppstått ulukkesskadar på barn i kommunale skular, barnehagar eller liknande institusjonar, som medfører varig medisinsk invaliditet, dødsfall. For behandlingsutgifter sjå eigne reglar. Skulen/barnehagen kan fylle ut skademeldinga på vegner av føresette, eventuelt be føresette om å fylle ut skademeldinga. Meld alle skadar som skjer i arbeidstid/skuletid til trygdekontoret, også småskadar. Skadar som har skjedd i skuletida Nødvendige behandlingsutgifter blir fullt ut dekte av folketrygda. Kontakt trygdekontoret med omsyn til eventuelle utgifter. Skadar som har skjedd i barnehagetida, på direkte veg til og frå skulen/barnehagen Nødvendige behandlingsutgifter vert berre refunderte mot originale kvitteringar. Tannskadar Tannlækjarerklæring skal fyllast ut ved innmelding av alle tannskadar for barnehagebarn. Ved tannskadar kan forsikringa dekkje nødvendige behandlingsutgifter føresett at desse ikkje blir dekte av den offentlege tannhelsetenesta. For tannskadar gjeld likevel ikkje 3-årsregelen absolutt. Forsikringa kan dekkje første permanente tannbehandling (bru, krone og liknande.), sjølv om behandlinga blir utført seinare enn 3 år frå skade dagen. Når det gjeld skulebarn, vil det i utgangspunktet ikkje vere like viktig å sende inn tannlækjarerklæring dersom tannskaden skjer i skuletida. Grunngjevinga for dette er at skaden då vil godkjennast av trygdekontoret som yrkesskade, og eventuelle behandlingsutgifter som følgje av tannskaden skal då som hovudregel dekkjast fullt ut av trygdekontoret (også utover 18 år, pga yrkesskade). Aon Norway Offentlig Brosjyre barn 2
For tannskadar som skjer på direkte veg til/frå skulen (skulebarn) gjeld dei same rutinane som for barnehagebarn. Me gjer merksam på at tannskadar som vert pådregne i skuletida eller under andre aktivitetar i skulen sin regi, normalt vert dekka av folketrygda. Dersom utgiftene ikkje vert refunderte av trygda, kan desse søkjast om å bli erstatta under ulukkesforsikringa. Kopi av avslaget frå trygdekontoret vert sendt inn saman med søknad. Viktig: Skaden må meldast til forsikringsselskapet innan eitt år. Kva tid bør skaden meldast/type skadar som bør meldast straks Skadar som har medført lækjarbesøk / lækjarbehandling Skadar som vil medføre behov for behandlingsutgifter og/eller skaden vil medføre medisinsk invaliditet Protector Småskadeskjema: Forsikringsselskapet opplever ofte å få tilvisningar frå foreldre eller behandlarar på skadar som oppstår i barnehagar /skular /SFO / institusjonar. Nytt Protector sitt småskadeskjema, og send dette inn kvart halvår, 1. juni, og 1. desember. Det er naudsynt å skriva tydeleg: Namn på barnehage/skule Namn på kommune og polisenummer Nærmare beskriving av korleis ulukkesskaden skjedde Originale kvitteringar/dokumenter for utgifter som vert ein krev dekka Tannlækjarerklæring bør sendast inn ved skade på tenner. Det er ikkje naudsynt å senda inn lækjarerklæring viss ikkje dette er eit krav frå Protector. Erklæringar som vert sendt inn direkte, vil ikkje verta erstatta når desse er under eigenandel for behandlingsutgifter på kr. 500,- Desse vil verta vidaresendt ubetalt til føresette. Protector Skademeldingsskjema: Denne skademeldinga skal nyttast når eit dokumentert krav frå føresette er stilt. Alle andre tilfelle skal meldast på småskadeskjema. Når eit skadetilfelle inntreff, ta kontakt med rektor på skulen, styrar i barnehagen/på SFO eller annan leiar som har ansvaret for barnet/eleven. Aon Norway Offentlig Brosjyre barn 3
Utfylt skademelding sendast til: Protector Forsikring ASA Skademelding bedrift Postboks 1351, Vika 0113 Oslo Kontaktpersoner i Øygarden kommune ved personskade i barnehage, skule, SFO Beate Hetlevik Telefon: 56 38 20 68 e-postadresse: bh@oygarden.kommune.no Foreldingsfristar Ulukkesforsikring Skaden må meldast til forsikringsselskapet innan eitt år. For skadar under ulukkesforsikring(medrekna veg til/frå skule, skulebarn, barnehagebarn osv.) er foreldingsfristen på 3 år. Foreldingsfristen tek til å gå på det tidspunktet skadelidne fekk eller burde ha skaffa seg nødvendig kunnskap om det forholdet som grunngjev kravet. I tillegg er det ein absolutt foreldingsfrist på 10 år, etter utløpet av det kalenderåret då forsikringstilfellet skjedde. Ved spørsmål, kan du kontakta Aon Norway: Aon Norway Oddbjørn Kvarekvål Telefon 55 57 67 91 Mobil 411 61 157 Mail: oddbjorn.kvarekval@aon.no Aon Norway Offentlig Brosjyre barn 4